onsdag 23. februar 2011

VM-bollar

Diskusjonen har gått i heimen: Kva er skilnaden på rundstykke og bollar?  Då dei såg kva eg putta i deigen, meinte enkelte at dette var for sunt til å kunne kallast bollar.  Men er det sukker i deigen, er det bollar, meiner eg.  Inspirasjonen kom frå frukost-TV der Wenche baka etter denne oppskrifta.  Ho tok omsyn til allergikarar. Eg har tilpassa mi oppskrift til ei plate med 16 bollar, og eg har spandert både mjølk og egg.
4 dl mjølk, lunken
3/4 dl flytande bremykt (ev. smelta smør)
1 pakke raud gjær
1 egg
1 dl sukker
1 ts kardemomme
3/4 ts salt
1 gulrot, riven
1 eple, i små bitar
1 dl rosiner
2 dl havremjøl
2 dl havregryn
1/2 dl havrekli
9-10 dl kveitemjøl

Framgangsmåte som til vanlege bollar.
Det vart mange ingrediensar å halde greie på, så sjølv om bollane smaka godt, vert det nok eventuelt ein enklare variant.

6 kommentarer:

  1. Vanligvis er vel bollar både søtare og feitare enn rundstykke, men eg har hørt folk kalle rundstykke for bollar-ikkje omvendt. Desse såg veldig gode ut og eg fekk nesten lyst å bake. Men vi har ikkje ete bollane eg baka til jul. Vi treng visst litt besøk.

    SvarSlett
  2. Egg fekk berre ei klage: At eg forminska oppskrifta!

    SvarSlett
  3. Eg får liksom ikkje heilt taket på bollar, har vore uheldig dei siste gongane. Jaja, skam på den som gir seg. Dei "mislykka" kjem i Sunnmørsposten i fastelavenshelga.

    SvarSlett
  4. Det skal no noko til at dei vert heilt mislykka, kjenner eg deg rett!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...