mandag 31. mars 2014

Bok 17: I krig og kjærleik

Samlaget skriv:
Medrivande og spennande roman om farleg kjærleik under den andre verdskrigen!
Gestapo-agenten Bjørn har hamna på Landssviksfengselet i Trondheim. Også kjærasten Dagny, som er tenestejente, blir i løpet av krigsåra ein like kynisk agent som Bjørn. Som Rinnan og andre agentar i Trøndelag hamnar dei i eit farleg spel der ingen kan vere trygge på at dei andre er dei dei gir seg ut for å vere.
Dette er ein historisk roman om dei som hamna på feil side - ein medrivande og spennande roman om farleg kjærleik under den andre verdskrigen.

Mykje kan skrivast om denne romanen. Ordet medrivande høver godt, synest eg.  Det var reint tilfeldig at eg treiv boka med meg då eg skulle til Oslo førre fredag.  Eg  las berre eit par kapittel då.  I går tok eg romanen fram att, og då var det fort gjort å lese ferdig.

Tida er kanskje moden for andre typar bøker frå andre verdskrig.  Hovudpersonane i denne romanen har hamna på feil side i krigen.  Han er mobbeofferet som får hemne seg på både lærarar og medelevar.  Ho vert utnytta både heime og på jobb.

Romanen vekslar i tid mellom krigen og ved krigsslutt og krigsoppgjer.  Eg har andre boka i serien liggande på vent.
 Som blogglersarane veit, les eg mange lydbøker, så når eg les papirbøker, liker eg best å lese nynorsk eller engelsk.  Bokmål vert det lese mykje av uansett.

Styrken, men også svakheita til nynorsken, er at ein kan skrive nært dialekten.  Men eg liker ikkje at korrekturen slepp gjennom det som er direkte feil.  Denne s-en i brukande verkar som han breier seg.  Elevar skriv både gåandes og strålandes. Det er ikkje brukande å skrive brukandes!

Elles så måtte eg slå opp au. Og ein kan faktisk skrive au for også eller og. Noko anna er om ein bør gjere det.  Fleire stader skriv ho ukse for okse.  Ordlista må fram att: Det er fare for at ein kan lære noko nytt!  Men nei, det heiter framleis berre okse.  Eg meiner elles at forfattaren med fordel kunne valt nokre meir "safe" nynorskord og -uttrykk. Då tenker eg til dømes på lys i staden for ljos.
Du må ikkje kome her, som Øystein Sunde seier.  Kva seier blogglesarane?  Er det for pirkete å meine at ein er her, men kjem hit? Er uttrykket greitt her?

Kven høver boka for?
Eg vil tru at dette er ein roman som også vil fenge unge lesarar. Det er ei ekte slukebok. Ein snakkar og om flyplasslitteratur.  Denne boka høver godt på reise for folk som gjene vil lese nynorsk, kanskje for 16-19-åringar som har nynorsk anten som hovudmål eller sidemål?

Sjølv kjem eg nok til å lese Krigens skugge med det første!

søndag 30. mars 2014

Kvitneset

 I dag bestemte vi oss for å gå til Brandal og vidare til Kvitneset.  Det tek ganske nøyaktig ein time frå venninna mi, fem minutt ekstra frå oss. Eg har vist bilde derifrå på bloggen tidlegare. De får sjå på dette som ein stemningsrapport ein fin marsdag 2014.

Skal tru kor mange dette treet hyser?

 På Kvitneset finn ein spor etter andre verdskrig.  Tyskarane plassserte seg strategisk her for å ha best mogleg oversyn over båttrafikken.
 Ein kan køyre nesten heilt ut. Skiltet er visst brukt som blink ...
 Det var både skip og seglbåtar på fjorden i dag, men dei er ikkje så lett å få auge på.



 Og så må ein løfte blikket litt!
I dag møtte vi mange, alt frå barnefamiliar til eldre folk.  Alle vil ut i sola!  Det er vår!

lørdag 29. mars 2014

Nytt liv av daude gror

 I dag har vi hatt ein nydeleg dag her hos oss. Eg klør i fingrane etter å kome i gang i hagen.  Men eg ventar til veret er triveleg!  Alt det daude må vekk frå beda og opp i kompostbingane.  Litt nytt ugras finn ein og ...
 Ingen kan vel vere meir glad for slike dagar enn kaninane!
Hokaninen har vorte tjukk i vinter, så ho får vere i den store innhegninga.  Dei er rare desse dyra, og dei har kvar sin personlegdom. Hokanina er snill, men liker ikkje gulrot.

Sjølv kjenner eg at eg er moden for påskeferie.  I går for frøkna og eg til Ørsta og feira mor mi.  Det gjer vi gjerne i påska.  Då eg køyrde over brua på Eiksund mimra eg om den påska bilkøen var så lang at vi måtte stå over fleire ferjer.  Det var ein nydeleg skjærtorsdag. No er det ikkje mange vekene att til vi kan reise gratis i tunnelen.

torsdag 27. mars 2014

Frå andre vinklar

 Det er kjekt å besøke niandeklassingane som får prøve seg i arbeidslivet denne veka.  Ikkje minst er det interessant å sjå kor mange ulike arbeidsplassar som er i nærområdet vårt.  Fleire valde å arbeide i næraste by.  Så det vart bytur på meg og.
Og at der vert arbeid til alle, er eg ikkje i tvil om!

onsdag 26. mars 2014

Bok 16: Chimera

Nominert til Bokhandlerprisen 2011 Den norske zoologen, veterinæren og skarpskytteren Karl Iver Lyngvin blir headhuntet til CORAC, en forskningsstasjon i Kongos regnskog der et tyvetalls andre forskere driver studier på hvordan regnskogens flora og fauna påvirkes av klimaendringene. Sammen med den unge australske entomologen Zoe Wildt opplever Karl Iver noe som kan komme til å få svært dramatiske konsekvenser. Ikke bare for Karl Iver, men for hele klodens fremtid. I Gert Nygårdshaugs nye roman knyttes ubestridelige fakta og forfatterens grundige research sammen til en fiksjon som blir et høyaktuelt og spenningsfylt drama. Chimera er en klassisk Nygårdshaug-roman med sterke thriller-elementer og med et tema som allerede i nær framtid kan bli uhyggelig aktuelt. 

Kort fortalt oppdagar forskarane at ein ape i ein apestamme endrar personlegdom.  Samtidig oppdagar ein berre ein overlevande i ein landsby med "innfødde".  Den vesle guten som har overlevd forklarer at alle sovna.  Korleis vert viruset spreidd?  Viss ein kan "utrydde" dei fleste menneska på jorda slik at det vert leveleg for ein milliard, er det ein måte å unngå langvarige pinsler for mange?

Romanen er spennande og aktuell. Her vert stilt viktige spørsmål. Om ein liker slutten, får vere opp til lesarane. Sjølv har eg kome fram til at den var den einaste rette.  Karakter? 5+

mandag 24. mars 2014

Suvenirar frå Tyrkia

 Gutane, eller dei unge mennene, hadde med seg både konfekt/sjokolade, fotballdrakter og det som bilda viser, då dei kom heim i går kveld.
Kor mykje luft desse søtsakene er polstra med, kunne vore ei artig matteoppgåve.  Du får sjølvsagt så mange gram som du har betalt for, men volumet er kanskje noko overraskande.

Eg følte meg litt sånn som ho svigermora i reklamen då eg sette ein brøddeig i går og sende med eldstemann eit par brød til brødboksen og fryseboksen hans. Han sette sjølvsagt pris på å få både mjølk og brød til frukost i dag.

I dag håper eg alle elevane mine har hatt ein kjekk og lærerik dag på jobb. Sjølv har eg fått meg nokre mattetimar i GeoGebra. Det er alltid ei dørstokkmil å sette seg inn i enkelte nye ting, men når ein har kome eit steg på veg, vert det interessant.

søndag 23. mars 2014

Søndagstur

I dag fann eg og venninna mi ut at vi skulle gå til Brandal i staden for den meir tradisjonelle turen rundt vatnet.
 Det er mange flotte fjell å sjå.

 I Brandal står det att flotte hus frå den tida ein dreiv mellom anna selfangst.
 Ishavsmuseet.  Fangstskuta Aarvak i bygget til venstre.


Er det geriljastrikking ein kallar dette?

No ventar eg dei unge mennene heim frå Tyrkia.

lørdag 22. mars 2014

Oslo i går

I går reiste eg på dagstur for å vere med på fagdag og årsmøte i LMHS. Eg trur vi var nærare 100 personar samla i Helsedirektoratet.  Eg fann lett fram.  Då eg trudde eg skulle vere der, møtte eg ei hyggeleg dame som peika på næraste hus.  Vi heldt saman mykje av dagen. Bildet knipsa eg på Karl Johan, og passa på å få med min eigen skugge.

Det var fire interessante foredrag.  Spesielt hadde eg sansen for ein dansk professor som arbeider med UNGKOST.  Det spørs om eg skal skrive eit heilt blogginnlegg om hennar foredrag. Dei andre var kanskje meir skulefagretta.

På førehand hadde eg bekymra meg for det meste. To vekkerklokker stod på 5.00.  Eg hadde kopiert ut arka med kvittering for turane som back up til telefonbilettane.  På Vigra var eg så smart å seie til vektaren i det eg gav han telefonen til bilettkontroll, at eg prøvde det for første gong.  "Det går bra det, berre du skal til Røros!". Det tok meg nokre sekund å forstå at eg hadde kome ut for ein humorist. Resten av reisa la eg sjølv mobilen på ulike skjermar.  Slik kan ein gjere når ein reiser med berre handbagasje, noko eg ikkje gjer kvart år.  Frøkna fekk meg til å "screen-shotte" meldingane frå flyselskapet.  Då hadde eg billetten også på bildegalleriet på mobilen.

Det var berre ein ting eg ikkje hadde bekymra meg for, nemleg veret.  På venterommet møtte eg ein av næringslivstoppane her. Han håpte snøggbåten gjekk og flyet var i rute, for han skulle vidare.  Båten gjekk.  Sjølv er eg ikkje så glad i bølgjer, men det gjekk greitt. Vi vart åtvara om turbulens på flyet, men det merka vi lite av.  I Oslo var veret strålande.  Vi merka ein liten mild vind.  Tilbake på Gardermoen møtte eg sunnmøringar.  Der var snakkisen ein storm dei hadde høyrt om, men ikkje trudde på. På denne turen var åtvaringa om turbulens reelle. Det vart heilt stille i flyet medan det stod på.  Eg vart ikkje redd, berre utruleg kvalm.  Vel framme på Vigra, hadde eg fem minutt på å nå bussen.  Det gjekk akkurat.  Ein busstur på svingete vegar var relativt tøft for meg i min tilstand. Tid til frisk luft var det ikkje på Valderøya, ikkje nok i alle fall.  Eg prøvde å dra ein vits om at eg håpa det ikkje var turbulens på snøggbåten.  Heldigvis var berre halve turen i grov sjø.  Eg greidde meg heilt til eg kom heim.

Heimturen er eg ferdig med.  Den skal ikkje få overskugge resten av dagen. Eg er ei erfaring rikare, og no veit eg kva turbulens er ...


torsdag 20. mars 2014

Innhaldsrik veke


Denne veka har vore ei litt annleis veke på jobb. I dag har vo vore på Herøy vidaregåande skule.  Eg har ikkje vore der saman med elevar før.  For meg vart det derfor spesielt interessant.  Elevane har svært mange moglegheiter.  I Herøy er det flest praktiske linjer medan Ulsteinvik har idrettslinje, "elektro", TAF og studieførebuande linje. Ekstra kjekt er det å treffe att andreklassingane som eg var klassestyrar til då dei gjekk i tiande. Nokre av dei presenterte linjene sine.

Det å få høyre to tidlegare rusmisbrukarar fortelje frå liva sine med rus, var svært sterkt både for vaksne og elevar. Sjølv vart eg svært uvel av den eine sine skildringar, så om kvelden tok eg meg ein pause i staden for å utsetje meg for det ein gong til.  Desse karane og politimannen som var der berre på foreldra sitt arrangement, var svært klare på kva dei meiner om hasj.

Eg skal ikkje starte nokon debatt om hasj. Dei som vil legalisere hasj, er nok dei som sjølve bruker det. Den eine som stod fram i går, vart hekta etter første blås og gjekk vidare til stadig sterkare stoff.  At hasjen inneheld ti gonger så mykje THC som på åttitalet er også noko ein bør ha i bakhovudet.  Dette veit vel dei fleste. Men ikkje alle vil vite ...

No florerer det med hasj i ungdomsmiljøet.  Eg håper dei to karane sette ein støkk i ungdomane, og at dei tek gode val for livet!

(Bildet er av same mann som misbrukar og som frisk.)

onsdag 19. mars 2014

Mot narkotika

I dag har eg vore på to foredrag om narkotika.  Eg får skrive meir om det i morgon.

Ein detalj: Body Shop støttar legalisering av hasj økonomisk  i følgje representanten frå politiet.  Bilete seier kanskje meir enn ord?

tirsdag 18. mars 2014

Bok 15: Buddha på loftet

På omslaget:
«Budda på loftet» er en fortelling om en generasjon kvinner som kom som postordrebruder til California på 1920-tallet. De må ta den mannen de får, slite som landarbeidere eller hushjelper. De føler seg på utsiden av samfunnet, mens barna deres raskt omfavner den amerikanske kulturen. Så kommer bombingen av Pearl Harbor i 1941, og både gamle og unge sendes til interneringsleire som potensielle landssvikere. Med «Budda på loftet» har Julie Otsuka skrevet en gripende roman om identitet og lojalitet. En vev av individuelle stemmer blir til et kraftfullt, poetisk portrett av en kollektiv skjebne.
Utdrag:
På båten var vi flest jomfruer. Vi hadde langt, svart hår og brede plattføtter og var ikke særlig høye. Noen av oss hadde ikke spist annet enn risvelling som barn og hadde krumme bein, og noen av oss var bare fjorten og fremdeles barn selv. Noen av oss var fra byen og gikk i smarte byantrekk, men mange flere av oss var fra landet og gikk med den samme gamle kimonoen som vi hadde gått med i årevis - falmet, arvet etter en søster, lappet og farget om igjen flere ganger. Noen av oss var fra fjellet og hadde aldri sett havet før, bortsett fra på bilder, og noen av oss var fiskerdøtre og hadde vært ved havet hele livet. Kanskje hadde vi mistet en bror på sjøen, eller en far, eller en forlovede, eller kanskje en vi elsket hadde hoppet i havet en ulykksalig morgen og simpelthen svømt sin vei, og nå var tida inne til å komme seg av gårde også for oss. (s.9)

Denne romanen er skriven på ein måte eg aldri har lese før.  Med å skrive "noen av oss...", får forfattaren liste opp ei rad av ulike lagnader.  Dette verkemiddelet vert brukt i heile boka.  Eg ser dette vert kalla poetisk.  Det er noko vakkert over måten, men innhaldet kan vere brutalt nok.

Etter mi meining er dette ei heilt spesiell lita bok som det er vel verdt å lese.  Historia, eller enkelthistoriene, har vore ukjende for meg.

søndag 16. mars 2014

Så kom snøen?

Det har ikkje kome så mykje snø å skryte av her hos oss. På facebook såg eg i dag tidleg at ein moka snø både i Ørsta og Volda.  Her trur eg vi trygt kan stole på regnet. Ein kan nok ta fram fora støvlar til morgondagens antrekk viss ein vil vere tørr på beina.

I dag har eg ikkje noko bord å vise til.  Middagen vart plutseleg framskunda ein halvtime.  Eg laga ei panne med brennsnut der eg fekk brukt mange grønnsaksrestar.  Elles bakte eg ein stor porsjon bollar sidan eg hadde ein pakke raud gjær liggande.  Dei som no sit på snøggbøten og er på veg sørover, fekk ta med seg nokre i handbagasjen.  Porsjonane på flyet kan vere små for idrettsfolk ...

Komande veke skal vi ikkje ha så mykje "fag".  To dagar skal vi besøke dei vidaregåande skulane.  Veka etter skal elevane få prøve seg i arbeidslivet. Eg håper dei vert motiverte til vidare skulegang!

lørdag 15. mars 2014

Baksida

 Først fekk eg lyst til å vise fram strikketøyet mitt. jakka vert litt mindre anonym enn den førre.  Mønsteret er mykje meir spennande, slik eg ønska meg det.  Kankje eg skal ønske meg ei hjartenål i sølv til den?
Elles eg det ein slik dag på facebook der folk legg ut bilde av snø.  Her har snøen kome ned i fjella, men utsikta mi bak huset er snøfri.

Elles har ikkje dagen vore så spennande.  Eg har mellom anna sykla meg ein tur nedover, vaska hus og baka brød.  Bilen har fått stå i ro. No skal vi kose oss med ferskt grovbrød med godt pålegg og sjå "Hver gang vi møtes".  Når nokon er sjuk og berre orkar å sjå TV, får ein verkeleg augene opp for kor mykje dumt som vert sendt.  Dagens verste er missekonkurransar for born i USA.

fredag 14. mars 2014

Home alone - not!

 Denne helga trudde eg at eg omtrent skulle bli heime åleine. I dag tidleg køyrde eg mannen på kaia, så fekk eg ein liten halvtime ekstra til førebuing og tilrettelegging.  Men ho som skulle på friidrettssamling i helga vart sjuk. Forkjøling er heldigvis slikt som går over.  Eg håper berre eg slepp å bli smitta.  Eg skal nemleg til hovudstaden om ei lta veke.  Journalisten kom innom og fekk seg taco i kveld. Han kom heim frå La Manga i går. Søndag reiser han og Hareidspelaren til Tyrkia.  Det ser ut til at alle kan samlast søndag mellom 18 og 19.

Eg fekk låne eit par filmar til helga av ein kollega. Merkeleg nok har eg ikkje sett Precious før.  Det er ein utruleg sterk film.  Midt i filmen tenkte eg på Amalie Skram og naturalismen. Slutten var også svært god. Ein kjem langt under huda på personane, og dei er samansette.  Om nokon av dykk ikkje har sett filmen, vil eg anbefale den på det sterkaste.  men det er langt frå nokon "feel-good-film".
Den andre filmen har eg ikkje sett enno.  Det har vorte diskutert om det er ein film til skulebruk.  Temaet er aktuelt nok, nemleg nettdating.  Unge jenter trur dei snakkar med jamaldringar når dei chattar på nett.  Vi bruker å bestemme kva filmar som høver i dei ulike faga og på kva slags trinn. For å ha ei meinig må ein sjølvsagt sjå filmen på førehand.

torsdag 13. mars 2014

Eføystiklingar

Blogglesarane hugsar kanskje julegruppa mi.  Eføyen som var hjarteforma, held på å miste fasongen. Det veks smågreiner ut overalt.  I staden for å snurre dei rundt strengen, fann eg på at eg ville prøve å klippe dei av og sjå om dei røter seg.  Det gjer dei!  Så no spørs det om det vert skikkeleg stussing!  Eføy er fint både inne - og ikkje minst i utekrukker.

tirsdag 11. mars 2014

Bok 14:Når havet stilner

Frå omslaget:
«Når havet stilner» er den tredje boka i serien om William Wisting Et tåkete, folketomt Stavern, utenfor sesongen: En mann blir funnet bevisstløs på trappa til byens apotek. Han er skutt i magen. Og det er tydelig at noen ville at han skulle bli oppdaget. Snart finner politiet forkullede beinrester på en branntomt i nærheten. Når så et oppsvulmet lik skylles inn på stranden, forstår William Wisting at han har å gjøre med en kriminalsak av helt nye dimensjoner. 

Denne romanen vart utgitt i 2006, men kom først i lydbokutgåve i fjor. Det er sjølvsagt kjekkast å lese slike seriar i rett rekkjefølgje, men denne stod greitt åleine.  Dette er ein typisk oppnøstingsroman. Journalistdottera Line er og med.  Eg synest først romanen var grei nok, heilt til han tok seg opp mot slutten.  Eg skal ikkje røpe detaljar, berre seie at dette er god underhaldning.

mandag 10. mars 2014

Betre orden og system

I dag fekk elevane att prøvene dei hadde fredag, og eg følte meg fri til å ta meg ein bytur.  I dag hadde eg to ærend.  For det første var eg ute etter nokre kassettar til å ha hefte og brosjyrar i.  For det andre hadde eg bøker og blad som skulle attende til biblioteket.  Der fann eg nokre nye bøker også.

På bokhandelen på Blåhuset fann eg desse eskene.  Han fekk den oransje til rekningar, eg den rosa.  Fint skal det vere når ein har fått seg ny hylle!

søndag 9. mars 2014

Søndag 9.mars

 I dag plukka eg årets første bukett i hagen. Slike påskeliljer kjøper eg vanligvis mange av.  Dei vert planta ut i hagen.  Året etter kjem det att nokre som er så små som snøklokker.  Sidan ser eg dei ikkje att.
I dag fekk eg litt hjelp til å dekke bordet.  Vi var berre fire i dag.  Journalisten er i La Manga for Vikebladet. Det stod svinekotelettar på menyen.  Til kaffimat bake eg Gundas tante Gretes banankake. Eg hadde ein klase godt modne bananar liggande, så eg laga like godt dobbel porsjon.  Kakene mine heva seg litt for godt. Kanskje var eggedosisen litt for luftig (litt mindre sukker neste gong?), eller teskeiene med hevemiddel for store.  Eg brukte sjølvsagt måleskeier. Sjølv om kakene datt litt ned på midten, smakte dei svært godt! Det er så greitt med mat; bevisa når ein ikkje er heilt nøgd, vert oppetne!

Også komande veke vert det ein ettermiddag med kontaktmøte.  Så i ettermiddag retta eg ein bunke prøver elevane hadde fredag.  Det er greitt å ikkje kome bakpå!

fredag 7. mars 2014

Jakke i Finull og Plum

Denne jakka starta eg å strikke fordi eg kunne tenke meg ei enkel, mørkeblå jakke som kan passe til blå bukser og blå skjorter - som eg har nokre av.  Skjortene vert ofte ikkje brukte anna enn vår og haust.  No vert det meir heilårsplagg.
Eg kjem til å tenke på OL i Sotsji når eg tenker på at eg strikka jakka.  Særleg spennande mønster er det ikkje: 6 pinnar rillestrikk i Finull og 3 pinnar glattstrikk i Plum.  Rillestrikk veks mykje saktare enn glattstrikk også.  Eg har lagt mykje arbeid i jakka, så no satsar eg på at ho vert mykje brukt.

Mønsteret finn ein i dette heftet. Elles kan eg røpe at eg har begynt på ei anna jakke i same heftet der mønsteret er mykje meir variert. Framhald vil følgje.

tirsdag 4. mars 2014

Bok 13: Den klønete skytsengelen


Frå omslaget
En solfylt dag samles fem hundre engler for å gjennomføre det årlige grunnkurset for skytsengler. En av kursdeltakerne er den nylig avdøde lektoren i kristendomskunnskap, Sulo Auvinen. Som menneske har han vært en ganske klumsete type, som engel er han staselig: Vingebredden er på hele ti meter. Men han er ikke blitt mindre klønete, og man bestemmer raskt at han skal tildeles en lettbeskyttet person. Valget faller på Aaro Korhonen som nettopp er blitt den lykkelige eier av en kafé i Helsinki. Allerede på vei til mennesket han skal beskytte, klarer imidlertid den velmenende skytsengelen å få vingene sine inn i en høyspentledning. Korhonen er lykkelig uvitende om beskyttelsen, og hvordan den skal komme til å rote til livet hans.

Dette er ei ellevill historie om, ja, kva skal ein seie historia er om?  Skytsengelen som skaper den eine ulykka etter den andre? Ei fantasiverd ved sida av den verkelege? Eller kan historia tolkast på eit anna plan?  Uansett er dette ei humoristisk forteljing med fantastiske skildringar.  Språket er herleg.

Eg har stor sans for Paasilinna sine romanar.  Men som eg har skrive før, ein bør lese nokre bøker mellom. Det kan bli for mykje av det gode etter mi meining.


mandag 3. mars 2014

Boklån og -handel

 Sidan eg har jobba meg så godt frampå, fann eg ut at eg hadde tid til ein liten bytur.  Fangsten på biblioteket var ikkje så verst.  Eg trur krim er det rette denne veka.
På bokhandelen var bøkene halv pris av raud pris, så ho fekk rett ho som spådde at eg kjem til å fylle hyllene ...

søndag 2. mars 2014

Søndag 2. mars

 I dag har eg jobba ein halv arbeidsdag for å vere i førekant av ei travel veke med to ettermiddagar med kontaktmøte.  I tillegg har eg hatt eit par timar med frivilleg abeid.  Begge arbeidsøktene var i gunnen kjekke!
Etter ein sein frukost gjekk eg ein tur rundt vatnet.  I dag var det vårteikn å sjå! 
Det er vel ikkje lenge før eg kan plukke inn blomster frå hagen! I går rydda eg i alle fall serviettsamlinga mi inn i eine hylla i skåpet.  Utvalet er ikkje lite, for å seie det pent.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...