mandag 30. juni 2014

30. juni

Eg heng litt etter med fotografering. Bilda er frå Viareggio. Vi tok toget der ifrå til Roma i dag.

søndag 29. juni 2014

Uni Credit

Den høgste blokka i Italia finn ein i Milano.  Sjarmerande og moderne miljø.
Bloggar frå mobilen.

lørdag 28. juni 2014

Viareggio

Bildet av den milelage stranda vart tatt i hår ettermiddag/kveld. I dag har vi ikkje sett ei sky. Her er ein liten trekk som gjer at varmen er herleg. Det er varmt og godt i sjøen. Ein vert liggande å duppe i bølgjene. Kan ein ha det betre?

fredag 27. juni 2014

Lost and found

Vi har lese og høyrt om ferieforviklingar som koffertar som ikkje kjem fram i tide. Sjølve har vi aldri opplevd det - til no.

Det begynte kanskje med ei bestilling der vi hadde lagt inn gode marginar. Så ringer SAS og seier at flyet frå Vigra er utsett ein time. Dermed hadde vi berre ein halv time å gå på på Kastrup. Når flyet onsdag i tillegg var ein halv time forseinka, ja då vart tida knapp.  Gate closed las vi på tavla. Vi tok likevel beina fatt og spurta. Dei siste 100 metrane måtte eg berre sleppe friidrettsfolka føre meg. Vi høyrde namna våre bli lesne opp i det vi såg skraken.  Det gjekk akkurat! Men kva med bagasjen, spurde vi. Jau, han skulle og rekke det! Så kom vi andpustne inn i eit stappfullt fly. 

I Milano var vi spente på om koffertane ville kome.  Det gjorde to av dei. Frøkna sin var att i København fekk vi vite etter å ha stått i kø ein liten time.  Kofferten skulle bli køyrt til hotellet.

Dette har eg og høyrt om før, men eg trudde leveringa ville gå raskt. Vi måtte kjøpe det mest nødvendige til henne som mangla alt. Heldigvis kan ho bruke mine kle, og eg hadde kjøpt meg ein del nye kle på H&M. Men det manglar ikkje klesbutikkar i Milano.

Vinskulle vere der i to netter. I dag tidleg tenkte vi at vi berre måtte belage oss på at kofferten i beste fall vart sendt attende til Vigra.  Frøkna vart lova ny av forledra. Då ringte dei frå resepsjonen. Klokka var 11, ein time til vi måtte sjekke ut!

Så fekk vi oppleve det og.



torsdag 26. juni 2014

Mildt i Milano

Det første som slo meg då eg såg ut vindauget i dag, var at det måtte vere kjøleg. Folk gjekk godt påkledde! For oss nordbuarar er 23-24 gradet T-skjortever, ikkje jakkever.

Vi har sett oss om i byen. Fleire bilde ligg på mobilen. Eg kjem berre på Wi-Fi med nettbrettet her på hotellet.

Akkurat no har vi pause før vi skal finne oss ein stad å ete. Moglegheitene er mange.



onsdag 25. juni 2014

Ferielektyre

Eg har sikra meg lesestoff til ferien.  Sist eg lånte bøker på bybiblioteket, mangla CD 1 av eine boka.  No har eg rippa 19 av CD-ane av Havets katedral, så merkar eg at nummer 20 manglar.  Eg tippar begge ligg att i ei maskin eller i ein spelar eigd av siste lånar.  Denne gongen er det ikkje krise, for der ligg ved ei MP3-plate også. Papirutgåva ligg i huset ein stad. Så spørs det om eg kjem meg gjennom dei første 19?

tirsdag 24. juni 2014

Første feriedag - gratulerer Einar!

 Eg bruker å kalle dette den beste dagen i året.  Denne dagen har vi heile ferien framføre oss. Det er ei herleg kjensle.
 Vi kan også gratulere eldstemann med 27-årsdagen!
 Han kom innom etter jobb.  Vi grilla på altanen.  Til desser laga eg kompott av 1 pk aprikosar, 1 pk svisker og ca 600 g rabarbra.  Eg brukte denne oppskrifta.  Desserten servewrteeg med krem og vaniljesaus.
Det har vore lite skvåsjnytt i år.  Det betyr ikkje at eg ikkje dyrkar skvåsj!

mandag 23. juni 2014

Bok 34: Gull

Frå forlaget:
I "Gull" er fem mennesker knyttet til hverandre i et skjebnefellesskap. Båndene mellom dem strekkes til bristepunktet og hver enkelt tvinges til å se seg selv i hvitøyet: Hvem er jeg? Hva vil jeg kjempe for? Hva er jeg villig til å ofre for andre? Historien om tapre lille Sophie gjør et uutslettelig inntrykk. Sophie er 8 år, hun er alvorlig syk, redd, men først og fremst er hun opptatt av å skåne mor og far. For hvordan skal det gå med dem hvis hun, og sykdommen, står i veien for målene deres? Jake og Kate er besatt av drømmen om å vinne OL-gull i velodromsykling. Nå er det like før mesterskapet braker løs i London - år med forsakelser og beinhard trening skal endelig bære frukter. Men hva med Sophie, ingenting er vel viktigere enn Sophie?

Romanen følgjer tre oppdikta britiske velodromsyklistar, barnet deira og ein trenar.  Ei hending  i fortida spelar og inn.  Sanninga vert nøsta opp medan barnet sin sjukdom utviklar seg.  Ein er aldri i tvil om at historia er oppdikta sjølv om historiske hendingar som gullmedaljar vert lagt inn i henne.  I sluttordet får vi vite namnet på dei verkelege olympiske meistrane.  

Romanen er grei lesnad, men meg treff den ikkje heilt.

Og bodskapen i boka, som vert gjenteken så vi ikkje skal vere i tvil, kan vi kort oppsummere: Å ta seg av syke barn er den største av alle olympiske øvelser.


søndag 22. juni 2014

22. juni

 I dag kan vi gratulere Øystein med dagen! Feiringa har vore nokså enkel, berre med middag og dessert. No har også han fått seg nettbrett.  Eg tippar han kjem til å lese fleire avisartiklar frå dei store avisene på brettet. Mitt vert i alle fall flittig brukt.
Veret er ikkje det beste her, men eg kom meg rundt vatnet utan å bli altfor våt.  Eg har funne ut at desse timeslange turane har god effekt. Eg rekk dessutan akkurat å høyre ein bok-CD.

I morgon er siste arbeidsdagen før ferien.  Vi satsar på å kjøpe oss rømmegraut etterpå.  Det verkar som det har vore svenske tilstandar rundt om, med bålbrenning og jonsokfeiring på forskot.

lørdag 21. juni 2014

Røre graut ...

... kan kanskje vere litt kjedeleg?  Den siste oppfinninga som har kome i hus er eit instrument som kan gjere jobben for ein.  Frøkna prøvekøyrde han for eit par dagar sidan.  I dag vart det min tur til å koke semulegraut.  Instrumentet er praktisk! Det har to stille. Når grauten har kokt opp, stiller ein berre røreinstrumentet ned på sakte.  Eg ser ikkje vekk i frå at det kan verte både graut og puddingar oftare i tida framover.


fredag 20. juni 2014

Gratulerer Margrete!

I dag vil eg gratulere lisjesystera mi med dagen! Ho er fem år yngre enn meg, noko som var mykje i 1970, men no vert vi meir og meir jamgamle? Sjølv om vi søskena er ulike, har alle valt same yrke.  Vi underviser i kvart sitt skuleslag.  Margrete er ei sporty dame.  Ho tek dei fleste utfordringar på strak arm. Vi har det alltid kjekt saman!  Håper ho får feira litt sjølv om dagen kjem akkurat i slutten på skuleåret.
Bror min har fått gamle lysbilde over i det digitale.  Det er freistande å vise fram eit bilde til der gamleskulen er med.  Han brann ned.  Bussane hugsar eg godt.

Bok 33: Maiblomst

Omtale:

Maiblomst er ni år og reiser rundt i en bobil sammen med faren sin. En dag kommer hun forbi en savnetplakat. Jenta på plakaten ble bortført som toåring - Maiblomst ser til sin forskrekkelse at bildet er av henne selv! Spørsmålene tårner seg opp: Er Maiblomsts pappa virkelig hennes far? Hva har skjedd med hennes mor?

Denne romanen treiv eg meg med sist eg var på biblioteket i byen.  Der var få titlar eg ikkje hadde lese. Ikkje for å vere fordomsfull, men eg har ikkje så stor tru på forlaget - at det borgar for kvalitetslitteratur.  Slik sett innfridde den forventningane.

Romanen er lettlesen, og historia er god. Men forfattaren kunne gjort så mykje meir ut av den!  Folk er for snille! Oppklaringa eller avslutninga er altfor lite dramatisk i ei så dramatisk forteljing.  Det er rett og slett for snilt.

Romanen passar for dei som vil lese ei triveleg, småspennande historie utan særleg litterære kvalitetar

torsdag 19. juni 2014

Aktive dagar

Eg har vore på to byturar i dag. Mobilkameraet mitt samarbeider ikkje for tida. Bilda bør visst helst opp i skyene, slik at eg kan ta dei ned att frå den datamaslina, I- paden eller anna eg måtte ha for hand. Utfordringa med dette har eg utsett til ferien. Bildet tok eg med nettbrettet medan eg ventar på snøggbåten. Ein kjem med siste båten i dag, ein annan fer med første i morgon tidleg. Det er bra det er lyse netter!

tirsdag 17. juni 2014

Fargeval

I dag gjekk turen rett frå jobb til TrådKråa der eg kjøpte 17 nøste Finull.

Fargane vert ikkje heilt dei same som i oppskrifta.  Det engelske garnet er melert og inneheld 25% viscose.  Prisen er og ein heilt annan.  I Finull kom det på 578 kr, i Rowan sitt garn 1574 kr. Portoen har eg ikkje undersøkt.

Dette strikketøyet kan lett bli ein følgjetong i sommar.  Eg har bestemt meg for å ikkje ein gong prøve å forstå langre inne i oppskrifta enn eg har kome.  No skal eg strikke vrangmaskene (purl in English) i brotet med brunt garn.  Det gjer at eg må ha to fargar på fingeren, noko eg ikkje plar ha.  Eg kastar farge nummer to når eg strikkar mønster.

I likheit med kofta eg strikka i fjor, meiner ein at delane skal strikkast kvar for seg.  Det er ikkje aktuelt for meg! Elles refererer ein til fairisle technique.  Eg oppfattar det som vanleg mønsterstrikk.  Om nokon som er innom bloggen min har innvendingar, tips eller råd, tek eg gjerne imot det!

mandag 16. juni 2014

Knitting

 I dag kom boka som eg bestilte rett frå forfattaren i England. Ho sende boka førre laurdag, så utan pinseferie ville det vel tatt akkurat ei veke.

Eg er med på eit par strikkesider på facebook der eg - etter å ha mangla motivasjon for strikking - kom over eit mønster som heiter Sage frå boka/heftet Windswept. Med frakt kom det på 18 pund eller 181 kroner. Likevel vert det mykje billegare enn å bestille såkalla kit.
 Modellane i boka.  Om ein vil sjå fine bilde, er det berre å gå inn på heimesida hennar.

Fargevalet er ei utfordring.  Eg har nemleg tent å bruke Finull.  Det er like langt pr 50 gram.  Så får eg samanlikne masketalet med kofteboka eg strikka frå i fjor.  For å finne rette fargar klikka eg meg inn på Rowan si side og Rauma si side.  Eg har gjort meg nokre notatar, men vil og sjå på bildet kva som ser fint ut.

No satsar eg på at det skal gå bra å lese engelsk oppskrift.  Det har eg ikkje gjort før, så det greier eg sikkert - er det ikkje det Pippi seier?

I dag vert det ikkje strikka, for no skal eg i selskap til henne som skal få lappeteppevottane!

søndag 15. juni 2014

Siste innspurt

Vi driv og arbeider oss gjennom studenten sine yndlingsrettar, noko resten av gjengen ikkje har noko imot.  I går vart det pannekaker og i dag kjøtkaker.

Til dessert i dag laga eg rabarbrakake i langpanne.  Denne kaka har eg laga fleire år på rad. Oppskrifta finn de her. Eg plukka ikkje 14 stilkar i dag, men det vart 1900 g rabarbra, noko som gjorde kaka endå betre!  Eg strødde ekstra sukker på toppen. Steiketida vart utvida litt: Eg sette steiktemperaturen ned til 150 grader og steikte kaka omlag 20 minutt ekstra for å vere heilt sikker på at ho ikkje vart rå inni.  Det vart ho ikkje. Det spørs om ein berre kunne kutte ut vatnet når ein har så mykje rabarbra i?

Elles går det i retting og karaktersetting.  Eg er nesten ferdig for i år.  Mannen sensurerer og er ferdig med ein bunke på nesten 200 norskeksamenar. Det skal bli godt med ferie!

lørdag 14. juni 2014

Årets blomstertur

I dag klaffa det endeleg for oss slik at vi kom oss av garde på den årlege blomsterturen til Kvalsund Gartneri på Nerlandsøya utanfor Fosnavåg by. Det er så kjekt å få gå å plukke seg ut blomster i drivhusa der.

Utgangspunktet for fargevalet vart denne korga.  eg har lenge hatt lyst på noko anna enn plast til hengeplantane.  Om det er meir praktisk, vil tida vise.  Eg må i alle fall vatne med måte, om eg då ikkje stikk hol i plasten inni.


 Georginer i fleire fargar.  I bed kan eg ikkje ha dei, for det er yndlingsretten til visse sleipe skapningar.
 Geraniane var spesielt store og kraftige.  Før var eg flink å ta stiklingar. <I år hadde eg ingen morplante.
Årets nykomar.  Noko nytt må ein prøvekvart år.  Men berre fargen er ny.

I tillegg kjøpe eg eit par roser, lobeliaer og nokre kvite småplantar som vi planta på grava.

Etter plantehandelen tek vi oss som regel ein liten butikkrunde før vi kjøper oss ostekake og kaffi  på Madelynn Coffee. Dagen er verkeleg ein av dei kjekkaste i året!

torsdag 12. juni 2014

Vott med lappeteppemønster II

Også desse vottane har eg strikka før, då i raudt med blondemansjett.  Desse har eg tenkt til ei venninne som har dag i juni.

Eg er inne i ein periode med mykje arbeid og lite strikking.  Motivasjonen vert laber når ein ikkje har overskot.  Men førre veke såg eg eit engelsk mønster på eit par av strikkesidene.  Dette mønsteret fall eg pladask for.  Eg bestilte boka direkte frå forfattaren/designaren.  Eit par dagar etter fekk eg mail attende.  Boka vart send laurdag.  Ho hadde hatt hjarteinfarkt for tre veker sidan og var avhengig av skyss.

I dag har eg prøvd å motivere elevane mine for å lese engelske bøker i sommarferien.  Det skal eg og gjere.  Ei ekstra utfordring vert det med eit engelsk mønster.  Men det går nok greitt for det er Fair Isle-insirert, ikkje med kast, vrange og rette masker.

Framhald vil følgje.

onsdag 11. juni 2014

Bok 32: Mørkets symmetri

Et amerikansk tvillingpar arver plutselig en leilighet ved Highgate-kirkegården i London etter sin tante - deres mors tvillingsøster - som de aldri har møtt. Betingelsen for arven er at foreldrene deres aldri får sette sine bein i leiligheten, og at arvingene ikke får selge den før et år er gått. Tvillingene - de nokså bortskjemte jentene Julia og Valentina på 21 år - flytter inn i leiligheten rett ved gravlunden. Snart viser det seg at det foregår uforklarlige ting i leiligheten. Er tante Elspeth likevel ikke stedt helt til hvile? Og hvorfor hadde moren deres og tvillingsøsteren hennes brutt all kontakt?

Denne boka har eg begynt på og lagt frå meg eit par gonger før.  No har eg endeleg kome meg gjennom romanen.  Det heldt hardt.  

Eg synest ein skal vere med på "eventyr".  Alt trreng ikkje vere heilt sannsynleg.  Men dette komplottet vert for søkt etter min smak.

Dette er ein roman for dei som liker - eller i alle fall er med på ei historie med -spøkelse og sjelevandring. Terningkast to frå meg.

P.S. Eg toler godt at folk er usamde med meg!  

mandag 9. juni 2014

Pinse

 Eg har nokre fine fjellbilde liggande på mobilen, men ein eller annan "driver" vil ikkje samarbeide, så de får berre sjå eit par bilde frå frøkna si feiring.  Eg spanderte berre tre av peonane hennar.
I fjor laga eg Pavlova både titt og ofte.  Det var eit ønske frå henne at eg laga den til venninnene. Eg var på skulen og retta norsktentamenar heile pinseaftan kveld medan ho hadde selskap .  Mitt ønske var at der skulle vere eit stykke att.  det var der heldigvis!

Den siste veka hr eg vore på tre oppturar! I dag for vi på Melshornet.  Eg gjekk i mitt eige tempo.  Det nyt eg!  På skuletur ligg eg alltid bakarst.  I baktroppen er ikkje humøret alltid på topp, ikkje motivasjonen heller ... I følgje han som tok tida på meg(visste eg det ikkje!) gjekk eg frå Ulset på 59.50. Ikkje for å skryte (som folk seier når dei skal skryte av seg sjølv), men eg føler meg sprekare enn i fjor.

Studenten har pakka ut tinga sine i dag og vaska kle i dag. Eg hugsar godt då eg sjølv var ferdig med mine fem år.  "Aldri meir eksamen," tenkte eg.  Resten av livet skulle eg berre lese av interesse.  Det har halde så langt.

No er det akkurat to veker til vi får ferie!

søndag 8. juni 2014

Barbiekake

Då Olaug var lita, laga eg barbiekaker til henne, i alle fall til to geburtsdagar. Dukka , som berre vart brukt til dette formålet, har eg tatt vare på. I går laga ho si eiga kake, mykje finare enn dei eg laga.  Botnane er to marmorkaker.

(Blogga frå i-pad)

fredag 6. juni 2014

Gratulerer Olaug 17 år!


I dag kan vi gratulere Olaug med dagen!  Broren kom bortom med gåve.  Elles vert det ikkje noko feiring med slekta før vi feirar alle sommarborna. Ho har invitert venninner til i morgon kveld.

Vi har varmt, litt overskya sommarver her. Eg ønskjer meg litt regn til hagen.

Sidan Olaug var ganske lita, har vi tatt bilde av henne og rododendroen.  Dei som vil klikke seg attende finn nokre av dei her, ikkje alle med busken :2013 2012 2011 2010 2008

Her er det første eg har funne med rododendron på.  Ho er tre år, og det er tydeleg kva som er gåva!

tirsdag 3. juni 2014

Klar!

I morgon skal eg på telttur i fjellet med niande klasse.  I dag skaffa eg meg nye fjellsko.  Dei vart testa ut i den såkalla feittbrennaren: Vegen opp til Hammarstøylvatnet.  Resultatet var null gnagsår, så dette bør gå bra!

mandag 2. juni 2014

Bok 31: Gösta Berlings saga

Denne svenske klassikare tok eg med meg heim frå biblioteket fordi eg har hatt så positive opplevingar med norske klassikarar.  Eg bestemte meg for å lese romanen utan å søke etter informasjon på førehand.  Det var litt artig om eg kunne prøve å tidfeste han.  Forfattaren vender seg til lesaren slik Camilla Collett gjer i Amtmandens døttre. Samtidig er ho meir moderne, men ikkje som Sigrid Undset.

Romanen er skriven i 1891.  Ho skreiv om mange segn frå Värmland.  Miljøet er noko annleis enn i Noreg.  I Sverige hadde ein adel på den tida, noko ein avskaffa i Noreg i 1814. Ein tok ikkje titlane frå folk, men dei gjekk ikkje i arv lenger.  For ein moderne lesar vert Majorinne ein litt artig tittel.

Eg synest boka var underhaldande og interessant.  Det er nok ikkje ei bok for folk flest, men dei som er over middels litteratur- og/eller historieinteresserte.

søndag 1. juni 2014

1. juni: Hagegleder

 Det er ei feme på facebook at ein skal fortelje om tre gode ting med dagen i dag.  Dei fleste dagar har vel meir enn tre gleder?  Men det er ikkje sikkert at alle ser på det same som gleder.  I går tømde eg ein kompostbinge og fordelte jorda utover i eit av beda mine.  Slikt arbeid kosar eg meg med.  For andre kan det vere eit ork.  Det same gjeld vel strikking og matlaging...

Elles prøver eg så godt eg kan å gripe dagen.  Vaknar ein til skodde, så kan det kanskje høve å få vaska litt inne?  Så lite sol som vi har her, vaskar eg så å seie aldri når ho skin.
 Etter to dagar då det var meldt fint ver, men skodda skygga for sola, vakna vi i dag til sommar, sol og søndag.  Kan ein få det betre?  Peonane over bruker å blomstre på min geburtsdag.
 I fjor kjøpte eg ein peon som først sette i ei krukke utanfor døra.  Eg bruker å seie til nye hageeigarar at peonar er det første dei må skaffe seg, for dei veks sakte!  Peonen min kosta 249 kr.  Eg syntest eg hadde flotta meg litt.  Eit par veker seinare stod det att nokre avblomstra peonar av same sort for 99 kr.  Eg kjøpte to, så slepp eg å vente så lenge på at eg skal få ei stor rot!
 Denne peonen bruker vi å pynte med på frøkna sin dag.  Det er fredag, så den er i rute!
Eit motstykke til peonen er honningknoppurt.  Den spreier seg villeg.  Det er berre å røske dei vekk, att kjem dei likevel.  Det er ein av yndlingblomsterane til humlene, og dei skal vi degge for har eg forstått!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...