En pasient forsvinner på Akershus universitetssykehus. Samme natt blir
han funnet i et kott i kjelleren, med strupen skåret over. Spor peker i
flere retninger, blant annet til et brutalt gjengmiljø i bydelen
Rosengård i Malmö. Tidligere rettsmedisiner Jennifer Plåterud blir
tilkalt for å undersøke liket, men vet ingenting om hvor tett involvert
hun selv er i drapet. I det ubarmhjertige sommerlyset blir hun tvunget
til å se sammenhenger hun helst vil lukke øynene for.Ny psykologisk
thriller fra Torkil Damhaug, som også denne gang tar leserne med til de
mørke skogene på Romerike.
Eg hadde store vanskar med å legge romanen vekk, så spennande var han. Personane i romanen er knytte til kvarandre, og ein vert mistenksam overfor fleire av dei. Når oppklaringa kjem, er den logisk og god! Politiet er i bakgrunnen. Her er ein halvkriminell som prøver å få livet på rett kjøl. Og så er det ho som eigentleg har slutta som rettsmedisinar. Eg har stor sans for persongalleriet. Nokre av hendingane, spesielt i skogen, gjer at ein ikkje kan legge boka til side ...
Skulle eg ha trilla terning, er denne ein sterk femmar.
Høyrest skummelt ut..
SvarSlettMen forstår godt at du ikkje klarte legge den vekk.
God helg som snart er rundt hjørnet ;-)
Sjølv om eg er lei av krim, særleg krim i seriar med mykje privatliv, så fekk eg lyst å lese denne. TRUR ikkje eg har lese den før.
SvarSlett