I dag har vi hatt ein roleg dag her i huset. Ute blæs det slik at ferja har stått.
Både born og vaksne kosar seg med julegåver. Ungdomane har gitt kvarandre mykje innan musikk og film. Sjølv skreiv eg ei lita ønskjeliste, så eg har fått omtrent alt eg ønska meg! Noko av det kjem nok på bloggen etter kvart.
No har eg prøvd ut focacciakrydderet frå apoteket. Eg er nøgd med alt unnateke boksane. Dei er ekle å opne, og den runde forma gjer dei vanskelegare å stable. Eg håper apoteket går attende til dei firkanta boksane i same storleik som Cemo sine krydderboksar!
Focaccia passar godt til røykelaks og spekemat, synest eg. Det er yndlingbrødet til givaren i alle fall ...
Godt med en rolig dag innimellom.
SvarSlettKoselig å ha tid til å kose seg med julegavene.
Kjedelig med slikt uvær. Her på det indre av
østlandet har set også blese, men ikke mer enn at
det bare føles som en normal dag på Jæren, hehe
Og det er jeg jo vant med fra oppveksten.
Ha ei fortsatt god julehøytid :)
God jul fortsatt! Vi har vore skåna for dei verste vindrosene i dag. No i kveld har det snøa.
SvarSlett