tirsdag 8. februar 2011

Marmorkake

I den nye kokeboka vår er det få kakeoppskrifter.  Marmorkake er vel ei gammaldags kake, men bør ho ut av planen?  Eg synest at det er eit poeng å lære alle metodane for kakebakst.  Her lærer ein å røre smør og sukker kvitt. Når ein baker kaker sjølv, ser ein kva dei er laga av.  Mange synest det er mykje smør og sukker i kakene.  Kjøper ein pulver, noko som er meir og meir vanleg også blant vaksne, får ein ikkje same kjensla.  


Sist, men ikkje minst, så er det kjekt å få med seg ei sjølbaka kake heim.  Ein er sikra skryt!


Denne oppskrifta er skriven for niandeklassingar.


(Kompaktkameraet mitt er i England, så eg får erstatte dette knabba bildet med mitt eige neste veke)





Marmorkake

150 g margarin
150 g sukker

2 egg

1 ¼ dl mjølk

225 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

Slik gjer vi:
1.     Set omnen på 175 grader.
2.     Smør og strø ei avlang form. Ha gjerne bakepapir i botnen.
3.     Rør sukker og margarin kvitt.
4.     Ha i egga eitt om gongen. 
5.     Rør inn mjølk og mjøl (blanda med bakepulver) vekselvis.
6.     Bland saman i ei mellomstor skål:
2 ms sukker
2 ms kakao
2 ms mjølk
1 ts vaniljesukker.
     7.  Ha 1/3 av røra i kakaoblandinga og rør til jamn røre.
8.  Ha først halvparten av den lyse røra, så den mørke røra og til slutt resten av den lyse røra.
9.  Dra ein gaffel langs midten av forma for å lage marmormønster.
10. Steik kaka i ca 45 minutt.

4 kommentarer:

  1. Mamma laga marmorkake..
    så bra dei lærer lage ting frå grunnen av..

    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Heilt sidan eg kom til Sunnmøre for ca 45 år sidan, har eg vore lettare sjokka over kor mykje kaker det blir baka her. Eg var van med at kaker var festmat, ikkje noko ein hadde til kvar helg. Og slik meiner eg det bør vere.Men det er greitt at elevane lære å lage kaker frå grunnen av, og som du seier, ser kva kaker er laga av. Og eg er ikkje motstandar av GODE kaker til fødselsdagar etc.Ein kan ikkje ete BERRE det som er sunt.

    SvarSlett
  3. Det er enkelt og billeg å kjøpe seg ein muffin om dagen, ser eg. Når foreldre sender med pengar til mat i staden for matpakke blir freistinga stor til å lure seg på butikken i skuletida, eller rett etterpå. Ein del lever då på muffins eller bollepakkar til kvardags.

    SvarSlett
  4. Ein kan ikkje vente at dei unge vel rett når ikkje vaksne gjer det! Såg til mi glede at skuleelevar kjøpte salat på Spar, den gong eg handla der.Men det er som dei seier: Det usunne er billegast og lettast å få tak i. No veit folk så mykje om kosthald at det er ingen grunn til å ete usunt. Eg veit at du er enig.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...