lørdag 2. april 2016

Tur til heimbygda

 Når andre i familien er ute og eise, og ein sjølv vert gåande innan ein relativt liten sirkel, kan ein få litt utferdslyst.  Eg skal ein tur til Bergen seinare i veka, så det hadde ikkje skada med noko nytt å ha på seg. På Femina såg eg denne blusen. Han måtte eg berre ha! Han berre glir inn i garderoben min for å seie det sånn.
Berre ein ting hadde eg planar om å kjøpe, nemleg fleire slike boksar som eg fekk av mor mi.  Dei ho hadde kjøpt var i matboksstørrelse, så dei kom raskt i bruk som akkurat det.  Boksane er smarte med at dei kan tole -40 grader og micro.  Ein bør ikkje bruke anna enn godkjent plast i micro. 

No har eg tenkt at det skal bli betre orden også i kjøleskåpet.  Spesielt i høgtidene når det er mange her, og eg har kjøpt inn mykje pålegg og anna, kan det bli fullt og rotete i kjøleskåpet.  Med slike boksar som kan stablast pent, må det vel bli bra?

Her i huset er det stort sett mannen som stryk.  Han liker å gå med skjorter på jobb.  Når eg ein sjeldan gong stryk, synest eg det er noko herk å finne fram og sette opp strykebrettet.  med eit slikt lite bordbrett, må det vel gå som ein leik?

Etter "mallwalkinga" tok eg meg ein tur opp til foreldra mine der det vart kaffi, kaker og prat.  Takk for meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...