søndag 28. februar 2016

Vinterferiestrikk

Planen var eigentleg å strikke ei anna kufte, men så kom eg på at eg hadde noko Peer Gynt-garn liggande. Eg meiner eg fall for freistinga og kjøpte det blå garnet til halv pris for eit par år sidan.  Fargen er fin, men garnet er noko stivt å strikke med når ein har blitt van med mjukt alpakkagarn.

Mønsteret er på kufta på framsida av Kofteboken 2. Så spørs det om kuftesesongen er slutt når kufta er ferdig ...

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...