onsdag 28. november 2012

Julebrød i brødbakemaskin

I dag fekk eg spørsmål om eg har oppskrift på julebrød, eller det som heiter julekake andre stader i landet, for brødbakemaskin. Eg fann ikkje oppskrifta i farta, men fann ut at det var eit godt høve til å bake brødet etter hovudet.  Dette er populær mat i jula!

Då brødet var nesten ferdig, gjekk lyset opp.  Eg kom på kvar eg hadde teke vare på oppskrifta.  Det einaste eg hadde gjort annleis, var at eg hadde brukt berre mjølk, ikkje vatn og mjølk.  Eg er og rausare med rosinene. Smøret mitt stod på benken og var mjukt.  Ein kan sjølvsagt smelte det, men det er ikkje nødvendig. Oppskrifta under er frå heftet med mine tips i kursiv.
2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn (3 1/2 dl mjølk)
1 egg
6 ms smør (100g/1 dl)
6 ms sukker (1 dl)
10 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
1 1/2 ts tørrgjær
(1 ts kardemomme)

2dl rosiner (1 pk)
(sukat)

Ha alle ingrediensane unntatt rosinene i bakebollen. Set maskina på søtt brød (program 5 på mi maskin).  Ha i rosinene når det pip.

Du kan også bruke oppskrifta på aniskrinler og lage anisbrød.  Det er berre fantasien som set grenser.  Det er lurt å halde seg til grunnoppskrifta og så variere ut i frå den.

8 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å lese det du skriv, Solveig. Her kjem mange nyttige tips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha! Eg har berre lært av erfaring ...

      Slett
  2. Er du fornøgd med brødbakemaskin?
    Vert den brukt?
    Har hatt lyst på, men.. ;-)
    Fekk lyst på Julebrød!

    SvarSlett
  3. Eg slit på mi tredje! No ser eg at Wilfa si har fått ny design. Då vi var seks her i huset, laga eg to om dagen! Så, ja, eg er fornøgd med mi. Men eg veit der står ein del lite brukte rundt om i heimane.
    I dag lagsa eg til dømes ein pizzadeig i maskina og brød etterpå. Ein sparer ein del oppvask. Forma vaskar eg sjeldan.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for svar!
      Veit at ein del ikkje brukar dei.
      Dumt med husafyll ;-)
      Godt å høyre at du er nøgd med di!

      -sigrid-

      Slett
  4. Är de samma som vetebröd ?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...