lørdag 30. november 2013

Inspirasjon

I dag skulle eg levere eit par bøker på biblioteket og sjå etter nye lydbøker.  Eg fann ingen som freista.  Men så fann eg desse bøkene i hylla med nye bøker.  Eg har nok kokebøker, men det kan no vere kjekt å bla i ei bok no før jul.  Ein kan risikere å få inspirasjon til å lage både det eine og det andre!

At den andre boka skal inspirere, får ein håpe på.  Det er ei moderne, lettfatteleg reingjeringsbok.  Der er mange tips for enkel reingjering.  Det er mopp og mikroiber som gjeld.  Gamle metodar er og tatt med. Før heldt vi på med t.d. flekkfjerning på skulekjøkenet.  No er den delen ute av pensum. Kanskje ungdomar treng ei slik bok! Når eg får kjøpt ei flaske salmiakk, skal eg prøve ut oppskrifta på komfyrrens.  I dag vaska eg ventilatoren.  Ristene fekk oppvaskmaskina ta seg av.  Plastdelane vaska eg for hand.

Elles ser eg at ein vaskar leiker i vaskemaskin.  Eg brukte å putte duplo i badekaret og vaska dei der med ujamne mellomrom.  Viss ungane leika med dei medan dei åt eller leikene ar synleg skitne, putta eg dei i oppvaskmaskina. Det høyrer med til historia at vi har nokre kasser med Duplo.

Elles har vi fått oppjulegardiner i dag.  så no er vi klare til advent!

fredag 29. november 2013

Det vert nok jul i år og ...

Nokre folk liker å planlegge.  Dei skriv lister og gule lappar.  Eg kan ikkje fordra det!  Ein full kalender med ting eg må gjere i desember, ville vorte ei tvangstrøye for meg. Det meste vert nok gjort her, men meir etter innfallsmetoden. På den måten greier eg å kose meg med både baking, julehandel og pynting.

Litt planlegging må sjølvagt til.  Har ein ønskelister, så går handelen lettare.  Med meg sit det langt inne å skrive ned kva eg ønskjer meg til jul.  Kanskje eg skal gjere det for første gong i år for å gjere det lett for andre? (Om eg gjorde det då eg var lita, hugsar eg rett og slett ikkje.)

Det er og ein kunst å fire på krava. Eg irriterer meg når folk seier "Det vert alltids nok kaker," eller liknande uttrykk.  Det vert ikkje av seg sjølv. Nokon bakar!

Om eg har tid og lyst, kjem det eit blogginnlegg om dagen frå meg.  Men det kan stå bra til om eg vert vekke frå bloggverda ein dag!

I dag var eg innom Floriss og kjøpte meg nokre rimelege julestjerner og amaryllisløkar, alt i raudt. I morgon har forfattaren eit oppdrag der eg får vere med og få julemiddag.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg og ei triveleg adventstid!

torsdag 28. november 2013

Juleroser

Til helga har eg planar om å pynte litt til advent, mellom anna med raude julestjerner og sviblar.  Ute er eg litt sløv om vinteren på same måte som eg er sløv inne om sommaren.  Men eg fall for desse juerosene då dei var på coopkupp.  Eg trudde dei kunne plantast ut og kome att?  På Frukost-Tv vart det sagt at dei tolte nokre minusgrader, men ikkje for mange.  Nokre vil ha dei inne.  Eg trudde det var ein uteplante. Eg gjer i alle fall eit forsøk på å ha dei til pynt ute.

onsdag 27. november 2013

Nye freistingar

Egt er ikkje akkurat arbeidsledig.  I dag ser eg at Rauma kjem med oppskrifter, sikkert i konkurranse med Sandnes og Skapellgjengen.

Sjekk dette heftet. Kanskje noko for unge strikkarar?

tirsdag 26. november 2013

Genser i Puno

I helga strikka eg ferdig genseren i Puno.  Den var enkel å montere. Raglanfelling er kjekt å strikke, for det vert lite montering.  Pent vert det og, synest eg.  Oppskriftsheftet finn de her.  Garnet er ikkje tvinna, så det var litt vanskeleg å strikke jamnt.  Sidan ho har gått med genseren rett på kroppen , kan det ikkje klø.
No skal eg ikkje kjøpe meg noko nytt strikketøy før denne genseren er ferdig.  Eg skal sy og klippe vekk det som ligg under halskragen.  Først skal eg feste trådar.
DIY-prosjektet til frøkna er og i gang.

mandag 25. november 2013

Broen II

Etter ein lang arbeidsdag med påfølgjande rettingar og førebuingar, er det kjekt og avslappande å kunne sette seg ned og sjå ein rein underhaldningsserie.  Broen har vore min favoritt dei siste 10 vekene.  No sit eg og er nokså nøgd med oppklaringa.  Ein tråd til kunne nok vore nøsta opp for å gjere serien heilt perfekt, eller kanskje nettopp ikkje?

No spørs det om amerikanarane hiv seg over denne også.  For sjølv om Broen I var god, var The bridge nokre hakk betre, synest eg.

søndag 24. november 2013

Rogan Josh

Av og til kjem vi litt "skeivt ut" på skulekjøkenet.  To av gruppene fekk fleire timar enn dei andre.  Då nyttar vi høvet til å lage nye rettar.  Torsdag og fredag laga vi Rogan josh - indisk lammegryte, berre at vi brukte kylling.  I dag laga eg retten heime.  Eg valde å steike løken i ei panne og kjøtet i steikepanna. 
 400 g lammekjøt eller kyllingfilet.
1 løk
2 ms olje til steiking
2 ms indisk, raud karripasta (Eg brukte Santa Maria, det einaste eg fann,)
1 boks hakka, hermetiske tomatar
1 ts sukker
2 ms kokosmasse

1/4 potte koriander

  1. Del kjøtet i terningar.
  2. Skrell og hakk løken.
  3. Ha olje i steikepanna og varm han opp.
  4. Ha i kjøt og løk og steik i to omgangar i 2-3 minutt.
  5. Tilset karripasta og hermetiske tomatar
  6. Rør inn sukker og kokosmasse.  Klipp frisk koriander over.
  7. Server retten saman med raita, chutney, naanbrød og basmatiris.
    Ein grøn salat smakar og godt til.
Raita
1/4 slangeagurk
1/4 potte koriander
1/4 potte frisk mynte
2 dl yoghurt naturell
1/2 ts sukker
1/4 ts salt
1/4 ts pepar


  1.  Riv agurken grovt på rivjern. Lat det stå i 15 minutt og slå av væska som har danna seg.
  2. Hakk koriander og mynte.
  3. Bland saman alle ingrediensane.
  4. Lat raitaen stå i kjøleskåp ein time før servering slik at smaken får sett seg.
 Det passa godt å lage dobbel porsjon naanbrød til.  Oppskrifta finn de her.

lørdag 23. november 2013

Energibarar

I dag har eg øvd meg til valfag måndag.  Det er Fysisk aktivitet og helse som skal lage mellom anna energibarar.  Dei som trener mykje, treng å fylle opp lagera sine.  Eg laga dobbel porsjon.  Hugs berre å passe omnen.  Mine stod nok i nokre minutt for lenge.  
Til 8 barar treng du:
3 dl frukostblanding
6 ts (=2 ms) sukker
1 egg
1 eggekvite
6 ms peanøttsmør (nesten 1 dl), romtemperert
30 g hakka kokesjokolade


  1. Set steikeomnen på 160 grader.
  2. Rør saman alle ingrediensane i ein bolle.
  3. Form 8 barar 4 x 10 cm.  Eg brukte ein bordkniv til å forme dei og trykke dei litt flate.
  4. Steik i 20-25 minutt.

Oppskrifta er frå "Spis smart- en kokebok for unge idrettsutøvere."

fredag 22. november 2013

God helg!

Om nokon sakna innlegg frå meg i går, så var rett og slett eg eller datamaskina opptatt i heile går.  Det går i datakurs og intervju. I dag kom eg heim kvart over seks.  Det er dette med at enkelte ting tek lengre tid med åra, slikt som til dømes frisørtimar.

Då eg kom heim, stod det ny bil på tunet og blomster på bordet. Vi har harr sjusetar i mange år, men no sit vi sjeldan fire i bilen. Skal heile familien ein stad, vert det i to bilar uansett.

Vi prøvde ein ny rett på skulekjøkenet i dag.  Han var vellukka.  Eg skulle ta bilde, men gløymde det.  Så vi får sjå om det vert ein reprise i heimen.

Eg ønskjer alle blogglesarane ei god helg - den siste før advent!

onsdag 20. november 2013

Mot betre vitande

Her ein kveld sat eg og kika på ei strikkeside på facebook.  Der dukka det opp eit tilbod om å vere med på ein undersøkelse der alle vann ein liten strikkepakke. Eg klikka meg raskt inn på den og godtok noko med lita skrift, noko om telefonsal.

Undersøkinga virka mer og meir mistenkeleg.  Eg fekk mellom anna spørsmål om kva av Firkløveren sine servise eg likte best.  Og verst av alt, eg kom meg ikkje vidare utan å melde meg inn i ein bokklubb.  Så til strikkepakken kom eg aldri.

Dagen etter hadde eg seks tapte anrop på mobilen etter jobb.  Eg bruker ikkje mobil i skuletida.  Eg sjekka dei opp, og alle nummera var frå eit selskap i hovudstaden som driv med telefonsal.

I kveld tok eg første telefonen.  Ho hadde fått med seg at eg likte dompapserviset deira.  "Nei, takk!" seier eg.  "Seier du nei før du har høyrt heile tilbodet?"seier ho.  "Ja, for eg skal ikkje ha noko servise,"svarar eg.  Ho gir seg ikkje med å legge ut om det fantastiske tilbodet. Det er så mange som seier "nei" før dei veit kor utruleg godt tilbodet er. "Eg forstår det, men..." er melodien. Og eg har no sagt at eg likte serviset."Det var fordi eg ikkje kom vidare i undersøkinga før eg hadde klikka på eitt av servisa," seier eg. Ho meiner eg kan gi det vekk i julegåve.  Det hjelper ikkje å seie ein har fire servise frå før og huset fullt.  Ho har svar på alt. Femte gongen eg seier "Nei, takk!" seier eg men-et for henne.  "Så du ventet bare på et men", seier ho.  Då ler eg berre og seier at eg ikkje skal ha noko, og så seier eg "hade" og legg på.

Eg skal ikkje åtvare blogglesarane om undersøkinga.  De forstår det sikkert sjølve om de ser den.  Det gjorde eigentleg eg og.

tirsdag 19. november 2013

Bok 53: En norsk spion

Frå omslaget: 
En rå agentfortelling med en fargerik og varm beskrivelse av et krigsherjet Afghanistan. Peter Wessel er norsk etterretningsoperatør som arbeidSpennende og aktuell innsidefortelling fra norsk etterretningstjenesteer undercover i verdens farligste område. Wessel kommer over brennbar informasjon - et parti våpen som skal rettes mot norske interesser, er smuglet ut av Dubai og på vei til Afghanistan. Vil han og makkeren finne våpentransporten i tide? Det blir en eksotisk og nervepirrende nedtelling. "En norsk spion" er Aslak Nores første thriller. Her benytter han sin førstehåndskunnskap om soldater i utenlandstjeneste og fredsnasjonen Norge. I forbindelse med research til boken har Nore reist flere ganger til Afghanistan og til Dubai og Irak. 

Dette er ei grei forteljing frå Afghanistan, meiner eg. Eg er usikker på om eg verkeleg forstår noko meir om krigen eller spionverksemda i landet.  For meg vart dette reinspikka underhaldning, ikkje kjedeleg, men sikkert raskt gløymt.

mandag 18. november 2013

DIY

 Frøkna tok like godt å strikka seg ei FWSS-inspirert hue til.  Ho brukte pinnar nummer 2 1/2 denne gongen og la opp 140 masker.

Sandnes har forstått det.  Vil ein ha ungdom til å strikke, må modellane vere slik ungdomen liker. Dei har hive seg på den nye trenden Do It Yourself. Forkortingar på engelsk må til i desse tider.  Det var opp til fleire modellar frøkna kunne tenke seg i dette heftet.
 Ein av dei meinte eg ho ville greie sjølv, kanskje med litt monteringshjelp.  Modellen er i perlestrikk på pinnar nummer 8.
Eit stort pluss er at garnet ikkje er så dyrt.  Eg meiner eg betalte 255 kroner for garnet og 60 for heftet på TrådKråa.

Sjølv synest eg modellen på framsida er fin.  Tida vil vise om eg strikkar fleire modellar frå heftet.  Der var ein i patentstrikk ho kunne tenke seg.

Eit stort pluss til Sandnes for å skrive vanskegrad på plagga.  Dei har vit å smi medan jernet er varmt.  Det er kjekt at dei vil få med seg unge strikkarar. DIY

søndag 17. november 2013

Høner til middag?

 Det var då frøkna nekta å vere med å kaste høner samtidig som vi fekk høyre at det vert kasta 1,5 millionar høner i året i Noreg, at vi bestemte oss for å ete høner.  Viss fleire et høner, vil det verte større etterspurnad etter høner i butikkane, og så kan det hende at færre vert kasta.  For det er ikkje bra at vi kastar mat vi som har råd til det.

Hønene vart først kokte i 2 1/2 time.  Dei låg litt trangt i panna saman med 3 små løkar, 2 ms heil pepar og 1 ms (=15 ml) salt.  Deretter pensla eg dei med olje og krydra dei.  Her brukte eg ei krydderblanding, men salt og pepar går fint.  Dei fekk stå i omnen på 200 grader medan potetene kokte.  Eg laga brun saus til. Spander gjerne ein fløyteskvett i.  Av grønsaker hadde eg gulrøter, kålrot og brokkoli.

Det som vart att av krafta, står no og kokar inn.  Eg har planar om å bruke ho i ei mulligatawny-suppe ein gong i adventstida.

Mannen og eg har gode minne om høner frå vår oppvekst.  Det var ikkje vanleg å ete kylling på 60- og 70-talet det eg kan hugse?  Kanskje nokon kan tidfeste kor tid kylling vart vanleg?
Det er berre to veker att til advent! I dag fann eg fram nokre serviettar eg har vunne.  Eg fekk og tømt ein pakke med brune lys.  No gjeld det å ikkje kjøpe noko lilla før ein har vore på loftet ...

lørdag 16. november 2013

Farsdag og fødselsdag

 Tradisjonen tru sår vi saman farsdagen og fødselsdagen til far min.  Feiringa var heilt tradisjonell.  Gjestene vert færre, for dei eldste borna har flytta heimanfrå. Lengst vekke er ho som bur i Kristiansand.
 Det er ikkje så lenge til denne karen vert 10.
 Skal tru om han får det han ønskjer seg i år?
Ja! Eitt skjerf! (Presisert i ønsket.) Eg er ikkje heilt oppdatert på kor mange slipsknutar han kan?  Var det ikkje 25?  Så no spørs det om det finst like mange skjerfknutar?
 Kransekake med smellbonbongar.  Krona må på!

Inga feiring utan kransekakevits: EiegodScäferhund til salgs. Fordringsløs i matveien, spiser alt.  Er særlig glad i småbarn.
Borna kosa seg med spel og etter kvart kaker.

Det er artig å sjå tilbake på feiringa i fjor. Elles reknar eg med at det vil kome innlegg på andre bloggar i løpet av kvelden.

fredag 15. november 2013

God helg!

Det nye strikkeprosjektet går raskt framover på pinnar nummer 6 1/2.  Det siste heldt på å stoppe heile arbeidet.  Men i går fekk TrådKråa inn rundpinnar.  Deira fempinnar var firkanta og i tre.  Det tok eg ikkje sjansen på. I dag hadde eg eit par hemmelege ærend i byen, så eg passa på å rekke garnbutikken der før stengetid.  Der hadde dei pinnar i både tre og metall.  Desse får vere bra nok.

Det ligg an til å bli ein fredeleg kveld i heimen. Veret ute er heller ekstremt.  Men vi skal ikkje klage når vi ser korleis det er andre stader i verda.

God helg!

torsdag 14. november 2013

Gratulerer 77!

I dag kan vi gratulere far min med 77-årsdagen!

På bildet skal han vere 24 år. Han er bestefar til åtte gutar (og tre jenter).  Kven som liknar mest på bestefaren sin, er ikkje godt å seie!(?)

Laurdag skal vi feire på tradisjonelt vis. Det gler vi oss til!

Som eit apropos til svart-kvittbildet, viste eg elevane svart-kvitt-TV i dag.  Eit par hadde hjelpt meg å reparere noko.  Eg hadde kalla dei Pompel og Pilt, noko dei ikkje forstod - sjølvsagt.  I dag fann eg ein episode på YouTube for å sprite opp undervisninga litt.  Så fekk eg fortelje om då vi fekk farge-TV, om store tusenlappar som måtte brettast.  Det viste seg at dei visste at foreldre vart skremde av Pompel og Pilt.  Ein hadde sett ein gammal seddel i glas og ramme.  Sjølv vart eg mest overraska over at vaktmeisteren gjekk rundt og sa verkelege framandord. Noko anna som overraska meg var at elevane synest det var morosamt, spesielt i byrjinga. Sjølv har eg alltid vore for gammal til barne-TV, kanskje med unnatak av nettopp Pompel og Pilt., viss det nokon gong har vore for born. Kall det surrealisme eller tull og tøys. Uansett hadde dei ikkje mykje å hjelpe seg med, nokre handdukker, kosteskaft og enkle treting. Ned frå talet heng det aluminiumsfolie til dømes.

tirsdag 12. november 2013

Bok 52: Skjebnehjulet

Frå bokomslaget:
Dette er historien om Miriam, Nina og Ellinor, tre naboer i et idyllisk villastrøk. Selv om de er mødre alle tre har de ingenting med hverandre å gjøre. Så flytter Janina inn i nabolaget og ingenting er lenger som det har vært. De tre kvinnene søker sammen i felles front mot den ytre trusselen.

Det er sjeldan eg bruker så lang tid på ei bok.  Ho har lagt på vent ei god stund, og eg la ho inn på I-poden i mangel av noko anna å lytte til.

Romanen fenga meg rett og slett ikkje.  Språket er klissete. Ulempa med lydbok er at det er vanskeleg å sitere i ettertid.  Innhaldet er i beste fall gamaldags. Andre ville sagt reaskjonært. Det meste er føreseieleg.  Det toppar seg for meg på slutten då den utru ektemannen skriv eit brev til kona om han kan få flytte heim att.  Svar vil han ha før han slår opp mede elskerinna.  Truverdig? Skal dette vere kvinnelesnad i 2013 - eller 2009 då ho var skriven?

Mitt råd til blogglesarane: Styr unna viss din litteratursmak er lik min!

mandag 11. november 2013

Ikkje pære, berre lære?

5 om dagen
Det første elevane mine spurde om då det vart regjeringsskifte, var om det kom til å bli slutt på skulefrukta. "Det kan eg aldri tru", var mitt svar.  For kvifor skulle dei gjere seg upopulære på noko som kostar så lite, men som vil ha stor helsegevinst? Vi veit at spesielt unge jenter treng C-vitaminar til brødmåltida for at kroppen deira skal ta opp jern.  I tillegginneheld dei ulike fruktene fleire vitamin og mineral som kroppen treng.

Då dei to yngste her gjekk på barneskulen, betalte eg ganske mykje for at dei skulle få seg ei frukt om dagen.  Resultatet var at dei åt meir frukt heime.

Foreldra sitt ansvar
På facebook er det mange som meiner det er foreldra sitt ansvar å sende med borna frukt. Dei treng å realitetsorienterast!  Matpakkane endrar seg for kvart år, og det ikkje til det betre.  Rett nok sit det nokre med matpakkar med mange rom i fylt med sunne saker.  Men fleire kjem med posar med kveitebollar eller skulebollar kjøpt for matpakkepengane på butikken før skuletid. Skilnaden aukar stadig. Det er og dei som verken har med seg mat eller pengar.

Foreldre vil alltid det beste for borna sine.  Når det krev tid, pengar og planlegging, kjem dessverre mange til kort. I mange heimar er det borna som bestemmer også det dei ikkje bør bestemme. Som ein lærar i Bergen ein gong sa: "Ein kan ikkje vere forsiktig nok i val av foreldre."

Politikarane si oppgåve
Gratis skulefrukt var ein liten start på eit viktig helsefremmande tiltak, nemleg å syte for at skuleborn får i seg grovt brød med sunt pålegg, frukt og mjølk. Kvar skal ein ta pengane frå?  Det får politikarane finne ut av.  Det er kanskje eit alternativ til barnetrygd? Pengane kjem borna til gode uansett.

Mange vil ha middag på skulen.  Det krev større utbyggingar.  Ikkje sidan 60-talet har nordmenn ete middag midt på dag.  Eit brødmåltid vil vere mykje enklare å organisere.

Til Erna har eg berre ein ting å seie: Ta deg ei pære!


søndag 10. november 2013

10. november

 I dag ser eg på facebook og på bloggar at ein ikkje skal reise så langt før det er snø. Det har vore ein heller hektisk dag her.  Eg tok meg ein pause midt på dag og for på Bigsetmessa.
Aloharosa mi kan kanskje framleis sprette ut?

Sidan far min snart har fødselsdag, kjem vi til å feire farsdag og fødselsdag same dag.  Det har vore ein tradisjon i familien.

lørdag 9. november 2013

9. november

Etter ei heller hektisk veke med lite søvn, var det godt å få sove seg ut i dag.  Det vart ein tur til sentrum før eg begynte å gjere noko fornuftig.  Eg oppdaga at genseren skulle strikkast på pinnar nr 6 1/2, ikkje 6 slik eg trudde.  Heldigvis hadde eg ein rundpinne til bolen i 6 1/2. Men eg treng både fempinnar og ein ermpinne. Det måtte bestillast, så eg håper eg får dei i tide.  Det er stor kvalitetsskilnad på pinnar.  Den eg strikkar på no er anten frå Nille eller Europris.  Dei er ikkje glatte nok for meg. PT sine metallpinnar liker eg best, men det er vel ei smaksak eller ei vanesak.

På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.  Ingen av dei er av den typen eg hiv meg over.

Om nokon lurer på kva det fornuftige er, så har eg retta to prøver i dag, ei før og ei etter middag. I morgon har eg tenkt å knekke minst ein bunke til.

fredag 8. november 2013

Nytt strikketøy!

 No trur kanskje blogglesarane at eg er ferdig med herregenseren, men det er eg ikkje!  Halskragen og monteringa står att.  Eg jamsteller det med rettingsarbeid.  Ein må førebu seg mentalt på å gjere det. Montering gjer eg berre i dagslys.  Etter at eg hadde strikka og montert kufta mi, tenkte eg at det å sette i ermar, er ei smal sak.  Det nye prosjektet mitt er endå enklare med tjukke pinnar og raglanfelling.  Det er frøkna som vil ha seg genser.
Brosjyren fekk eg meg med heim då eg starta på herregenseren. I dag kjøpte eg mønsteret. Denne gongen fekk eg med meg ein brosjyre som heiter DIY. Modellane var enkle og trendy.  Det er så nytt at dei hadde ikkje mønsterhefte.  Frøkna likte så godt ein genser i det heftet og. Til det er det berre å seie: Do It Yourself.  Det vil ho greie.

Då ønskjer eg blogglesarane ei god helg, med eller utan strikketøy!


torsdag 7. november 2013

Søndag i Bergen

 Søndag sjekka vi ut frå hotellet og gjekk oss ein tur rundt i sentrum att.
 Baksida av Brygggen.


 Fløibanen, no med elektroniske tavler som andre stasjonar.
 Trange gater - ikkje så ulike dei i Stavanger.



 Tagging er eit trist syn på flotte hus.


Vi gjekk til Litteratuhuset der Øystein heldt foredrag og las frå boka si.  Ekstra kjekt var det at eit vennepar frå lærarskuletida kom.  Vi møtest på Sunnmøre av og til. Søndag åt vi middag saman og kosa oss.  Det viser seg at yngstesønene våre studerer saman!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...