onsdag 30. april 2014

Bok 23: Granateplene

Frå omslaget:
Endelig en ny bok fra Sue Monk Kidd, ikke en roman denne gangen, men en klok og varm bok om mor og datter, på reise sammen - i egne liv og i hverandres. Boken er skrevet i samarbeid med Monk Kidds datter, Ann Kidd Taylor, og den skildrer to kvinner på ulike stadier i livet - den ene i femtiårene, med de fleste årene bak seg, den andre i tyveårene og med et helt liv foran seg. "Granateplene" er en historie om det skjøre, vakre og ofte kompliserte mor-datter-forholdet. Mor og datter legger ut på en reise sammen, til Hellas og Frankrike, og ved å lære om hellige steder, klassiske myter og symboler, forsøker begge å bli trygge på forholdet til seg selv - og til hverandre. Få, om noen, skriver så innsiktstfullt, klokt og generøst om kvinnefellesskap som Sue Monk Kidd. Dette er obligatorisk lesning for alle som har en mor eller en datter.

Denne boka vil eg ikkje seie er verken kjedeleg eller uinteressant, kanskje berre ikkje "my cup of tea".  Det vert mykje "femti år og ferdig" ein periode.  Eg skal heller  ikkje nekte for å ha gjort meg nokre av refleksjonane i boka. Hadde eg hatt høgt blodtrykk, så kanskje ...

Boka har to stemmer, mora og dottera.  Dei reiser saman før dottera skal gifte seg.  Dottera må og stake ut sin eigen veg til å bli forfattar.

Dette er ein roman for deiu som vil lese om refleksjonar rundt mor-dotterforhold og rundt det å verte gammal. 

tirsdag 29. april 2014

Georginer frå Amstedam

 Frøkna kom heim att i dag etter eit seksdagars utvekslingsopphald i Tyskland.  På flyplassen i Amstedam kjøpte ho med seg den finaste blomsteren ho fann.
Knollen fekk ligge i vatn eit par timar før eg planta hann u jord.  Som de ser er der liv!  Georginer er best å ha i potter.  Om ein er heldig, greier ein å ta vake på knollane.  Time will tell.

mandag 28. april 2014

Pølsebrød - 12 stk.

Til grillinga i går hadde eg kjøpt inn ostepølser og grillmor.  Tilbehør som poteter og grønsaker hadde eg tenkt å sette i steikeomnen og ta med ut.  det vart ikkje godkjent.  Hadde eg ikkje kjøpt pølsebrød!?  Nei, så fekk vi lage sjølve.  Eg fann fram ei oppskrift i Brød og korn si kokebok. 

Pølsebrøda vart mjuke og gode.  Vi brukte Fibramjøl og olivenolje, for det var det vi hadde.  Ein kunne sikkert bruke fifty-fifty med grovt og fint kveitemjøl.  Uansett så er desse brøda mykje sunnare og betre enn dei som er i handelen!
1/2 pakke gjær
3 dl lunka mjølk
1 ts sukker
1/2 ts salt
3 ms olje
200 g fibramjøl/sammalen kveite, fin
250 g kveitemjøl

1. Ha ingrediensane i ein bolle.  Rør godt, gjerne i brødbakemaskin eller kjøkenmaskin 10 minutt.
2. Dekk bollen med plast/lok/tallerken.  Hev til dobbel storleik, ca. 30 minutt.
3. Del deigen i 12 og trill ut pølsebrød.
4. Hev til dobbel storleik, ca. 30 minutt.
5. Pensl brøda med vatn og steik dei lysebrune 10 -15 minutt på 225 grader. Avkjøl på rist.

søndag 27. april 2014

Bok 22: Det dyrebare


Frå omslaget:
Den unge kvinnen Mille forsvinner sporløst en regnværskveld i juli, og det som er igjen av henne blir funnet flere år senere av tre gutter som skal grave opp en skatt i skogen. Mille ble sist sett på Jenny Brodals storslagne 85-årsfest for familie og venner. Forsvinningen smitter av på alle som var i kontakt med henne: De som ville ha henne, de som lette etter henne, de som drepte henne, de som forsøkte å glemme henne, de som sørget over henne, de som fant henne, de som vendte henne ryggen. Gradvis avdekkes en historie om kjærlighet, uro og bedrag, om hemmelige liv og smertefulle forbindelser. "Det dyrebare" er historien om alt som ledet frem til Milles forsvinning og om alt som kom etterpå. Om hvordan Mille, som ingen regnet med, setter alt og alle i bevegelse og om hvordan uvissheten fortsetter å bryte ned alt rundt seg.

Dette er ingen krimroman sjølv om den inneheld ei forsvinningssak.  

Eg har stor sans for Linn Ullmann sine romanar.  Ho skildrar relasjonar mellom menneske på ein interessant måte.  Menneska er samansette.  Ho tek opp dette med å få eit barn som ikkje oppfører seg som forventa.  Vi får vondt av Alma.  Kva er det med henne?



Og så er det mor i familien som vil styre alt og alle, men dei rundt henne vil ikkje styrast.  Dei gjer opprør på kvart sitt vis. Det å ikkje gjere noko, er og ei handling.



Mora hennar vil ikkje ha fødselsdagsfest.  Det høyrer ho ikkje på, noko som får fatale følgjer...

Terningkast? 5+



lørdag 26. april 2014

Hagen 26 april 2014 ... eller bildebevis for ein tidleg vår

 Når rododendronen blomstrar tidleg, kan han dessverre kome til å fryse seinare.
 Rabarbraen veks med fleire centimeter for dag.
 Kuleprimula i fleire fargar.  Seinare kjem gule, gamaldagse roser i same bedet.
 Den tidlegaste peonen bruker vi å plukke inn 6. juni.  Skal tru kor mange knoppar som kjem i år!
Løytnantshjarte i knopp.

Bjørka spratt for to dagar sidan her hos oss.  I går klipte eg rosene.  Eg har nokre trufaste som kjem att.  I fjor var eg for seint ute til å få tak i peaceroser. Dei toler ikkje kalde vintrar.

Mannen har klipt plenen i dag.  Det er heller ikkje kvart år vi gjer i april.  Når det er sagt, så er det visst meldt verendringar ...

fredag 25. april 2014

Stem på årets påskekrim!

I dag kunne blogginnlegget vore frå hagen.  Rosene er klipte.  Eg kunne og ha skrive om  ei bol eg har lese.  Men så kom det over meg at eg ikkje har hatt det tradisjonelle påskeblogginlegget: Stem på årets påskekrim.  Om nokon har sakna det, så får dei altså sjansen til å stemme.  Du treng ikkje ha sett alle for å stemme!  Det at du til dømes berre har sett ein krim, er og eit val!
 Hinterland gjekk på NRK med 4 avslutta episodar.  Krimhelten Tom Mathias har flytta frå London.  Vi anar ei trist historie i privatlivet hans. No bur han heller enkelt i Wales. Dette er tradisjonell krim med særpreg.
 Sjølv har eg ikkje sett alle episodane med Poirot enno.  Eg veit at han vil døy i den aller siste episoden.  Dette skal eg få med meg.  Dette var årets tradisjonelle krim.  Ein veit omtrent kva ein får.
Mayday er utradisjonell krim i fem episodar.  Politiet arbeider i bakgrunnen.  Ei tidlegare politikvinne har ei sentral rolle.  Elles vert ein kjend med fleire interessante  personar og skjebnane deira.  I VG vert serien kalla heksebryggeri.  Eg vil tru at dette er ein krim ein anten vil gi høge eller låge terningkast.

Det er mange innom bloggen min kvar dag, og eg synest det er kjekt om de tek dykk tid til å stemme!

torsdag 24. april 2014

På rakedeis

I dag har eg hatt meg ei skikkeleg slyngerunde.  Ærendet var ein tur på bybiblioteket. Eg veit at eg har lese den første boka i trilogien, men er usikker på dei to andre.  Eg lytta litt til starten på den første og kom fort fram til at eg toler å høyre om att.

Etter at klesbutikken på Hareid vart vekke, må eg sjå etter kle i byen.  Eg fann to vårlege bukser eg kunne tenkt meg, begge utselde i min storleik ...

onsdag 23. april 2014

Vott med stjerner og kvister II

Eg ser at mange strikkar fleire plagg i same mønster.  Det er ikkje noko for meg.  Men no har eg strikka eit til vottepar i dette mønsteret, mykje på grunn av at eg veit kor store dei vert. Kva fargar som er finast, er vel ei smaksak.  desse kan ein i alle fall bruke til dei fleste fargar kle.

tirsdag 22. april 2014

Regrow

 Via Facebook kom eg inn på ein link til denne sida der ein kan lære å gi nytt liv til grønsakskalkar. Eg måtte sjølvsagt prøve!
Det som er spennande no, er om der kjem røter slik at eg kan sette sellerien i mold.

Noko særleg mykje å tene på dette er det ikkje, men eg synest det er artig!  Neste gong eg kjøper basilikum, skal eg prøve å sette i vatn nokre stilkar.

mandag 21. april 2014

Bok 21: Sønnen

Frå omslaget:
Jo Nesbø introduserer et helt nytt Oslo-univers i romanen "Sønnen". Dette er en skandinavisk "The Wire" i et forstørret hyperrealistisk Sin City-Oslo. Narkomane Sonny Lofthus har sittet i fengsel siden han var atten og finansierer forbruket ved å sone for andres forbrytelser. Han har særstatus blant de innsatte. Sonnys avdøde far, Ab Lofthus, var politimann. Når Simon Kefas, en nær venn og tidligere kollega av Ab, dukker opp, er det for å etterforske et drap som knyttes til Sonny. Men Sonny rømmer, og han har mye å hevne. "Sønnen" er en thriller som på ny viser opphavsmannens mesterklo. Nok en gang skildrer Nesbø et Oslo i noir-toner, og i kulissene danser kommunepolitikere, næringsliv, politi og domstoler med de mektige som loven ikke gjelder for. Samtidig dreier romanen seg om velkjente Nesbø-temaer som far-sønn, lov-rettferdighet, hevn-urett og skyld-soning, og selve navet i beretningen om Sonny er en sterk kjærlighetsfortelling.

Eg hadde høge forventninngar til denne romanen.  På førehand hadde eg ikkje lese noko om han, men eg hadde fått med meg at dette ikkje var ein Harry Hole-roman.  Kven som er heltar og kven som er skurkar, er ikkje godt å seie. Får alle som fortent?

Det tek ei tid å kome inn i alle personane og miljøa i romanen, i alle fall for meg, men når ein først har fått med seg familieforhold og anna, vert ein verkeleg dregen med.  Romanen innfrir.  Den er sapennande til siste slutt. Og spenninga er på fleire plan.

Sjølv om handlinga går føre seg i Oslo, er der noko "amerikansk" over romanen. Det overraskar ikkje at Jo Nesbø vert selt til fleire land.

Dette er kvalitetskrim etter mitt syn! 

søndag 20. april 2014

1. påskedag

 I går skulle det ha kome eit blogginnlegg i serien "Hagen i dag".  Det vart gløymt, kanskje fordi eg hadde "Sønnen" på øyret?  Sola kom fram att i dag, så det var berre å få på seg dei gamle joggeskoa og gå rundt vatnet.
Kvitveisen blomstrar.
Bjørka står i knopp enno.
Hestar og sauer har kome på beite.

Når ein har gått seg ein tur, kan ein unne seg litt avslapning på altanen.  Grillmat har eg ikkje kjøpt inn.  I staden vart det lår og vingar av ein kalkun eg kjøpte inn til jul.  Filetane kan vi ete ein annan dag.  No kokar eg kraft av resten av kalkunen.

Det ser ut til at vi skal få ein like fin dag i morgon, men då kan eg ikkje ta heilt fri.  Timeplanen min er slik at eg har fleire fritimar måndag og ingen tysdag.  Det seier seg sjølv at då må det bli noko førebuing. Ein bunke rapportar og ei engelskprøve har og lagt trygt i påska.  Dei kan eg velje kva kveld eg vil til å rette ...

fredag 18. april 2014

Så kom sola!

 I dag vakna vi til strålande sol. Her vel ein ulike uteaktivitetar alt etter kor sprek ein er.  Eg gjekk runden min.  Elva var stor i dag.
 Ei gammal bru ...
... og eit nytt skur på Bjåstad. Eg synest det er flott at ein legg til rette for at dei som vel å reise kollektivt kan få stå i ly medan dei ventar.

No ønsker eg meg like fint ver i morgon slik at eg kan få rydda litt i hagen.  Eg har nok vermeldinga mot meg ...

torsdag 17. april 2014

Skjærtorsdag

 I dag samla vi heile familien til middag.  Mannen kokte pinnekjøt.  Foreldra han brukte å kjøpe inn ein ekstra julemiddag og spare til påske.  Den tradisjonen har vi ført vidare.

Studenten tok eit kveldsfly attende til hovudstaden.  Han har eit stramt program framover med fire eksamenar.
 Vi tjuvstarta også på påskeegga i dag.  Frøkna fordelte sjokoladen i desse posane heilt rettferdig.
Dagen etter at eg hadde gått to timar, det meste på asfalt, til Kvitneset, dreiv eine kneet og svikta under meg.  Det føltest som om det vart stukke i med knivar.  Etter å ha tenkt meg om, kom eg fram til at eg må ha meg nye joggesko med mest mogeleg demping.  I dag gjekk eg ein tur for å gå dei inn.  Det må nok nokre fleire småturar til før eg kan legge ut på langtur i dei. Sidan dei skal vere topp moderne i fargen, må eg nok bruke dei mykje og slite dei ut før moten endrar seg!

onsdag 16. april 2014

Vott med roser II

Då eg begynte på att med strikking for eit par -tre år sidan, starta eg med vottar i ulike mønster.  Til no har eg ikkje strikka to like par. Men dette mønsteret er berre så fint!  Mine grå vottar har eg brukt mykje.  dei har vorte litt tova, noko som gjer dei endå varmare.  Eg synest også at mønsteret vart annleis i raudt og kvitt.  Vottane er nok litt store til henne eg hadde tenkt å gi dei til.  Tida får vise om eg strikkar eit mindre par.

Mønsteret er i Terri Shea si bok "Selbuvotten".

tirsdag 15. april 2014

Gratulerer Eirik 17!

 I dag fyller Eirik 17 år.  For å få samle flest mogeleg, la vi feiringa hit.   Jubilanten fekk lærekøyre store delar av turen.  Sidan dette er den siste gebursdagen før han vert vaksen, pynte vi til barnebursdag med ballongar ved inngangspartiet - og diverse anna småtøys vi fann på. Det er lenge sidan eg har drukke med sugerør.

Dagens beste kransekakevits ordrett sitert: Hva toppserien i fotball heter på Hedmarken?
Bondesliga...

Vi vaksne ler av vitsane medan ein av dei yngste seier: Kransekakevitsar er ikkje morosame.  Borna har kanskje fatta poenget likevel?
Besta hadde sett ei gulrotkake utanfor døra hos barnebarnet på sin veg.  Elles hadde jentene baka med hjelp fræ mødrer, tenkjer eg.

mandag 14. april 2014

Bok 20: Din vakre jævel

Dette er ei bok som fleire elevar på skulen har lese i det siste.  Ein lærar sa at dei likte ikkje slutten. Så då eg kom over lydboka, lånte eg romanen for å gjere meg opp mi eiga meining.

Ungdomsromanen handlar om umogleg kjærleik mellom ein 15 år gamal gut og ei 25 år gamal kvinne.

Robin robbar Hedvig for mellom anna ringen ho har fått av han ho skal gifte seg med.  Møtet får uante konsekvensar.

Eg let det fall nokre ord på skulebiblioteket om at slike sexscener hadde ikkje vore lovlege i min ungdom. En høver ikkje til høgtlesing i klassa slik eg hadde lurt på, sukka eg.  Kanskje dei vert så nysgjerrige at dei les boka?

Les gjerne kva Dagbladet skriv.

Ein vaksen lesar vert ikkje overraska over slutten.  Men eg forstår ungdomane sin reaksjon.

søndag 13. april 2014

Oslotur

Fredag sette vi nasen mot hovudstaden.  Ærendet var å hente heim studenten og halve flyttelasset hans til påske. I pinsa kan vi gjere det same.  Då er han ferdig med studiet sitt.  For oss har fem år gått fort!

Mannen og eg la oss inn på hotell i to netter.  I går nytta vi høvet til museumsbesøk, shopping og kinobesøk.  Middag åt vi på Kaffistova saman med studenten.

Veret har vore eit kapittel for seg.  Laurdag småregna det i Oslo.  Elles skein sola på Austlandet i dag.  Vi kunne omtrent ikkje tru det då vi høyrde at det var kolonnekøyring på Strynefjellet.  Andre fjellovergangar er stengde.  På Bjorli og på Ørskogfjellet sludda det, elles hadde vi greitt reisever.  I Romsdalen hadde bjørkeblada sprotte ut.  Der hadde våren kome lengst.

Det er kjekt å kome seg litt vekk.  No er vi klare for påskeferie heime!

Eg vil ønskje blogglesarane ei god påske der de er!

lørdag 12. april 2014

Forsvarsmuseet

Eg har sett og lese om utstilliga " Den lengste reisen", og tenkt at den må eg få med meg.  I dag fekk eg høvet! Forsvarsmuseet er også mykje meir. Eg kunne tenkt meg og hatt med meg både slekt, vener, kollegaer og elevar dit!

torsdag 10. april 2014

Ferielektyre

Laurdag var eg innom biblioteket så snarast.  Eg kom på at eg kunne sette meg på venteliste på Nesbø sin siste krimroman.  Den stod øvst på krimønskelista til påske.  I dag hadde eg akkurat sett meg bak rattet for å proviantere til helga då meldinga tikka inn: Boka var komen.  Flott sørvis!

onsdag 9. april 2014

Jakke i Finull og Plum

Medan eg strikka den førre jakka i Finull og Plum, såg eg på mønsteret til ei meir utfordrande jakke i same heftet. Her er det striper i ulike fargar og mønster. Jakka var rask å strikke på pinnar 5 1/2. Ermane er strikka med raglanfelling, så det einaste eg måtte gjere med monteringa var å plukke opp maskar til kant - og å sy til kanten. Elles så følgde eg eit råd frå ei som har strikka same jakka, eg festa trådane etter kvart.  Spesielt sølvtråden hadde lett for å rakne.

Frøkna stilte som modell. Jakka er til meg sjølv, men det spørs om eg får gøyme den vekk til hausten.

mandag 7. april 2014

Bok 19: Krigens skugge

Forlaget skriv:
På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred.

Eg kasta meg like godt over andre boka i serien, og det angrar eg ikkje på.  

Krigen er slutt. Tre søstrer har gjort ulike val under krigen.  men får dei straff som fortent? Tea si synd var å forelske seg i ein tysk soldat som omkom i krigen.  Barnet vert teke frå henne, og ho sjølv vert fritt vilt i bygda. Ein dag "klikkar ho" og tek att.  Det får følgjer.

Dagny har farga håret.  Ho kjem seg unna rettssystemet, i alle fall i første omgang.  Men det finst journalistar som leitar etter sanninga. 

Så har vi den sjølvrettferdige Emma.  Det viser seg at ho og har sine svin på skogen.

Dei tre søstrene bur saman etter krigen.  Andreas vil gifte seg med Dagny.  Han har kjøpt seg ein gard og treng arbeidsfolk.  Ein "svenske" dukkar opp.

Men krigen kastar skuggar.

Denne romanen skildrar stemninga i landet etter krigen.  Historiene er spennande og truverdige.  Romanen er minst like medrivande som den første, og like lettlesen.  Kanskje den tredje boka kjem ut i år?





søndag 6. april 2014

Flette med åtte

 Det er ei her som liker å sjå "Hele Norge baker", så det vert til at eg og ser på programmet innimellom.  I fjorr meinte nokon at eg burde melde meg på, for eg ville sikkert ha vunne heile greia.  Det er kjekt at folk har tru på meg, men eg ville nok fort ha ramla ut av konkurransen.  Fanske paiar og diverse anna bakverk har eg inga erfaring med.

I det siste programmet eg såg, laga dei fletteloff med 8-fletter.  På papiret ser det vanskeleg ut, men for meg såg det ut som det kunne vere same framgangsmåte som 6-flette.  Eg måtte berre prøve, så i dag laga eg ein deig med 4 dl mjølk. Skulekjøkenoppskrifta finn de her.
Utfordringa er ikkje sjølve flettinga, men å få jamne emne. Ein legg fire emne mot venstre og fire mot høgre. Elles er det berre å krysse hendene, legge emnet i handa nedst ned innerst, ta eit nytt emne ytterst.  Ein jobbar alltid på motsett side, og ein slepper berre det eine emnet.

Utsjånaden vert nokså lik seksfletta, vil eg seie ...

lørdag 5. april 2014

Seljetre

I dag hadde eg eit par ærend i sentrumsbutikkane.  På blomsterbutikkane får ein no kjøpt løkblomster i krukker.  Det er berre å sette dei rett ved inngangen t.d. Eg fall for denne vesle, poda selja.  For dei som synest eg har flotta meg veldig, kan eg røpe at ho kosta 100 kroner.  Korga var de minus 30% på. Om selja vil trivast i hagen seinare, får tida vise. Hagen er i alle fall full av perleblomster som eg har grave ned etter blomsting i potter.

Bildet hadde nok vorte finare i solskin enn i blitslys.  Her forsvann sola midt på dag.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

fredag 4. april 2014

Bok 18: Hundreåringen

Omtale:
Etter et langt og begivenhetsrikt liv havner Allan Karlsson på gamlehjem hvor han tror han snart skal ende sine dager. Problemet er bare at helsa nekter å svikte. En dag fyller han ubønnhørlig hundre år. Pomp og prakt, ordfører, lokalavis og bløtkake venter. Men Allan vil ikke være med. Han klatrer ut gjennom vinduet. Boken handler om Allan Karlssons månedslange reise gjennom Sverige. En reise som kompliseres ved at han kommer på kant med både politiet og en motorsykkelbande som han dessverre kom til å stjele en verdifull koffert fra. Men boken er også en reise gjennom det forferdelige 1900-tallet, den uendelig sorgløse Allan Karlssons livsreise. Det viser seg at Allan Karlsson ikke bare har deltatt i, men også forårsaket flere av 1900-tallets store begivenheter. Han har vært innblandet i utviklingen av atombomben, blitt god venn med formann Maos unge hustru og både planlagt og avverget et attentat mot statsminister Winston Churchill.

Denne romanen har eg lånt ein gong tidlegare utan å kome så langt som til å lese han.  Sidan den no er filma, fekk eg lyst til å lese romanen før eg eventuelt ser filmen.

Romanen kan kanskje kallast ei reise gjennom eit hundreår.  Hundreåringen har vore der det har skjedd og påverka viktige hendingar.  humoren er nok ellevill.  Problemet mitt vart etter kvart at det vart "too much".  12 Cd-ar vart etter kvart noko langtekkeleg sjølv om det er morosamt, og sjølv om det skjer noko nytt og halsbrekkande heile tida.

(Før eg la ut dette innlegget, sjekka eg kva mora mi hadde skrive om boka.  Eg ser at ho også har tydd til det engelske uttrykket "too much" ...)

torsdag 3. april 2014

Cupcakes

 Dette vert eit innlegg i serien "flinke elevar".  Vi har harr sterk-og-klar-kveld i kveld der elevar og føresette skal gjere noko saman.  Nokre har laga thaimat, andre har vore på skyting eller klatring. Formingsaktivitetane har eg ikkje oversikt over, men der plar verte laga mykje fint. Fotball er alltid populært - og sjølvsagt cupcakes!

onsdag 2. april 2014

Årets brødposar

Vi har no allereie kome til brødbaking i pensum.  Niandeklassingane har vorte flinke bakarar. Designe brødposar er det mange som kosar seg med. Desse to ville gjerne kome på bloggen min, og det helst med namn. No har eg tausheitsplikt, så dei må nøye seg med å vere anonyme.

I morgon skal vi ha kveldskurs. Det spørs om eg stikk innom med bilde av cupcakes i morgon kveld ein gong?

tirsdag 1. april 2014

Lyst på tur

I dag var ein merkedag for oss turgåarar.  Vi kan no gå til vår faste tid utan å ha på oss refleksvestar!  Bildet tok eg medan eg gjekk, så kvaliteten varet deretter ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...