onsdag 7. januar 2015

Bok 1: Svøm med dem som drukner

Eg hadde begynt å lese denne romanen før eg kåra fjorårets lesaroppleving.  Om eg hadde lese denne ei veke før, ville "Et helt halv år" fått sterk konkurranse.

Romanen femnar vidt.  Hovudpersonen, Edvard, veks opp hos besteforeldra etter at foreldra omkjem i Frankrike i 1971. Bestefaren var nazist under krigen medan bror hans var på rett side.  Ein uvennskap mellom dei er viktig, men var det noko meir? Når bestefaren døyr, begynner han å nøste i fortida. Kvar vart det av grandonkelen? Kva hadde han med mora å gjere? Edvard reiser til Shetland der han møter ei jente han snart vert ven med.  Skal han satse på henne eller kjærasten heime?

Når ein krev i fortida, må ein vere budd på å finne ut ting ein ikkje liker, eller ting som vil vere vanskelege å akseptere.  Samtidig kan det gi ein fred i sjela. Slik vert det og for Edvard.

Viktig i romanen er og treverk, både flammebjørk og edlar tre.  Sjølv har eg ikkje lese "Hel ved" som forfattaren har hatt stor suksess med.

Eg ser at VG har gitt romanen terningkast 4.  Romanen har fått bokhandlarprisen.  Sjølv ville eg ha slått til med ein seksar.


3 kommentarer:

  1. Eg ville truleg hamna på ein 5-ar -på grunn av litt "rotete" komposisjon. Men veldig bra bok. Og eg har lese Hel ved også.

    SvarSlett
  2. PS: Eg kunne godt ha tenkt meg å lese boka om att.

    SvarSlett
  3. Takk for omtale.
    Eg fekk den boka i julegåve, men har ikkje byrja på den enno,
    No må eg kome i gong.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...