tirsdag 1. mai 2012

Lady Goldenglow


 Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bake ei einaste kake til konfirmasjonen, berre seie ja til dei som tilbyr seg.  Det er litt kjekt å fa litt andre kaker i hus enn dei ein sjølv bakar, og så gir ein kaker eller karamellpuddingar til dei når dei treng det.  Slik er det her på Sunnmøre.  Ein bakar til sjølve dagen og til etterpålag.
 For å vere heilt sikker på at det vert nok kaker (kremt), laga eg ei stor haldbar kake sjølv, nemleg Lady Goldenglow. Den har vel vore på kakebordet i alle konfirmasjonane.  Oppskrifta fekk eg av mormor ein gong på 80-talet.  Eg har moderert den litt ut i frå erfaringar.  No sparer vi ikkje slik på egga som ein gjorde før.  Eggeplommer til overs går i vaffelrøra eller brødbakemaskina.


Form: 24 cm
Steiketid 45-60 minutt.

125 g smør
280 g (3 dl) sukker

2 egg

2 dl mjølk

290 g (4 1/2 dl) kveitemjøl
4 ts bakepulver
rive skal av 1/2 sitron

1/2 plate riven sjokolade i halve deigen

Fyll:
50-74 g smør
250 - 300 g melis
1/2 ts rive appelsinskal
fruktkjøt av 1 appelsin
1 eggekvite - stivpiska

1/2 plate kokesjokolade

Kakerøre:
Rør smør og sukker kvit.  Hai eitt og eitt egg.  Sikt på mjøl og ha i mjølk vekselvis.  Ha riven sjokolade i halve deigen.

Ha røra i forma litt klattvis for å få marmorering.  Steik kaka godt.

Til fyllet rører du smør og melis medan du styrer med appelsinen.  Då har eg i appelsinskal og kjøt etter kvart.  Ha i eggekvitane. Ta av litt til det gule på midten før du har smelta kokesjokolade i resten av fyllet. Pynt som du ønskjer.  Eg bruker berre å rive litt kokesjokolade på toppen.

Eg laga sjølvsagt dobbel porsjon i ei 28 cm form.  Arbeidet og rotet er det same, synest eg.

6 kommentarer:

  1. Så fin ei kake!
    Frys du den, eller er det oppbevaring i kjøleskap?

    God innspurt! :-)

    SvarSlett
  2. Nydeleg kake dinna Ladyen. Eg brukar å lage den til jul, tradisjon.
    Og den står seg og blir nesten betre og betre.

    Ja, det er alltid ein fare for at det blir for få kaker... kjenner meg igjen der ;)

    Lukke til med siste førebuingane !

    SvarSlett
  3. Eg frys den no, ja, men den står seg lenge i kjøleskåp. Det er noko med desse tradisjonane.

    SvarSlett
  4. Eg fann også akkurat mormor si gamle oppskrift, og den ser heilt lik ut :) Men eg stussa på appelsinkjøt i fyllet. Kva er det? Dei små restane som ligg igjen i sitruspressa? Ikkje store bitar oppskoren appelsin, vel?

    SvarSlett
    Svar
    1. Du skjer ut båtar inn til hinnene. Appelsinkjøtet er alt det gule i appelsinen.

      Slett
  5. I like it when people get together and share views. Great website

    កាលេងប្រដាល់ថែ​ ​​

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...