fredag 30. mai 2014

Bok 30: Mors gaver

Frå omslaget:
En fortelling om vår lengsel etter å holde tiden fast. Da Cecilie Engers mor havner på sykehjem, hardt rammet av Alzheimer, blir barndomshjemmet tømt og solgt i løpet av en helg. Under opprydningen finner Cecilie morens sirlig nedtegnede lister over samtlige av familiens julegaver gjennom fire tiår. Gaver gitt og gaver fått, til og fra mennesker med svært forskjellige livsskjebner. Med listene som utgangspunkt skriver Cecilie sin egen families historie, fra slutten av 1800-tallet og frem til i dag. Samtidig fortelles en annen historie. I løpet av de to årene det tar å skrive Mors gaver, viskes morens hukommelse og personlighet gradvis ut.

Av og til kjem ein over bøker som rører ved ein. Denne romanen er ei stille historie, ei kvardagshistorie.  Forteljarstemma er lika gammal som meg.  Det er lett å identifisere seg med henne. Noko i barndomen vil alltid vere likt for dei på same alder. 

Ein ser denne gamle, engstelege kvinna.  Men gjennom gåvelistene og dottera sine minne, får ein møte ei tøff dame.  Ho pakka til dømes i si tid sakene sine og var klar til å reise til Alta.

Omtrent midt i romanen tek forfattaren opp spørsmål omkring gåver.  Kvifor gir vi?  Ventar vi noko attende?  Ho har litt andre svar enn filosofane.  Det er og interessant korleis julegåvehaugane har endra seg.

Det finst vel knapt nokon tristare måte å miste mor si på enn gjennom Alzheimer. Pasienten opplever mykje angst og uro. Sjukdomen krev mykje av dei pårørande.  Eg synest forfatttaren skildrar dette på ein lågmælt og god måte. Mange vil nok kjenne seg att i historia.  Eitt døme er på kor mykje ein skal realitetsorientere pasienten. I byrjinga prøver ein så godt ein kan.   Etter kvart går faren hennar til dømes med på å besøke henne ein gong i veka.  Mora har gløymt at dei er skilde. 

Boka fekk eg anbefalt av mor mi.  Dette er ein roman som eg trur alle litt vaksne vil like.

Eg har tatt fram seksaren i dag.


torsdag 29. mai 2014

Strikking i særklasse

Heilt sidan eg kjøpte boka "Knitting masterclass", har eg hatt lyst til å prøve teknikken oppklipping utan bruk av symaskin..
 Eg fann ut at eg ikkje tok sjansen på å prøve dette ut på eit stort prosjekt, så eg strikka ein prøvelapp i gilde fargar - heilt etter hovudet.  Kunsten (steeking in English)er å hekle i to masker.  Viss du bruker to fargar, må du passe på å strikke striper oppover, slik at du alltid treffer på begge fargane.
 Så sagt så gjort.  Eg klipte opp, og det såg greitt ut!
 Baksida vart fin, synest eg. Eg bretta inn kanten.  Eigentleg skulle ein vel berre hekle vidare?  Men eg er redd den ville rakna med hard bruk.
Prøvelappen vart til ein vest til dukka.  Resten av arbeidet hekla eg på frihand.
Konklusjonen min er eigentleg at denne teknikken er grei  - om ein då ikkje er den heldige eigar av ei symaskin ...

Og dataproblemet mitt har eg løyst med å laste ned ein ny nettlesar "torch".

onsdag 28. mai 2014

Peace

I år har eg sikra meg to eksemplar av yndlingsrosa. Dei fann eg på Bo Grønt/Tilseth i Furene. Ein fin butikk med godt utval og flinke folk!

tirsdag 27. mai 2014

Eg fann! Eg fann!

Eg slit med å skrive innlegg på datamaskina.  Både safari, explorer og crome er i streik. Så no set eg min lit til nettbrettet.

I går såg eg etter denne boka på biblioteket og fann henne.  Så no har eg noko å studere på!

mandag 26. mai 2014

Sunt å vere sjuk

 Det er vel heller innbilsk å tru at ein vert sakna blogggverda om ein tek seg ein liten pause.  I helga har eg hatt så å seie ingen energi. Eg har hosta og nose.

Vanlegvis strekk ikkje tida til.  Det er så mykje eg har lyst å gjere. I helga orka eg ikkje å strikke, så eg sovna framfor TV-en både titt og ofte. Hagearbeid orka eg absolutt ikkje.  Eg vart andpusten berre av å gå bortover golvet eller plenen.

Av matlaging orka eg berre det mest nødvendige. Duk og blomster fekk vere.

Før helga kreka eg meg på jobb. Elevane skulle førebuast til tentamen. Og det er mykje arbeid å lage vikarinstruks. Då går eg heller for halv maskin.
Så godt det er då å få att energien! Det vert kjekt å gå på jobb!

I dag hadde eg ei bok som burde leverast inn på biblioteket i byen.  Så fekk eg prøvd den nye rundkøyringa.  Det er litt av eit framsteg!  Elles er der stor byggeaktivitet.

På biblioteket fekk eg lånt nye bøker, også ei strikkebok.  Kanskje eg får lyst å strikke noko!

Konklusjonen får vere at det er sunt å vere litt småsjuk, så set ein større pris på ein valeg travel kvardag!

lørdag 24. mai 2014

Bok 29: Blomsternes hemmelige språk

Frå omslaget
Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre og talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg - tør hun å satse alt for å finne lykken?

Denne romanen har eg latt stå att i hyllene på biblioteket lenge.  Som kjent er eg nærast allergisk mot amerikanske (berre legg til engelske og franske også) bestseljarar.  Men denne fekk eg høyre skilde seg ut.

Tema og handling i romanen er spennande.  Ein niåring som har vore i 32 fosterheimar og så møter ei som ikkje har tenkt å kaste henne ut. Korleis oppfører eit barn som ventar å bli avvist seg?  

Romanen tek seg opp mot slutten når Victoria vert gravid og føder. Korleis taklar ei som ikkje har fått omsorg i starten på livet å gi omsorg? Eg skal ikkje røpe meir.

MEN. Blogglesarane ventar nok på eit "men" frå mi side!? Men ein må greie å sjå forbi eit heller klissete og klisjéprega språk.  Eg slit når folk vert "fylte av kjærlighet".

onsdag 21. mai 2014

Kan det bli kjedelegare?

Førre veke strikka eg ferdig ei jakke.  Blogglesarane skal få sjå den når eg får tak i knappar til den, og får frøkna til å stille som modell.  Problemet med den jakka var at den var så kjekk å strikke at eg vart sittande å strikke i tide og utide. Det var ein av grunnane til at eg begynte å strikke på nokre grå sokkar.  Noko anna var at eg hadde garnet liggande.  Før jul skulle eg ha eit mønsterhefte i butikken som dei ikkje hadde.  Då vart det til at eg bestilte heftet og garn direkte frå Sandnesgarn.  Der er gratis porto viss ein kjøper for over 500 kroner, så eg ville heller ha treskogarn enn å betale porto, for å seie det sånn. For det tredje, så høver dette strikketøyet til formålet å halde seg vaken når ein ser TV om kvelden. For det fjerde må eg strikke minst eitt par sokkar i året om eg ikkje skal gløyme kunsten.

I dag hadde eg kome til hælen.  Eg fann ikkje att kommentaren der mora mi forklarte det i fjor, og ho var på pensjonisttreff. Så eg fann fram ei bok.  Om ikkje hælfellinga der var heilt som mors, så fekk den det i alle fall til å demre for meg.

No vil blogglesarane kanskje innvende at eg ikkje kan ha strikka berre om kvelden.  Og det stemmer!  I går starta eg å nyse.  I dag begynte eg å hoste.  Dess meir eg pratar, dess verre er det.  Utover skuledagen begynte eg å bli tappa for energi.  Eg for heim klokka to, noko eg har høve til, men sjeldan gjer.  Etter middag datt eg heilt i hop.  Det er tungt å gjere den minste ting - anna enn å strikke.

Kjenner eg meg sjølv rett, er eg i form att i morgon!

Og ein eller annan får seg eit godt par tjukkelabbar!

mandag 19. mai 2014

Bok 28: Kvardagsstrikk

Dette er ingen roman, men ei fagbok.  

Då eg var yngre var eg overbevist om at eg aldri kom til å bli historieinteressert.  "Berre vent til du vert eldre!"fekk eg høyre.  No vil eg seie at det kjem an på kva for historie det er snakk om. Når dei viktige historiske hendingane er på plass, synest eg kvardagshistoria er vel så viktig!  Korleis levde til dømes oldemødrene våre?  Ein ting er kva dei åt og korleis dei kokte.  Denne boka tek føre seg kva dei hadde på seg av klede og spesielt strikka klede. Ho er skriven i 1994.
Annemor Sunbø tok over ein fabrikk som laga mellom anna ulldyner av gamle ullklede som folk leverte inn.  Denne handelen med brukt ull er omtala i boka.  I ullhaugane fann ho gamle strikkeplagg. Desse vart laga om til sjoddi.
 Gamle plagg vart redda og mønster teke vare på.  Når ein måtte karde og spinne garnet før ein strikka det, er det kanskje ikkje så rart at ein genser veret omsydd til ei underbukse som igjen vert bøtt.  Underbuksa varma vel under stakken. For oldemødrene mine hadde nok aldri på seg bukser.

Strikkehistoria er svært interessant å lese, og boka er rikt illustrert. Når ein les om desse plagga, lærer ein og mykje om daglegliv og arbeidsliv.  I fengsla fekk ein ikkje late seg, men ein fekk opplæring i strikking.
 Strikkehistorie er og motehistorie.  På 50-talet gjalt og produktplassering, og det ultimate var å få kongelege til å bære plagga.
På 80-talet vart Morten Harket sett i setesdalskofte.  Mest kjend var han for å møte kongen i ei svart.
Ein finn mange sider med kofter, men også sokkar, vottar og andre strikkeplagg. Eg har forelska meg litt i den det står B ved.  Den er fin i ein oransje farge.

Til slutt finn ein ein del mønsterbordar.

Eg hadde sett denne boka omtala på nett og fått lyst på den.  Men ein dag eg leita etter ei anna bok på biblioteket, låg ho der.  Så eg lånte den sjølvsagt med heim!

Denne boka høver for alle som er interesserrte i strikking og strikkehistorie, men og for moteinteresserte og historieinteresserte.


søndag 18. mai 2014

Resultat årets påskekrim 2014




Hinterland 12 (52%)
Poirot  3 (13%)
Mayday 2 (8%)
Eg har ikkje sett krim i påska 6 (26%)


Slik vart resultatet av den uhøgtidlege meiningsmålinga "Årets påskekrim 2014". Dei fleste, omtrent halvparten, likte Hinterland best! omtrent ein fjerdedel hadde ikkje sett påskekrim.

Eg synest å merke at det vert færre påskekrimseriar for kvart år, så det spørs om det vert noko meiningsmåling i 2015?

lørdag 17. mai 2014

17. mai 2014

 Mobilen og fotoapparatet mitt var utlada i dag tidleg, så eg overlet fotograferinga til mannen.  De kan sjå fleire bilde på bloggen hans. Bildet over vart tatt av journalisten utan at eg merka det.  Vi fekk med oss toget frå fast plass etter ei "vakt" på bedehuset.
 Heime dekka eg til sju sidan foreldra mine ville vere med på folkefesten ...
... og høyre på mannen sin tale 1814  år på 18 minutt og 14 sekund.
Til takk fekk han ein fin bukett!

Elles vil eg seie det var spesielt  mykje godt program på festen.  Heile barneskulen var på scena med delar av ei Ivar Aasen-framsyning. Eg beundrar og lærarane for den innsatsen dei har lagt ned i dette!



fredag 16. mai 2014

16. mai-stemning

I går var eg temmeleg sliten. Eg såg mørkt på både 16. og 17. -mai. Då er det berre ein ting som gjeld, og det er å senke på krava.  For det første må ein oversjå alle innlegg både på TV og andre stader der folk lagar buffear og kakebord.  Skal ein hjelpe til på klubbhus eller bedehus, får ein kjøpe maten der.  Heime får ein gjere det lettvint. Det får bli spekemat eller pølser med brød.  Ikkje er det så godt å jobbe i bunad heller.  Bunaden har eg eit avslappa forhold til.  Eg tek han på om eg føler for det.

Mannen skal halde 17. mai-tale på folkefesten klokka 17. Der er det og mat å få kjøpt om ein svelt.

Dagen i dag gjekk greitt på jobb.  Eg hadde lagt ein plan for korleis vi skulle få gjennomført eit tretimarsoplegg på skulekjøkenet med innlagt pause for å gå ut og bli skote vatn på av russen. Vi vart ferdige to minutt før det ringte. Etter å ha sete eit par timar hos frisøren fekk eg att litt arbeidslyst.  No har eg laga dobbel porsjon grunnlovsdessert.  Om desserten eksisterte for 200 år sidan veit eg ikkje, men ingrediensne var nok mogleg å få tak i?

Oppskrift på grunnlovsdesserten finn de her, og på heimelaga vaniljekrem her.  Så er det berre å piske fløytekrem i morgon!

torsdag 15. mai 2014

Aktive dagar

I ettermiddag og kveld har det hølja ned ute. Det var heldigvis ikkje like ille på Tinestafetten, men surt og kaldt var det.  Likevel var det ei kjekk oppleving både for elevar og lærarar.  Eg har som mål å halde tritt med dei bakarste til eg vert pensjonist.  Marginen er framleis god, i dag mykje takka vere yngstemann sin sykkel med mange gear.  No har vi fin sykkelsti over Eidet.

Bildet over tok eg på turen vår tysdagskvelden.  Det er framme der Rotarystien stoppar.


tirsdag 13. mai 2014

Bok 27: En god sak

Frå omslaget:
Kritikerroste Jan Mehlum er en av landets fremste kriminalforfattere og har blant annet vunnet Riverton- prisen for beste norske kriminalroman. Tønsbergadvokaten Svend Foyn blir viklet inn i sin vanskeligste sak noensinne, også denne gang med et skremmende realistisk bakteppe. Og i kulissene opererer politimannen Wilhelm Mørk og kriposetterforsker Alice Anderson. Å ha rett er ikke det samme som å få rett.. Et mørkt drama om rett og galt, fortalt med distansert ironi og blodig alvor: Vellykkede investorer med skjulte interesser, et fargerikt hippiepar, besatt av David Bowie. Og store penger i fritt omløp. En angrende synder, et gedigent boligprosjekt med mørke sider - og to livsfarlige kvinner

Av ein eller annan grunn hadde eg fått føre meg at eg hadde lånt ein gammal krimroman.  Men dette er den til no siste romanen med Svend Foyn

Det er litt greitt med desse heltane som ein kjenner frå før.  Hunden Hulda lever.  Dottera har flytta heimanfrå, men treng pengar innimellom.  For tida har han eit slags forhold til ei gift politikvinne.  Romanen sluttar med ein cliffhanger akkurat her.

Som advokat får Svend Foyn eit oppdrag som han løyser greitt. Men det skal vise seg at svindlarane vert misktenkte for drap.  Kven har motiv?  Kva er ein villeg til å gjere for å få hemn?

Romanen er oppbygd som ein forventar.  Svend Foyn må reddast i siste liten.

Dette er god underhaldning, ikkje minst fordi her er høvelege dosar med humor og ironi. Eg bruker å samanlikne han med Staalesen, so rett nok dreg samanlikningane eit hakk lengre.

mandag 12. mai 2014

Tallerkenmodellen

Det nærmar seg slutten av skuleåret, og vi har kome til tallerkenmodellen i pensum. Grupper på to eller tre lagar ein kvardagsmiddag til fem for under hundrelappen. (Dei får til dømes bestille 1/4 salat eller agurk, så dei får litt for pengane.) retten over er henta frå den nyaste av dei to kokebøkene dei får utdelt i starten av skuleåret. Tortillaene er heimelaga av maismjøl.
Tikka masala laga frå grunnen av.  Dei to karane som laga denne, var godt nøgde, men i evalueringa sa dei at dei ville hatt naanbrød til.

I morgon skal det lagast nye og spennande rettar.  Det er kjekt å sjå kor flinke elevane vert etter eit års opplæring!

søndag 11. mai 2014

Vind og sol

 I dag blæs det her hos oss - med andre ord typisk maiver!  Ein må finne seg ei solkrå om det skal vere triveleg å vere ute.  Engkarse og løvetann blømer om kapp.
I haust må eg ha planta ein pakke tulipanar ganske tett.  No står dei i bedet som ein bukett.

lørdag 10. mai 2014

10. mai

Siste punkt på programmet i dag, var å handle inn til helga.  Elles har eg vaska, baka brød og rydda i hagen - alt med krim på øyret.  Vaflar i solveggen vart det og.  Eg høyrde nokon seie at det var noko av det mest typiske norske.  For det første har vi solvegg, i vårt tilfelle altan, og for det andre er det typisk norsk å ta med vaffeljernet ut.  (Eg steikte inne i dag rett nok.)

Denne månaden trudde eg ikkje at eg skulle få coop-kupongar. Eg bruker å analysere kvifor eg får det eg får.  Sammalen kveite gratis er halvparten av det eg bruker å få. Men det er ei vare eg bruker mykje av.  Egg kjøper eg aldri på coop, men dei gir seg ikkje! Når eg kjøper pølser, er det som regel magre, skinnfrie.  Halvparten av tilboda er på varer eg likevel ville ha fått den prisen om eg hadde kjøpt to.  Konklusjonen er at den månaden som ligg til grunn for desse kupongane, viss det er slik det virkar, har vore ein av dei månadene eg har sett meg i hovudet å ete frå frysaren.

Det er konfirmasjonshelg i bygda.  Frøkna har hjelpt til i ein.  Dei som har hatt konfirmasjon i dag, har vore heldige med veret. Vi får håpe det vert minst like fint i morgon!

I kveld er det Grand Prix.  Eg har ikkje engasjert meg særleg på førehand, men kjem nok til å sjå sendinga.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ei god helg!


fredag 9. mai 2014

Bok 26: Ravnene


Frå omslaget:
 Ny roman om den norskættede politimannen Lance Hansen. Med Ravnene viser Vidar Sundstøl hvilken sjelden evne han har til å spinne en nervepirrende vev av både ytre og indre historier. Romanen avslutter den kritikerroste Minnesota-trilogien. Lance Hansen mistenker broren Andy for drap, og en jakttur ender i et skuddrama mellom brødrene. Lance er gått i eksil i frykt for hva Andy kan finne på som hevn. Samtidig plages han av tankene på at en mann kan være uskyldig dømt for noe Andy har gjort, og Lance trekkes tilbake mot hjemstedet Lake Superior. Der møter han Chrissy, Andys tenåringsdatter, som skal vise seg å spille en uventet rolle både for drapsmysteriet og i forholdet mellom de to brødrene.

Med denne romanen vert trilogien avslutta.  Eg ser no at ein kan kjøpe alle trre samla i ei bok, og det synest eg er på sin plass.  Romanane er heller korte, spesielt den i midten.

Eg likte trilogien svært godt. Romanane inneheld fleire ingrediensar som skal vere i ein krimroman: Ein helt med eit heller brokete privatliv, forteljingar i fortid og notid, eit interessant miljø og ei spennande krimgåte som driv romanen framover. I tillegg liker eg forteljarstilen.

onsdag 7. mai 2014

På ny sti

 I går parkerte vi bilen på parkeringsplassen på Eidet og gjekk ein relativt ny turst dei har opparbeidd der.
 Eg må ha med ein del framgrunn på bilda for at dei ikkje skal bli for møke.
 Ei ny bru.
Stien sluttar øvst i eit nytt byggefelt.  Den er ganske bratt mot slutten, så dette er betre trim enn å gå rundt vatnet!

tirsdag 6. mai 2014

Bøker på vent

Eg har sikra meg nokre romanar frå bybiblioteket.  Tida vil vise kva for nokre eg kjem til å lese.

Blogglesarane må gjerne kome med anbefalingar!

mandag 5. mai 2014

Vott med blondemansjett


 Eg har ikkje hatt inspirasjon eller motivasjon til å starte på nokre store prosjekt i det siste.  Så då strikkar eg vottar! Denne oppskrifta har eg ikkje strikka etter før.  Eg synest dei er fine til ei lita damehand.
I boka er der ikkje oppskrift på mønster bak på tommelen.  Ein skal gjere det så pent som mogeleg. Eg har funne ein metode som eg synest er grei.

Vottane er strikka på pinnar nummer tre i Finull.
Når eg strikkar to vottar eller ermar, strikkar eg litt på kvar.  Det hadde snike seg inn ein liten feil som no er retta opp attt med brodering.

søndag 4. mai 2014

Bok 25: De døde

Dette er andre boka i Minnesotatrilogien.

Andre bok i den prisvinnende Minnesota-trilogien "De døde er" en intenst spennende psykologisk jaktthriller. Vidar Sundstøl spinner en nervepirrende vev av historier - om brutale drap, om norske og svenske innvandrere, om medisinmannen Swamper Caribous spøkelse, og ikke minst, vår tids etterkommere av de skandinaviske pionerene. Den norskættede politimannen Lance Hansen sliter med samvittighetskvaleretter at en ung norsk turist er drept ved bredden av Lake Superior i USA. Lanceer overbevist om at en mann er uskyldig dømt, og at broren hans, Andy, er denriktige morderen. Lance prøver å late som ingenting når de to brødrene leggerut på sin årlige hjortejakt. For hvor langt er Andy villig til å gå dersom hanskjønner at Lance mistenker ham? Når blir jegeren selv den jagede? Samtidig nærmer en hundre år gammel mordgåte seg sin løsning.

Med sine 4 Cd-plater går det fort å lese/lytte til denne romanen. Opplesaren gjer ein svært god jobb.  Stemma frå fortida vert lesen på herleg sør-vestlandsdialekt med skarre-r.  Det er godt gjort!

Eg er godt i gang med siste romanen i trilogien - og storkosar meg!

lørdag 3. mai 2014

Bok 24: Drømmenes land

Frå forlaget: 
Første bok i den prisvinnende Minnesota-trilogien. Med stor eventyrlyst spinner Vidar Sundstøl en vev av fortellinger om området rundt Lake Superior - om kanopadlende franske pelshandlere, om ojibway-indianere, om medisinmannen Swamper Caribous spøkelse, og, ikke minst, vår tids etterkommere av de skandinaviske pionerene. Den norskættede politimannen Lance Hansen finner en ung norsk turist brutalt slått i hjel ved bredden av Lake Superior i USA. Eirik Nyland fra KRIPOS blir sendt fra Norge for å bistå i saken. Kort tid etter kommer Lance på sporet av det han mener må være et mord begått på nøyaktig samme sted, men over hundre år tidligere, og som involverer hans egen slekt fra Halsnøy på Vestlandet. Etter hvert viser det seg at familien hans også er involvert i mordet på den norske turisten, og Lance er til slutt overbevist om at han vet hvem morderen er. Men han kan ikke si noe. For sier han det han vet, vil hele hans verden rase sammen. Og mordetterforskningen nærmer seg ubønnhørlig sitt klimaks.

Krimromanen er tradisjonell på den måten at her er ei historie i notid og ei i fortid.  Men kven etterforskar?  Den lokale politimannen som er skogvaktar eller Kriposmannen frå Noreg.  Den siste reiser heim når han meiner saka er løyst.

Historia i fortid om dei første norske innvandrarane og indianarane dei møter, er interessant, lærerik og ikkje minst spennande.  I historia i notid er der mange usikre moment.  

Romanen er den første i ein trilogi.  Eg trudde eg hadde lese han før, men venta kanskje til eg hadde alle tre?

Dette er noko av det betre eg har kome over av krim i det siste.  Eg trur faktisk eg held seksaren open, for eg må lese alle tre før eg kan dra den siste konklusjonen.  Så spennande er romanane at eg prøver å få gjort unna husarbeid i fred og ro for å få høyre meir ...

fredag 2. mai 2014

Mors duftranker

 I dag var vi inviterte på middag i Ørsta saman med systera mi med familie. Vi fekk herleg lammesteik med fløtegratinerte poteter, sopp og grønsaker. Eg trur det var fleire enn ein som fekk yndlingsdesserten sin: Marengs med bær, vaniljekrem og krem.

Eg hadde kjøpt med meg ei duftranke.
 I stova fekk eg sjå ei eg hadde kjøpt i fjor.
Sjekk alle knoppane!

No får dei to duftrankene stå der og blomstre om kapp!

torsdag 1. mai 2014

1. mai

I dag hadde eg på meg både tynne hanskar og panneband då eg gjekk turen min.  Sola skein litt både før og etter turen.
Stien går gjennom eit naturreservat, så der veks berre tre som sår seg sjølv.  Furua er det naturlege bartreet her.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...