søndag 17. mars 2013

VM-brød

Inspirasonen til å bake desse brøda fekk eg då eg såg opptaket frå frukost-TV fredag.  Der var to bakakrar som hadde vore med til ski-VM for å bake. Oppskrifta deira finn de her.  Min måte er i kursiv.


Ingrediensar:
1 l vatn
700 g kveitemjøl
350 g grov sammalen rug
350 g sammalen kveite
100 g havregryn
100 g linfrø
45 g fersk gjær (1/2 pk/25 g og lengre heving)
4,5 ms sirup
3 ms rapsolje for baking (viss ein vil bake utan olje, må ein ha i ekstra vatn)
1 ms salt (2 ts)

Ein startar med å blande frø og sammale mjøl med kaldt vatn.  Det får stå nokre timar. Varm deig er ikkje noko poeng.
 Så har ein i gjær, salt og kveitemjøl. Lat maskina gå i 10 minutt.  Eg er gjerne litt gniten med saltet og gjæren.  Eg har laga brøda to gonger.  Den eine gongen erstatta eg 200 g kveitemjøl med fullkornkveitemjøl (Fibra - 11,60 per kilo på Rema 1000).  Heving ca tre timar.
 Eg forma fire brød og la i to 2-litersformer.  Som de kanskje ser, trykker eg dei litt ned på midten for å få fin matpakkefasong.
 Ein time heving.
 Ein time steiking.  Hugs å kaste litt vatn inn i steikeomnen for å få god skorpe.  Desse brøda er med 500 g kveitemjøl ...
 ... og desse med 700 g.
Det grovaste brødet er til venstre.  Min konklusjon er: Bak gjerne brødet, og 500 g kveitemjøl er nok.  Etter å ha vore på bakekurs med Schakenda, har eg slutta med feitt i brød.  Etter mi meining er ikkje det nødvendig når ein bruker lang tid på baking. Desse langsame prosessane gjer at det utviklar seg god smak.

2 kommentarer:

  1. Takk for tipset!
    Berre eg kjem nedimellom SKAL det bakast brød denne veka. Likar tips om mindre salt, feitt og kveitemjøl.

    Ha fin ny veke!!

    SvarSlett
  2. Takk for at du minnte meg på dette. Såg programmet og tenkte at desse brøda vil eg prøve.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...