I dag blæs det her hos oss - med andre ord typisk maiver! Ein må finne seg ei solkrå om det skal vere triveleg å vere ute. Engkarse og løvetann blømer om kapp.
I haust må eg ha planta ein pakke tulipanar ganske tett. No står dei i bedet som ein bukett.
Tulipanar er alltid finast i flokk. Eg angra litt på at eg ikkje planta fleire løkar sist haust. Angrar heilt til dei har blomstra av og eg må leve med blada lenger enn eg likar.
SvarSlettSlik er det med meg og ... Om hausten er alle hauststaudane dessutan så høge at beda ser fulle ut.. Om våren ville eg hatt fleire.
SvarSlett