onsdag 20. november 2013

Mot betre vitande

Her ein kveld sat eg og kika på ei strikkeside på facebook.  Der dukka det opp eit tilbod om å vere med på ein undersøkelse der alle vann ein liten strikkepakke. Eg klikka meg raskt inn på den og godtok noko med lita skrift, noko om telefonsal.

Undersøkinga virka mer og meir mistenkeleg.  Eg fekk mellom anna spørsmål om kva av Firkløveren sine servise eg likte best.  Og verst av alt, eg kom meg ikkje vidare utan å melde meg inn i ein bokklubb.  Så til strikkepakken kom eg aldri.

Dagen etter hadde eg seks tapte anrop på mobilen etter jobb.  Eg bruker ikkje mobil i skuletida.  Eg sjekka dei opp, og alle nummera var frå eit selskap i hovudstaden som driv med telefonsal.

I kveld tok eg første telefonen.  Ho hadde fått med seg at eg likte dompapserviset deira.  "Nei, takk!" seier eg.  "Seier du nei før du har høyrt heile tilbodet?"seier ho.  "Ja, for eg skal ikkje ha noko servise,"svarar eg.  Ho gir seg ikkje med å legge ut om det fantastiske tilbodet. Det er så mange som seier "nei" før dei veit kor utruleg godt tilbodet er. "Eg forstår det, men..." er melodien. Og eg har no sagt at eg likte serviset."Det var fordi eg ikkje kom vidare i undersøkinga før eg hadde klikka på eitt av servisa," seier eg. Ho meiner eg kan gi det vekk i julegåve.  Det hjelper ikkje å seie ein har fire servise frå før og huset fullt.  Ho har svar på alt. Femte gongen eg seier "Nei, takk!" seier eg men-et for henne.  "Så du ventet bare på et men", seier ho.  Då ler eg berre og seier at eg ikkje skal ha noko, og så seier eg "hade" og legg på.

Eg skal ikkje åtvare blogglesarane om undersøkinga.  De forstår det sikkert sjølve om de ser den.  Det gjorde eigentleg eg og.

5 kommentarer:

  1. Hehe, ja har vært innom noe
    av det samme. ikke alltid lett å
    få de til å godta et nei.
    Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  2. Typisk! Eg har slutta å vere høflig med telefonseljarar, har reservert meg opp til fleire gonger osv. Eg seier berre kort at eg ikkje skal ha noko, og legg på. Eg blir SUR fordi eg meiner dei prøver å NARRE meg, og då kjem piggane ut.

    SvarSlett
  3. Eg har sjekka opp alle tapte anrop og merka dei med telefonsal. Så slepp eg å ta telefonen. Noko nytt som har dukka opp er ikkje nummer men Privat nummer. Reknar med det er lureri.

    SvarSlett
  4. Eg "likte" eit servise på facebook og vart deretter kontakta av det same firmaet du nemner. Etter det har dei kome med tilbod om både det eine og det andre - det siste var eit juleservise. Å få EIN gratis kuvert er ikkje noko godt tilbod når resten av serviset blir relativt dyrt. Kvar gong dei ringer er eg trekt ut som ein heldig vinnar av eit kjempetilbod, og kvar gong takkar eg nei.

    SvarSlett
  5. Ein med omega-produkt ringte meg fredagskvelden. Han gav opp med ein gong då eg sa at eg godt kunne svar på ei undersøkinng, men var ikkje interessert i telefonsal. Då fekk eg to enkle spørsmål før han sa god kveld!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...