fredag 30. mai 2014

Bok 30: Mors gaver

Frå omslaget:
En fortelling om vår lengsel etter å holde tiden fast. Da Cecilie Engers mor havner på sykehjem, hardt rammet av Alzheimer, blir barndomshjemmet tømt og solgt i løpet av en helg. Under opprydningen finner Cecilie morens sirlig nedtegnede lister over samtlige av familiens julegaver gjennom fire tiår. Gaver gitt og gaver fått, til og fra mennesker med svært forskjellige livsskjebner. Med listene som utgangspunkt skriver Cecilie sin egen families historie, fra slutten av 1800-tallet og frem til i dag. Samtidig fortelles en annen historie. I løpet av de to årene det tar å skrive Mors gaver, viskes morens hukommelse og personlighet gradvis ut.

Av og til kjem ein over bøker som rører ved ein. Denne romanen er ei stille historie, ei kvardagshistorie.  Forteljarstemma er lika gammal som meg.  Det er lett å identifisere seg med henne. Noko i barndomen vil alltid vere likt for dei på same alder. 

Ein ser denne gamle, engstelege kvinna.  Men gjennom gåvelistene og dottera sine minne, får ein møte ei tøff dame.  Ho pakka til dømes i si tid sakene sine og var klar til å reise til Alta.

Omtrent midt i romanen tek forfattaren opp spørsmål omkring gåver.  Kvifor gir vi?  Ventar vi noko attende?  Ho har litt andre svar enn filosofane.  Det er og interessant korleis julegåvehaugane har endra seg.

Det finst vel knapt nokon tristare måte å miste mor si på enn gjennom Alzheimer. Pasienten opplever mykje angst og uro. Sjukdomen krev mykje av dei pårørande.  Eg synest forfatttaren skildrar dette på ein lågmælt og god måte. Mange vil nok kjenne seg att i historia.  Eitt døme er på kor mykje ein skal realitetsorientere pasienten. I byrjinga prøver ein så godt ein kan.   Etter kvart går faren hennar til dømes med på å besøke henne ein gong i veka.  Mora har gløymt at dei er skilde. 

Boka fekk eg anbefalt av mor mi.  Dette er ein roman som eg trur alle litt vaksne vil like.

Eg har tatt fram seksaren i dag.


3 kommentarer:

  1. Eg synest dette var ei fin bok. Om lag på same tid las er Helene Uris "Rydde ut"-den var i samme gate.

    SvarSlett
  2. Eg har fått den boka i gåve. Er klar til å lese den.
    Takk for omtalen.

    SvarSlett
  3. Går litt for sakte med meg..
    Har det med å måtte levere inn bøkene før dei er leste.
    Trur det må bli lydbok neste gong.
    For fyrst måtte eg levere inn Rasmus Rebellen og så denne fordi andre står i kø for å låne dei.. må visst sette meg på lista på begge igjen ;-) Flotte leseverdige bøker, gode på kvar sin måte..
    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...