fredag 29. april 2016

Bok 18: Elleve dager i Berlin

Arne Murberg vil oppfylle farens siste ønske og drar i vei til Berlin. Hans veier krysses av en gal professor, en ung kvinne, en heksejakt og et par gule sko. Arne Murberg er ingen nobelprisvinner. Men han er et godt menneske. Når den døende faren gir ham et oppdrag, gjør han sitt beste for å oppfylle farens siste ønske. Det er bare ett lite problem; oppdraget er i Berlin. Arne er ikke reisevant, og tysken hans kunne vært mye bedre. Han forbereder seg så godt han kan og gir seg i vei. Vel fremme i den tyske hovedstaden tar han seg frem ved hjelp av et kart og høyere makter. Men hans veier krysses av både onde og gode krefter. En gal professor og en ung kvinne i en rullestol. Et par gule sko. Og en heksejakt. «Elleve dager i Berlin» er tredje lydboken i Håkan Nessers storbytrilogi etter «Carmine Street» og «Himmel over London».

Denne romanen opplever eg som noko merkeleg.Er det noko eg ikkje har forstått? Romanen er verd å lese, men han er ikkje typisk for forfattaren, meiner eg.  Les gjerne kva meldaren i Dagsavisen skriv.

torsdag 28. april 2016

RIAF 2016

 
I dag har vi rekna i alle fag.  I mat og helse fann vi feitt- og saltinnhaldet i ulike "snacks"  (Eg ser at glaset med dei 91 g olje har gøymt seg bak potetene.) Vi fann ut at energiinnhaldet i potetgullposen er det same som i 1,8 kg poteter, og at i 100g-posen med fullkornsgrisp's er det like mykje energi som i 1314 g gulrøter.  Ein kan konkludere med at ein trygt kan ete seg mett på skikkeleg mat som poteter og gulrøter. Potetgull og liknande inneheld ikkje noko som kroppen treng.  Vi diskuterte også porjonsstorleik som på pakker er oppgitt til 30 g.  Kor mange deler potetgullpakken på ni?
 
Ein annan konklusjon var at saltstengenelever opp til namnet sitt.  Pakken inneheld 16,7 g salt, meir enn anbefalt dagsinntak for tre personar.
 
 

søndag 24. april 2016

Bok 17: Ikke bestått

Stiftet til ryggen hans finner politiet et spørreskjema stemplet «ikke bestått». Drapet er begått med slaktepistol og er makabert nok i seg selv, men da det kommer fram at mannen attpåtil er c-kjendis etter å ha deltatt i et realityprogram, skjønner Torkel og de andre etterforskerne at denne saken kommer til å vokse til en mediestorm. Særlig da det blir funnet et nytt lik, plassert på samme måte, bare noen dager etter det første funnet.

Forsmådd og forbigått
Sebastian Bergman tolker åstedene, og han ser tidlig konturene av morderen: En bitter akademiker har sett seg lei på en verden som ikke verdsetter ordentlig kunnskap, kunnskap av den typen som han selv besitter. Hvem som helst kan bli kjendis ved å ha sex med fremmede på tv, mens det ikke lenger er mulig å skaffe midler til seriøs forskning. Morderen har bestemt seg for å test allmennkunnskapene til en rekke c-kjendiser, for deretter å straffe de som ikke består ... Kriminalpsykolog Sebastian Bergman og etterforskerne i Rikskrim blir også satt på prøve av denne godt organiserte morderen. For hvordan skal de klare å sirkle inn en så grundig forberedt og kunnskapsrik morder?


Denne romanen kasta eg meg over.  Eg har likt dei tidlegare bøkene i serien. Det er mykje privatliv og mange private konfliktar. Desse kan lett bli like interessante som mordgåta.  Ein anar vel og eit skråblikk på dagens samfunn.  Kven skal vere forbilde?

Når det er sagt, så vert nok denne romanen rask gløymt, viss han då ikkje vert filma?

lørdag 23. april 2016

23.april: Erleria

I dag vakna vi til snøkledde markar. Sola kom fram og tok det meste.  På kalenderen ser vi at det er akkurat to månader att til jonsok og ferie!

tirsdag 19. april 2016

Gode gryteklutar

Desse gryteklutane har eg strikka til skulekjøkenbruk.  Dei er strikka i Drops Paris på pinnar 4.  Dei er 20-21 cm cm. Om eg skal strikke fleire par, så skal eg gå ned frå 80 til 70 masker, tenker eg.  Dette er typisk TV-strikk ...

mandag 18. april 2016

Eplekake i foodprosessor

Sidan foodprosessoren min stod på benken i går, fann eg ut at eg kunne lage ei svært enkel eplekake.  Eg meiner det er ei gammal oppskrift frå då Ingrid Espelid var på Fjernsynskjøkkenet.  Eg nytta elles høvet til å sjekke ut om eg kunne bruke ei silikonform utan å smørje henne.  det gjekk heilt fint!


175 g smør
175 g mjøl

 
120 (1 ½ dl) sukker
1 ts bakepulver
2 egg

 
4 eple
2 ms sukker
1 ts kanel

 

  1. Set steikeomnen på 180 g.
  2. Smør og strø ei rund form 24 cm.  Ha gjerne bakepapir i botnen.
  3. Smuldr smør og mjøl i foodprosessoren
  4. Ha i sukker, bakepulver og egg.  Lat maskina gå til du får ei glatt røre.
  5. Ha røra i forma.
  6. Skrell epla og ta ut kjernehuset. 
  7. Skjer dei halve epla i tynne skiver.  Trykk dei halve epla ned i forma.
  8. Strø sukker og kanel over.
  9. Steik kaka i ca 40 minutt på nedste rille.


Servér kaka lunken med krem eller vaniljeis.

søndag 17. april 2016

Bok 16: Dobbeltliv


Ny, mørk thriller fra forfatteren av «Før jeg sovner» Hun elsker ektemannen sin. Hun er besatt av en fremmed. Hun er en hengiven mor. Hun er innstilt på å ofre alt. Hun vet hva hun gjør. Hun har mistet kontrollen. Hun er uskyldig. Hun er skyldig. Hun lever to liv. Hun kan miste dem begge... En politibil står utenfor Julias hus idet hun kommer hjem. Lillesøsteren Kate har blitt drept i Paris. Julia merker at hun er lettet. Men etter lettelsen kommer besettelsen - hvem drepte Kate? Julia forsøker å sette seg inn i søsterens liv og blir sugd inn et nett av datingprofiler, sex og løgner. Hun sjonglerer to liv, og det er i ferd med å bli farlig.
Mot betre vitande, det vil seie åtvaringar på mor mi sin blogg, gjekk eg i gang med denne romanen.  Romanen innfridde! Eg las han ferdig fordi eg ikkje liker å legge frå meg bøker.  Slutten skuffa også.  Trådar som eg trudde skulle inn i løysinga, vart liggande att. Hovudpersonen irriterer meg rett og slett. Kor dum går det an å bli?

lørdag 16. april 2016

Byste av ein bauta

 I dag for vi til Ulsteinvik for å få med oss seremonien der bysta av Ragnar Ulstein vart avduka. Heimevernet tok tidleg oppstilling.
 Korpset spelte før deltakarane kom.
 Forsvarssjef og forsvarsminister.
 Bilda nedover får tale for seg.  Det er lagt ut bilde og film på vikebladet.no.



 Då forsvarsministeren tala om byste av ein bauta, tenkte eg at dette får bli overskrift på bloggen.  No ser eg at eg har tenkt som ein journalist... Ho heldt fram at han var den første til å mane til ikkje å ta hemn etter krigen.
 
Ragnar Ulstein heldt ein flott tale der han og tok med situasjonen i dag.



På tysdag vert Ragnar Ulstein 96 år.  Kona insisterte på feiring på ein dag folk ikkje er på jobb og skule.
 
Arrangørane hadde bedt om fint ver.  Det vart opphaldsver, og sola kika fram.  Men nokon varme var det ikkje!

fredag 15. april 2016

Spiralloff

I dag baka eit par av elevane spiralloff på skulekjøkenet.  Dei runde loffslivene skal vi bruke til eit smørbrød som vert forrett til avslutningsmiddagen. Brøda vart ferdige nokre minutt inn i friminuttet, så eg lova bakaren bilde!
 
Eg tvilar på at slike former finst i handelen lenger.  Der låg att eit par "sølvfarga".  Mine i g"ullfarge", vart lite brukt heime, så dei tok eg med meg på jobb.  I tillegg kjøpte eg eit par på bruktbutikken.
 
Før påske opdaga eg at elevane ikkje visste kva ein food-prossessor er, så her slo eg to fluger i ein smekk!
Spiralloff
(2 brød)
 
2 ms margarin/olje
3 dl mjølk/vatn
 
½ pk gjær
 
1 egg
½ ts salt
½ ts sukker
ca 8 dl kveitemjøl
 
Slik gjer vi:
NB! Bruk foodprosessor.
  1. Smuldr gjæren i bollen.
  1. Varm væska til 37 grader.  Hell ho i bollen.
  1. Ha i resten av ingrediensane.
  1. Køyr foodprosessoren til du har fått ein god klump. Ha i meir mjøl om nødvendig.
  1. Lat deigen heve ca 30 minutt i maskina.  Smør formene.  Set omnen på 200 grader.
  1. ”Slå ned” deigen med maskina d.v.s. lat henne gå nokre sekund.
  1. Del deigen i to og form avlange brød.  Legg brøda i formene og fest på loka.
  1. Hev brøda i 30 minutt.
  2. Steik brøda i 30 minutt.  Sjekk fargen før du kvelvar dei på rist.
 

onsdag 13. april 2016

Ny butikk!

I dag var eg innom den nye Asiabutikken i Hareid.  Det er alltid kjekt med nye butikkar i bygda.  Denne deler parkeringsplass med Coop, noko som er svært praktisk.  Den førre måtte ein køyre til, og då vert det lett eit tiltak. Dei som har vore på Kinarestaurant her, finn inngangen.  Eigaren vil og begynne med indisk restaurant i løpet av veka.
 
I butikken var det både tørrvarer og friske varer.  Eg plukka med meg litt småtteri, mellom anna søte mandarinar til 20 kroner kiloen.
 
Seinare i veka skal det kome fleire varer.
For ein vanleg nordmann er det ikkje så lett å vite kva ein skal bruke alle varene til. Eg ønskjer meg oppskrifter.  Utvalet i linser og dal er til dømes kjempestort. 
 
No håper eg at folk frå alle nasjonalitetar finn varer dei vil bruke i butikken. 

tirsdag 12. april 2016

Årets påskekrim 2016: The Night Manager

 
 
Nedgravde hemmeligheter
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
2 (20%)
 
The Night Manager
  6 (60%)
 
Unge inspektør Morse
  0 (0%)
And Then There Were None
  1 (10%)
 
Ingen utvei
  0 (0%)
Eg ser ikkje krim
  1 (10%)

mandag 11. april 2016

Bok 15: Mysterieavenyen


Endelig en ny bok fra mesterforfatter John Irving, og denne gangen tar forfatterskapet en ny vending. Mysterieavenyen er en fargerik fortelling, som gjennom et halvt århundre, på tvers av kontinenter, beretter om en manns dramatiske liv. Juan Diego vokser opp i slummen i Mexico, og etter en turbulent barndom blir han bortadoptert til USA. Der utdanner han seg til lærer og blir etter hvert en suksessrik forfatter. I boken møter vi en aldrende Juan Diego på reise ut i verden. Med seg i bagasjen er drømmene og minnene hans; om de fattige foreldrene og søsteren Lupe. Mysterieavenyen sprudler av John Irvings fortellerglede, med hans skakke og eksentriske persongalleri og skildringer, der han våger å ta velkjente elementer inn i ukjent landskap. John Irving er en av våre mest anerkjente og elskede forfattere, med sterke romaner som Garps bok og I en og samme person bak seg. Med utgivelser i mer en 35 land er han blitt en internasjonal bestselgende forfatter. Mysterieavenyen er hans fjortende roman..
 
Eg let meg fascinere av Hotel New Hampshire tidleg på åttitalet. Også denne romanen fløymer over av forteljarglede.  Forfattaren har vorte eldre saman med lesaren.  Eg liker refleksjonane hans.
 
Undervegs slit eg litt med tidsperspektivet.  Nokre hendingar det vert vist til, kan eg ikkje hugse.  Eg vert forvirra og lurer på om eg har sovna frå eller hoppa over nokre filer.  men så vert hendinga skildra.  Eg brukte ikkje så lang tid på dei 16 CD-ane.  Viss andre vurderer å prøve seg på lydbokutgåva anbefaler eg å sette av godt med tid!
 
 
 

søndag 10. april 2016

10. april

I går var eg ute i hagen i fleire timar, men då gløymde eg å fotografere.  I dag har vi hatt ein heilt nydeleg og solrik dag.  Eg har kuleprimula i fleire fargar, men denne verkar mest robust. han kjem først kvart år.
Slike små påskeliljer har eg og rikeleg av i år.  eg har ein mistanke om at eg kjøpte mange i fjor, både til bruk inne, ute og på grava.  Eg trur dei kjem att berre eitt år?  Har eg like mange neste år, varer dei lenger, for i år har eg valt andre løkplantar.
Desse primulaene er trufaste.
Rabarbra!  Eg gler meg til grunnlovsdessert og kaker!
Så kjem den planten eg er mest kry av! Viss de ser godt etter, ser de at Aloharosestiklingen har røta seg.  der er ein liten knupp. På seinsommaren sette eg nokre roser i jorda.  Vinteren har vore kald til tider, men ei rose overlevde! Ho skal få stå litt til før eg har henne i ei krukke. 

lørdag 9. april 2016

Bruktfunn

I dag har vi hatt ein fin dag her der vi har vore mykje ute i hagen. Men vi hadde eit ærend i næraste by. Eg insisterte på å også stikke innom bruktbutikken. Der fann eg skåler i seriar eg samlar på. Det vi seie, den brune nedst til høgre skal svigerinna mi få. Ho fekk den store, brune i sommar. 

Eg synest det er artig å finne slikt som passar saman med det eg har frå før.

fredag 8. april 2016

Viktig oppgåve

I går var eg på Høgskolen i Bergen på Landskonferansen "Mat og helse i framtidens skole" med påfølgjande årsmøte i LMHS.

Dagen var proppfull av interessante foredrag. Eg harfått myke informasjon å fordøye.

De får tygge litt på denne: "Vi skal hindre
spreiinga av Ikkje-smittesame sjukdomar!"

onsdag 6. april 2016

Sletta?

I går oppdaga vi at vi ikkje hadde opptak av første episode av "Siste utvei".  Ingen av blogglesarane har stemt på den.  Eg har fått høyrt av ein at den ikkje var noko særleg. Dermed tek eg det med knusande ro.  Det vart til at vi heller begynte å sjå "Shetland". Den serien starta eg opptak av då mannen var i Italia i fire veker. No kan vi sjå ein episode kvar kveld om vi vil.

Om nokon ikkje har stemt på årets påskekrim, så har dei fem dagar att!

tirsdag 5. april 2016

lørdag 2. april 2016

Tur til heimbygda

 Når andre i familien er ute og eise, og ein sjølv vert gåande innan ein relativt liten sirkel, kan ein få litt utferdslyst.  Eg skal ein tur til Bergen seinare i veka, så det hadde ikkje skada med noko nytt å ha på seg. På Femina såg eg denne blusen. Han måtte eg berre ha! Han berre glir inn i garderoben min for å seie det sånn.
Berre ein ting hadde eg planar om å kjøpe, nemleg fleire slike boksar som eg fekk av mor mi.  Dei ho hadde kjøpt var i matboksstørrelse, så dei kom raskt i bruk som akkurat det.  Boksane er smarte med at dei kan tole -40 grader og micro.  Ein bør ikkje bruke anna enn godkjent plast i micro. 

No har eg tenkt at det skal bli betre orden også i kjøleskåpet.  Spesielt i høgtidene når det er mange her, og eg har kjøpt inn mykje pålegg og anna, kan det bli fullt og rotete i kjøleskåpet.  Med slike boksar som kan stablast pent, må det vel bli bra?

Her i huset er det stort sett mannen som stryk.  Han liker å gå med skjorter på jobb.  Når eg ein sjeldan gong stryk, synest eg det er noko herk å finne fram og sette opp strykebrettet.  med eit slikt lite bordbrett, må det vel gå som ein leik?

Etter "mallwalkinga" tok eg meg ein tur opp til foreldra mine der det vart kaffi, kaker og prat.  Takk for meg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...