Serviettar frå i fjor. Eg hadde akkurat nok att i ein pakke. Ein fin tradisjon for vertane er at gjestene har med seg kaker. I går laga eg ei ny langpannekake med rabarbra. Mor mi hadde med gulrotkake og systera mi ostekake. Eg synest det passa å ta fram kakespaden eg kjøpte ein gong frøkna såg den i butikken. Ho var så lita at ho ikkje hugsar det no.
For tida greier eg berre å blogge frå I-paden. Mobilen og mannen si maskin nektar no også å samarbeide. Appen på nyemobilen har eg ikkje greidd å bruke. Fotoapparatet fungerer berre dersom eg kan sette minnekortet inn i ei datamaskin, og det har eg ikkje. Eg ser fram til å få orden på dette. Enn så lenge får ein gjere det beste ut av situasjonen.
Kjedeleg når ein kavar med dei tekniske dippeduttane. Eg likar best å blogge frå PC, men har lasta ned appen BloggPress på iPhone og iPad som eg brukar i nødsfall.
SvarSlettHøyrest ut som ein nydeleg middag, her har me også god røynsle med den brunesosretten.
Her hadde me langtidssteikt lammelår i dag, det vart svært vellukka. O sa at det kjendest som å skjere i sjokoladepudding....
Vona det blir ein like fin dag i morgå som i dag.
Det håper eg, ja. Og då skal eg kome meg ut!
SvarSlettEg har eit lammelår på lur. I tillegg har gutane fiska. Og det minkar på dagane ...
13 til bords! ;) Tek du den, Solveig?
SvarSlettTala til tolv ;-) Men skal ein skrive slike ulykkestal?
SlettElles så har eg vel sett "filmen" . God gamaldags krim.
SvarSlett