mandag 29. februar 2016

Bok 8: DNA



«DNA» er en nervepirrende page-turner fra bestselgerforfatteren Yrsa Sigurdardóttir. En ung kvinne blir funnet brutalt myrdet i sitt eget hjem i Reykjavik. Det eneste vitnet er hennes sju år gamle datter. Når enda en kvinne blir drept på bestialsk vis kort tid etterpå, står politiet uten andre spor enn mistanken om at det er samme gjerningsmann. En radioamatør fanger inn skremmende meldinger som knytter ham til begge de drepte kvinnene, selv om han ikke kjente noen av dem. Nysgjerrigheten får ham til å sette i gang farlige undersøkelser på egenhånd. Huldar har ansvaret for etterforskningen av drapene. Mangelen på konkrete spor skaper frustrasjon og konflikter internt i politiet. Saken kompliseres ytterligere ved at han har løyet om seg selv for psykologen Frøya, som bistår jenta som var til stede da moren ble drept. Med «DNA» viser Yrsa Sigurdardóttir hvor dyktig hun er til å skape intelligente og effektive plott, med et rikt og spennende persongalleri.

Dette er og ein såkalla pageturner.  Det startar med ein søskenflokk som vert splitta på 70-talet.  To kvinner vert myrda på bestialsk vis.  Og så er det politimannen som har hatt eit forhold til kona til arbeidskameraten - og til psykologen.  Jenta som ligg under senga når mora vert myrda, står sentralt i forteljinga.

Det som gjer at denne romanen utmerkar seg, er at oppnøstinga er logisk og nærmast genial.  Eg har ikkje brukt så mange dagane på å lese denne romanen.  Det seier sitt!

søndag 28. februar 2016

Vinterferiestrikk

Planen var eigentleg å strikke ei anna kufte, men så kom eg på at eg hadde noko Peer Gynt-garn liggande. Eg meiner eg fall for freistinga og kjøpte det blå garnet til halv pris for eit par år sidan.  Fargen er fin, men garnet er noko stivt å strikke med når ein har blitt van med mjukt alpakkagarn.

Mønsteret er på kufta på framsida av Kofteboken 2. Så spørs det om kuftesesongen er slutt når kufta er ferdig ...

fredag 26. februar 2016

Bok 7: Åpne sår


Krimdebuten til Gillian Flynn, forfatteren bak «Flink pike». Camille Preaker har bosatt seg i Chicago etter et lenge opphold på en psykiatrisk klinikk. Hun arbeider som journalist i en annenrangs avis mens hun forsøker å legge barndommen i Wind Gap bak seg. Men så blir to unge jenter funnet drept i hjembyen hennes, og Camille sendes tilbake for å dekke tragedien. Hun setter motvillig kursen hjemover til familiens herskapsvilla, hvor hun gjenforenes med sin mor og halvsøsteren Amma. Snart avdekker Camille nye spor i jakten på dobbeltmorderen, men hvorfor identifiserer hun seg så sterkt med de døde jentene? Det viser seg at Camille må gjenåpne gamle sår for å komme videre, og ikke minst for å overleve ... «Åpne sår» er en mørk og åndeløst spennende reise inn under huden på Camille Preaker og hennes svært dysfunksjonelle familie. Romanen regnes som en av de sterkeste krimdebutene i USA på mange år, og innkasserte både en Edgar-nominasjon og to Dagger-priser.

Denne krimromanen skil seg ut frå mengda.  Her er det reportaren som løyser saka parallelt med politiet.  Camille si historie vert rulla opp gjennom saka ho løyser. 

Romanen er lettlesen - og ikkje minst vanskeleg å legge frå seg!

torsdag 25. februar 2016

Når veret vert viktig

Då eg gløtta innom Facebook i dag tidleg, såg eg folk klage på høge brøytekantar og meir tung nysnø i nabobygda Ørsta. Her regnar det for det meste, og viss ein skal stole på YR.no, skal det halde fram å regne. Eg bruker appen pent.no. Storm melder som regel litt kaldare og skya ver enn yr ...

onsdag 24. februar 2016

Bok 6: Jeg er pilegrim



En ung kvinne blir funnet drept på et nedslitt hotell, alle identifiserende kjennetegn er oppløst av syre. En far blir offentlig halshugget i den pulserende heten på et saudiarabisk marked. Liket av en ekspert i bioteknologi ligger uten øyne på en søppelplass i Damaskus. Menneskelige levninger blir funnet i et avsidesliggende fjellområde i Afghanistan. En perfekt plan er lagt for å begå en grusom forbrytelse mot menneskeheten. Én tråd knytter ugjerningene sammen, og bare én mann vet hvordan ... Pilegrim.

Dette er ein skikkeleg "pageturner"! Ein mann opererer åleine.  Han har produsert og prøvd ut eit dødleg virus som han vil sleppe laus i USA. Agenten som vil stoppe han er Pilegrim. 

Boka er på 19 CD-ar.  Det er slik at ein får lyst til å snike segg vekk for å lese.  Definisjonen på ein thriller er vel at då skal spenningskurva ligge høgt omtrnt heile tida.  Det greier forfattaren å oppnå.  Ei lita åtvaring mot sterke scener - mellom anna tortur.

tirsdag 23. februar 2016

Familietreff

Eldstejenta til systera mi er heime frå Oslo nokre dagar.  Mor mi inviterte alle på rømmegraut i dag. Seinare serverte ho kaker. Vi fekk prate og tøyse passeleg mykje. Humoren er intern, for å seie det sånn.

I sommar fekk Ingeborg velje seg ut eit mønster til eit strikkeplagg. Eg fann fram bøker og hefte, og til slutt fall valet på den populære Nancykofta. Eg synest ho kler den svært godt!

mandag 22. februar 2016

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 26-årsdagen!  Gebursdagsbarnet feirar dagen med å førebu seg til konkurranse på Hardangervidda. Han liker utfordringar i naturen.  Mora er glad ho ikkje ser bilda før han er heimkomen!  Her kan de klikke dykk attende til tidlegare helsingar.
 I dag var det berre han som mangla ved middagsbordet.  Faren køyrde yngstemann til flyplassen i Ørsta.  Sist vi høyrde frå han sat han i buss på veg til Vigra.

Til midag serverte eg karrigryte. Etterpå steikte eg vaflar til dessert/kaffi. Eg tenkte at han som skulle reise måtte bli skikkeleg mett.
Desse nydelege campunalaene fekk eg av mor mi i går. Dei skal få pynte opp inne så lenge dei er fine, og så skal eg sjå om eg greier å halde dei i live til dei kan få nytt liv i hagen.

søndag 21. februar 2016

21. februar

Studenten reiser att allereie i morgon.  I dag nytta vi høvet til å invitere besteforeldra på middag.  Ønsket frå studenten var kjøtkaker.  Det har vore tacotilbod på Coop.  Det var så vidt eg kom tidsnok til å få tak i kjøtdeig.  Dei var lens for kilos-"pølser" (hakka kjøtdeig), så eg måtte ta Gilde original (kverna).  Diskusjonen vert då om ein merkar skilnad.  Eg held på at den hakka kjøtdeigen er hakket betre! Elles så steikte eg eit par pakkar grytekjøt skore i omtrent same storleik som kjøtkakene. Alle her liker slik tradisjonsmat! 

No gler eg meg til TV-kvelden. Ein kan velje mellom to kvalitetskrimseriar.  Eg tippar vi ser Beck som er avslutta episodar.  Så kan vi samle nokre episodar med Shetland før vi ser fleire i slengen.

På bildet ser de kanskje at det snøa her i dag.  Då gjestene for, regna det ... Det er elles stor skilnad på snømengdene i dei ulike bygdene her no.

lørdag 20. februar 2016

Vinterferie

Siste veka har det vorte mykje lysare, synest eg. Veret har variert. No håper eg på ei fin og variert vinterferieveke!
Bildet tok eg ein morgon denne veka på veg til jobb.

fredag 19. februar 2016

Bok 5: Helvetesilden




Femte juli 2005, varmt. Kvinner og barn glødet, mennene visste bedre og holdt seg i skyggen, med bremmen ned foran øynene. På jordene oppe ved Skarven, nede i et lite dalsøkk med en klynge av sorte graner, sto en gammel campingvogn fra Fendt med rust omkring vinduene. I et vindu en fillete gardin, noen insekter hadde latt seg fange og lå døde i nettet av nylon mellom tette, fine tråder og hvite blonder. Rett innenfor døra lå barnet, en unge på fire-fem år. På en smal sofa under vinduet, en voksen kvinne. I munnviken hadde hun en stor flenge, der blodet hadde silt nedover haken. Overbetjenten sto i døra, hjertet hamret. Vogna var i dårlig forfatning, kunne de virkelig ha bodd her disse to, moren og barnet, nei, han trodde ikke det. Kanskje var de bare sammen for å leke en lek. På tur over jordene i det vakre været, og der sto det vesle, rustne huset. I natt skal vi sove ute i en vogn! Vestover lå Geirastadir, østover lå Haugane, men altså her, i den svarte treklyngen, moren og barnet. Sejer gikk inn. Adrenalinet gjorde ham tørr i munnen. Han skrittet over barnekroppen, passet på og ikke trå i blodet, fikk øye på en kniv som lå på gulvet foran benken. En kniv med treskaft og nagler, og et langt, smalt blad, en slik man brukte til å filetere med, kjøtt eller fisk. På det blanke bladet, render av blod, det hadde rent i strie strømmer og det luktet rått. På benken, en håndveske med en lommebok, den var rød med mange rom. En ryggsekk og en halvspist pizza, litt klær i en hylle. I lommeboka, tusen kroner i kontanter. Handlingen i romanen følger to alenemødre, Mass og Bonnie, og sønnene deres fra desember til juli i 2005. Femtiårige Mass lever alene med sønnen Eddie som er i begynnelsen av tjueårene. Eddie er svært overvektig, og han er trygdet uten noen spesiell diagnose. Dagene går med til kryssord, kanelgifler og vafler og søking på nettet. «Tore på sporet» er yndlingsprogrammet hans, og snart vokser ønsket om å finne ut hvor farens grav er; den faren han ald...

No har eg nettopp lese ut ei anna bok, og då eg lurte på kva eg skulle lese no, oppdaga eg at eg ikkje har skrive om denn førre boka eg las.  Det å legge bøkene ut her på bloggen gjer at eg lett kan finne ut om eg har lese ei bok før.

Dei som liker Karin Fossum sine romanar, vil like denne. Brotsverket vert gradvis rulla opp.  Og vi får innsikt i dei ulike lagnadane.  Personane vert skildra med god innsikt.

Eg ser at romanen fekk Rivertonprisen 2014.

onsdag 17. februar 2016

Utgått på dato?

Av og til tenker eg at dette skulle ei av bestemødrene mine ha sett!

I dag kjøpte eg to pakkar heilt fine poteter til halv pris.  Eg har sett gamle poteter før ...

søndag 14. februar 2016

Mors dag

I dag vart det litt "dagen derpå" her. Noko morsdagsfeiring la vi ikkje opp til.  Sjølv gjekk eg meg ein tur rundt vatnet. Der kan ein høyre svanesong.

Neste helg er det ferie, og yngstemann kjem heimom. Det gler vi oss til!

lørdag 13. februar 2016

13. februar

I dag har vi hatt triveleg besøk av svigerinne, svoger og gebursdagsbarn! Seinare kom to søskenbarn av mannen på kaffi.  Middagen var derfor enkel; kjøtsuppe og ein liten hjartesjokolade til kaffikoppen etterpå.


fredag 12. februar 2016

Nye gryn

I dag kom eg over desse gryna på butikken. No er eg spent på om det er eit framsteg. Det ser ikkje slik ut på den heller orsakande teksten ...

torsdag 11. februar 2016

The stream

TV2 har starta ein ny programserie.  Ein tidlegare elev ved skulen vår har lasta opp ein video.  Lytt gjerne til den vakre songen.  For kvar gong de gjer det, får han ei stemme ...

mandag 8. februar 2016

Ny månad, nye kupp og kupongar

I dag vart måndagshandelen noko større enn vanleg. Laurdag handla eg nemleg i Ørsta.  Ein skulle tru Coop Xtra-butikkane var omtrent like, men eg sleit med å finne fram, eller rettare sagt gadd eg ikkje leite.  Ein må legge ein mynt i handlekorgene, så eg tok berre ei lita korg og gjekk og tok dei tinga eg visste eg mangla.  Elles var dei tome for kremfløyte, så eg stkk innom Kiwi i Ulsteinvik.  Der var det søndagbutikk på grunn av omkalfatring. Men fløyte fekk eg.

No har eg brukt halvparten av kupongane.  Halvparten av produkta har eg ikkje kjøpt siste månadene...


søndag 7. februar 2016

Fastelavn

I dag spurde eg om det var noko interesse for bollar.  Det var det.  Eg sette ein deig og let han heve medan eg gjekk rundt vatnet.  I går handla eg på framande butikkar, og kom demed heim utan fersk gjær.  Sjølv meiner eg at det er vanskeleg å få like godt resultat med tørrgjær.  Familien merka ikkje noko ...

At fersk raud gjær er best til bollar, slo eg fast for tre år sidan. Elles såg eg at Wenche på frukost-tv bake etter Schakendametoden med å ha i smøret til slutt.  Dagens bollar vart serverte til dessert. Det går vel med nokre til kveldsmat også.

torsdag 4. februar 2016

Bok 4: Det som er mitt


Anne Holt har innvilget Hanne Wilhelmsen en pause, og har latt en helt ny krimheltinne ta form. I sin nye roman dras en motvillig Inger Johanne Vik ut av sin tilbaketrukne forskertilværelse og midt inn i etterforskningen av en grotesk barnedrapssak.
Emilie, ni år, blir borte på vei hjem fra skolen. Tilbake ligger bare ranselen og en bukett hestehov. Seks dager senere blir lille Kim kidnappet. Han kommer raskt til rette. Død, med en beskjed festet til liket: Der fikk du som fortjent.
Inger Johanne Vik, forsker og småbarnsmor, er like rystet over kidnappingene som resten av Norge. Når førstebetjent i Kripos Yngvar Stubø trygler henne om hjelp til å løse saken, nekter hun. Selv om hun har en fortid i FBI, og både er jurist og psykolog. Inger Johanne er opptatt med sitt. Hun leter etter sannheten i en barnedrapssak fra 1956 , der en gjerningsmann ble tatt, dømt og siden løslatt før tiden, under merkelige omstendigheter. Saken krever hennes fulle oppmerksomhet.
Men så forsvinner enda et barn. På 20-bussen i Oslo, midt i rush-tiden, uten noen har lagt merke til noe mistenkelig. Med sine kunnskaper om forbryterens psykologi kan ikke Inger Johanne sitte på gjerdet lenger. Hun kaster seg inn i etterforskningen. Og gjennom skjebne og tilfeldigheter tvinner de to sakene seg inn i hverandre, og fremkaller et nytt og overraskende bilde.

Denne romanen er frå 2008.  Eg reknar med at det er same hovudpersonane som i den svenske serien Modus som eg no følgjer med på.  Eg kjenner att den autistiske jenta.

So eg har skrive før, liker eg godt Anne Holt sine romanar.  Eg synest romanen heng godt saman, og når løysinga kjem, er ho logisk. Personane og miljøa er interessante.  Elles skriv ho godt, synest eg. Ei typisk 4+-bok.

onsdag 3. februar 2016

Kveldskurs på Klippfiskakademiet

 I går var nærare 30 mat og helselærarar samla på Klippfiskakademiet for å få smakebitar av opplegga deira.  Dei held til i same bygget som Akvariet i Ålsund.  Der er eit flott undervisningskjøken med kamera både over benken og komfyren.

Den første timen fekk vi undervisning i anatomien til fisken med dissekering.  For meg vart dette repetisjon av stoff frå vidaregåande, og då er det kanskje på tide å ta det fram att! Det er kjekt og interessant å lære noko av folk som ivrar for faget sitt og som vil formidle kunnskapen sin.
 På undervisningskjøkenet var eit par kokkar i sving.  Vi fekk servert smaksprøvar både fysisk - og av undervisningsopplegg. 

Kva skjer med smaken på gulrøter når ein:
  1. Kokar dei i olje
  2. Kokar dei lenge og lagar puré (med meierismør)
  3. Strimlar og har på olje- og sitrondressing
 Smaksprøve av kokt torsk med raudbet og salat.  Saus av eplesider m.m.
Steikt torsk med raudbet- og gulrøtpuré og omnsteikt,sprø grønkål.

Etterpå laga vi fiskekarbonadar og coleslaw.  Kokkenmåtte lage meir majones.  Då sneik eg meg bort for å høyre kva olje han brukte.  Det var soyaolje, men til aioli brukte han litt olivenolje også.

Eg liker ikkje å spørje om løyve til å legge ut bilde av folk på bloggen, men eg kan røpe at det snart kjem eit innlegg i mørenytt.

No har eg veldig lyst til at elevane våre skal få seg ein dag på akvariet og Klippfiskakademiet.  Ein ser at profesjonelle kokkar verkeleg har noko å tilføre.  Dei vil og like naturfagdelen.  Tenk å få dissekere sin eigen fisk!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...