fredag 2. november 2012

Fiskebollesuppe

 Eg var innom biblioteket for å levere bøker.  Der fann eg ei lydbok, og så lånte eg om att kokeboka til Ingrid Espelid.  Rettane i denne kokeboka er svært enkle, og dei inneheld få ingrediensar.  I dag hadde eg berre 20 minutt på meg til å lage middag, og eg hadde ikkje kjøt eller fisk tilgjengeleg.  Då kom eg på ein av dei 365 rettane, nemleg fiskebollesuppe.  Det var ein populær rett i "Liv og røre", ei heimkunnskapbok for barneskulen.  Ho kom vel ut etter M87.

4-5 poteter, i terningar
3 gulrøter, i terningar
1 boks fiskebollar
5 dl vatn

2 dl mjølk
1 ms kveitemjøl

1 liten purre
(salt)
Eg smakte til suppa med 1/2 ts salt, litt kverna pepar og 1/2 ms sitronsaft.

Vask og skrell poteter og gulrøter.  Skjer dei i små terningar.  Kok potetene og gulrøtene møyre i krafta frå fiskebolleboksen og vatnet.

Ha mjølk og mjøl i eit glas med lok.  Rist godt.  Hell jamninga i suppa.  Vask og finsnitt purren og lat den koke med.  Mjøljamning bør alltid koke 6-7 minutt.

Skjer fiskebollane i fire og varm dei i suppa.

Eg synest denne oppskrifta er vel enkel.  Derfor smakte eg den til med salt, pepar og sitronsaft.  Litt rømme eller fløyte er sjølvsagt godt, men ikkje magert.  Retten passar kanskje best for småbarnsfamiliar og studentar med slunken lommebok?   Dei store borna her i huset likte godt suppa.  Vi hadde ikkje brød til fordi vi hadde vaflar til dessert.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...