torsdag 30. april 2015

Urter

 I ettermiddag skulle frøkna til Ulsteinvik.  Så tok eg meg like godt ein runde på dei to kjøpesentera.  Eg stakk innom Kitch'n for å sjå etter nye oppfinningar.  Der hadde dei urtepotter i plast, klare til såing.  Eg valde basilikum, for den må vere inne.
 Det gjeld å følgje bruksanvisninga.  No har jordklumpen fått 2 dl lunka vatn.
Etterpå skal ein gjødsle og så.  Eg tippar framhald vil følgje.

Om nokon lurer på prisen, så kosta oppfinninga 49 kr.

mandag 27. april 2015

Kva i alle dagar?

 I dag fekk eg melding om postpakke frå utlandet.  Ikkje om eg kunne hugse å ha bestilt noko på nettet frå utlandet i det siste.  Det einaste eg kunne kome på var eit par engelske bakebøker. Førre veke var eg på besøk hos ei god venninne.  Ho serverte ny, spennande bakst.  Sjølv føler eg at eg har fornya meg lite i det siste. 

Men i posten fekk eg ein sekk!  Ei stund var eg noko usikker på kva innhaldet kunne vere. Det eg mistenker no, er at pakken har vorte sjekka i tollen.  Inni sekken låg nemleg bokpakken, godt teipa saman.

søndag 26. april 2015

Dåp

I dag har vi vore i flott dåp til Amanda som skal konfirmere seg neste helg. Dåpskandidaten, som presten kalla henne, står i midten.  Tittelen på bildet må vere "Jentene til Olaug og Nils".

Sunnørsk kakebord.

Eg reknar med det vil dukke opp fleire bilde på dei andre bloggane.

fredag 24. april 2015

Slalåmkufte

I dag har eg sikra meg garn på tilbod til ei ny kufte.  Kofteboken eg fekk til jul har lege ubrukt til no. Eg har sjølvsagt bladd i henne.  Og der er mange plagg eg kunne tenkt meg å strikke.  Før eg kan begynne på denne, må eg gjere ferdig førre prosjekt.  Eg er heilt firkanta på det å ha fleire prosjekt på gang.  Det hender eg har to, eller at eit må vente litt på montering, men helst vil eg fullføre det eine før eg begynner på noko nytt.

Ein ting eg diskuterer med meg sjølv, er om eg skal følgje oppskrifta og begynne oppe.  Eg trur eg kjem til å gjere som eg plar, for då vert ermane små lette prosjekt.  Eg treng ikkje å prøve plagget undervegs, for eg har nok av plagg å samanlikne med! 

Kufta skal eigentleg strikkast i Hillesvåg sitt garn.  Det vert ikkje forhandla her, så eg valde det garnet med finast fargar.  Tumi er Raumagarn og er ei blanding av ull og alpakka.  Det skal vere ei tynnare utgåve av Mitu, eit garn som eg liker svært godt, men som kan bli litt tjukt.

torsdag 23. april 2015

Bok 19: Herre min hatt


Gud er sliten. Han syns ikke han har fått til ting på svært lenge, faktisk ikke siden første verdenskrig. Han vil ha ferie og ber St. Peter og Engelen Gabriel sørge for å finne en vikar. Sammen med det som finnes tilgjengelig av engler går de igjennom millioner av bønner. Paven og andre geistlige blir raskt sjaltet ut. Bønnene deres virker ikke ekte. Til slutt fester de seg ved kranfører Birger Ryynänen - hans ønske om at kona må bli mindre sjalu og humørsyk, er inderlig og oppriktig. St. Peter besøker Birger i hans kranhus, og mannen takker ja til jobben. Og han ligger ikke på latsiden. I løpet av de fire månedene som går før Gud vender tilbake, har hans stedfortreder gjort store forandringer. Han har blant annet flyttet himmelen, vært i nærkontakt med djevelen og stoppet en tredje verdenskrig. 'Herre min hatt' er Paasilinna på sitt mest typiske, morsom og dypt alvorlig på samme tid. Som vanlig er forfatteren elegant, burlesk og syrlig når han skriver om oss mennesker.

Denne romanen kom ut på finsk i 1989, og no i 2015 på norsk.

Eg liker romanane i Paasilinna svært godt.  Dei er skrivne i ein naivistisk stil, og innheld både humor og samfunnskritikk. I denne romanen får pavekyrkja gjennomgå - mello andre. Eg anbefaler blogglesarane å lese ei av og til, ikkje ta for seg forfattarskapet.

onsdag 22. april 2015

No kan du blogge!

I dag har mannen kjøpt ny PC. Så endeleg kan eg endeleg få bruke fotoapparatet til blogging igjen!  Men så var det dette med motiv.  I dag har her hagla og regna i heile ettermiddagen.  Ein får berre håpe på betre fotoforhold.

Som vanleg når ein får seg noko nytt, må ein også lære seg noko nytt.  Programvaren er omtrent som på mannen sin nye berbare PC.  Eg synest det ser ut som ein skal ha appar på datamaskina også.  Når her vert litt rolegare tider, får eg sette meg betre inn i det.  Ein lærer seg som regel det ein har behov for å kunne.

I veka her er det full fres med undervisning.  I tillegg har eg tre tentamensbunkar å rette.  To av dei retta eg omtrent ferdige i helga.  Komande helg ligg an til å bli festleg!  Vi gler oss til å fare på besøk og i dåp/konfirmasjons-fest!

søndag 19. april 2015

Rettehelg

Vanlegvis tek eg skulefri laurdagane. Fordi eg har tatt på meg noko ekstraarbeid, og kanskje fordi veret i går var lite freistande til hagearbeid, knekte eg ein sidemålsbunke i går. I dag har vi hatt nydeleg ver. Med ein god pause midt på dag, knekte eg nynorskbunken. Nokre etterslengarar kjem nok, men det meste er gjort før eg får ein engelskbunke tysdag.

Som kjent vert eg allergisk mot skrivefeil i avisene i slike retteperiodar. "Hugs å lås" stod det ein dag. Det var sjølvsagt dagen etter at eg hadde innprenta i elevane at ein berre kan setje å framfor verb i infinitiv. 

Kva skal kakefatet heite? Viss det er til kaka som heiter "Verdens beste", så heiter fatet "Verdens beste-fat". Eg har ikkje kjøpt fatet, berre funne bildet på facebook.


fredag 17. april 2015

Brødbakeveke

Denne veka har niandeklassingane baka grovbrødet dei har laga oppskrift på etter gitte kriterium. På baksida av posen er det produktinformasjon. Framsida dekorerer dei sjølve.

Eg spurde eit par jenter om blogglesarane kunne få sjå posane deira. Strikkebloggarane vil vel merke seg Mariusgenseren på Norgesbrødet!

onsdag 15. april 2015

Bok 18: Savner deg

Kat Donovan NYPD-etterforsker, prøver å spore opp en savnet kvinne, samtidig som hun i all hemmelighet forsøker å finne ut hvem som drepte hennes far nesten 20 år siden. En venninne mener hun trenger adspredelse, og insistere på at Kat skal prøve. I jungelen av profiler dukker plutselig et kjent ansikt opp. Det føles som om verden eksploderer, og følelser Kat har ignorert i mange år slår henne i hodet. Den som stirrer tilbake fra PCen er hennes eks-forlovede Jeff, mannen som knuste hjertet hennes 18 år siden. Hun kontakter ham, men han mener fortid bør være fortid. Men slik er det aldri i en bok skrevet av Harlan Coben De forskjellige handlingstrådene griper inn i hverandre på de mest urovekkende og overraskende måter, og i likhet med andre Coben-thrillere er dette en bok du leser nærmest i ett strekk. 

Denne romanen inneheld dei fleste element i ein god krimroman. Etterforskarane har eit tidspress på seg for å finne folk som er innesperra og i stor fare for å bli drepne.  Fleire kan bli fanga. Det er mysterium i notid og fortid.

Eg liker krimromanane til Harlan Coben. Fleire har eg lese på engelsk.

tirsdag 14. april 2015

Minner om ...

Eg smett berre ein rask tur innom bloggen i dag for å minne blogglesarane om å stemme på årets påskekrim til høgre.  Det er kjekt om de legg att eit lite livsteikn anten de har sett påskekrim eller ikkje. Har de berre sett ein, så har de vel gjort eit val ...

mandag 13. april 2015

Solund

Før vi forlet leilegheitshotellet, knipsa eg nokre bilde med nettbrett. Naturen der er heilt spesiell. Dess lengre ut ein reiser, dess finare vert det, meiner no eg ...


søndag 12. april 2015

Gratulerer Anne Marie 80 år!

I dag fyller tanta vår 80 år. Ho er systera til far min. Framleis er ho travelt opptatt med å strikke på bestilling. At ho bur åleine på ei øy, fortel mykje om kor tøff og sprek ho er!

No er vi vel heime etter ei kjekk helg i Solund.  Det har vore ein triveleg tur. Det er kjekt å få treffe slekta. Sjølv om vi ikkje ser kvarandre så ofte, finn vi fort tonen. Søskenbarna våre brukte vi å vere saman med ei vekes tid kvar sommar i heile oppveksten. No har to av dei fått barnebarn, så Anne Marie har åtte oldebarn, ein flott bukett som vi ikkje har sett før. 

Takk for ei fin helg!

lørdag 11. april 2015

Hardbakke

I helga er eg på tur saman med systera mi og foreldra mine. Vi skal feire tanta mi som fyller 80 år i morgon. Hardbakke er ein stad som ikkje alle greier å plassere på kartet, så derfor har eg "printscreena" eit kart. Elles får blogglesarane gjerne gå inn på dei andre slektsbloggarane for å sjå bilde. Eg har berre brukt nettbrettet.


torsdag 9. april 2015

Jane Austen med nye auge

I går var eg på eit spennande foredrag om Jane Austen. Foredragshaldaren har teke doktorgrad om emnet. Boka ho held i handa er skriven ut i frå oppgåva.

Marie Nedregotten Sørbø viste engasjement og rike kunnskapar både gjennom foredraget og i spørsmålsrunden. Ein får lyst til å lese bøkene, for dei ulike filmane og seriane tolkar dei ulike karakterane ulikt.

Det er interessant at forfattaren har vorte stadig meir populær, noko ho ikkje var i samtida. Men no er det mange som set pris på hennar lett ironiske skrivestil.

Anten eg no ljem til å sjå filmar eller lese bøkene hennar, vil eg gjere det med andre auge!

onsdag 8. april 2015

Popcorn!

Når ein trur ein har alt, dukkar det alltid opp ei ny oppfinning. Det siste som har kome i hus er ei popcornmaskin. Ho er i flittig bruk når det er ungdomar i hus.

mandag 6. april 2015

Berre broderiet att!

Eg har strikka ferdig og montert Wiolakofta, ho som har si eiga facebookside.  Brodere har eg vel ikkje gjort sidan 80-talet, og namna på dei ulike stinga, som jernbanesøm, er ukjende omgrep for meg. No ser det ut som Familiens store håndarbeidsbok skal kome til nytte. Det er berre å finne fram nål og garnrestar. Brått vart eg så svolten.

søndag 5. april 2015

Bok 17: Den grenseløse.


Midt i sin sedvanlige og sårt tiltrengte morgenlur med beina på skrivebordet i kjelleren på politigården i København får Carl Mørck en oppringning fra en kollega på Bornholm. «Har du tid til å høre litt på meg?» spør han. Men Carl er avvisende når han forstår at kollegaen er i ferd med å prakke på ham en ny sak. Dermed legger mannen i den andre enden stille på røret.
Bare få timer senere viser konsekvensene av den avbrutte samtalen seg. Den er totalt uforutsigbar. Carl presses hardt og må begynne å grave i en 17 år gammel sak med et ekstremt tragisk utfall. En ung, livsglad kvinne forsvant og ble funnet drept hengende i et tre.
Avdeling Q står overfor en sak som er både vanskelig og obskur. Samtidig driver en mystisk manipulator et kynisk spill for å beskytte seg selv og sine. I møte med kompromissløse og alternative miljøer blir Rose, Assad, Carl og nykommeren Gordon utfordret på alle tenkelige vis. Gamle saker og hemmeligheter truer med å sprenge hele firkløver.

Blogglesarane vert nok ikkje overraska når eg gir denne romanen positiv omtale! Eg har stor sans for Avdeling Q, ikkje minst den mystiske Assad som viser nye sider. 

Sjølve krimgåta og handlinga inneheld dei fleste element som sjølvmord, drap, innelåsing og torturering.  Og ikkje minst er språket underhaldande.  Eg gir romanen 5+.

fredag 3. april 2015

Langfredag 2015

I dag har vi hatt påskefamilietreff her hos oss. Vi var tretten til bords. På menyen stod sosekjøt og kjøtkaker - kokt i same panne. Kjøtkaker er yndlingsretten til opp til fleire av gjengen. Til dessert serverte eg bær i krydderlale med is eller krem.
Serviettar frå i fjor. Eg hadde akkurat nok att i ein pakke.  Ein fin tradisjon for vertane er at gjestene har med seg kaker. I går laga eg ei ny langpannekake med rabarbra. Mor mi hadde med gulrotkake og systera mi ostekake. Eg synest det passa å ta fram kakespaden eg kjøpte ein gong frøkna såg den i butikken. Ho var så lita at ho ikkje hugsar det no.

For tida greier eg berre å blogge frå I-paden. Mobilen og mannen si maskin nektar no også å samarbeide. Appen på nyemobilen har eg ikkje greidd å bruke. Fotoapparatet fungerer berre dersom eg kan sette minnekortet inn i ei datamaskin, og det har eg ikkje. Eg ser fram til å få orden på dette. Enn så lenge får ein gjere det beste ut av situasjonen.

torsdag 2. april 2015

Stem på årets påskekim 2015

Tradisjonen tru skal eg også i år legge ut ei lita uhøgtidleg meiningsmåling der blogglesarane kan få uttale seg om årets påskekrim. Eg har berre teke utgangspunkt i dei krimseriane som begynner og sluttar i påska.

Prey
Marcus Farrow rømmer frå politiet og etterforska saka han er mistenkt i. Han held på å få skulda for drapet på eks-kona si og eine sonen.Vg gir serien terningkast tre. Adressa gir terningkast 4.  Her i huset var vi samde om 4+.

The guilty
Maggie Brand etterforskar ei forsvinning av ein gut for fem år sidan.  Liket hans dukkar opp nedgrave ikkje så langt frå heimen. Hendingane i fortid er i gulfarge, og hendingane i notid er blågrøne.  I begynnelsen irriterer dei dårlege fargane meg litt, men ein vert van med det, og det hjelper oss å forså tidene, ikkje minst fordi tidsglimta til tider er ganske korte. Til no har eg sett berre ein episode, og det lovar bra!

VG gir terningkast 4.

Arthur &George

Denne krimserien byggjer på historiske fakta.  Sir Arthur Conan Doyle, forfattaren av Sherlok Holmes,  prøver å bevise at George Edalji, ein advokat med indiske anar, er utsett for eit justismord. Året er 1906.

Dagbladet gir terningkast 3. Dagsavisen 5.  Eg har sett to av tre episodar og liker serien god.

Foyle

Også i år får vi gjensyn med ein klassikar, nemleg Foyle.  Det skal kome tre sjølvstendige episodar, om eg har forstått det rett.  VG gir terningkast 5 på første episode, så dene kan vi vel gle oss til.

Då håper eg at alle som stik innom bloggen tek seg tid til å stemme!



onsdag 1. april 2015

Bok 16: Ingen er så trygg i fare



Varg Veum er tilbake! Tidlig en morgen blir Varg Veum anholdt av politiet og satt på glattcelle. De har funnet materiale på pc-en hans, elektroniske spor som ser ut til å knytte ham til et omfattende nettverk for bruk og distribusjon av grov barnepornografi. Hvordan kan dette materialet ha havnet på pc-en hans? Og hvorfor? Fra fengselscellen må Veum grave seg dypt ned i det han har foretatt seg de siste tre årene, tre år der han i sorgen etter Karin har gjort sitt beste for å gå til grunne. Ved et lykketreff kommer han seg på frifot. Han er på flukt fra politiet, og må samtidig finne ut av hvem som har interesse av å knekke ham, for godt. Trådene strekker seg både bakover i tiden og utenfor landets grenser. Veum står overfor den vanskeligste og mest personlige saken i sin karriere.

I denne romanen rømmer Varg Veum frå politiet for å etterforske saka mot seg sjølv. Det gjer han sjølvsagt med hjelp fra ei veninne.

Det tok meg berre eit par dagar å lese denne rmanen.  Eg hadde han på øyrene medan eg rydda i hagen og styrte inne. For meg er det topp underhaldning i å lytte til Lasse Lintner si opplesing der han hermar etter dei fleste dialektar og skildrar ulike typar gjennom tolkingane sine.  Vanlegvis vil eg berre ha romanar lesne, ikkje tolka.  Men her gir opplesaren romanen eit ekstra løft.  Staalesen sine språklege bilde er eit kapittel for seg.  Han treff min sans for humor!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...