mandag 30. januar 2017

30. januar

Den siste veka har vi hatt temperaturar oppe i 10-12 grader.  I går tok eg fram sykkelen.  Eg har sykla på jobb i januar før.  Sykkelen fekk stå i dag.  Men eg kjenner eg gler meg til å kunne kome meg raskt fram, ikkje minst fordi eg då kan svinge nedom butikken på veg heim.

Rabarbraen er visst litt årstidsforvirra og ...

lørdag 28. januar 2017

Bok 5: Hviskeren

Ny Sejer-roman fra Karin Fossum! Ragna Riegel jobber på Europris og bor alene i barndomshjemmet. Nå er foreldrene hennes døde og den enste sønnen har flyttet til Berlin og de har nesten ingen kontakt. Bare ett og annet jule- og bursdagskort. Ragna lever livet sitt innen strenge rammer: hun liker jobben fordi den er full av rutine, hun liker å sitte på samme sete i bussen hver dag, hun liker å handle det samme i nabolagsbutikken hver dag. Hun må ha orden på livet. Og det har hun, inntil den dagen hun finner et brev i postkassen med hennes navn på konvolutten og en utvetydig trussel skrevet med store blokkbokstaver på arket inni. Brevet gir støtet til et mareritt der Ragna Riegel blir truet på livet av en ukjent fiende. Der hun merker at hun må ta alle midler i bruk for å forsvare seg.
Romanen tar form av Konrad Sejers avhør av Ragna Riegel etter at det verste er skjedd. Etter at alt er for seint. Gjennom avhørene forsøker Sejer å lokke fram sannheten om det som er skjedd. Men er Ragna sannferdig? Eller fører hun omgivelsene grundig bak lyset. Det blir det Sejers oppgave å finne ut av.


Når ein les mykje krim, kan den eine romanen lett bli lik den andre.  Romanane følgjer ein formel.  Denne romanen skil seg ut.  Han er eit langt avhøyr samanfletta med Ragna si historie.  Den kriminelle handlinga kjem fram etter kvart.

Karin Fossum greier også i denne romanen å skildre sinnet til forbrytaren på ein meisterleg måte. Sterkt anbefalt!

Bok 4: Bly


Kim Karlsen, hovedpersonen i romanen Beatles, kommer med danskeferga inn til Oslo. Det er ingen som venter på ham. Det er ingen som venter seg noe av ham heller. Og kan man tro på historiene han forteller?
Dette er en svart-hvitt roman. En roman om original og etterligning. En roman om bly og vinger
.

søndag 22. januar 2017

Nye aksessoarar

Før jul kjøpte eg meg ei ny jakke.  Det er ei grå Kari Traa-jakke med ei turkis jakke som kan takast ut til for.  Eg fann ut at eg ville strikke meg vottar og hals i fargar som passar til. Så eg strikka meg eit par hjartevottar og tova.  Dei er utruleg varme og gode.  Halsen er strikka av tre hesper akrylgarn med refleks, eit garnkupp eg kom over på Nille.

Det som slo meg då ungane var små, var at så lenge sei gjekk i barnehagen og vart køyrde til porten, og då ein passa på dei når dei leika seg ute, ja, da var kleda fulle av refleks.  Men så snart dei nærma seg skulealder, så var utanpåkleda reflekslause. No lurer eg på om halsen har noko effekt!?

Vanlegvis har eg på meg eit refleksbandolær når eg går på jobb.  Men eg skal ikkje gjere meg betre enn eg er. Når eg køyrer bil, skjenner eg over mørkkledde folk som eg ikkje ser.  Når eg går sjølv, ser eg godt bilane ...


fredag 20. januar 2017

Bok 3: Det grovmaskede nettet

 
 


 den grådisige byen Maardam, et sted i Europa, arresteres Janek Mattias Mitter, gymnaslæreren som finner sin kone myrdet, men som ikke kan huske om det var han som drepte henne. Hva vet han egentlig om kvinnen som har vært hans hustru?

Førstebetjent Van Veeteren og hans medarbeidere står foran et møysommelig arbeid dersom de vil finne frem til sannheten om Eva Ringmar og hvorfor hun måtte dø.

Det grovmaskede nettet er den første, frittstående romanen i serien om politiet i Maardam.


Eg har likt dei siste krimromanane til Håkan Nesser, spesielt Barbarotti-kvintetten. På 90-talet las eg bøkene hans, men var ikkje så begeistra.  Det forstår eg etter å ha lese denne, kanskje om att. Romanen er spennande og velskriven, men manglar ein klokskap som dei siste romanane har hatt.

torsdag 19. januar 2017

Moro på jobb

Førre veke hadde eg vaktveke.  Måndag merka eg noko uvanleg aktivitet og knuffing nær gangen til dei to nye toaletta. Tysdag undersøkte eg saka nærare.  Eg såg noko merkeleg oppe på ei takplate der ein kar nådde heilt opp og såg ut som eg hadde teke han på fersken.  Sjølv måtte eg ha stol for å nå opp.

Og kva fann eg? Eit handlenett fylt med ulike forbodne godsaker som energidrikkar og ostepop!  Posen vart konfiskert på rappen.  Eigaren melde seg til klassestyraren og fekk att varene, truleg med ei lita formaning.

I går kom eit par jenter i svært godt humør og sa at no var det på tide at eg sjekka igjen.  På vegen frå klasserommet til lærarrommet fekk eg fleire tips.  Det høyrer vel med til jobben å vere mistenksam ... Det er ikkje lett å lure ein gammal rev, plar eg seie.  Så det vart ein annan lærar som plukka ut godsakene - kjøpt inn til ære for meg?

På vegen fekk eg og spørsmålet: "Solveig, har du blogg?".  No har eg skrive eit blogginnlegg til ære for ein gjeng med tiandeklassegutar med topp humor!



onsdag 18. januar 2017

tirsdag 17. januar 2017

Jakta på den beste brunosten

Heilt sidan ein begynte å lage Innherredsost ein gong på nititalet (?), har denne mørke, søte mysosten vore på grovbrødskivene i matpakken min.

I 2017 har eg ikkje funne osten på Coop-butikken.  Eg har ikkje masa, berre sett litt til side Misværosten som har tatt plassen.  Så lenge hylleetiketten er der, må det finnast håp.  Førre veke var eg innom Kiwi i Vik.  Heller ikkje der fann eg yndlingsosten!  I går for eg eins ærend innom Spar.  Desperasjonen begynte å breie seg då eg ikkje fann Innherredsost i butikken med størst utval!

I sag var alle turdamene opptatt, så eg bestemte meg for å gå meg ein tur åleine.  Då kom eg på at eg kunne ende opp på Bunnpris.  Det er ikkje første gong butikken leverer.  I hylla der fann eg tre ostar, så no må eg berre beklage om andre i bygda vert opprådde ...

mandag 16. januar 2017

Kunsten å kle seg

Vi fekk eit lite kurs i jula i korleis ein kan kle seg når ein skal vere ute i kaldt ver. Slike trøyer isolerer godt.  Eg synest dei liknar på gamaldagse helsetrøyer. Men dei var vel ikkje grøne og  langerma!

søndag 15. januar 2017

Vinter

Så har også vi fått snø, og vi er så heldige at vi kan sette på oss ski bak huset, så ligg bakken klar.

mandag 9. januar 2017

Bok 2: Kaninjegeren


Teoriene går umiddelbart i retning av at drapet er en terrorhandling, og beredskapen blir høynet. Mye tyder på at morderen er svært profesjonell, og på at han kommer til å slå til igjen. Saga er helt sikker på at de trenger hjelp fra én bestemt mann: Joona Linna. 
Soning og kjærlighet
Joona Linna har sonet to år i Kumla fengsel. Dagene følger på hverandre og er til forveksling like. Så henter Säpo ham til et avsidesliggende område for et hemmelig møte. Politiet trenger hjelp for å stoppe en gåtefull morder som går under navnet Kaninjegeren - og Joona Linna har sin egen sterke motivasjon for å ønske seg permisjon. Hun heter Valeria og venter på at Joona skal komme ut.

Kaninjegeren
Den eneste forbindelsen mellom ofrene til Kaninjegeren er at de alle hører et barn lese en barneregle om kaniner like før morderen slår til. Skjebnen vil det slik at tv-kokken Rex Müller havner midt i begivenhetenes sentrum. For første gang skal han ta hånd om sin tenåringssønn Sammy. I stedet for tre rolige uker med sønnen blir han kastet ut i en fryktelig kamp på liv og død. 

Intens spenning
Lars Kepler er i særklasse god til å skape spenning mellom permene. I Kaninjegeren samarbeider Joona Linna og Saga Bauer i all hemmelighet for å stoppe en seriemorder før det er for sent. De leserne som kjenner Kepler fra før, vet akkurat hva de får - tettpakket spenning som gjør at man suser gjennom sidene. Du vet aldri hva skjebnen har i vente for deg, hva som kanskje tar deg igjen hvis du begynner å løpe akkurat nå ...


Eg starta det nye året med ein skikkeleg pageturner. Eg fekk låne papirboka av ein krimkompis før jul.  Jula har lett for å bli sosial, men no i etterkant har her vore rolegare tider.  Romanen er svært intens og spennande.  Dette er eventyr for vaksne som liker litt tøff krim.

Bok 1: Eplehagen


«Eplehagen» er en dannelsesroman lagt til et skjebneår i norsk historie med en sterk, ung kvinne i sentrum.

Det er sommeren 1814 og urolige tider i Christiania. Den unge enken og apotekerdatteren Maren vil ut av byen og har fått arbeid som guvernante på prestegården i Asker. Her holder den karismatiske og engasjerte presten Høegh til.

Kronprins Karl Johan har varslet en større premie til det beste jordbrukstiltaket i Norge. Høegh har ansatt gartneren Carl til å anlegge en av de største eplehagene i landet og satser alt på å vinne konkurransen. Maren har stelt i apotekerhagen fra hun var liten og blir til uvurderlig støtte for Carl. Det vokser raskt fram sterke følelser mellom dem. Ikke alle liker dette, og de to møter etter hvert både motstand og illojalitet fra folk som burde være deres hjelpere. Maren får merke på kroppen hvordan livet brått kan ta nye retninger, og at ikke alt er slik det først ser ut. Men også at nye muligheter oppstår der man minst venter dem.


Då eg starta å lytte til denne lydboka, gjorde eg det for å ha noko lettlese å lytte til.  Forventningane var ikkje så høge.  Derfor vart eg heller positivt overraska. Forfattaren har gjort ein god jobb for å få den historiske ramma så korrekt som mogleg.  Historia var til tider temmeleg føreseieleg.  Men eg kosa meg med boka undervegs.

onsdag 4. januar 2017

Julevottar

Nissevottane strikka eg ferdige etter kvart som eg fekk oppskrifta.  Hjartevottane har eg gitt vekk til ei god venninne.  Eg gjekk opp ein pinnestorleik til 7. Også desse er strikka i dobbel Finull.  Eg tova dei i maskina på 40 grader slik at dei vart godt tova.  Dei vart utruleg varme og gode!  det spørs om eg må strikke eit par til meg sjølv, for det er vel snart på tide å legge vekk nissevottanefor i år.

tirsdag 3. januar 2017

Julegåver del 3: Turutstyr

Eg kan ikkje klage på utstyret når eg skal på tur i 2017!  Sekken inneheld eit drikkesystem der eg kan drikke frå eit sugerøer.  Til kortare turar kan eg velje rumpetaske.  Ulltrøye kan omtrent brukast året rundt.  Til å ha i sekken fekk eg og ein vasstett pose til å pakke tørt tøy i.

No får vi håpe det vert mange fine turar i det nye året!

søndag 1. januar 2017

"Vørterbrød!

Eg har ei oppskrift på vørterbrød som eg alltid bruker.  Ut i jula var vørterbrøda mine oppetne, og då fann eg ut at eg kunne prøve dei på mjølposen.  Merkeleg nok er dei utan vørterøl, noko som passar godt når ein har brukt opp det ein kjøpte til jul.
 
Det vart sjølvsagt vurdering og evaluering i heimen.  Desse nådde ikkje opp til dei vanlege, men var godt etande.  Sjølv synest eg dei smaka sukker, og eg ville anten brukt mindre sukker eller meir mørk sirup. 
 
Oppskrifta under er omsett til nynorsk. framgangsmåten er forenkla.
 

1 pk gjær
4 dl lunka vatn

85 g mørk sirup

550 g kveitemjøl
275 g sikta rugmjøl
70 g sukker (1/2 dl nok?)
1 ts salt
1 ts pepar
1 ts kanel
1 ts ingefær
1 ts anis
1/2 ts nellik

30 g smør, i terningar

1 pk (250 g) rosiner

  1. ha alle ingrediensane i bollen på kjøkenmaskina etter rekkjefølga - berre ikkje smør og rosiner.
  2. Lat maskina gå 5-10 minutt før du har i smøret.
  3. ha i rosinene tyil slutt og la deigen heve under plast ca. ein time.
  4. Form to brød.
  5. Hev ca. 30 minutt.
  6. steik ved 190 grader midt i omnen 30-35 minutt.
  7. Legg eit bakepapir over brøda mot slutten viss du ser dei held på å bli for brune.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...