mandag 16. januar 2012

Kva skal eg lese no?

I dag var eg innom bygdebiblioteket og lånte tre bøker. Alle er ukjende for meg.  Veit blogglesarane noko om bøkene?  Det kan vere både positivt og negativt.

Det hender eg låner bøker utan å lese dei.  Eg tek med meg ein bunke lydbøker, og rippar dei inn på datamaskina.  Av og til dukkar det opp titlar som gjer at bøkene berre vert liggande.  Det er ikkje usannsynleg at eg tek meg ein bytur torsdag til dømes.

Hendelsens hus er skriven av same forfattar som skreiv "Gutten med den stripete pysjamasen".  Peter Høeg er eg litt skeptisk til i utgangspunktet, men teksten på coveret lovar bra.

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese nokon av dei. Men av erfaring veit eg at Peter Høgh er ei utfordring. Eg skal no lese ein "bestseller" som heiter "Reisen hjem".

    SvarSlett
  2. Den har eg sett. Bestseljarane er i alle fall lettlesne ... Trur eg satsar på hendelsens hus - om ikkje eg får andre tips.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...