onsdag 22. april 2015

No kan du blogge!

I dag har mannen kjøpt ny PC. Så endeleg kan eg endeleg få bruke fotoapparatet til blogging igjen!  Men så var det dette med motiv.  I dag har her hagla og regna i heile ettermiddagen.  Ein får berre håpe på betre fotoforhold.

Som vanleg når ein får seg noko nytt, må ein også lære seg noko nytt.  Programvaren er omtrent som på mannen sin nye berbare PC.  Eg synest det ser ut som ein skal ha appar på datamaskina også.  Når her vert litt rolegare tider, får eg sette meg betre inn i det.  Ein lærer seg som regel det ein har behov for å kunne.

I veka her er det full fres med undervisning.  I tillegg har eg tre tentamensbunkar å rette.  To av dei retta eg omtrent ferdige i helga.  Komande helg ligg an til å bli festleg!  Vi gler oss til å fare på besøk og i dåp/konfirmasjons-fest!

3 kommentarer:

  1. Gratulere med ny PC, den er vel utstyrt med Windows 8 som er ei utfordring før ein kjem inn i det...

    SvarSlett
  2. Ja, det er sikkert ei oppdatering. Vi får den vel på jobbmaskinene etter kvart, og då har eg ein fordel. Alt er greitt å forstå, men det tek tid å finne ting - som no er flytta på.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med ny maskin. Lurer på kva eg skal gjere med den gamle vår-den er litt upåliteleg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...