søndag 20. mai 2012

Rundt vatnet


I dag har alle i familien vore på ulike turar, berre brørne har gått i lag.  Eg gjekk rundt vatnet.  Det er mykje fin natur å sjå, men også mindre hyggelege syn møter ein.  Viss de ser nøye på bilde over, ligg der mange måsar og hekkar.
 Hageavfallsplassen er stengd på grunn av boss.
 Nokre av dei som har møtt stengde portar, har slengt frå seg sekker med gras.
 I staden for å gå på vegen, kan ein no gå på ein fin stig som Rotary har laga.
 For dei som treng pausar, er der sett opp benkar.
 Ein benk står heilt nede ved elva.
 Viss ein tek til høgre etter brua kan ein gå vidare framover.  Kor tid der er stig heilt fram til Kaldholen, veit eg ikkje, men eg håper det er snart.
Eit anna lite hyggeleg syn er lupinar langs vegen.  Dei har spreidd seg oppover marka.  Det er trist at dei får dominere over ville vekstar.  Eg håper mange fer fram og plukkar seg bukettar når den tid kjem.  Då kan ein kanskje avgrense skadane.

2 kommentarer:

  1. Eg las ein stad at det var framlegg om å totalforby lupinar i Norge. Litt synd det også-ein kan då ha dei i hagar. Slike stigar der ein kan gå om ein ikkje er så spreke, er eit godt tiltak.

    SvarSlett
  2. Lupinar er hageplantar. Før vaks der blåklokker, tiriltunger og raudkløver langs vegen. Det kan sjå ut som nokon har dryssa frø langs vegen. Første åra vert der fargeblanding, no trur eg alle er blå.
    Eg synest turstigar er ein fordel for alle. Underlaget er betre enn asfalt, og så slepp ein trafikkstøy. Flott at ei kan kome nær naturen med vogn og rullestol også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...