torsdag 30. juni 2011

Bok 31: Hud av Mo Hayder

Dette er andre boka om politietterforskaren Jack Caffery og politidykkaren Flea Marley.  Den første er "Ritualer" som eg las for cirka eit år sidan.

Romanen inneheld fleire brotsverk.  Det eine utført av bror til Flea.  Vi ønskjer etter kvart at noko skal bli oppklart, anna ikkje.  Forfattaren dreg oss inn i forteljinga, og eg let meg rive med.

Mi meining om boka?  Det er langt mellom så god krim!  Den er passeleg innfløkt.  Og den er ikkje "forutsigbar", for å seie det på bokmål.  Ein liker krimheltane.  Alle med liknande krimsmak som meg, vil like boka.  Eg har gitt ho seks stjerner.

No har eg høyrt denne som lydbok, og eg må seie meg einig med Besta der.  Ein opplesar skal lese.  At han bruker lys stemme når damer snakkar og legg mannsstemmene svært lågt, er ein ting.  Det er verre at han tolkar medan han les.  Det er ikkje ei barnebok!  Vaksne lyttarar vil ha bøker nokonlunde nøytralt innlesne, i alle fall eg.

Sju år gamal graut?

 Ho forstod ikkje det, kjerringa i eventyret, at det ikkje var noko godt husmorskussmål å ha sju år gamal graut på lager. Denne dama ryddar i skåp og boder.  I staden for å vaske og setje på plass att, har eg gått i djupna.  Berre det eg treng, skal attende i skåpa.  Resten skal brukast i nær framtid. Noko må kastast.

Eg bruker omtrent ikkje tørrgjær.  Slike pakkar som følgjer med mjølpakkar, sender eg med studenten slik at han kan bruke dei i brødbakemaskina si.  Så oppdagar eg at eg har ein sju år gamal pakke.  Eg fall for freistinga å sjekke om han kunne brukast.  Det er trass alt tørrvare!
 Eg laga først ei suppe av 1/2 l vatn, 1/2 l kveitemjøl,1 ts sukker og ei ts salt.  Her er det liv!
 Eg rørte inn grovt mjøl.
 Det heva fint.
 Eg forma to små brød.
Framover har eg planar om å lage det eg kallar "Rydderettar".  I dag lagar eg denne gryta.

P.S.
Eg skal kjøpe inn berre ferske varer til gjengen som kjem på søndag ...

To heile hekkar

Ein har mykje å styre med når ein har hus og hage.  Mannen i huset har tatt for seg hekkane.
Granhekken har han klipt.  I tillegg har han tømt ein komposthaug under.  Den nye molda skal eg fordele fint i bedet.
 No er plantane frå Plantasjen planta slik at denne hekken er heil.
 Besta skaffa plantar til denne.  No ønskjer eg meg litt ulike blomstrande buskar i forlenginga.  Det øvste bildet viser "holet".

onsdag 29. juni 2011

Sikra meg siste eksemplar



Dei to eldste karane i familien har reist til hovudstaden for å høyre på Bob Dylan.  I dag skulle visst keeperen stå i mål ein kamp også.  Resten av gjengen fann ut at vi kunne nytte høvet til ulike innkjøp.  Der er mellom anna ein stor G-sport-butikk som lokkar i Breivika.

Ein dag eg beundra eit flott blomsterbed i ein hage bort i gata. Der var laga til fint med steinar og plantar.  Eigaren kunne fortelje at ho hadde fått bedet i fødselsdagsgåve.  Eg har ymta frampå om at eg berre vil ha ein tur til dette gartneriet i gåve, kjøpe greier eg sjølv.  No må ein gi og ta litt når ein har med tenåringar på tur, så det vart berre ein snartur innom Plantasjen.  Ærendet var ein halv hekk.  Det fekk vi tak i.  Der var tre for to, så det vart til at vi kjøpte tre plantar i staden for fire.

Eg er så glad i Peace-roser.  Mine to tok vinteren.  Det seiest dei er like skjøre som freden.  Rosa er frå 1945. Eg leita to gonger over alle rosene på Plantasjen.  Til slutt fann eg eitt einaste eksemplar av rosa.  Ikkje noko prakteksemplar kanskje, men kjem der ei rose eller to i år, vert eg nøgd.  Og så håper eg på ein mild vinter!

På Moa shoppa vi "litt".  Vi deler oss i kvinner og menn.  Eg tek med meg frøkna og så går vi på annankvar mine og hennar butikkar.  Etter kvart har vi fått fleire felles interesser når det gjeld butikkval ...


tirsdag 28. juni 2011

Mjølkesuppe

I forgårs kom fiskaren heim med to langer.  Vi salta på dei og serverte dei til middag i går.  Medan eg sette på potetene, kom eg på at det hadde vore godt med ei mjølkesuppe til.  Eg laga havresuppe i full fart.  Eg var i tvil om eg skulle legge ein så "kjedeleg" rett ut på bloggen.  Men så kom eg fram til at ein kanskje burde servere slik norsk tradisjonsmat av og til.  Dette er mager og mettande mat.  Kanskje norske ungdommar skulle ete dette i staden for pizzadressing og anna feit mat som industrien lokkar på dei?  Oppskrifta er henta frå Den rutete Kokeboken.

Havresuppe
10-15 svisker/1 dl rosiner
5 dl vatn
1 1/4 dl havregryn

5 dl mjølk
1/2-1 ts salt
1/2-1 ms sukker

1. Kok tørka frukt og havregryn i vatnet ca 5 minutt.
2. Ha i mjølk, salt og sukker.  Varm opp.

Suppa gjekk unna her sjølv om nokre heller ville hatt risgryn i staden for havregryn.

mandag 27. juni 2011

Focaccia utan å kna

 På Trine sin matblogg fann eg oppskrift på eltefri focaccia.  Det fekk eg lyst å prøve.  Eg rørte saman ein deig i går.  I dag stod han og bobla.
 I dag fann eg fram ei form med plastlok.  Det var praktisk til heving.
Familien, som vert brukt som jury, godkjende dette brødet.  Det var like godt som vanleg!

P.S.
Ein annan gong kjem eg til å gonge oppskrifta med 1,5 til mi form.

Katt og mus?

Nei, ikkje akkurat!  I dag har Lucy vore på jakt.  Først trudde ein at ho hadde teke ein skjorunge sidan skjora var etter henne.  Ho heldt litt av eit styr under kassekledninga.  Då eg høyrde henne på altanen, kika eg ut.  Der driv ho og leikar med ein stareunge.  Han ser like heil ut etter den lange leikeøkta. Eg går ut og grip katten, frøkna grip fotoapparatet.  Fuglen flyg ned til naboen - og katten etter.

søndag 26. juni 2011

Rabarbrakake?

For ikkje så lenge sidan såg eg Wenche lage denne rabarbrakaka på Frukost-TV.  Eg fekk lyst til å prøve, men utsette det.  I dag fann eg ut at eg ville lage den til dessert.  Det har vore mykje diskutert om kor lenge ein kan hauste rabarbra.  Mange seier ein ikkje kan ete rabarbra etter jonsok, andre hevdar dette er tull berre ein haustar heile tida.  Før eg ser tala for oksalsyreinnhald i rabarbra utover sommaren, lar eg rabarbraen stå.  I dag hausta eg resten.  Det viste seg at der var ikkje så mange stilkar.


Eg brukte Wenche si oppskrift, men bestemte meg for å lage to 22 cm kaker medan eg var i siget.  Eg delte på 3 og gonga med 5.


300 g smør (meierismør, ikkje margarin)
300 g sukker

5 egg

300 g kveitemjøl
2 1/2 ts bakepulver

5 ms vatn/mjølk

sukkker+kanel?

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Rør inn eitt og eitt egg.
3. Sikt på det tørre.
4. Ha i væska.

I den eine kaka hadde eg ni små rabarbrastilkar og tre små fersken i bitar. 2 ms demerarasukker på toppen.
 I den andre hadde eg fire eple som eg delte først i to og så skar i skiver.
 Eg steikte kakene ved 180 grader i 45 minutt.  Då var eplekaka ferdig.  Rabarbrakaka fekk stå i ti minutt til.
Desse kakene vart servert lunkne med krem til dessert i dag etter ein heller mager middag med kyllingfilet.

Denne kakeoppskrifta er tradisjonell og enkel.  Ein kan putte i den frukta ein vil. Eg er ikkje sikker på at det er nødvendig med væske i.

Fin dag for fjelltur

 Ja, vi synest vi fekk fint ver i dag med 14 grader.  Alt er relativt.  Vi er ikkje godt vande.  I dag kunne ein sitje i hagen og nyte frukosten.
 Det skulle vere opning av Rotaryråsa i dag, men vi fann ut at vi måtte kome oss opp i høgda.
 Valet fall på Hjørungneshornet.
 Det er berre ein halvtimes tur opp.  Men der er bratt, så eg ville ikkje hatt med småungar dit.
Bilda er tatt med få sekunds mellomrom.  Skyene kom etter kvart over heile himmelen.

lørdag 25. juni 2011

Sikta kveite

 I går bestemte eg meg for å prøve det økologiske mjølet til focaccia.  Dette mjølet har ei utmalingsgrad på 85.  Det er altså grovare enn vanleg kveitemjøl som ligg på 80-81 om eg ikkje hugsar feil.  I går kveld blanda eg mjølet med ein liter vatn.  I dag tidleg hadde eg i 15 g gjær og salt.
 Focacciadeigen fekk heve i ein slik plastbalje som eg har kjøpt jorbær i.  Eg "strekte" den tre gongar.  Deigen var litt laus.  Han heva heilt normalt.
 Av halve deigen laga eg heilt vanleg focaccia med salt og rosmarin på toppen.  Av resten laga eg ein stor pizza og to mindre focaccia med oliven.
Hevinga gjekk greit, men brødet sprakk litt i omnen.

Konklusjonen får vere som ein i familien uttrykte det:  Kvifor må alt forandrast?  Var det ikkje bra som det var?  No må det og seiast at det vart gjort eit stort innhogg i baksten

Valfag - ei lita meiningsmåling

Då ungdomsskulen tok vekk valfaga, var mange av oss skeptiske.  Skulekvardagen ville bli altfor teoretisk for elevane.  Nokre av oss peip om sparing.  Set ein elevane i store klasser, sparer ein.  Valfag i halve klasser kostar.  No har regjeringa tatt til vit.  Neste haust skal åttandeklassingane få velje valfag.


Kva ville du ha valt?  Eg har laga ei lita meiningsmåling! Nedanfor ser du faga.  Som de ser, kan det kome fleire etter kvart.  Stem på meiningsmålinga, og kommenter gjerne under.


De åtte valgfagene er


1) Produksjon for sal og scene
elevene skal sette opp en forestilling eller lage en film/video.

2) Produksjon av informasjon
elevene skal lage og drifte en nettbasert skoleavis.

3) Produksjon av varer og tjenester
elevene skal produsere og tilby konkrete produkter eller tjenester.

4) Fysisk aktivitet og helse
elevene skal utforske egne fysiske forutsetninger og bli bevisst forholdet mellom fysisk aktivitet, kosthold og helse.

5) Design og redesign
elevene skal utvikle kreativitet, åndsverksferdigheter og miljøbevissthet.

6) Forskning i praksis
elevene skal utvikle analytiske, faglige og formidlingsevner gjennom forskningsprosjekt på selvvalgte tema innen skolens fag.

7) Internasjonale kontakter
elevene skal etablere kontakt med ungdom i andre land for å utveksle erfaring om tema innenfor RLE og samfunnsfag.

8) Teknologi i praksis
elevene skal utvikle teknologisk kunnskap gjennom å konstruere og fremstille gjenstander ved hjelp av varierte materialer og teknologiske løsninger.
Valgfagene skal være praktisk innrettet og føre til økt motivasjon og læring. De skal være tverrfaglige og ha innholdselementer fra minst to fag.

fredag 24. juni 2011

Mylnå

I dag hadde forfattaren oppdrag på Dei nynorske festspela.  Eg fekk i oppdrag å forografere.  De kan lese om arrangementet her.

For meg var det eit pluss at arrangementet var lagt til Mylnå, for då kunne eg kjøpe med meg litt mjøl heim.  Eg valde sortar eg ikkje kunne hugse å ha sett her på øya. Der er nokre oppskrifter på heimesida deira, men eg kunne tenkt meg fleire!  Akkurat no driv eg og kokar graut av valsa emmer.  Mjølet burde blandast med væske minst eit par timar, fekk eg vite.  Det burde vere ypparleg å bake etter Schakena sine metodar, noko eg har tenkt å gjere no når eg har fri.

Gratulerer Einar!

Den 24. fyller Einar 24.  Han er halvparten så gamal som meg, altså så gamal som eg var då eg fekk han.  Bildet eg knabba frå facebook, reknar eg med er tatt medan han arbeider for VG nett.

Då han var liten, vart han som eldstemann samanlikna med andre born.  Medan andre hoppa og spratt og sette seg ned for å kvile litt, leika han jamt og trutt - heile tida.  Det gjer han enno.  I år har han tatt eit grunnfag ved sida av frilansoppdrag for VG og Sunnmørsposten.  I tillegg har han stilt opp for Hareid IL/fotballgruppa.

I dag har han visst ikkje tid til å feire, men han er invitert på middag.  Eg har laga pasta bolognese, og systera har laga bringebærgele.

torsdag 23. juni 2011

Rømmegraut - oppskrifter

Det er ikkje noko vanskeleg å koke rømmegraut.  Når ein får inntrykk av det, er det fordi det ofte vert kokt graut i store mengder.
 Eg bruker oppskrifta i den raudruta kokeboka.  I dag gonga eg med fem.  Eg har i 1 ms sukker i ein slik stor porsjon.

1/2 l seterrømme
2 dl kveitemjøl
5-6 dl mjølk
3/4-1 ts salt

Er ein berre to i familien, kan ein bruke oppskrifta i "Frå bollar til burritos".  Framgangsmåten er den same.  Eg liker at ein tek utgangspunkt i eit beger rømme.  Salte får ein gjere etter smak

3 dl seterrømme
1 dl kveitemjøl
3 dl mjølk
1/4 ts salt

 Kok opp rømmen og lat han småkoke 10 minutt.
 Rør inn halvparten av mjølet.  Få ikkje panikk - klumpane forsvinn!
 Her skyt feittet.  Fløyt av så mykje du vil.
Rør inn mjølka.  I dag kokte eg ho opp slik det stod i den raudruta kokeboka.  Det er her eg ropar på næraste mann:  Kom og rør! Og så kommenterer eg kva veg han rører.  Rører han til seg slik ergoterapeuten seier ein bør gjere, er han ekte sunnmøring!


Lat grauten småkoke i 10 minutt.  Verre er det ikkje!

No reknar eg med at nokre blogglesarar byter ut noko av mjølet med semulegryn.  Ein kan og koke ein graut med berre mjøl i ved sida av og blande.  I ei av bøkene eg las, la dei semulegraut og rømmegraut lagvis.  Ein annan lettvint måte å få i litt meir mjøl i, er å riste saman mjøl og mjølk i eit glas og spe med i staden for å røre inn varm mjølk.  Mulegheitene er mange.

Rømmegraut

Før eg gav meg i kast med innlegget, måtte eg sjølvsagt innom ordlista. Det er nemleg mange her omkring som sel rjomegraut, men ingen seier rjome.  I dialekten heiter det vel "rjøme" frå gamalt av, men ingen unge seier det. 
Rømmegraut er tradisjonsmat og festmat.  Det vart servert når noko skulle feirast.  Eg har samla nokre bøker med tradisjonsmat frå ulike stader i landet, og alle har noko å fortelje om rømmegraut.

Ingrid Espelid fortel om kor vanskeleg det kunne vere å få rømmen til å skyte feitt.  Ho hadde mislykkast meir enn ein gong.  Sjølv har eg aldri opplevd det som eit problem.  Ho seier og at etter at ein fekk kjøpe seterrømme, er problemet vekke.  Eg hugsar mormor sitt råd med å la rømmen stå på benken over natta for å surne.
I bøkene finn ein ulike døme på kva ein serverte til grauten.  Vasskringler og spekemat er ein variant.  I Røros serverer ein fisk og flatbrød til.  Om ein bruker berre ein tallerk framleis, er eg i tvil om.
Etter mitt syn er Fjordamat, bøkene frå Sogn og Fjordane, dei beste bøkene i sjangeren.  Det seier eg ikkje berre fordi eg har formødre frå dette fylket.  Bøkene er systematiske, og dei er rike på tekst/informasjon.  Først var der to bøker, ei med kvadagsmat og ei med festmat, no finst det ei med litt frå kvar.
Svigermor mi brukte å fortelje om ein gong ho hadde fått egg på rømmegrauten.  Dette er pent pynta sengjamat.  Ei nybakt mor skulle sikkert feitast opp.
Ein annan måte ein kunne servere rømmegraut på, var med sviskesuppe.

Vi har alltid spekemat til rømmegraut.  Ofte serverer vi poteter og flatbrød til også.  Rosiner, sukker og kanel står alltid på bordet.  Eg kjem med oppskrift i eit eige innlegg.

onsdag 22. juni 2011

Gratulerer Øystein!

I dag kan vi gratulere Øystein med dagen! Han har vorte bloggar sidan i fjor.

I dag har han vore i Bergen på sensur, og vi ventar han heim om ein time.  Det kan hende gåva frå meg dukkar opp på ein blogg om nokre dagar. I morgon vert  truleg yndlingsretten servert!

Bildet er tatt frå Bigsetråsa.  Kanskje de ser Hasundhornet? Vekas kveldstur vart utsett ein dag.  Her er sol og 11 grader.

tirsdag 21. juni 2011

Den beste dagen i året?

 I dag er det den lysaste dagen i året, om ikkje den varmaste.  Eg har vore på to avslutningar for elevane, og to  for lærarane.  I går drakk eg kaffi og åt kaker fire gonger ... I morgon er det studiedag der skuleåret skal oppsummerast og ein får legge siste hand på oppryddinga om ein greier å kome i mål. Skuldrene har begynt å senke seg.
 I hagen blomstrar dei første peonane.  Utover sommaren kjem dei i ulike rosanyansar.
 Dei første liljene blomstrar.  Seinare kjem både gule, oransje og rosa.
Denne rosabuska står snart i full blomst slik den gjer ein gong i året.  Seinare kjem Aloha og mange andre.

Det er mykje å gle seg til.  Sommaren er lang sett frå i dag.  Eg gler meg til å kunne dyrke hobbyar.  Det skal bli godt å vakne når ein vil!  Gjennom ein arbeidsdag ringjer klokka fleire gonger, og den må ein rette seg etter.  No har vi lang ferie utan timeplan!
Som i alle hageinnlegg, må eg ta med litt skvåsjnytt!  La de forresten merke til at hortensiaen eg fekk av klasse 10A har vorte rosa?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...