Desserten på skulekjøkenet denne veka er sjokoladefromasj.  Appelsinjus - vi pressar den sjølve - set ein frisk smak på fromasjen.  For dei som ikkje toler sitrus kan ein kutte ut jusen eller erstatte han med kaffi.
3 plater gelatin
¼ plate kokesjokolade
2 egg 
1 ½ ms sukker
2 ms kokande vatn
(2 ms appelsinjuice)
1.   
Legg
gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.   
Kok opp litt vatn
i ei lita stålpanne.
3.   
Riv sjokoladen.
4.   
Visp eggedosis av
egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til
mjuk krem.
6.   
Klem vatnet godt
ut av gelatinen og løys han i 2 ms kokande vatn.
     (Vassbad om nødvendig: Set stålmålet med gelatin i panna med kokande vatn)
7.   
Rør gelatinen
(tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.   
Rør forsiktig inn
sjokolade og eventuelt appelsinjuice.
9.   
Bland forsiktig
inn kremen til slutt.
10.
Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til  
            servering.

Ser godt ut. Sjokoladefromasje skal jeg prøve å lage med havrefløte i. Håper det går bra. Er spennende å eksprimentere litt.
SvarSlettHa ei fortsatt riktig god våruke :)
Eg må få høyre korleis det går! Eg har dårlege erfaringar med den fløyteerstatninga som var for 4-5-6 år sidan. Elevar med laktoseintoleranse et gjerne litt mjølk, men det hender vi har ein med melkeallergi. Eg ser det vert stadig fleire produkt i handelen.
SvarSlett