tirsdag 28. desember 2010
Kvardagen kallar...
I dag er resten av familien opptekne med Grendacupen. Gutane spelar på same lag, frøkna stiller i dameklassa. Sjølv har eg , som de kanskje skimtar på bildet, drive med matlaging og retting. Eg skal "knekke" nynorskbunken i løpet av dagen har eg tenkt. Til middag laga eg Coop kupp. Ein treng litt mager mat om ein skal orke dessert. Ein grovbrøddeig står til heving. Elles skal eg gjennomføre tysdagsturen saman med ei venninne i dag. Ingen grunn til å skulke når gradestokken kryp opp mot -8 grader. Ein kvardag er akkurat det eg treng i dag!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar