tirsdag 31. januar 2012

Jakta på klassikarane

Øystein har fått inn mange Dead novelists-lister frå kollegaer og vener. Mange av dei har Sjur Gabriel øvst. Etter at eg hadde lese nokre lister, gjekk det opp for meg at listene var kronologiske.  Dety gjer det nok litt lettare.

Så kjem spørsmålet: Har eg lese Sjur Gabriel.  Ja, eg hugsar nok litt av denne - var det Oline? (Eg sjekka.  Det stemte...) I går var eg innom bybiblioteket og lånte lydboka.  Eg synest å hugse at replikkane var på dialekt.  Viss den er godt innlesen, trur eg det blir ei god lesar-, eventuelt lyttar-oppleving.

I pensum i tiande er det novella Karens jul  av Skram som er pensum.  Kvar gong eg les ho, får ho nye dimensjonar.  Dette er litteratur som står seg!

Attende på bygdebiblioteket bestilte eg Den fjerde nattevakt av Falkberget.  Den er omtrent sikker på at eg ikkje har lese.  Den neste på ønskelista trur eg vert Musikk fra en blå brønn, inspirert av Olga.  Eg har berre  lese utdrag av den til no.

Desse fem skal på mi liste:

1. Camilla Collett: Amtmandens døttre (1855)
2. Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
3. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
4Sigrid Undset: Kransen(1920)
5. Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)


framhald følgjer ...

mandag 30. januar 2012

Rundstykke med ost

 I kjøleskåpet mitt er der no nokre pakkar med ost som eg har fått attpå Gilde kjøtdeig.  I nokre rettar bruker ein begge delar, men når ein til dømes lagar kjøtbollar, vert det nokre pakkar ost til overs.
Eg kom på nokre horn eg brukte å lage på 80-talet.  Då hadde eg ny food-prosessor, og eg reiv ost, smuldra mjøl og smør og knadde deigen i han.  I går hadde eg meg ei lita leiterunde i gamle kokebøker.  Eg såg for meg størrelsen på boka.  Til slutt fann eg ho.  Kanskje blogglesarane har ei sameleis?
 Eg har nokre slike bøker frå prøvekjøkena.  Denne er frå 1987.
 Eg scanna oppskrifta til dei som vil ha den originale.  Eg laga mi om til  "2012".  No bruker eg brødbakemaskin.  Men de kan sjølvsagt bruke ei anna kjøkenmaskin.  Elles brukte eg mindre gjær.  For å få luftigast muleg deig sette eg til mjukt smør i klattar til slutt.  Egget er og frivilleg ...

4 dl lunken mjølk
1 egg
1/2 pk gjær (1 om du har lita tid)
1/2 ts salt

ca 11 dl kveitemjøl
200 g riven ost

50 g mjukt smør

1. Ha lunken mjølk, egg, gjær og salt i bakebollen.
2. Ha i mjøl og ost og kna deigen godt.
3. Ha i smøret i bitar og kna nokre minutt til.
4. Hev til dobbel storleik.
5. Trill 16 rundstykke.
6. Hev ca 30 minutt.
7. Pensle gjerne med egg og strø på ost.
8. Steik ved 225 grader ca 15 minutt.

Server rundstykka til supper, ostefat eller med smør og skinke til dømes.


Det går sjølvsagt an å ha grovt mjøl i deigen ...

søndag 29. januar 2012

Tunika i Alfa

Med tjukt garn på pinnar nimmer sju gjekk det raskt å strikke denne tunikaen.  På jobb kan eg ha den på meg når det er kaldt og eg ikkje er på skulekjøkenet. 

lørdag 28. januar 2012

Feiring i etterkant

 Førre helg var 18-åringen i Sogndal og spelte fotball, så vi utsette feiringa til i dag.  Seks av søskenbarna var samla.  Jentene stiller som vanleg opp til fotografering.
 I det heile vart det ei feiring etter gamal oppskrift.  Eg tok nytt bilde av bordet.  Mor mi kom med to nydelege krysantemar.  Så fekk eg kasta julestjernene.
På menyen stod det kjøtsuppe.  Eg hadde kokt kraft på to lammelår som eg hadde salta lett før eg fraus dei.  I krafta kokte eg og to biffstykke på 600-700 g i tillegg til løk, sellerirot, heil pepar og salt.  I dag laga eg kjøtbollar av 3 pakkar kjøtdeig. Med poteter, gulrøter, rabbe, purreløk og brokkoli, vart dette ei nydeleg suppe - om eg skal seie det sjølv.
Etter ei såpass lett suppe, smakar det godt med dessertar.  Karamellpudding  er obligatorisk. Elles så fann eg ut at eg kunne lage runde marengsbotnar og ha i det nye skålfatet.  Marengsen laga eg av 3 eggekvitar og 2 1/2 dl sukker.  Det piska eg i Kenwooden til massen var stiv.  Eg steikte den på 160 grader.  Det skulle vere ein time.  Mine vart litt godt steikte denne gongen, så sukkeret smakte litt karamell.
Fasongen ordnar ein i fatet.  Elles la eg lagvis marengs, frosne bær, vaniljekrem og krem.
Mor mi hadde med kaker til kaffien.  Eg ordna berre med eit ostefat og varma litt gjærbakst.

fredag 27. januar 2012

Bok 6: Victoria

Inspirasjonen til å lese Victoria kom frå to kantar.  Det er fjerde året på rad eg har undervist i norsk i tiande klasse.  Kvart år har vi lese utdrag frå denne romanen.  Victoria er eit godt døme frå nyromantikken.  I år spurde ein elev: Korleis gjekk det med dei?  Fekk dei kvarandre? " Mitt svar vart berre "Det kan eg aldri tru!". Måndag skal dei få eit kort samandrag.  Eg kunne sjølvsagt ha funne svaret på nett.

Den andre inspirasjonen kom frå Øystein si klassikarliste.  Eg må innrømme at eg har lese berre ei bok av mange av forfattarane dei andre set på sine lister.  Det er visst berre lov å ta med ei frå kvar forfattar. Av Hamsun har eg lese Pan, Sult , Markens grøde og no Victoria.  Markens grøde vert ståande.

Men les gjerne denne perla av ein roman.  Den må sjølvsagt lesast ut i frå den tida den er skriven.  Men her er vakre skildringar både av natur og kjærleik.  Lydboka vert lesen av ein nordlending der tonefallet røpar han akkurat passeleg.  Så lytt gjerne til lydboka!

torsdag 26. januar 2012

Tupperwaretrøbbel?

 På 80- og 90-talet investerte eg i ein haug med tupperware.  Nokre av produkta er i dagleg bruk.  For eit par år sidan sprakk brødboksen, så eg kjøpte meg ein ny.
 Sist eg vaska mjølboksen min, greidde eg å øydelegge litt av den blanke plasten.  Så kvar gong eg let opp boksen, dett loket bakover.

Sjekk forresten 2 1/2 dl-målet.  For kvar dl væske ein bruker i ein gjærdeig, går det med 2 1/2 dl mjøl.

Ein kollega fortalde meg at ho skulle i Tupperwareparty.  Eg var snar å legge inn ei bestilling via henne, så slepp eg å fare sjølv.
Det var nokon som ymta frampå om at ein kan kjøpe delar.  Dessutan er der livstidsgaranti.  Eg synest at så mykje som eg bakar, så kan eg unne meg ein ny mjølboks annakvart tiår!  Berre sjekk slitasjen!

onsdag 25. januar 2012

Ei utfordring!

Øystein har starta ei utfordring på bloggen sin som han kallar DEAD NOVELISTS der han har utfordra folk til å kome med dei 10 beste (gamle) norske romanane.

Eg skal prøve å begynne på ei slik liste.  Men eg ser at eg har nokre klassikarar til gode.  Og så begynner eg å lure på om eg eigentleg likte Garborg. Ikkje var eg så glad i Vesaas heller.  Kanskje eg må ta dei fram att slik eg gjorde i fjor med Undset og Hamsun?

1. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
2. Sigrid Undset: Trilogien om Kristin Lavransdatter. (1920-22)


framhald følgjer ...


Tek de utfordringa?


Bok 5: Hendelsenes hus

Denne romanen er skriven av John Boyne, som også mellom anna har skrive Gutten med den stripete pysjamasen.  Det er ei barnebok som eg har likt godt.  Vi har både lese boka og sett filmen på ungdomsskulen.

Hendelsens hus, med ein mykje meir dekkande originaltittel  The house of special purpose, er ikkje merka som barne- eller ungdomsbok.  Men eg var lenge i tvil.

Romanen er av typen "gamal mann ser attende på livet".  Hovedpersonen går i mellom då ein venn av han skyt mot fetteren til tsaren.  Belønninga vert ei stilling som livvakt ved hoffet.  Når eg røpar at han forselskar seg i Anastasia, så forstår vel dei fleste som har levd ei stund, kva som i grove trekk skjer vidare.

Sjølv om handlinga er føreseieleg, så er ikkje romanen kjedeleg. Det er ei lettlesen bok som høver godt for den yngre garde, vil eg tru.

Tittelen The house of special purpose var det dei kalla huset der Romanovamilien levde etter at tsaren var avsett.

tirsdag 24. januar 2012

Sjokoladerullekake med banankrem

I dag har eg skrive ny oppskrift med ein enklare, eller i alle fall ryddigare, framgangsmåte på rullekaka i gamleboka.  Denne kaka er rask og enkel å lage, og ho høver godt i små familiar.

3 egg
1 dl sukker


1 dl kveitemjøl
3 ms kakao
1 ts vaniljesukker
¼ ts bakepulver

  1. Set omnen på 250 grader.
  2. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker.
  3. Sikt på det tørre og vend det forsiktig inn med slikkepott.
  4. Slå røra i ei (teflon)bakepapirkledd  langpanne.  Stryk røra jamt utover.  Pass på at hjørna ikkje vert for tynne.
  5. Steik kaka i ca. 5 minutt midt i omnen.
  6.  Strø eit (teflon)bakepapir med 1-2 ms sukker. Legg kaka opp ned på dette bakepapiret slik at ho ligg mellom to papir og kolnar.
  7.  Lag fyllet.

Fyll:
2 dl kremfløyte, stivpiska
1 banan, mosa

1.   Bland stivpiska kremfløyte med mosa banan og fordel banankremen jamt på kaka. 
2.   Rull kaka saman og legg ho på eit serveringsfat med skøyten ned.

mandag 23. januar 2012

Solveigs språkspalte

Dette får bli eit innlegg i serien "Kvar er korrekturlesaren?".

Eg er ikkje ute etter å henge ut ein journalist eller ei bestemt avis, men her må det vel ha kome ein raud strek under ordet!  Føreslåing er ikkje noko ord i mi ordliste.  Det er derimot forslag og framlegg.  Eg håper at det er fleire enn eg som reagerer på elendig rettskriving og språk!

søndag 22. januar 2012

Moussaka

 Komande veke skal vi lage moussaka (ein heller norsk variant) på skulekjøkenet. Veka etter skal dei lage sjølvvalde kjøtdeigrettar.

Det er eit par år sidan sist vi laga denne retten, så eg tenkte det kunne vere greitt å lage den heime, så veit eg kva eg skal legge vekt på når eg går gjennom oppskrifta.

Sidan eg først var i sving, firedobla eg oppskrifta.  Litt meir kjøtdeig vart det.  Eg legg aldri halve kjøtdeigar attende i kjøleskapet heime.  Litt meir ost vart det og, for eg hadde ein pakke "revet" som eg ville bli kvitt.

Som de ser, vart det så vidt plass i gryta mi - som er den største "forma" eg har.  Vi har nok mat i morgon og.
Slik ser oppskrifta ut for niandeklassingane.  Dei må vere ganske flinke å lese oppskrifter for å få til dette!

lørdag 21. januar 2012

Kveldsmat

 I dag vert vi nokre ekstra til kveldsmat. Eg har kosa meg med å dekke eit uformelt bord.
Desse serviettane fann eg i samlinga mi.  Eg har sikkert kjøpt dei ei tilbodskorg og tenkt at dei passar til stetteglasa.
Desse lysbøttene fann eg og i ei skuffe.  Maten skal eg sette på benken.  Det tova gryteunderlaget er til tekanna.

No skal eg trille ut nokre rundstykke.  Blogglesarane må ha ein fin laurdagskveld!

fredag 20. januar 2012

Melk eller mjølk?

Etter at julenissane forsvann frå mjølkekartongane, dukka det opp heilt ny og flott dekor på Tine sine mjølkekartongar.  Flott for meg vart det heilt til eg kunne lese om gårder fra Stryn og andre gardar på Vestlandet - på bokmål.

Etter nokre dagar vart det sak i avisene.  Tine skuldar på bergensarane, som bruker bokmål. Får dei ikkje berre finne seg i at mjølka kjem frå bygdene på Vestlandet der ein stort sett nyttar nynorsk?

For bokmålsfolk kan dette verke som ei fillesak, men eg meiner det er synd om bygdeborn lærer ord og uttrykk som erstattar dialekten deira.  Eg har lagt merke til at mange her seier låve i staden for løe.  Born seier også gård i staden for gard.  Slik vert det når ein lærer bygdekultur frå TV - og mjølkekartongane.

For ordens skuld: I mi dialekt heiter det mjelk, ikkje mjølk.  Men eg vil tippe at dei fleste unge seier melk.  I oppskrifter vil nok nokre rote saman mjøl og  mjølk. Det skal ikkje vere lett!

Heilt svart er det ikkje.  Skummamjølka er nynorsk.  Så i dag plukka eg med meg nokre lysrosa kartongar.

torsdag 19. januar 2012

Korleis koke ris?

 På skulekjøkenet kjøper eg sekker på fire kilo med ris.  Eg synest elevane kan lære seg å koke ris og poteter utan oppskrift.  Ris i små porsjonar koker ein enkelt med å koke opp dobbelt så mykje vatn som ris, ha i ris og litt salt.  Risen får koke på svak varme i 15 minutt før ein slår av plata.  Då held risen seg fin til resten av maten er ferdig.

Ein elev la inn protest. Det er mykje betre å koke ris i posar!
Slike posar med ris får ein attpå ein pose ferdiggrilla kyllinglår på Coop Prix denne månaden.  Tilbodet datt ned i korga ein dag eg tenkte at dette kunne vere noko for dei yngre kokkane i familien.

Eg veit ikkje kva blogglesarane synest, men eg synest desse posane er noko "dillete".  Dei må renne av seg, og så må dei klippast over, for så å ha risen i noko anna. Risen er grei nok, men restane eignar seg truleg ikkje til graut?  Eg kokte tre posar, men eg trur nok at to hadde vore nok.  Eg kokte nemleg også blomkål attåt.


Trekketida til denne poserisen er 15-16 minutt.  Viss du tek med den tida det tek å koke opp ekstra vatn, går nok vinninga opp i spinninga når det gjeld tidsbruk.

Med byggris er det litt annleis.  Der slepp ein å legge byggkorna i blaut over natta, og trekketida er mykje kortare enn koketida.

onsdag 18. januar 2012

Myndig mann!

For 18 år sidan kom Håkon til verda som yngst av tre brør.  Han var størst som baby, og no har minstemann blitt høgst.  
 På mange av barndomsbilda er systera med.  Eg fann ikkje det første bildet av dei to saman - det vi kallar "ho liknar no litt på ein bror".  Då den første skuffelsen hadde lagt seg, vart han svært glad i henne.
 Dette er litt av produksjonen frå jula rett før han vart fire.  Den tida det var film, vart det ikkje fotografert så mykje som no.  Eit godt råd til alle småbarnsforeldre: Ta bilde av alle barneteikningane!
 Eit par juler seinare.
Og her er den viktigaste juleaktiviteten etter at han begynte på ungdomsskulen.

I dag er vi opptatt i alle retningar.  Håkon fekk bestemme middagen.  Det vart pølsegryte.  Desserten var ei iskake frå jul og bærdessert.  Det vert nok meir feiring med slekta seinare.

Kva er det beste med å bli 18? For foreldra er det vel at ein slepp å møte i banken.  Vi har kanskje vore på vårt siste foreldremøte for han?  Kontaktmøte er det vel frivilleg om ein vil ha med foreldra etter ein er 18, men eg meiner eg har vore med i 2. klassa.  Elles så er vel overgangen til vaksenverda ganske gradvis for ungdomar i dag.

Førarkort vart det ikkje i dag.  Der var det ei lita venteliste.


tirsdag 17. januar 2012

Dei som ikkje fekk fare ...

... på kurs om lesing, kan kike innom denne sida, De kan finne gode filmar som viser døme på undervisningsmåtar.

Dagens føredragshaldar poengterte dette med modellering.

På bybiblioteket ...

... var der heller ikkje så mange nye lydbøker.

I dag var eg innom der etter å ha vore på norskkurs på høgskulen.  Øystein møtte meg i Furene, og så hadde vi oss ein handlerunde i Ørsta.  Ærendet var eit par fotballsko.  Det fann vi, og dei var til og med til redusert pris!

Det kan hende det dryp litt frå norskkurset i løpet av kvelden eller morgondagen.

mandag 16. januar 2012

Bok 4: Kongens hjerte

Historia i boka er oppdikta, men byggjer på ei historisk hending.  Ti nordmenn vert sendt til sjukehus i Danmark med såkalla radesyke.  Slik eg forstod det, overlevde seks av dei.

Ein far som har misst kona si og eine barnet, tek med seg den sjuke døtra si på  denne reisa til Köbenhavn.

Forfattaren skildrar på ein heil spesiell måte denne turen.  Han bruker få namn.  Det er spedbarnet, kvinna og legen.  Det gir forteljinga eit eventyrdrag. Mannen i forteljinga stiller også spørsmål som ingen svarer på.  Vi vert sett i ei heilt spesiell stemning.  Eg synest forteljestilen liknar på den i Vegen (The road).

Kva er så radesyke?  På Wikipedia vert ein omdirigert til syfilis.  Då tennene begynte å dette ut, begynte det å likne mine utlegningar om skjørbuk.  I denne artikkelen kan ein lese om Deegen som var radesykelege.

Kva skal eg lese no?

I dag var eg innom bygdebiblioteket og lånte tre bøker. Alle er ukjende for meg.  Veit blogglesarane noko om bøkene?  Det kan vere både positivt og negativt.

Det hender eg låner bøker utan å lese dei.  Eg tek med meg ein bunke lydbøker, og rippar dei inn på datamaskina.  Av og til dukkar det opp titlar som gjer at bøkene berre vert liggande.  Det er ikkje usannsynleg at eg tek meg ein bytur torsdag til dømes.

Hendelsens hus er skriven av same forfattar som skreiv "Gutten med den stripete pysjamasen".  Peter Høeg er eg litt skeptisk til i utgangspunktet, men teksten på coveret lovar bra.

søndag 15. januar 2012

Vårleg vinterdag

 I dag gjekk eg rundt vatnet før eg laga middag.  Markane er grøne her, og det ligg mange svanar på vatnet.  Eg kjenner at eg gler meg til våren!

Det vert sagt at no skal dei fleste nyttårsforsett ha sprukke.  Bra for meg, for mitt fekk ein sein start.  No framover skal eg nemleg gå minst 10000 steg om dagen.
Nyttårsønseket mitt er at eg skal få ha så friske skuldrer at eg kan strikke mine eigne kle.  Eg har begynt på ein tunika som eg fann oppskrifta på i eit ung mix-hefte.  Garnet heiter alfa, og eg bruker pinnar nummer sju, så eg trur eg skal bli ferdig før vinteren er slutt!

Journalisten hadde fri i dag, så eg inviterte han på middag.  Det vart lapskaus laga av godt biffkjøt til middag og riskrem til dessert.  På bordet ligg den siste av dukane eg strauk til jul. 

lørdag 14. januar 2012

Bok 3: Straffen

Denne romanen har eg gledd meg til å lese sidan eg såg at mor mi hadde fått tak i han.  Det er visst den tolvte i rekka med advokat Svend Foyn, han med sanktbernhardshunden Hulda, som detektiv.  Dottera er ikkje viktig i denne romanen.  Ho er vel blitt vaksen.

Romanen opnar tragisk med at ei god venninne av Svend, nemleg Anne Rønningen, vert funnen drepen.  Dette truleg fordi ho visste for mykje.  Svend Foyn begynner å etterforske i kjent stil.  Vi ventar ei nær-døden-oppleving, og her vert vi ikkje skuffa.

Eg liker svært godt Jan Mehlum sin forteljarstil.  Her er gode skildringar.  Han kan dette med å ta folk på kornet.  Språket er elegant.  Folk ryggar ikkje bakover heller.

Eg er samd i denne meldinga.  Les ho - og les gjerne boka!

fredag 13. januar 2012

Festfiskebollar

Inger kallar denne retten "Fest med fiskebollar".  Ein ungdom eg har med å gjere meinte at arbeid+glede ikkje høyrde saman.  Eg har litt problem med festfiskebollar og kvardagskake, for å seie det sånn.  Viss ein laga fiskebollane sjølv og serverte dei i rekesaus eller liknande, kunne det kanskje nærme seg selskapskost. Eg serverte retten med pasta i dag.  Men ein kunne og hatt brød til, gjerne focaccia.

Det er elles mykje snakk om middag til under hundrelappen for tida. Denne retten bikkar nok ikkje 40.  Ein fiskebolleboks får ein for ein tikronar og ein tomatboks for ein femkronar.  Så spørs det om ein har løk og selleri i hus.  Det hadde eg.
2 små løk
2 stilkar selleri
olivenolje

1 boks tomatar
1 båt kvitløk
1 ts provencekrydder
2 krm sukker
1 krm salt
1 krm pepar

1 boks fiskebollar (ikkje krafta)

1. Surr løk og selleri i litt olivenolje.
2. Ha i tomatar, pressa kvitløk og krydder.
3. Lat sausen småkoke nokre minutt før du har i fiskebollane.
(Om ein vil, kan ein sikkert bruke stavmiksaren før ein har i fiskebollane)
4. Ha i oliven og friske urter om du har.

torsdag 12. januar 2012

Spiralhue

 I same oppskriftheftet som eg fann oppskrift på halsen eg strikka, er der og oppskrift på ei hue.  Mønsteret er svært enkelt.  Legg opp 59 masker på pinnar nummer 7, og strikk 2 rette og to vrange. Etter nokre centimeter skiftar ein til pinnar nummer 9. Hua skulle vere nokre centimeter lengre, men då hadde eg ikkje hatt nok tråd.  Her hadde dei bomma berre med eitt nøste ...
Vi var samde om at hua var lang nok.

onsdag 11. januar 2012

Brød med valneter og tørka frukt

 I dag kom det opp ein link på facebooktavla mi. Det er kanskje fleire enn eg som har att frukt og neter etter jula.  Eg hadde i alle fall kjøpt inn rikeleg.  Eg laga deigen i brødbakemaskina, men valde å heve deigen i ein bakebolle, for så å bake to litt tynne brød.  Mi oppskrift er derfor litt mindre enn Lise si.  Eg hadde dadlar i dag, men her må folk velje det dei liker.  Deigvæska kan ein og variere. Eg laga ikkje sveler i jula, berre før.  Elles hadde eg att smør og honning.  Gjærdeig kan variest i det uendelege.  I parentesen ser de alternativ.  Som kjent vil eg ha 50% grove brød.  Egg i deigen gir lettare brød.
1/2 pk gjær

50 g smelta smør (margarin/olje)
4 dl surmjølk (anna mjølk, vatn)
1 -2 ms honning (maltekstrakt, sirup, brunt sukker)
1 egg

2 1/2 dl sammalen kveite, grov
2 1/2 dl sammalen kveite, fin
5-7 dl kveitemjøl (10-12 dl grovbakstblanding)
1 ts salt

1 pk dadlar 200 g (tørka fiken, aprikosar, svisker, rosiner, fruktblanding)
1/2 pk valneter,125 g

Smuldre gjæren i bakebollen. Smelt smøret og ha i væska som skal bli fingervarm.  Ha i egg og det tørre og lat maskina kna deigen, gjerne 10-15 minutt.  Ha i frukt i bitar og grovhakka neter.  Dekk bakebollen med lok eller ein tallerken ev. plastfolie.  Hev ein time.  (Viss du har dårleg tid, kan du bruke ein heil pakke gjær)
 Form deigen til brød. I dag laga eg to små.
Hev brøda i omlag ein halv time. Pensle gjerne med egg.Steik ved 200 grader 30-40 minutt.
Så spørs det om du har nokre gode ostar att frå jula?  Det har eg ...

tirsdag 10. januar 2012

Sal -det ingen vil ha?

Ein biverknad av å jobbe mykje, er at ein ikkje får tid eller overskot til å fare på sal.  Sjølv har eg berre kjøpt meg eit plagg på -30% på ein butikk eg plar handle.

Lureri?
Frøkna måtte derimot på sal med mor på slep.  På ein kjedebutikk såg vi at dei la fram store bunkar med billege kle.  Det spørs om ikkje dei satsar på å tene like mykje på desse varene.  Innimellom heng det restar av julekjolar og andre sesongvarer.  Det er vel desse nedprisa varene kritikarane av sal, meiner ingen vil ha.

I avisa i dag var det ein mann som hadde fått erfare det han meinte var juks frå ulike EL-kjeder.  Dei har ikkje averterte varer klokka 7 første salsdag.  Eg har alltid lurt på kven som kjøper vaskemaskiner fordi det er billeg.  Eg kjøper det når den gamle er gåen ...  Viss ein ikkje vil bli "lurt" på sal, bør ein gjere litt "research".

Min regel for sal er at går eg på sal, så kjøper eg ikkje varer til full pris.  Det tryggaste er vel å handle der du vanlegvis handlar. Der veit du kva ting kostar. Har eg kjøpt ein blå genser som har vist seg å vere av svært god kvalitet, så har eg meir enn ein gong kjøpt ein lilla sameleis til halv pris eller -70%.

Julegåver til halv pris
Ein sparer fort nokre hundrelappar på å kjøpe kle i romjula.  Første skuledag veit ingen kven som har kle til full eller halv pris på seg.  Gåvepakningar med  dusjsåper og parfymar kan vere fine gåver til januarborn?

Dette som dett ned i korga
Ein kjem ofte heim med ting ein ikkje hadde tenkt på - eller har bruk for.  Men nokre impulskjøp må det vel vere rom for?  Boka over til halv av raud pris 62,50 hadde eg vel ikkje så stort behov for?  Først tenkte eg på mor mi, men ho har vel gjerne denne boka?  Fleire eg kjenner, et berre brødtypen Ingers brød.  Her er oppskrifter på alle.  Elles er rettane fornuftige.  Eg kjem nok attende til dei på bloggen.   Kosthaldet med grovt brød og vanleg sunn mat, er vel slikt ein ikkje får selje for tida?  Lavkarbobøker i ulike variantar låg der til full pris?  Det siste eg har sett der, er lavkarbo-husmannskost.  Eg trur dei meiner norsk tradisjonsmat med lavkarbovri.  Ingen vil vel leve på husmannskost i 2012?

mandag 9. januar 2012

Bok 2: Menneskefluene

Etter at han som lånte meg Satelittmenneskene, forstod at også eg likte den, fekk eg låne første boka om Kolbjørn Kristiansen, K2, og Patricia.

Det hadde sikkert vore lurt ha lese denne boka før den andre.  Her får ein forklaringa på korleis samarbeidet med dei to oppstår.

Dei to romanane til Lahlum er skrivne etter same oppskrift.  Eit mord skjer i eit lukka rom, i dette tilfellet ein bygning med vakt.  Mordaren må vere ein av dei som var i bygningen.  Det skjer eit mord til.  Og grunnen til drapa har samanheng med noko som skjedde under krigen.  Notid i boka er i 1968.

Drapa vert forståelege for lesaren.  Her drep folk for å skjule sine eigne brotsverk, ikkje fordi dei i utgangspunktet er vonde menneske.

Eit stort pluss til Lahlum for språket.  Det er gjennomført elegant.  Ingen ryggar bakover ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...