søndag 31. mars 2013

Genser i Mitu

Då eg starta å strikke denne genseren, tenkte eg at han kom til å bli ferdig i mai.  Genseren ville bli fin til neste sesong, eller kanskje til ein kald kveld på stadion.  Skuldrane streika også i starten av ferien.  Det har begynt å bli ein vane.  Men så fekk eg blod på tann.  Eit strikketøy er fint å ha for å halde seg vaken gjennom lange krimepisodar ...

Eg strikka genseren i medium på pinnar 4 i staden for 4 1/2.  No skal eg strikke tilbehør, ein laus hals som i oppskrifta og eit panneband.

Mor mi strikka nokre slike calorimetryar.  Dei har eg brukt mykje når eg er ute og går. Eg synest det passar godt med lik hals og panneband.

lørdag 30. mars 2013

Bok 14: Den tomme stolen

 Denne romanen er nok ein bestseljar.  Når ein har skrive romanane om Harry Potter for så å skrive ein vaksenroman, kan ein vel rekne med å selje på forfattarnamnet. Det hjelper nok også at Coop set fram fulle sjokkseljarar med paperbackutgåver til 99 kroner.

Så kjem kritikarane og er halvfornøgde.  Sjølvsagt er dei det.  Men ein får gjere seg opp si eiga meining!

Romanen startar med eit dødsfall.  Eit soknerådsmedlem døyr av hjartesvikt.  Fleire kan tenkje seg å ta plassen hans.  Det gjeld både i soknerådet og ektesenga.  Heller utspekulerte metodar vert brukte.

Sjølv om boka både er morosam og underhaldande, ligg alvoret i botnen. Ein møter ulike menneskelagnader, som han som ikkje kan velje, for då vil han velje vekk noko, og det tek han ikkje sjansen på.  Så er det ungjenta som har funne ein veg til å få flytte heimanfrå, nemleg å bli gravid.  Ho er ikkje kresen i valet på barnefar.  Sosialarbeidarane har ingen enkel jobb der i strøket.

Eg ser at ein skal lage TV-serie av boka.  Det er berre å gle seg!

Elles ser at denne skildringa av den indiske kvinna har vekt harme:«Sukhvinder har kanskje bart, men puppestellet hennes er anstendig».

Viss eg skulle sette fingeren på noko, så meiner eg at omsetjinga innimellom er noko direkte.  Ein del uttrykk er berre omsett direkte i staden for å finne tilsvarande norsk.  Bikarbonat av soda har eg trudd er natron. Elles hugsar eg ikkje fleire, berre at eg tenkte eg skulle hugse eit par.
Desse tre krimromanane lånte eg på bybiblioteket før påske.  Eg har begynt på den til høgre,

fredag 29. mars 2013

Nok ein nydeleg dag

 Også i dag har det vore ein nydeleg dag her hos oss. Gutane for på fjelltur.
Som de ser på dette bildet, må ein bere skia eit stykke før ein kjem opp til snødekte fjell.

 Vi andre trimma på andre måtar.  Eg tok min vanlege runde  - rundt vatnet.
Også i dag gjekk eg på vegen.  Det ser ut som der er både snø og is på stigen.
Eit lite apropos til jula som varer til påske. Julestjerna måtte eg hive ut i snøen for å ta knekken på!

No gjer studenten seg klar til å ta nattbussen til hovudstaden.  Han vil kome i gang med lesinga. Det er ikkje så lenge til mai og eksamen.

torsdag 28. mars 2013

Besta har bursdag!


 I dag har vi feira mor mi sn dag.  Det er lettast å få alle til å møte her.  Journalisten har vakt, men fekk lagt matpausen hit. Eg dekte på to bord.
Lammesteik er så enkelt at det kan alle greie, stod det på matprat.  Det er sant. Det er lettvint mat. Eg gjer slik som det står på etiketten på Gilde lammelår.  På eit matprogram var det snakk om partypoteter.  Eg veit ikkje kva definisjonen på det er, men eg kjøpte nokre kilo ein dag eg kom over det. Dei hadde tynt skal, så vi skrelte dei ikkje.  Til dessert vart det sjokoladepudding, jordbærgele med jordbær og bær i krydderlake med is.

Fødselsdagbarnet stilte med kaker.  Sjølv hadde eg berre laga eit par rørebrød, 1/2 gong større enn desse, som eg serverte til eit ostefat.
Det vart tatt flest bilde med mor mi sitt kamera.  Vi prøver å lære oss med Nikonkameraet hennar, men vert ikkje heilt fortrulege med det.  Sjølv har eg eit Canon speilrefleks.  No satsar vi på at ein Nikoneigar hjelper henne.

Vi får berre takke gjestene for ein triveleg dag!

onsdag 27. mars 2013

Sjokoladepudding

Inspirasjonen til dagens dessert kom eigentleg på facebook.  Eg såg at nokon hadde laga det og kom til at det er lenge sidan eg har laga den populære desserten.  Eg kalla det dagens dessert.  Eigentleg hadde eg tenkt å servere han i morgon, men så gjekk ein av karane forbi grytene og vart så skuffa då  han kunne tenkt seg sjokoladepudding i dag.  Og kva gjer då mor? Ho lagar sjølvsagt ei skål til!  Oppskrifta er tatt frå Ingrid Espelid si bok "20 år i fjernsynkjøskjøkkenet".  Måla der er på strøkne ss.   Det opererer vi ikkje med på skulekjøkenet i 2012.  No er det måleskeier som gjeld.  Eg har og rekna oppskrifta om til 1 l mjølk.  Som de kanskje ser har eg dobla oppskrifta i dag - to gonger.

Det er like lett å koke sjokoladepudding som å koke kakao.
 1 dl maisenna
1 dl sukker
3/4 dl (5 ms) kakao
1 l mjølk
2-3 ts vaniljesukker
Blans først saman dei tørre ingrediensane (ev. unnateke vaniljesukker).  Rør inn litt kald mjølk og rør til glatt røre.  Spe med resten av den kalde mjølka.  Kok opp.
 Gi blandinga eit oppkok.  Småkok i 2 minutt før du har puddingen i ei skål.

Server sjokoladepudding med vaniljesaus.  Eg har gjort det enkelt og kjøpt Piano.  Krem er også godt til.

I mi gamle oppskrift står det at ein skal ha i vaniljesukker til slutt.  Den regelen meiner eg ikkje gjeld om ein bruker ekte vaniljesukker.


tirsdag 26. mars 2013

Stem på årets påskekrim 2013!

Også i år vil eg lage ei lita uhøgtidleg meiningsmåling på bloggen.  Påska er høgsesong for krim. Eg har plukka ut dei eg har funne i programma for i år.  Reprisar er ikkje med. Blogglesarane får seie ifrå om eg har gått glipp av nokon!
 Først ut er "På innsida" eller "Inside men".  Serien er todelt, og han starta allereie i går. Handlinga foregår på ein teljesentral. For å rane denne, må ein ha folk på innsida.  Kven er ærlege?  Kva går gale?  Dette vert gradvis avdekka.  Serien har nerve.  Dette er krim etter min smak.

Mot slutten i går såg eg at serien er teksta på nynorsk. Når eg strikkar, les eg ikkje teksten.  Eg synest sjølvsagt det er positivt at populære program får nynorsk tekst!
I morgon startar "Blodig urett" eller "Injustice" på NRK.  Etterforskaren er ein skrankeadvokat av drittsekktypen.  Han som har skrive serien står og bak "Kriminalsjef Foyle".

 Lewis er vel kjent og kjær for dei fleste.  Eg synest å hugse at mange stemte på han i fjor. Langfredag NRK.
The Town startar på torsdag på TV2. Foreldra til søskenparet Mark og Jodie ser ut til å ha tatt livet av seg.  Mark begynner å grave i tinga til foreldra ...

Det er litt tidleg å begynne å stemme.  Vi må sjå seriane først.  Sjølv har eg stor tru på "Inside men" - viss den held fram på same måten og avsluttinga vert god.

mandag 25. mars 2013

Rørebrød

Desse frøbrøda har vorte svært populære i familien.  Det daglege brødet er som kjent 75% grovt.  Men i helger kan ein skeie ut! I går visste eg at eg skulle stå tidleg opp, så då passa det godt å bake dei til yngstemann kom heim.  Prosessen startar kvelden før.
2 brød i 1 1/2 l former
5 g gjær
600 g kaldt vatn
780 g kveitemjøl
100 g frø 
2 ts salt

Veg opp og rør saman ingrediensane om kvelden. Du har rørt nok når alle ingrediensane er blanda. Dekk bollen med lok eller plast.  Eg synest det er greitt å bruke ein tallerk.
Morgonen etter har deigen heva seg godt.
Legg nokre frø på eit bakepapir eller ei bakematte om du har,
Bruk ei deigskrape til å få deigen ned på matta.  Trykk deigen litt flat og del i to.  Rull saman utan at det kjem fleire frø inni.
Ha brøda i godt smurde former.
Set steikeomnen på 250 grader medan brøda hevar ein time.

Set brøda i omnen.  Kast 1/2 dl vatn inn i omnen.  Senk temperaturen til 200 grader etter ca 15 minutt.  I min omn må brøda stå ca 50 minutt til saman.

søndag 24. mars 2013

Heimkomne søner

 I dag var vi relativt tidleg oppe.  Studenten kom med nattbussen i halv ni-tida medan yngstemann kom med eit tidleg morgonfly frå Tyrkia eit par timar etter.
 Også han har fått med seg kva sjokolade han bør kjøpe på tax free.  Dette er andre dosen denne veka.
 Medan karane slappa av etter reisene, sette eg ei lammesteik i omnen og gjekk rundt vatnet.  Det er så lyst at ein ser ikkje kva ein tek bilde av.
Det har også vorte tid til å sole seg litt på altanen.  Ein kan berre håpe at det nydelege veret held seg.
Påskepynten er svært enkel her i år.  Det har vore så kaldt at det har ikkje vore freistande å styre med mold.  Finn Schöll sa på frukost-TV at viss ein har for mange plantar av ein sort, ser det ut som ein har kjøpt tre og betalt for to.  Eg kjøpte 10 og betalte 100 - for å seie det rett ut.  Pottene sette eg rett i utepottene med noko papp under.  Snart ser ein vel det gule på lang avstand!

God påske!

lørdag 23. mars 2013

Rørt jordbærsyltetøy med appelsin

Idéen til å lage dette syltetøyet fann eg i ein brosjyre frå Rema 1000 som eg ikkje fann då eg skulle lage det. Men her treng ein eigentleg ikkje oppskrift. Slik gjorde eg:
1 pk halvtinte jordbær
2 små/1 stor appelsin - bruk berre det gule, filetane som dei sieier på TV
1 dl sukker
4 ts frysepulver

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor eller anna eigna maskin.  Køyr maskina til du har ei glatt røre.

Viss ein tenkjer å ete all sylta med ein gong, kan ein kutte frysepulveret. Ein kan sjølvsagt bytte ut sukkeret med anna søtstoff om ein vil.

Eg serverte  syltetøyet til årets første vaflar på altanen.  Det vil seie, i dag steikte eg dei inne og tok dei med ut.  Vaflane laga eg av mi vanlege oppskrift der eg bruker 1/3 kveitemjøl, 1/3 Fibra eller sammalen kveite, fin og 1/3 havregryn i staden for berre kveitemjøl.  Eit sunt og godt måltid!

Gratulerer Ingeborg!

 I dag fyller Ingeborg, niesa mi, 20 år.  Vi gratulerer! Dagen feirar ho i Singapore.  Det er spennande å følgje henne på facebook for tida medan ho reiser verda rundt.  Bilda har eg knabba derifrå.
Vi håper og trur ho storkosar seg!

fredag 22. mars 2013

I dag kom ho!

 I dag kom endeleg boka frå Hobbyklubben! det er ikkje så ofte eg slår til på månadens bok.  Men denne hadde eg lyst på! Som de ser på framsida er der fine oppskrifter.
Det var mange mønster frå Drops design.(Katalog 133)  Dei finn ein gratis på nett.  Om eg skal vere litt kritisk, så er omtrent alle jakkene med mønster strikka fram og tilbake.  Det er ikkje noko for meg! Tunikaen over fall eg for.  Det er berre det at eg har ein del liknande frå før ...

Ein får inntrykk av at garnlevrandørane står bak oppskriftene, for der er få med garnalternativ.
 Denne kjenner vi kanskje att? Litt oransje og tettare mellom rosene, men elles lik Forbrytelsengenseren?

Eg må strikke ferdig genseren eg held på med, men eg ser ikkje vekk frå at andre i familien vil kike i boka?


torsdag 21. mars 2013

Det vert jobba ...

... både tidleg og seint for tida.  I dag er det stegfest for åttandeklassingane.

Innimellom jobbar eg med grovbrødopplegget mitt som startar fredag etter påske. Eg endrtar litt på det kvart år.  I år har vi lagt mykje arbeid i vurderingskriteria.

Det som er kjekt å sjå, er at brødmerkinga vi etterlyste då vi starta med dette i 2006, no er på plass.  Coop sine brød-kupp-brød har vorte sunnare og grovare, noko som er viktig når ein kjøper brød.

Det er ikkje så mykje å blogge om når ein berre jobbar.  Eg satsar på å kome sterk attende!

onsdag 20. mars 2013

Bok 13: Polarsommer

Frå coveret:
En dag finner familien en baby på trappa. Det er Kaj. Hun er datteren til familiefaren Jack - en notorisk ustabil fyr. Jack og kona Ingrid tar Kaj inn som sin. Men det skal ikke bli enkelt. Særlig ikke mellom Kaj og storebror Kristian. Her går søskenkjærligheten helt på skeive. På skeive går det også mellom Kristian og broren Jens. For Lisette forstyrrer. Hun er kona til Jens. "Polarsommer" handler om en familie som går i stykker, ikke av hat, men av kjærlighet. "Polarsommer" er en oppvekst- og familieroman fra Sør-Sveriges kystlandskap. Den skildrer de sterkeste og vanskeligste følelsene oss mennesker imellom. Det er en umiskjennelig intensitet i Swärds romanunivers. Og i den poetisk ladde prosaen.

Då eg fann denne boka på biblioteket, tenkte eg at denne romanen kunne vere noko for meg.  Det har vorte mykje krim i det siste.

Det er nok mykje bra med romanen, men eg slit med å kome inn i den.  Boka er skriven i 1.person. Det er berre det at det varierer kven som er 1.person, og same personen gir stemme til alle.  Same hendingane vert skildra av ulike personar, så ein får nok med seg det meste.

Språket er spesielt, og eg har ikkje bestemt meg for om eg liker det.

Min konklusjon er: Les gjerne boka og gjer deg opp di eige meining, men vel papirutgåva.

tirsdag 19. mars 2013

Ambrosiakake

Også i dag vert det eit innlegg frå skulekjøkenet.  Dette er ei populær kake til påske. Ein kan tredoble oppskrifta og lage ei i ei langpanne.

Botn:
125 g smør
2 dl sukker

2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin (ta av 1 ms til glasuren)

3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjuice

Slik gjer vi:
  1. Set steikeomnen på 175 grader.
  2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.
  3. Rør smør og sukker kvitt.
  4. Rør inn egga - eitt om gongen.
  5. Riv appelsinskalet, og ha det i.
  6. Press jus av appelsinen og ha i.
  7. Sikt i dei tørre ingrediensane.
  8. Steik kaka i 30-40 minutt.
  9. Avkjøl kaka på rist.

  1. Glasur: Rør saman melis og appelsinjuice.
Fordel glasuren på kaka.

mandag 18. mars 2013

Appelsinris

Kva er vel meit "typisk skulekjøken" enn appelsinris?  I den nye kokeboka har dei utelate desserten, men vi lagar han likevel!  Bildet er eit elevarbeid.  Heime kan ein gjerne bruke risrestar.  

Appelsinris

½ dl ris
2 dl vatn

2 appelsinar
1 ms sukker
1 ½ dl kremfløyte

1.     Kok risen i 20 minutt.

2.     Slå gryna i ein mjølsikt og skyl sei under kaldt vatn.                                                                     
Lat vatnet renne av.

3.     Skrell appelsinane, del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.

4.     Bland ris, appelsinbitar (lat nokre av dei vere att til pynt) og sukker.

5.     Visp fløyten (elektrisk handmiksar) til krem og bland han forsiktig i risblandinga.  Pynt med appelsinbåtar.

søndag 17. mars 2013

VM-brød

Inspirasonen til å bake desse brøda fekk eg då eg såg opptaket frå frukost-TV fredag.  Der var to bakakrar som hadde vore med til ski-VM for å bake. Oppskrifta deira finn de her.  Min måte er i kursiv.


Ingrediensar:
1 l vatn
700 g kveitemjøl
350 g grov sammalen rug
350 g sammalen kveite
100 g havregryn
100 g linfrø
45 g fersk gjær (1/2 pk/25 g og lengre heving)
4,5 ms sirup
3 ms rapsolje for baking (viss ein vil bake utan olje, må ein ha i ekstra vatn)
1 ms salt (2 ts)

Ein startar med å blande frø og sammale mjøl med kaldt vatn.  Det får stå nokre timar. Varm deig er ikkje noko poeng.
 Så har ein i gjær, salt og kveitemjøl. Lat maskina gå i 10 minutt.  Eg er gjerne litt gniten med saltet og gjæren.  Eg har laga brøda to gonger.  Den eine gongen erstatta eg 200 g kveitemjøl med fullkornkveitemjøl (Fibra - 11,60 per kilo på Rema 1000).  Heving ca tre timar.
 Eg forma fire brød og la i to 2-litersformer.  Som de kanskje ser, trykker eg dei litt ned på midten for å få fin matpakkefasong.
 Ein time heving.
 Ein time steiking.  Hugs å kaste litt vatn inn i steikeomnen for å få god skorpe.  Desse brøda er med 500 g kveitemjøl ...
 ... og desse med 700 g.
Det grovaste brødet er til venstre.  Min konklusjon er: Bak gjerne brødet, og 500 g kveitemjøl er nok.  Etter å ha vore på bakekurs med Schakenda, har eg slutta med feitt i brød.  Etter mi meining er ikkje det nødvendig når ein bruker lang tid på baking. Desse langsame prosessane gjer at det utviklar seg god smak.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...