fredag 27. januar 2012

Bok 6: Victoria

Inspirasjonen til å lese Victoria kom frå to kantar.  Det er fjerde året på rad eg har undervist i norsk i tiande klasse.  Kvart år har vi lese utdrag frå denne romanen.  Victoria er eit godt døme frå nyromantikken.  I år spurde ein elev: Korleis gjekk det med dei?  Fekk dei kvarandre? " Mitt svar vart berre "Det kan eg aldri tru!". Måndag skal dei få eit kort samandrag.  Eg kunne sjølvsagt ha funne svaret på nett.

Den andre inspirasjonen kom frå Øystein si klassikarliste.  Eg må innrømme at eg har lese berre ei bok av mange av forfattarane dei andre set på sine lister.  Det er visst berre lov å ta med ei frå kvar forfattar. Av Hamsun har eg lese Pan, Sult , Markens grøde og no Victoria.  Markens grøde vert ståande.

Men les gjerne denne perla av ein roman.  Den må sjølvsagt lesast ut i frå den tida den er skriven.  Men her er vakre skildringar både av natur og kjærleik.  Lydboka vert lesen av ein nordlending der tonefallet røpar han akkurat passeleg.  Så lytt gjerne til lydboka!

2 kommentarer:

  1. Eg likar både Pan, Sult og Victoria betre enn Markens grøde, men det er no min smak. "Nyromantikken" er ein av favorittperiodane mine i litteraturhistoria.

    SvarSlett
  2. Historia i Markens grøde greip meg då eg gjekk i niande. Men hadde det vore "lov" å ha to bøker av Hamsun på lista, så hadde der nok kome ei til.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...