fredag 30. januar 2015

Bytur

I dag fann vi damene ut at vi måtte ha oss ein tur over Eidet.  Begge fann vi oss det klesplagget vi trong. Til middag i går dampkokte eg brokkoli.  Eg vert like irritert kvar gong eg må til å reparere damprista i stål før eg brukar henne.  Eg kom på at eg hadde sett nokre på Kitch'n før jul.  I dag investerte eg i ei slik.  Berre eg ikkje tørrkokar panna, skal ho vare lenge.

Frøkna ville kjøpe bønnespirar på boks, men det må vere mykje sunnare og betre med friske!  Eg skal ta fram utstyr frå 80-talet!


torsdag 29. januar 2015

Milepæl

Det har vorte litt lite blogging i det siste. Tysdag hadde vi halv studiedag. Det er ikkje så mykje å blogge om. I går var eg i Tupperwareparty. Det kjem eg nok attende til.

I dag kan eg sette kryss i taket. Eg har vore på mitt siste kontaktmøte som mor. Neste år er ho myndig. For meg er det godt, men samtidig litt vemodig.

(Datamaskina er opptatt, så dette vert berre eit kort innlegg og bilde frå I-paden.)

mandag 26. januar 2015

Bok 4: Våpenskjold

«Våpenskjold» er fjerde bok om krimjournalisten Henning Juul. En frittstående krim, den nest siste i Juul-serien. ET UFORKLARLIG DRAP: Dypt i de svenske skoger, midt under høstjakten, blir en eldre mann skutt og drept. Det er ikke et vådeskudd. EN MYSTISK FORSVINNING: Småbarnsmoren Hedda Hellberg skulle til Italia i tre uker for å pleie sine sår etter farens død. Men på hotellet har de aldri hørt om henne. Alle spor etter Hedda slutter på Gardermoen. EN PERSONLIG JAKT: Journalisten Nora Klemetsen kjente Hedda, og hun involverer seg i saken. Nora kan ikke tro at Hedda har forlatt mann og barn frivillig. Enda mer gåtefullt blir det da Heddas navn dukker opp i forbindelse med drapet i Sverige. EN FARLIG KOMBINASJON: Henning Juuls liv dreier seg bare om én ting: Hvem tente på leiligheten der hans og Noras lille sønn Jonas omkom? Sporene Henning følger, peker i retning av saken Nora arbeider med. De nærmer seg en sannhet, og noen er villig til å drepe for å holde den skjult. En sannhet med røtter i et mørkt kapittel i europeisk historie. 

Før eg begynte å skrive mi eiga meining om romanen her, prøvde eg å finne ut om eg har lese og likt bøkene til forfattaren før.  Eg ser at eg har skrive om Skinndød som eg ville skrive om denne.  Romanen er heilt grei, men ikkje "my cup of tea".  For meg manglar den det eg kallar X-faktor

P.S.
Eg fekk nesten dårleg samvit for å vere så negativ.  Så eg googla VG si melding. Det er visst ikkje berre eg ...

søndag 25. januar 2015

Siste søndag i januar

I dag køyrde eg mannen fram på Rise slik at han fekk gå på fjellet.  Det kan de sjå bilde frå på hans blogg.  Sjølv fann eg ut at eg like godt kunne få unna eit dokument eg må skrive i løpet av morgondagen.  Eg hadde og liggande ei prøve det var freistande å få unna. 

Vel heime fekk eg tid til å lage både middag og dessert - og dessutan ein pavlovabotn.  Det stod kjøtkaker med ertestuing på menyen.  Til dessert var det sagopudding med raud saus.  Eg laga så mykje at eg har middag til i morgon.  Då er det møte etter jobb.  Tysdag har vi halv studiedag.  Men no har veka fått ein god start!

I kveldninga har karane sett fotball medan eg har tatt att eit par episodar av seriar eg gjekk glipp av då vi berre hadde NRK.

lørdag 24. januar 2015

Handledag

I dag har eg vore på to handleturar.  På den første turen var eg innom biblioteket.  Der fann eg mellom anna ei bok med hueoppskrifter.  Eg har lova ein ny hue.  Det vert ei dyr hue om ein skal kjøpe ei bok for å finne oppskrift, så då er biblioteket greitt å ha. Det må også skytast inn at eg nok har mønster i ei av dei andre strikkebøkene mine. Men denne overraska positivt. 

Vel heime laga eg pizza før eg fann ut at Amfi i Ørsta har ope til 18 om laurdagane. Eg er heilt kleslaus, og har ikkje funne meg noko eg liker i næraste by.  Klesbutikken eg har handla på i mange år er nedlagt. På Femina i Ørsta fann eg meg både grå bukse, som eg var ute etter, og eit par toppar.  Etterpå for eg opp i Starevegen og fekk meg kaffi.

torsdag 22. januar 2015

Bok 3: Sikre tegn på din død

En pasient forsvinner på Akershus universitetssykehus. Samme natt blir han funnet i et kott i kjelleren, med strupen skåret over. Spor peker i flere retninger, blant annet til et brutalt gjengmiljø i bydelen Rosengård i Malmö. Tidligere rettsmedisiner Jennifer Plåterud blir tilkalt for å undersøke liket, men vet ingenting om hvor tett involvert hun selv er i drapet. I det ubarmhjertige sommerlyset blir hun tvunget til å se sammenhenger hun helst vil lukke øynene for.Ny psykologisk thriller fra Torkil Damhaug, som også denne gang tar leserne med til de mørke skogene på Romerike.

 Eg hadde store vanskar med å legge romanen vekk, så spennande var han.  Personane i romanen er knytte til kvarandre, og ein vert mistenksam overfor fleire av dei. Når oppklaringa kjem, er den logisk og god!  Politiet er i bakgrunnen.  Her er ein halvkriminell som prøver å få livet på rett kjøl.  Og så er det ho som eigentleg har slutta som rettsmedisinar.  Eg har stor sans for persongalleriet.  Nokre av hendingane, spesielt i skogen, gjer at ein ikkje kan legge boka til side ...

Skulle eg ha trilla terning, er denne ein sterk femmar.

tirsdag 20. januar 2015

Kanalar

Eigentleg har det gått veldig greitt å berre ha ein kanal. Det eg har sakna mest, må eg innrømme, er Nyhetskanalen. Ninyheitene ser eg kvar dag, også i helgene. Elles er det greitt å få med seg nyheiter når ein set seg ned etter middag. 

No er kanalane på plass att. Vi kan også kople TV-en på nett - om vi hadde hatt det.

mandag 19. januar 2015

Fleire kofteoppskrifter

Eg har ikkje begynt å strikke frå bøkene mine enno. Likevel fall eg for freistinga og kjøpte dette strikkeheftet. I tillegg til mange fine oppskrifter finn ein litt strikkehistorie. Mellom ann kan ein lese at prinsesse Ragnhild var flink å strikke, og då ho strikka fanakofter som kom på framsida av Norsk Ukeblad si strikkebok, vart fanamønsteret svært populært.
På strikkesida på facebook vil det nok vise seg kva som vert våren si mest populære kofte. Til no har eg mest tru på Bøvertun frå Kofteboka. Time will tell.

Tida vil og vise kor tid vi får liv i datamaskina. I går tok eg fine bilde frå turen min, men eg må ha nett for å skrive den type blogginnlegg. Det same gjeld boka eg nettopp har lese.  Riks-TV har sendt meg melding om at ny boks er på veg. Vi får nok ordna opp etter lynnedslaga etter kvart. 

fredag 16. januar 2015

Eg tel på knappane

No har eg strikka ferdig den nye jakka mi. Berre ein ting står att, og det er knappane. I oppskrifta står det at der skal vere raude perlemorsknappar. Det får eg ikkje tak i. Dagens bytur vart ein bomtur. Kva trur blogglesarane. Ville de harr raude, grå eller kvite knappar? 

Blogginga skjer frå nettbrettet vårt. Datamaskina må ha fått seg ein trøkk då lynet slo ned hos naboen. Men vi har nettbrett og NRK ...

God helg!

onsdag 14. januar 2015

Som på 70-talet ...


... må vi greie oss med ein kanal.  I går var skjermane svarte og internetttilgangen var heller tilfeldig.  I skrivande stund har eg nettilgang. Det hadde eg ikkje for fem minutt sidan.  Så dette vert berre ein snartur innom bloggen.

det vert kanskje meir tid til lesing?  Desse lydbøkene vart med heim frå biblioteket.  Eg oppdaga at eg hadde lese "Menneskets natur".  Det er greitt å kunne søke på sin eigen blogg kva ein har lese.  No har eg starte på Torkil Damhaug sin krimroman.  Eg har også andre bøker på lager.

mandag 12. januar 2015

Bok 2: Maurtuemordene

Maurtuemordene er den sjette boka om K2 og Patricia. I Oslo er en seriemorder løs. Unge kvinner blir funnet kvalt på ulike steder av byen. Felles for dem er en merkelig, barnslig illustrasjon av en maur plassert på liket. Det første offeret er en tekkelig teologistudent, den neste en temmelig utagerende jazzsangerinne og dernest følger arvingen til en av Norges største formuer. Men snart skal det bli flere. K2 famler i blinde etter noe som binder ofrene sammen, men finner ikke annet enn det opplagte At de blir funnet drept. Selv Patricias skarpe hjerne og utradisjonelle resonnementer kommer til kort. K2 står i fare for å miste sin posisjon som Oslo-politiets ubestridt beste etterforsker. Sjefen er alt annet enn fornøyd, og presset mot etterforskningen øker for hver time som går. Hans Olav Lahlums bok av året er en forbløffende psykologisk thriller.

Eg liker godt Lahlum sine bøker. Men eg synest det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kva det er. Handlinga er lagt til 70-talet.  Her er ingen mobiltelefonar.  Oppklaringa tek den tida det tek. Språket høver til romanen.  Det er noko stivt, men ikkje utan snert og humor.  Personane er interessante.  Her er og lagt inn romantikk.

Heller ikkje denne romanen skuffa. Terningkast 5 frå meg.

søndag 11. januar 2015

Lat - eg?

 Ei venninne let seg skikkeleg provosere av ein interiørekspert som uttalte tidlegare i veka at dei som ikkje hadde rydda vekk jula 1. nyttårsdag, ja, dei var nettopp late.  Vi som pyntar til jul lisjejulaftan, har det ikkje så travelt med å kaste ut juletreet. 1. - 23. desember var det kanskje lilla som gjaldt.
Men - det er kanskje på tide å rydde ut jula 2013!  Denne julestjerna har nekta å døy.
Så spørs det kva farge ein skal satse på - sånn interiørmessig - i januar?  For meg er månaden lysegul og turkis eller lyseblå.  Her i huset snik det seg inn ein del rosa. På TV-rommet får frøkna innreie med dukar, puter og lys som ho vil. For meg er juli rosa.

Elles i dag har eg sett over hundre karakterar.  Det er eit arbeid ein ikkje tek lett på!Vi går inn i siste veka i første termin. Før eg gjekk bort på arbeidsplassen min, sette eg på ei (relativt) lita panne med fårikål.  Så fekk middagen lage seg sjølv.  No har eg brød i omnen.  Innimellom dette har eg og hatt god tid til å late meg, eller ligge på lading som eg kallar det!





lørdag 10. januar 2015

Netthandel

Truleg av same grunn som at eg ufrivilleg har kome inn på eit par sjekkesider på nett, dett det stadig gode tilbod ned i e-posten min.  No er det nyttårssal - sjølvsagt. Eg fall for freistinga og kjøpte denne minikommoden frå Panduro.  Eg tenkte den kunne stå i hylla mi.  Planen er å putte sysaker som knappar og nåler i han.

fredag 9. januar 2015

9. januar

No har yngstemann reist attende til hovudstaden. Når eg ser vermeldingane, er eg glad for at han kjem seg på plass før morgondagen.

I år vert han ikkje heime på gebursdagen sin. Vi satsar på ei fellesfeiring når alle er heime om fem veker.  I dag laga eg verdas mest lettvinte kake.  Rullekake med krem og aprikos, også kalla speilegg.

torsdag 8. januar 2015

Kvardagar

Når det skjer alvorlege hendingar, har eg lett for å bli sittande og sjå på nyheiter.  Og så vert eg ordlaus. No er eg redd terroristane går inn i eit hus og forskansar seg.

Ein får vere glad for kvardagane ein får gå på jobb og vere frisk.  I dag vart det berre ei handlerunde før eg skal sjå ein av yndlingsseriane mine.

Denne månaden trur eg coop har fått føre seg at eg ikkje har vaska nok til jul ... Sanninga er at eg nok hamstra litt grønsåpe, men dei andre vaskemidla hadde eg frå før, kanskje kjøpt på Nille på 3 for 2.

onsdag 7. januar 2015

Bok 1: Svøm med dem som drukner

Eg hadde begynt å lese denne romanen før eg kåra fjorårets lesaroppleving.  Om eg hadde lese denne ei veke før, ville "Et helt halv år" fått sterk konkurranse.

Romanen femnar vidt.  Hovudpersonen, Edvard, veks opp hos besteforeldra etter at foreldra omkjem i Frankrike i 1971. Bestefaren var nazist under krigen medan bror hans var på rett side.  Ein uvennskap mellom dei er viktig, men var det noko meir? Når bestefaren døyr, begynner han å nøste i fortida. Kvar vart det av grandonkelen? Kva hadde han med mora å gjere? Edvard reiser til Shetland der han møter ei jente han snart vert ven med.  Skal han satse på henne eller kjærasten heime?

Når ein krev i fortida, må ein vere budd på å finne ut ting ein ikkje liker, eller ting som vil vere vanskelege å akseptere.  Samtidig kan det gi ein fred i sjela. Slik vert det og for Edvard.

Viktig i romanen er og treverk, både flammebjørk og edlar tre.  Sjølv har eg ikkje lese "Hel ved" som forfattaren har hatt stor suksess med.

Eg ser at VG har gitt romanen terningkast 4.  Romanen har fått bokhandlarprisen.  Sjølv ville eg ha slått til med ein seksar.


mandag 5. januar 2015

Årets lesaroppleving 2014

Eg har kome fram til at eg vil kalle kåringa mi "årets lesaroppleving", for då kan eg trygt ta med klassikarar og litt eldre bøker.  Eg har gått attende for å sjå kva bøker eg har likt best, og kva for bøker som har gjort meir varig inntrykk.
 
I år vil eg, kanskje overraskande for mange, gå for ein såkalla bestseljar.
Djupast sett handlar all god litteratur om livet, døden og kjærleiken, plar eg seie til elevane mine når eg skal forklare dei kva tema er. Det gjer også "Et helt halvt år". Vennskap står og sterkt. Kontrasten mellom det å vere fattig og det å vere rik, vert viktig.

"Et helt halvt år" stiller mange spørsmål, og ein får kanskje svar ein ikkje liker. Kva gjer eit liv verd å leve? Må vi leve berre fordi legevitskapen kan halde oss i live? Kan ein velje å ta sitt eige liv? Kva med dei som berre går viljelaust rundt utan å sette pris på livet og utan å sette krav til seg sjølve?

Personane er godt skildra.  Ein ser dei for seg!  Eg vart derfor ikkje overraska då eg såg at det skal lagast film av romanen!

Dette er ein roman som passar for både unge og gamle, vil eg tru!

søndag 4. januar 2015

4. januar





Dette vert nok siste innlegget med dekka bord på ei stund.  Mellomstemann reiste i kveldninga.  Vi har fått litt snø, og no merkar vi allereie at sola har snudd.  Det var lyst klokka fire om ettermiddagen!  I dag serverte eg svinekotelettar.  Då eg stod og skar opp brokkolistilken til kaninen, tenkte eg at ho må i alle fall vere glad for at det er slutt på jula.  Kaninar et ikkje rabbe, som vi seier her.


I går kokte eg ertesuppe og serverte siste julemiddagrestane til.  Potetene og rabbebitane kokte eg i suppa.  Kjøtet varma eg i til slutt.


Blogglesarane legg kanskje merke til det nye lyset mitt?  På Christiania Glassmagasin sel dei ulike produkt i nylaga (relanserte) Norgesglas.  Eg har ikkje så mange slike små, og kunne tenke meg nokre til solsikkefrø og liknande. Før jul syntest eg prisen var noko stiv, og fann ut at eg ville vente til dei eventuelt kom på halv pris.  Det gjorde dei i romjula.  Lyset skal brenne i 85 timar og er sikkert av god kvalitet.
Dette bildet knipsa eg i dag berre for å sjekke mobilkameraet.  Det er sikkert heilt greitt til å dokumentere turar og liknande!

No prøver eg å kome meg ut av feriemodus ...


lørdag 3. januar 2015

Ut med jula?

 Eg tippar mange har brukt dagen til å rydde ettter jul.  På facebook kan det sjå ut som det er om å gjere å vere først med det meste.  Julegåver er innkjøpt i november og jula kasta ut 1. januar.

Vi har bestemt oss for å vente til dei unge menn reiser att.  Mellomstemann reiser til Elverum i morgon, og yngstemann reiser til Oslo fredag.

All erfaring tilseier at det tek ei stund før ein får plukka vekk alt, så eg har begynt så smått.  For nokre år sidan kjøpte eg meg ein haug med julehanddukar.  Dei puttar eg no i ein plastsekk etter kvart som eg vaskar dei.
 Ho som var med meg på sal i går, meinte at no var det på tide å kjøpe rosa handdukar til badet.  Gåvesettet med "Enlish Rose" inspirerte oss.  Eg har aldri hatt handdukar i bambus, og veit ikkje kva fordelen skal vere anna enn at dei er svært mjuke og gode.   Desse er 70% bambus og 30% bomull.  Ved førstegangsvask synest eg ikkje dei brukte kortare tid i tørketrommelen, så miljøvennlege mistenker eg dei ikkje for å vere.
Fargen passar til diverse anna vi har på badet!
Til jul fekk eg mykje fint frå Body Shop.  Det har no kome ned på badet med dusj saman med dei "gamle" handdukane. Heilt frå eg var lita har eg kjent gleda av å bade eller dusje seg med nye lukter 1. juledag.  (Handkremen ligg strategisk til ein annan stad - om nokon saknar den på bildet.)

fredag 2. januar 2015

Blålange - agn eller delikatesse?

 Det har vore ein diskusjon i storfamilen: Er blålange menneskemat?  Om eg har fått eller berre tatt dommarrolla, er uvisst.  I dag var alle fiskeetarane til stades, så dommarpanelet var komplett.

Min teori er at omtrent all fisk kan steikast.  Det har hendt at familiemedlemer har steikt "kokefisk", og at det har smakt overraskande godt.

Steikemetoden er viktig. Eg hadde fått beskjed om å steike fisken i rikeleg med smør.  Fisken skulle og ettersteike på svak temperatur.  Det gjorde eg, og steikepanna vart flytta fram på ei litt mindre plate medan eg begynte med andre steikepanna.

Fisken vart nydeleg! Den minte meir om steikt lyr enn steikt sei.  Her kan eg skyte inn at eg har møtt sunnmøringar som eg har prøvd å overtale til å steike lyr.  Det har dei hatt lita tru på. I Sogn er det ein delikatesse, mykje betre enn sei.  Eg trur det vert laga nokre sanningar, også om fisk, som ein gjerne kan etterprøve!
Vanlegvis raspar eg berre gulrot til steikt fisk.  I dag laga eg råkostsalat av raudkål, eple og gulrot.  I staden for rosiner brukte eg nokre små steinlause druer eg hadde att etter nyttår.

Eg hadde ikkje før laga ferdig råkostsalaten før straumen gjekk.  Her har vore eit skikkeleg torever i dag.  Heile huset rista på det verste.  Heldigvis kom straumen att etter eit par minutt!

torsdag 1. januar 2015

Blogging 2015

                                                                                                       Foto: Øystein
Ein septemberdag i 2007 skreiv frøkna og eg vårt første blogginnlegg.  I over sju år har eg hatt stor glede av å blogge, og av å lese andre sine blogginnlegg.  I periodar har eg skrive blogginnlegg så å seie kvar einaste dag.  Både i fjor og i år har eg hatt periodar då eg har følt at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Valet er ofte om ein skal legge ut bilde av ein blomst eller eit dekka bord, eller skrive om noko heilt kvardagsleg.  Det gjer eg ofte, og det får vere greitt!  På facebook skriv ein på ein felles vegg medan på bloggen går dei som vil inn og les.  Lista vert derfor lågare for meg.

1. januar kvart år har eg gjerne skrive ei lita bloggerklæring.  Legg ein ut ein link til i fjor, er det berre å klikke seg bakover.

Handarbeid

 Handarbeid var det kjekkaste faget eg hadde på skulen.  Siste året på lærarskulen tok eg halvtårseining i forming med vekt på tekstil.  Elles har eg undervist lite i faget. Eg heldt og opp å strikke i nærare 20 år før eg no har tatt fram pinnane att.  Det hender eg må ta meg ei strikkefri veke på grunn av skuldra, men stort sett går det greitt med eit par timar strikking om dagen.  De skal få sjå bilde av mitt nye prosjekt ein dag eg ikkje har noko anna å skrive om!

Mat og helse
Det var ikkje så lett å få lærarjobb då eg starta på lærarskulen i 1983. "Nord-Noreg neste!" var ein typisk kommentar.  Så eg bestemte meg tidleg for å ta heimkunnskap, eit fag det både då og no er få som har utdanning i. Eg tok det i Bergen som mitt femte år i utdanninga. I det siste har det vore lite matblogging.  Eg har halde meg til rettar eg har laga før.  Men eg satsar på å kome sterkt tilbake.

Av og til kan det å høyre kva andre har hatt til middag, vere nok til inspirasjon.  Derfor hender det eg berre fortel om søndagsmenyen.

Sonja og eg
Eg har høyrt at Sonja fotograferer alle bord som vert dekte på slottet.  Eg synest det er kjekt å dekke litt finare bord på søndagane. Det skal ikkje så mykje meir til enn ein strykefri duk og nokre fine serviettar.
Som kjent greier eg nesten ikkje å gå forbi fine serviettar.  Desse har mor mi kjøpt.  Kanskje vi får besøk ein dag det er skeiseis?

Litteratur
Etter at eg begynte å lytte til lydbøker, har eg fått lese mykje meir. Eg trur det var systera mi som begynte å nummerere bøkene ho las.  Den idéen stal eg.  Lista ser slik ut:
2014: 61
2013: 58
2012: 58
2011: 62
2010: 59
2009: 76
Folk har sjølvsagt ulik litteratursmak.  Eg prøver å vere så ærleg eg kan når eg skriv om bøker.  Årets bok skal eg kåre, kanskje i morgon.

Rettskriving

  Det er ikkje lett å vere norsklærar når ein vert motarbeidd av profesjonelle skribentar!  Eg forventar av dei som får ting på trykk skriv rett, eller søkjer hjelp til å gjere det.  Folk flest får skrive så godt dei greier.

Ting og tang
Det hender eg viser fram ting eg kjøper.  Eg liker kjekke oppfinningar eller fornyingar i heimen.

Blomster


Eg liker å styre i hagen når veret er fint.  Då kan det bli nokre bilde av det.  Engletrompeten min blomstra ikkje ute i år, men no har den fått eit føre!

Ut på tur
Eg går gjerne ei fast rute når eg går tur.  Mobilen min har takka for seg etter berre 2 1/2 år.  Eg har kome fram til at eg treng ikkje både smarttelefon og I-pad.  På jobb har eg PC, så der har eg mobilen liggande i lomma.  Det viste seg at mor mi hadde liggande ein mobil som eg fekk overta.  I dag gløymde eg den rett og slett då eg gjekk tur.  Eg må skjerpe meg og lære meg med kameraet i den.  Elva var svært stor i dag, men som sagt har eg ikkje bilde.
Utdrag
 Ein høyrer av og til at bloggarar legg ut "livet sitt" på nett.  Det gjer ein sjølvsagt ikkje.  Som alle andre så legg vel eg ut utdrag av sanninga.  Det er ikkje sikkert ein vil legge ut heile juletreet eller bilde av heile stova, for å ta eit døme. Elles må ein respektere at familiemedlemer og vener ikkje vil vere på bloggen.

Skriveglede
Då eg starta å blogge, oppdaga eg at eg eigentleg skreiv svært lite privat.  Når ein tek ein penn i handa eller tek fram tastaturet, vil ein som regl oppdage at ein har  noko å skrive om!

Då vil eg ønskje alle bloggarar eit godt nytt bloggeår!









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...