tirsdag 22. desember 2015

22.desember: Dagen før dagen før dagen


I år har vi hatt mange dagar fri før julehelga. Viss eg hadde følgd tradisjonane, hadde eg baka søndag.  Men då proriterte vi "Vi syng og spelar jula inn" med korps, kor og solistar.  Der var mange flinke, men ei gav meg frysningar, nemleg Guro Topphol som sang Gabriellas song. Det var berre så nydeleg sunge!

Så i dag baka eg strull og julemanna.  Frå før har eg baka kokosmakronar og eit par skuffekaker.  Det er fort gjort når ein bestemmer seg.  Mannen og eg handla saman tidlegare i dag.  Det vert nokre liter/kg å bere, så då er det greitt å vere to. Det vert nok ein runde i morgon, men då vil eg gå åleine.  Eg bruker ikkje handleliste, men ser for meg alle måltida eg må ha mat til, når eg handlar mat.  

No er "nyestova" pynta til jul.  Eg fekk ein bukett nydelege,raude roser av systera mi i går.  Dei var ikkje så fotogene når det er mørkt ute ...

4 kommentarer:

  1. Godt å handle litt alene noen ganger.
    Men skal en ha mye er det greit med litt
    bærehjelp. Godt med noen fridager før jul.
    Ble ikek så mange av det her i år, men er stort
    sett fri i dag. Må bare ut å møte ei som trenger
    vintersko og ikke har råd til å kjøpe det.
    Godt å kunne hjelpe når en har mulighet.
    Ønsker deg ei riktig god julehelg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det!
      God jul til deg og dine!

      Slett
  2. Det blir litt handel til jul ja,
    me handla på Eid i dag, men eg vart litt "forsoffa" når
    eg høyrde at Bunnpris skal ha ope både 2.dag og søndag.
    Eg hadde berekna å ha nok mat til mandag så eg håpe me ikkje finn på
    å stø galskapen.
    Eg ynskjer deg og dine ei god jul med mange fine dagar.
    Snøen kan me visst sjå langt etter både her og i ytre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg held meg langt unna søndagsopne butikkar, for det vil eg ikkje ha! Røyner det på, kan ein vel få ein liter mjølk på Brustadbua til Bunnpris.
      God jul til deg og dine!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...