lørdag 5. februar 2011

Handlerunde i Hareid

 I dag var eg tidleg ferdig å vaske.  Frøkna skulle relativt tidleg av garde til korpshelg, og yngstemann skulle på fotballcup.  Ærendet mitt nedover var å bestille ein frisørtime.  Det er godt å gå seg ein tur i dagslys.  Det er vel litt tidleg med påskeliljer.  Fargen som gjeld no mot valentin er raudt, ser eg, men eg har så lyst på noko gult.
 På biblioteket fann eg to lydbøker.  Den til høgre er eg usikker på om eg las på 80-talet.
Eit lite handletips for folk i bygda kan vere at desse kryddesetta finst i store mengder til halv pris (49,-) på apoteket.

Elles så møtte eg ei venninne.  Vi kjøpte oss kaffi og eplekake på serveringsstaden som skiftar namn fortare enn vi greier å følgje med.

4 kommentarer:

  1. Eg kan hugse eg sat oppe nesten ei heil natt (natt til sundag) og las Kainan. Den handla om frimurer-ritual blant anna og var veldig spennande. Syntest i alle fall det den gongen.Hadde forresten forfattarenn på besøk på skulen då eg gikk på norsk på DH (1985-86).

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje eg har lese den.

    SvarSlett
  3. Glemte igjen ka serveringstaden heite,he he..men takk for kaffi og kake!
    :-)
    Quinoa var utrulig god og må prøvast!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...