mandag 27. februar 2017

På kryss og tvers-kofte

 Denne kofta strikka er designa av Kristin Wiola Ødegård.  Oppskrifta er frå strikkedagboka eg fekk av systera mi til jul. Tråden er PT2 (eit anna namn på Finull).

Bok 10: Nøtteskall

«Nøtteskall» er en klassisk beretning om mord og bedrag - med en svært original tvist - fra en av fortellerkunstens største mestere.

Trudy bedrar sin ektemann, John. Men ikke med hvem som helst. For mens John forsøker å vinne sin kone tilbake med poesi og kjærlighet, tilbringer hun dagene i ektesengen med hans bror, Claude. Sammen legger Trudy og Claude en utspekulert plan for å bli kvitt John en gang for alle. Lite vet de at planene blir bevitnet av en tredjepart - det snart ni måneder gamle fosteret i Trudys mage. Alt er lagt til rette for et kammerspill av det sjeldne.

Eg se at romanen har fått gode meldingar.  Sjølv hadde eg ikkje sansen for han.  Idéen er for så vidt god, men historia vert for tynn etter mi meining.  Igjen, det får vere op til kvar einskild.

søndag 26. februar 2017

Fastelavn

 I dag har vi hatt besøk av eldstemann og yngstemann.  På menyen stod det ertesuppe, knokar, pølser, rabbe og poteter.  Til dessert eller kaffimat var det fastelavnsbollar med krem og syltetøy.  Meir tradisjonelt kan det vel knapt bli.
No ser eg at Vikebladet har lagt ut om strikkekaféen her om nokon skulle ha lyst til å lese om det.

lørdag 25. februar 2017

25. februar

 Det er alltid litt blanda kjensler når ein ferie er slutt.  Vi valde å vere heime i år, mest på grunn av kjøkenet.  To prøvebunkar ligg ferdig retta i veska.  Det er ei god kjensle. Eg har vore to turar til Ørsta. far min er no på rehab på Ørstaheimen.  Han er relativt bra.  Heldigvis har han einerom og TV. Det er mykje vintersport å sjå for dei som er interesserte.

Elles har vi vore i Ulsteinvik fleire turar.  Nytt bord er bestilt.  Eg kjøpte ein duk på Princess for å skjule den gamle furuplata.  Det eine dreg med seg det andre. På Floriss her hadde dei tilbod på orkidéar. Før oppussinga kasta eg ein del gamle.
Elles held eg på å gjere meg kjend med den nye steikeomnen.  I går bakte eg med tørrgjær.  Det tok si tid.  Elles må eg venje meg til at komfyrtoppen ikkje er nokon god heveplass med tanke på varme frå steikeomnen. Omnen svir ikkje baksten slik den gamle gjorde.  Eg trur temperaturen stemmer betre.

Onsdag var eg på strikkekafé.  Dei som held lokalavisa her, kan lese om det i dagens avis.  Eg får kome attende til boka eg kjøpte.

torsdag 23. februar 2017

Kjøken del 3: Klart til innflytting

 I går stod kjøkenet klart til bruk.  Eg vaska alle hyller og skuffer.   No har eg tenkt å bruke god tid til å flytte inn tinga som og skal vaskast før dei kjem inn i hyller og skåp.  I det gamle kjøkenet hadde eg ikkje hyller på denne sida av benken.  Der var ei såkalla barløysing.
 Her er mykje likt, berre koketoppen er 80 cm.Der er ulike soner som kan brukast på ulike måtar.  Eg greier å bruke den, men forstår at for å få full glede av alle moglegheitene, må eg lese og studere bruksanvisninga.
 I spisekroken har vi valt eit skap i same treverk som kjøkeninnreiinga.  For å få det lysare og lettare har vi valt glasdører med spotlys som kan dimmast.
 Ein må velje seg nokre smarte løysingar.  Når ein vel noko, vel ein vekk noko anna.  Eg trur fleire med meg tek eit av bossa til vaskemiddel ...
 Oljeskåp/skuffe gjer at ein får oljeflaskene vekk frå benken.
 I sjalusiskåpet skal te og kaffi oppbevarast.  Det står på ein stad det tidlegare lett samla seg rot.
 Det er mannen som stryk mest her i huset.  Eg insisterte på eit strykebrett i innreiinga slik at han ikkje må bere fram eit brett kvar gong han skal stryke ei skjorte.
 Skåp til Kenwoodmaskina hadde eg før, og det "greier eg meg" ikkje utan.
 Lysrør og lampar er erstatta med desse.

Med på kjøpet fekk eg eit nytt pannesett.  Det passar godt no når eg har fått meg eit ekstra panneskåp.  Eg oppbevarer alle panner med loka på, ikkje i stablar.  Sikkert ein yrkesskade.

Bok 9: Mere snø


Med "Blod på snø" og nå oppfølgeren "Mere blod" har Jo Nesbø beveget seg over i en ny krimgenre, svært godt mottatt av både kritikerne og leserne.

I august 1977 går en mann av bussen i ei øde bygd på Finnmarksvidda. Han kaller seg Ulf, har ingen bagasje og hevder at han er kommet for å gå på jakt. Blant læstadianere og samer møter han en kultur som både er gjestfri og ekskluderende, hjelpsom og fremmed. Bygdas klokker, Lea, låner ham en rifle og en jakthytte hvor midnattssola holder ham våken mens han hvileløst vokter det storslåtte, men monotone viddelandskapet. Og det går etter hvert opp for Lea og hennes sønn Knut at Ulf ikke er jeger, men bytte. Og at jaktlaget er på vei
.

Eg gler meg til å lese neste Harry Hole-roman.  Denne er velskriven og morosam, men kort sagt ikkje min favoritt.

Bok 8: Vær snill med dyrene


En liten familie på tre er i oppløsning. De klarte det ikke. Karen klarte det ikke. Koret av stemmer melder seg, fra venninner til familieterapeuter, med ord som skal hjelpe: Delt bosted. Mekling. Fordeling. Tilknytning. Forutsigbar adferd. Transitt-fase. Barn er robuste skapninger. Karen lytter til dem, slik en moderne kvinne skal, samtidig som alt i henne gjør opprør. Nei, barnet er mitt. Det er jeg som er dets mor. Det finnes ingenting moderne ved meg.

Likevel kommer spørsmålene: I hvilken grad er rollen som mamma knyttet til det å være familie? Er datteren fortsatt hennes når hun er hos faren? Hvis man er mor den ene uken, hva er man i den andre?

«Vær snill med dyrene» er en rå, akutt og opprivende roman om å befinne seg i ruinene av et ekteskap sammen med den man bryr seg om aller mest - annenhver uke.


Denne romanen vann Brageprisen i fjor.  Les gjerne denne meldinga - og les romanen!

onsdag 22. februar 2017

Gratulerer Audun 27!

I dag fyller mellomstemann 27. Vi gratulerer!  Ekstra kjekt i farsslekta er det at først barn i neste generasjon vart fødd i natt på oldefaren sin dag, ei skjønn lita jente.

mandag 20. februar 2017

Vinterferie

Skodda ligg heller sid her i dag, så noko vinterkjensle får ein ikkje.  Veret er meir heilårs.  Vi har brukt føremiddagen til diverse ærend. 

I helga har vi hatt besøk av Håkon og Birte.  Ho fann ein genser i ein katalog eg viste henne.  Genseren er ein eg har sett på og likt.  Eg skal montere ei kufte i ferien, og eg har strikka frå strikkedagboka eg fekk til jul.  Desse jakkene vil dukke opp på bloggen etter kvart.

Men ein må vere litt streng med seg sjølv.  Eg har med meg ein prøvebunke på 44 prøver på 8 sider kvar. Så her vert det 12 om dagen - minst. Elles skal eg begynne å  kjøkenskåp. Alle tinga har stått i "nyestova" og støva nede.  Mottoet for den jobben er "hastverk er lastverk". 

fredag 17. februar 2017

Kjøken del 2

Denne veka har kjøkenet vorte montert.  I dag vart det lagt fliser og siste listene kom på.  No skal rørleggar og elektrikar få legge siste hand på verket, så neste onsdag skal det meste vere gjort.  I ferien skal vi finne bord og gardiner mellom anna.  Eg får vise litt etter kvart.  Overskiktbilde får kome når kjøkenet er ferdig, og eg får nokonlunde fotolys.
 Mange val skal takast.  Eg ser vanlegvis fort kva eg synest er finast.  det einaste eg hadde bestemt på førehand, var at eg ville ha glatte eikedører.
 Elles hadde eg fått høyre av ei venninne at ho angra på at ho ikkje tok lys benkeplate, for den mørke samlar støv.  No gler eg meg verkeleg til å bake på steinplate!
For å få godt arbeidslys, valde eg og kvite fliser.  Det er berre på bildet at benkeplata ser gul ut.

Desse tre vala var dei viktigaste.  Framhald vil følgje ...

torsdag 16. februar 2017

Alltid på jobb!

Tysdag og onsdag denne veka har eg vore i Molde på kurs i regi av Utdanningsforbundet sidan eg er plasstillitsvald. Det var kjekke og lærerike dagar.
 
Det er ikkje så ofte eg kjem meg til ein litt større by.  Og det kan gå månader mellom kvar gong eg er nær Husfliden, og nærare enn frå Alexandra kan ein knapt kome.  Kurset la opp til ein halv time utsjekking i går.  Eg sjekka ut etter frukost for å kunne snike meg bortom Husfliden i den pausen.  Dei som spurde meg om kor tid eg skulle ete frukost, fekk vite om planane.  Ei på min eigen alder slo seg saman med meg medan "ungdomane" ikkje hadde sansen for Husfliden!  Då lurte eg på om dei hadde vore der.  Eg ser alltid mykje flott norsk design der.  Der er mykje fint, men der er ikkje billeg.  Kvalitet kostar.
 
Utanom noko småpjask til meg sjølv kjøpte eg eit kjevle eg skulle ønske eg hadde sist vi baka lefser på skulekjøkenet.  Spesielt når ein skal bake glutenfritt, er det greitt med eit kjevle med belegg.  Prisen er 550 kr om nokon skulle lure.

lørdag 11. februar 2017

Bok 7: Naboparet


«Naboparet» er en intens psykologisk spenningsroman som får hårene til å reise seg!

Barnevakten avlyser i siste liten, og Anne og Marco lar sin seks måneder gamle datter, Cora, ligge hjemme og sove mens de går til naboene i huset ved siden av for å spise middag. De har med seg babycall og veksler på å gå hjem og se til henne hver halvtime.
Likevel, da de kommer hjem på slutten av kvelden, står døren på gløtt, og Cora er borte ... Hva har skjedd? Hvem kan stå bak? Anne og Marco begynner å grave i hverandres historier.

Vet de alt om hverandre? Kjenner de familiene sine, vennene? Og hva vet vi om naboene våre?


Eg synest romanen starta bra. Men for meg fell det raskt saman.  Oppklaringa vert langdryg, heldigvis med ein liten snert på slutten.

Eg ser at Naboparet får strålande kritikkar, så eg reknar med at mange er usamde med meg.  Det er berre å lese romanen og gjere seg opp si eiga meining.

søndag 5. februar 2017

Bok 6: De skyldfrie

Sigrid er nitten år da hun møter Embret. Han har nettopp flyttet til bygda som lærer.

Hun lengter ut, bort fra moren og lillesøsteren, Edit. Han ønsker å bli lagt merke til, og få alle rundt seg til å se hvem han egentlig er. I hverandre finner begge det de vil ha, og sammen skal de møte framtiden.

Men livet vil det annerledes. Når katastrofen slår ned, blir Embret og de to søstrene stilt overfor et valg som besegler deres skjebne. Prisen er en løgn som truer med å rive tilværelsen fra hverandre. En løgn som sakte forvandles til en form for sannhet.

De skyldfrie er en roman om fremtidshåp og selvbedrag, om nåde og undergang. Det er roman om lengselen etter å være noe mer enn seg selv, og den snikende erkjennelsen av at man allerede er fanget av sine egne valg.


Det er noko med denne romanen. Historia er relativt enkel.  Personane viklar seg inn i ei løgn.  Så skal alt forteiast.  Men er det mogeleg å leve på ei løgn?

Romanen verkar gammalmodig.  Går det verkeleg an å prate så lite? Har ingen ei kritisk røyst?  Alle er redde for at sanninga skal kome ut.  Vil ikkje folk legge to og to saman?  Teier dei og for å vere høflege.  Berre ein av gutane røper at vaksenverda tenker sitt.  For det må dei gjere.  I eit slikt miljø må det ha vore ein god del sladder...

Løgna øydelegg.  Den et opp personane innvendig.  Forholda mellom dei vert sakte endra.

Eg likte romanen.  Eg vart dradd inn i historia.  Kanskje det geniale her ligg i alt som ikkje vert sagt? Ein må vere budd på å lese mellom linjene.

Kom deg ut-dagen

Eg har vore heime åleine i helga.  Det bruker eg ikkje å annonsere på førehand.  Frukosten vart sein, og til selskap hadde eg nyheitskanalen.  Der fekk vi sjå glimt av ulike arrangement på Kom deg ut-dagen. I hovudstaden der mannen har vore, kunne vi sjå snø.

Her hos oss har sola skine frå skyfri himmel.. Eg gjekk den vanlege turrunden rundt Grimstadvatnet. 
I dag hadde eg ein ny krimroman på øyret, "Naboparet".
Noko av det eg funderte på i dag, er korleis her vil sjå ut om 10 år.  Vil her vekse opp furuskog?  Sidan det er eit naturreservat, vil vel skogen få vekse heilt naturleg+

fredag 3. februar 2017

Kjøken del 1

Om nokon synest det har vore lite matblogging for tida, så får de forklaringa her!  "Vi" har rive ut kjøkenet, måla veggene og taket.

Matlaginga foregår no på vaskerommet der eg har rigga meg til eit bord med eit lite kaffikjøken. I tillegg til kaffimaskinene har eg ei lånt kokeplate og ein mikrobølgjeomn.  Matlaginga er no på det aller enklaste nivået. Det har kome nye rettar på menyen, som schnitzel og lasagne frå frysedisken.

Om eit par veker håper eg å ta i bruk ein heilt ny steikeomn. 

Framhald vil følgje ...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...