I dag hadde eg bestemt meg for å klippe roser. Bjørkene i nabolaget har sprotte ut, så eg meiner det er tid for roseklipping. Det var berre å leite fram att termodressen og sette i gang. Men før det planta eg nokre pelargoniaer i ei korg. Eg trur dei vil greie seg ved inngangspartiet under altanen.
så kjekt med fine blomar..
SvarSlettEr vel innspurten no, lykke til!!
Du må få inn blomane før natta! Eg prøvde meg sist veke, med dårleg resultat.
SvarSlettEg skal klippe mine roser i helga, trur eg:) Har vel ikkje sett det siste av kulde, men det får stå si prøve.
SvarSlettReknar med du utsette det litt ... Vakna opp og tenkte på han frå eventyret som sleppte ut sju vintrar. No får vi håpe på sju somrar!
SvarSlett