Når ein får slike spørsmål, forstår ein at ein ikkje er heilt ung lenger. Eg kom ikkje på noko anna svar enn: Bake kake. Eg hadde fått for meg at eg skulle bake tre kaker til 17. mai, men det viste seg å berre vere ei.
Så no har eg sett ei
Kvæfjordkake i omnen. Det er ei grei kake å gi vekk.
I dag har dei hatt avslutning på UVS. Mannen kom heim med fin bukett og den flottaste orkidéen eg har hatt i hus.
Eg vil ønskje alle blogglesarane ein flott nasjonaldag!
Eg har ikkje pynta, ikkje baka, men eg kjøpte ein orkidé på Coop for 90 kr. I år har vi ikkje ein gong planta i kjøkkenkassene til 17.mai. Det må vere lenge sidan sist.
SvarSlettKor fin jenta er i uniform! Vi har ikkje hatt regn i dag, utruleg nok.
SvarSlett