"Eg begynte å blogge på grunn av slekta, og no er eg hekta" har eg hatt som overskrift. Eg les og liker alle bloggane i blogglista mi, og eg er i slekt med fleire.
1. Den første får gå til mor mi. Ho kallar seg Besta i bloggverda. Ho held oss oppdatert på veret, noko mange set pris på. Elles deler ho litt frå kvardagen sin med lesarane. Ei felles interesse i familien er litteratur. Og her er vi ærlege - og svært ofte einige.
2. Den andre får gå til systra mi, Ariel. Ho fører den skarpaste pennen i familien. Ho er flink med humor, og ikkje minst ser ho på mange ting med eit skrått blikk.
3. Elles må eg nemne ei dame med eit godt blikk for det gode bildet. Gå inn her og nyt.
4. Gunda har vore ein stor inspirator for meg. Eg som skulle sylte heile året, har no eit lager som kjem til å vare lagt ut på nyåret ...
5. Her begynner det å bli vanskeleg! Eg let plassen vere delt mellom dei andre på blogglista mi. "Ingen nevnt og ingen glemt" ... Eg les og set pris på alle saman!
" En sånn utmerkelse/award fordrer litt, man skal gjøre som følger:
1. Takke og linke til bloggeren man har fått awarden fra.
2.Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre dem oppmerksom på det.
3.Kopiere post it lappen og sette den på bloggen.
Det skal sendes til kanskje en ny blogg eller en blogg som ikke har så mange følgere ennå ".
1. Takke og linke til bloggeren man har fått awarden fra.
2.Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre dem oppmerksom på det.
3.Kopiere post it lappen og sette den på bloggen.
Det skal sendes til kanskje en ny blogg eller en blogg som ikke har så mange følgere ennå ".
Takkar for awarden. Men vil presisere at eg er ingen BLOGGAR. Då skulle nok min penn vore monaleg skarpare. Eg bloggar for å ha kontakt med slekt og venner. Bloggen fungerer også som dagbok.Sjeldan og aldri tek eg opp kontroversielle tema.
SvarSlettDet er vel mange sortar bloggar og mange måtar å blogge på. Du har funne din ;-)
SvarSlettTusen takk, det var hyggeleg! Eg er litt slakk med blogginga for tida, men dette inspirerer. :)
SvarSlettEg seier berre det eg meiner ;-) De bestemmer sjølve om de berre tek imot eller sender vidare!
SvarSlettTusen takk Solveig!
SvarSlettDet var kjekt !
Som du sa er det mange måtar å blogge på...og mine bildar fortelje kanskje meir enn ord.