mandag 28. februar 2011

Suvenirar frå Sør-Afrika

I dag kom kompisen, også kalla postbodet, med suvenirar frå Sør-Afrika. Gjevaren kjenner meg, og veit at eg liker å få ting som kan brukast.  Karane fekk fotballtrøyer og frøkna armband.

søndag 27. februar 2011

Olivenvott

Dette votteparet hadde eg eigentleg tenkt å få ferdig til februarbarnet sin fødselsdag. Men det gjekk ikkje med mitt tempo.  Eg reknar med at han tek imot dei i mars.

Elles har eg gitt opp idéen om å strikke vottar til alle fødselsdagane framover.  Omtrent heile slekta er vår- eller sommarbarn.

Semulepudding

Når middagen er mager, smakar det godt med ein mettande dessert.  På skulekjøkenet serverer vi semulepudding etter seibiff.  Det er norsk tradisjonsmat.  I dag serverte eg denne etter oksekarri.  Det er kanskje stilbrot? 

Ein kan sjølvsagt lage semulepudding etter oppskrift på pakken.  Men den er utan egg.  Slik er mi oppskrift:

2 l mjølk
2 1/2 dl semulegryn

4 eggeplommer (ev. 2 egg)
4 ms sukker

6-8 dråpar mandelessens (ev vaniljesukker)

1. Kok graut av mjølk og gryn. 
2. Bland egg og sukker i ei lita skål.
3. Ta panna til side og ha i egg/sukker.  Set det så vidt attende på plata.
4.  Ta til side igjen og ha i mandelessens.

Server med raud saus.



Raud saus

¾ dl raud saft
1 ¼ vatn
1 ts potetmjøl

  1. Bland alt kaldt saman i panna.  Rør til det kokar opp.
  1. Hell sausen i ein mugge.
P.S
Observante blogglesarar ser kanskje at eg har kjøpt med same skål som Strikkemor(o).  I dag har eg fått testa ut at skåla rommar  ca 2 l.

Oksekarri

Dagens middag fann eg oppskrift på i den gamle "Frå bollar til burritos" s. 115.  Det står at retten skal steike i ei eldfast form i omnen.  Eg lagar den rett i jerngryta og lar den småkoke 1/2 time kanskje.  Retten er godt krydra, så viss ein er redd for "sterk" mat, kan ein vente med halvparten av kryddera.  


2 porsjonar


300 g biffkjøt i terningar/strimlar
1 liten løk, i tjukke skiver
2 ms olje til steiking
2 ts frisk ingefær, finhakka
1 fedd(båt) kvitløk, finhakka

2 ts malen koriander
1 krm kardemomme
1/2 ts chilipulver
1 krm malen muskat
1 ts sukker
1 ts salt
1 boks hakka tomatar.

1. Varm oljen i ei steikepanne/gryte.  Brun kjøtet saman med løk, ingefær og kvitløk.
2. Ha i resten av ingrediensane.

3. Set gryta/steikepanna med lok/ eldfast form i omnen ved 200 grader i ca 1 time.
   (eller kok på omnen på svak varme)

Eg serverte couscous til i dag.  Ein kan bruke ris eller byggryn etter eige ønskje. 

lørdag 26. februar 2011

Vaflar til VM


Eg har ikkje kalla vaflane mine VM-vaflar, for då ville vel folk forventa oransje vaflar med havrekli.  Mine vaflar er sunne og gode.  Her i familien er det mange som trenar og treng litt ekstra påfyll av energi. Eg lagar røra slik at ho får svelle ein time eller to.  Men først tek eg opp litt frosne bær frå frysaren og strør melis over.  I dag fann eg både bringebær og jordbær. Dei tinar raskt.  Bringebæra kan ein ete som dei er.   Jordbæra kan ein knekke med ein gaffel om ein vil.  

Eg har lagt ut oppskrift på vaflar fleire gongar.  No for tida er det denne eg tyr til.  Her er ekstra egg.  Sukkermengd og smørmengd får ein tilpasse sin eigen smak. Har ein i rømme- og/eller fløyteskvettar, får ein ha i litt meir kveitemjøl. 

8 egg
4 ms (1/2-1 dl) sukker
1 l kulturmjølk (mørk blå)
2 1/2 dl lettkokte havregryn
2 1/2 dl sammalen kveite, fin
2 1/2 dl kveitemjøl
1 ts natron
1/2-1 dl smelta smør/flytande bremykt

Server med smør, rømme og rørte bær til.


P.S.
Eg har frosne blåbær i frysaren og.  Så eg skal snart følgje mitt eige råd og servere dei lettsukra til pannekaker.

fredag 25. februar 2011

Bok 10: På vei til en venn

Dette er ei heilt spesiell bok, og ho er absolutt leseverdig.  Men det er vanskeleg å skrive om romanen.  Heldigvis har andre gjort det før meg.  Denne bokmeldinga seier det meste.

Eg ser no at det er ein brageprisvinnar, og det forundrar meg ikkje.

Orden

 Denne veka har vi vaska og rydda på skulekjøkenet før vinterferien.  Det er ikkje alle som synest tellekant er nødvendig.  Etter at eg for nokre år sidan såg eit Dr Phil-program der han meinte at menn må få gjere husarbeidet slik dei vil, og damer må sende på krava, har eg sett meg i hovudet at eg skal lære alle unge menn på Hareid at det tek like lang tid å gjere eit arbeid slurvete som å gjere det skikkeleg.  Eks-kollegaen min var opptatt av at elevar må lære orden.  Det kjem ikkje alltid naturleg.

Korleis arbeidspulten min ser ut, tek vi ikkje fram her.  Der går det meir i skippertak.
I dag fekk eit par elevar ein ekstrajobb medan gjærbaksten heva, nemleg å rydde krydderskapet, så om ikkje alle kryddera stod alfabetisk, så gjer dei det no!  Eg samar på slike boksar og har som mål å få nok til alle kryddera.  I vindauget framme ser ein kor tid ein skal bestille nytt.  Det gjer det lett å skrive handleliste.

torsdag 24. februar 2011

Mållagsmøte

I dag har eg vore på mållagsmøte for å lære om forslaga til ny nynorsknorm.  De kan lese meir om dette på språkrådet si side.

Det var interessant å få høyre om arbeidet dei har gjort, ikkje minst om tankane bak forslaga.  Dei har tatt utgangspunkt i kva nynorsk som vert skrive.  Svært få nynorskbrukarar har til dømes nytta mye og noen.


Men framleis heiter landet vårt Noreg. Nemnda hadde ikkje fått mandat til noko endring av eit så viktig symbolord.  Men eg tek ikkje fram raudepennen.

onsdag 23. februar 2011

VM-bollar

Diskusjonen har gått i heimen: Kva er skilnaden på rundstykke og bollar?  Då dei såg kva eg putta i deigen, meinte enkelte at dette var for sunt til å kunne kallast bollar.  Men er det sukker i deigen, er det bollar, meiner eg.  Inspirasjonen kom frå frukost-TV der Wenche baka etter denne oppskrifta.  Ho tok omsyn til allergikarar. Eg har tilpassa mi oppskrift til ei plate med 16 bollar, og eg har spandert både mjølk og egg.
4 dl mjølk, lunken
3/4 dl flytande bremykt (ev. smelta smør)
1 pakke raud gjær
1 egg
1 dl sukker
1 ts kardemomme
3/4 ts salt
1 gulrot, riven
1 eple, i små bitar
1 dl rosiner
2 dl havremjøl
2 dl havregryn
1/2 dl havrekli
9-10 dl kveitemjøl

Framgangsmåte som til vanlege bollar.
Det vart mange ingrediensar å halde greie på, så sjølv om bollane smaka godt, vert det nok eventuelt ein enklare variant.

SANDOR/SLASH/IDA

I dag låg denne filmen i postkassa.  Den er bestilt på kommando ...

Vi las eit utdrag frå romanen skriven av Sara Kadefors i norsktimen fredag.  I datatimen der elevane skulle finne informasjon om ulike forfattarar, fann dei ut at romanen var filma. Temaet i utdraget var likt teaterstykket vi nettopp har sett.  "Kan oss ikkje sjå filmen? Den er på cdon!".  Ingen i klasse 10A hadde sett den før.

Ja, kvifor ikkje sjå filmen i dobbeltimen før vinterferien?  Det er kanskje på tide med ein ungdomsfilm etter "Kransen" og "Et dukkehjem"?  

tirsdag 22. februar 2011

Gratulerer Audun 21 år!

I dag kan vi gratulere Audun med 21-årsdagen!  Dette bildet har eg knabba frå facebook sjølv om vi ikkje er vener der.  Kan det vere frå Sør-Afrika?
Eg har scanna nokre gamle bilde.  Dette er av olde(mor)mora, Amanda og han.
Her er han på fanget til storebroren, Einar.
Ein skal tidleg krøkast ...

Eg bladde litt i den gamle bloggen min og fann gratulasjonar på atten- nitten- og tjueårsdagen hans.

Eit par kompisar skal ta fly til Oslo og besøke han nokre dagar no under ski-VM.  Dei vil ta med ein mjuk pakke herifrå!

mandag 21. februar 2011

Lysare tider

Kvar måndag eg går på jobb, merkar eg at det har vorte mykje lysare om morgonen.  Dette bildet er tatt kvart på åtte i dag tidleg.  I går skulle eg gå meg ein liten tur åleine, trudde eg, og hadde fotoapparatet med i lomma.  Turen, som tok 1 1/2 time, vart sosial, og fotoapparatet gløymt.  Så hadde eg det klart i dag.

Neste måndag eg går på jobb, er om fjorten dagar.  Då har eg lagt fem dagar i London bak meg.

søndag 20. februar 2011

Vi får halde koken

I morgon startar mange på vinterferien medan vi her på Sunnmøre får halde koken, eit uttrykk eg har lært at ein ikkje bør bruke i åttande klasse , i alle fall når ein er vikar, ei veke til.

Denne boka som eg kjøpte på mammutsal, inneheld i tillegg til særskrivingsfeil, ein del uheldige formuleringar. Sex sel som kjent.

"Jeg vil si til alle som sitter her og alle som kjenner meg at jeg var ille glad i kona mi og elsket henne overalt".  

Skal tru om dei tek denne?


Orientalsk gryte

Dette vert eit innlegg i serien "inspirert av meg sjølv".  Denne veka har elevane fått velje ulike gryterettar med oksekjøt. Denne retten frå gamleboka er alltid populær, gjerne utan rosiner.  I dag brukte eg ein boks hakka tomatar og litt vatn i staden for tomatpuré.  Eg laga dobbel porsjon av to pakkar oppskore biffkjøt kjøpt på "Deal".

300 g beinfritt kjøt (okse, lam eller svin), i terningar
1 ms olje eller mjuk margarin
1 stor løk, hakka
1 fedd (båt) kvitløk, finhakka
1 gulrot i terningar
2 ms tomatpuré
1 ts salt
1 ts karri
1 ts paprikapulver
1 krm ingefær
1 krm pepar
3 dl vatn
1 buljongterning
1/2 dl ananaslake (jus)
1 ring hermetisk ananas, i terningar
1/2 dl rosiner

1. Vask, reins og del opp grønsakene.
2. Brun kjøtet og løken i ei jerngryte.
3. Tilset kvitløken og gulrota.  Bland godt før resten av ingrediensane vert tilsette.
4. La retten trekkje like under kokepunktet 20-30 minutt.
    Smak eventuelt til med meir krydder.

Server den orientalske gryta med ris og ferskt brød til.

Bok 9: En slags fred

 To systre har slått seg saman og skrive denne spenningsromanen saman.  Eg var litt spent på kva sjanger som var oppgitt.  Eg les alltid bøker og gjer meg opp mi eiga meining før eg "googlar" dei for å finne bilde og informasjon.  Eg hadde tippa på psykologisk drama eller thriller.

Hovudpersonen i boka eir ein svensk psykolog.  Ho er 35 år og har mist mannen sin.  No bur ho i eit lite hus langt frå næraste nabo.

Gjennom pasientsamtalar vert vi kjende med ein del sjuke folk.  Ein av pasientane vert drept for å få merksemda til Siri, psykologen.  Ho finn katten sin utstoppa på trappa.  Kven er det som forfølgjer henne?

Eg likte godt denne krimboka.  Spenninga held seg oppe.  Løysinga liker eg på ein måte, på ein annan måte ikkje.  Heile tida ser eg for meg bilde av det som skjer.  Så eg vert ikkje overraska over å lese at Svensk film har kjøpt filmrettane.

lørdag 19. februar 2011

Baking for born

Som gammal speidar liker eg å vere budd.  Sidan eg er så heldig at eg skal få kome på kurs med bakemeisteren, har eg lånt denne bakeboka for born i alle aldrar.  
Dette svært enkle brødet såg eg demonstrert på Frukost-TV.  Eg fekk lyst til å gjere eit forsøk.
Eg hadde i det tørre først og væska på toppen.  Gjæren smuldra eg i og let dette få stå litt til eg rørte rundt.  Eg ser ikkje nokon grunn til å røre gjæren ut i litt av væska i ein kopp t.d.  Då vert der berre liggande att.  Gjæren løyser seg alltids opp!
 Konsistensen skulle bli som havregraut.  Det er müsli i brødet.  Der tok eg ein rimeleg X-tra, og så spanderte eg nokre rosiner ekstra.  Her får folk ta det dei liker.
 Brødet skulle først steike ved 100 grader og så på 180 grader.
 Mi vurdering:
Brødet mitt vart litt klissete.  Men smaken var god.  Eg meiner dette brødet høver best for små born.  Det skulle ikkje vere noko problem å doble oppskrifta og lage bilde av ingrediensane og dl-mål.  Då treng ikkje bakaren å kunne lese.

Til vaksne vil eg halde fram å anbefale dette brødet frå vaksenboka som eg har ståande i omnen no.
(7. Mars: Denne siste setninga er eit typisk eksempel på som-feil. Sjå kommentarfeltet.)

Bibliotek og apotek

I dag var her nydeleg sol, og eg fann ut at det var best å kome seg ut ein tur. Ein kan no alltid levere inn og/eller låne ei bok eller to på biblioteket.

På heimvegen stakk eg innom apoteket.  Der rakk eg akkurat å kjøpe ei sprayflaske med solkrem til halv pris før sola forsvann for dagen.

fredag 18. februar 2011

Mammutsal og mammutsal, fru ...

 Fordi eg fortener det, som det heiter, kjøper eg meg ofte noko fint på fredag. I går utforska eg mammutsalet her i bygda, så i dag la eg turen til næraste by. Ærendet var ein tur på dei to senterbokhandelane og på ein blomsterbutikk.  No kom eg heim att med ein del meir.  På ein klesbutikk eg handla litt, var dei gåen etter ein dag med mykje handel.  Eg var vel ikkje åleine om å stikke innom fleire butikkar når det er storsal på den eine.  Desse pottene med løk er så freistande no når det nærmar seg vår.  Etikettane fekk stå på til blogglesarane hadde fått sett dei.
 Juliennejernet fekk eg av Besta førre helg.  I dag kom eg på å ha nokre gulrotstrimlar i salaten.  Til middag hadde vi sei som vart fiska søndag.  Den var nydeleg i løk- og paprikasaus.
Då står det att å ønskje blogglesarane ei god helg!

torsdag 17. februar 2011

Mammutsal

Eg let meg freiste då eg såg at to på blogglista mi anbefalte denne boka.  Den vart bestilt på den lokale bokhandelen og låg klar til meg i dag.  No har eg kosa meg med å bla i boka.  Her er mange enkle og rimelege oppskrifter på kvardagsmat.

Det er ikkje alltid omsette bøker er så godt tilpassa norske forhold, men denne synest eg er grei.  Det vert ein del 3 3/4 dl ser eg.  Men ingrediensane er greie å få tak i.  Ein ting tenkte eg at eg skulle spørje blogglesarane om: Bruker de vaniljeessens?  Kan ein ikkje like godt erstatte det med ekte vaniljesukker.  I alle fall i denne banankaka?



Ein lærer så lenge ...

... ein har elevar, heiter det.  Eller ungdomar i huset, får eg og seie. I dag fekk eg høyre at det er vittig at eg fotograferer skjermen når eg viser korleis ein rippar CD-ar.  Du må trykke på "print screen".  Frøkna meinte ho sa det til meg søndag.  OK, men no har eg lært.  Og så får eg berre anbefale denne flotte kokeboka!

onsdag 16. februar 2011

I dag ...

... har eg vore på møte i dette laget der eg er medlem.  No har eg tatt på meg leiarjobben i lokallaget.  Det kjem til å skje spennande ting i næraste framtid, nærare bestemt 2. april.

Elles har eg lært i dag at mat og helse ikkje er fag i førskuleutdanninga.  Forstå det den som kan.  På ein kvardag et førskulebarn 60% av maten sin i barnehagen.  Bør ein ikkje forvente at dei som arbeider der har innsikt i ernæring?

tirsdag 15. februar 2011

Skuleteater: Livet gir oss roller, men ikkje manus

I dag hadde vi besøk av Flaatenbjørk kompani med Seksuell Empati vol. 2 – Identiteter  .


I teaterstykket tok ein og i bruk digitale medier.

Eg synest dette var eit spennande stykke der eg trur dei nådde fram til ungdomane med bodskapen sin.  Sidan vi såg det siste timen, har eg ikkje fått diskutert det med elevane enno.

Der var to skodespelarar med.  Den eine starta i ballettdrakt.  Han var interessert i hestar.  Den andre er/var lydteknikar.  Den spinkle, lett feminine karen, viste seg å vere heteroseksuell.  Den høge, tøffe fortalde om ein draum om homosex.  Tilskodarane skulle få utfordra sine fordommar om seksuell legning.

Skodespelaren som spela ein skodespelar, kledde seg i ulike kle og stilte spørsmålet: Kven er eg?

mandag 14. februar 2011

Immerse yourself ...

I dag stakk eg innom biblioteket og fann ei bok eg ikkje hadde lese før.  På Prix styrte eg unna alle kupp, og let meg berre freiste av ein tesort eg ikkje har smakt før.  Som kjent er eg ingen stor tedrikkar, men skal eg rette ein bunke stilar, så går det unna med te til.  Denne kom eg nesten i julestemning av.

Elles registrerer eg at Valentinfeiringa har kome ned på eit greit nivå.  Der var ingen krav om kortlaging verken i engelsk- eller norsktimane.

søndag 13. februar 2011

Morsdagsgåve

 Eg bruker ikkje å skrive ønskjelister eller uttrykke sterkt kva eg ønskjer meg verken til jul eller fødselsdag, og i alle fall ikkje til morsdag.  Ok då, så var eg vel svært interessert i innslaget om Retromasker, den nye strikkeboka som fekk mykje god reklame på Frukost-TV ein gong i veka som var.  Bokhandelen var allereie utseld. Denne boka kunne eventuelt byttast inn seinare.  No er eg ikkje den som byter gåver utan at eg har svært gode grunnar for det.  Og denne boka er flott!
 Her er mange klassikarar, mellom anna Mariusgenseren.  Eg synes den er fin med vrangbord.
 I tillegg finn ein nye mønster.  Anlen si kan de sjå her.  
 Årets VM-genser.
Sist, men ikkje minst, finn ein tilbehør som hanskar,vottar, huer, panneband og halsar.

Sjølv kjem eg nok berre til å strikke litt småtteri.  Desse mønstrene går ikkje av moten.  Ei bok vert tatt vare på.  Ein rotar ho ikkje så lett vekk som små strikkehefte.

Korleis rippe ein CD ved hjelp av Windows Media Player

Ei lita bruksanvisning på morsdag
Når ein går inn på Windows Media Player, kjem dette bildet opp, eller det skal i alle fall gjere det.  Trykk bildet stort om det viser eit lite.  No er du på "bibliotek":  Du ser det lyser blått oppe.  (Det var dette bildet Olaug fann til meg i går.  Du kan eventuelt prøve med den berbare maskina?)
No er det "berre" å setje inn CD-en og trykke på Ripp oppe.  Rippinga skjer automatisk.  CD-ane i går la seg inn med namn.  Ofte legg dei seg inn med "ukjent" som her.  Då må ein høgreklikke og "gi nytt navn".

Resten kan du!

lørdag 12. februar 2011

Masemamma?



Eg la ut denne songen på morsdag for eit par år sidan.  Sjølv meiner eg at eg masar fint lite.  Masing gjer at ein tek over ansvar og gjer born usjølvstendige.  Ingen tek skade av å fryse litt eller svelte litt om ein kler for lite på seg eller gløymer matpakken, meiner no eg.  Ein lærer til neste gong.

Det er teorien.  Men så har eg vorte skulda for å mase.  Nei, seier eg, eg masar ikkje om ting skjer av seg sjølv.  Eg inngjekk ein avtale om at eg ikkje skulle seie eit ord om vask av rom.  Det skulle bli gjort til helga.  Eg heldt meg til søndag ettermiddag før eg spurde: Er rommet vaska?  Neste helg fekk eg lov å mase, eller minne på, som eg kallar det.

Ny bloggar



No har forfattaren i familien laga seg blogg.  Legg han gjerne i blogglista di!

Merkedag og morsdag

 I dag er ein merkedag for oss på Hareid.  Sola kliv over Melshornet.  Sola var ikkje komen då vi tok laust for å reise til Ørsta og feire morsdag på forskot.  I morgon er eg billaus.  Juniorane skal spele kamp i Sunnmørshallen, og Øystein står på køyrelista.

Første stopp var Amfi Ørsta.  Der er fleire ungdomsbutikkar enn her på øya.  Yngstemann og morfar tok seg ein tur på sjøen.  Dei kom heim med ein balje sei.
Hos besteforeldra var det ungdommane som fotograferte, og eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av dei.  Besta hadde kokt rømmegraut.  Det har vore litt forvirring kring fastelavn i år.  Fastelavnsøndag og morsdag fell ofte på same dag.  Men i år er alt seint.  Det er så vidt vi rekk å feire pinse før skuleslutt.

Vi takkar for i dag!

fredag 11. februar 2011

Bok 8: Kainan - eit oppgjer med frimureri?

Eg las ikkje denne boka då ho kom ut i 1986, og eg hugsar berre vagt debatten.

Dagbladlesarane  har visst kåra romanen til Noregs 16. beste krimroman.  Dette er eg ikkje einng i!  Boka var nok grei på 80-talet.  Sjølv fann eg den temmeleg "forutsigbar".  Opplesaren les for dramatisk etter min smak.

Boka høver nok for dei som er interesserte i å vite meir om frimuraraktivitetar?

torsdag 10. februar 2011

Eg har fått kritikk ...

... for å reklamere for halvfabrikata og spreie løgner om at potetmospulver inneheld E-stoff.  Driv eg og seier opp jobben?  Skal ikkje all mat lagast frå grunnen av?  

I dag kunne fleire av kollegaene mine fortelje at dei hadde ete potetstappe og kjøtbollar til middag i går. Sjølvsagt må nokon kome med vittigheiter.
I dag har eg brukt fleire timar i frisørstolen.  Så familien hadde funne seg middagsrestar.  Ei skål med tacokjøtdeig og litt salat stod att.  No er alle ute og trenar, så eg planlegg å overraske dei med "tacopizza" til kvelds. Pizzabotnen er laga frå grunnen av.  Elles gjorde eg det enkelt med å smørje på eit lag med tomatpuré som eg krydra med pizzakrydder.  Resten ser de vel. Eg tenkjer eg slepp å sitje att med restar av restar!



onsdag 9. februar 2011

Svensk middag

Då har vi prøvd ut siste coopkupp, frosen potetmos og svenske kjøtbollar. Eg synest det verka lite med ein pakke potetmos, medan ein pakke kjøtbollar verka høveleg.  Det stemte også.

Vurdering: 
1. Tid: Denne frosne stappa var ikkje laga på fem minutt, ein må først koke opp mjølka, og så må potetpelletsen, eller kva eg skal kalle den, varmast opp.  Dette gjer ikkje noko, for ein skal lage brun saus og varme kjøtbollane.

2. Smak: Denne stappa kan ikkje samanliknast med pulverstappe, men heller ikkje heilt med heimelaga.

3. Porsjonsstorleik:  På pakken står det at det skal vere rikeleg til fire personar.  Då må to av dei vere små. Vi løyvde ein porsjon, så til oss er det høveleg med to pakkar når vi er fem.

4. Pris: Når du får kjøtbollane attpå, er dette rimeleg.  Men eg ville neppe kjøpt stappe for 55 kroner til familien.  Då hadde eg heller tatt fram potetskrellaren, sett på vatn, delt potetene i bitar og stappa dei sjølv.

5. Næringsinnhald: Eit stort pluss for å ikkje vere tilsett E-stoff.  Vanleg potetmospulver er ein av verstingane i butikkhyllene.

Sjølv om eg brukte berre halvparten av saltmengda i oppskrifta, så har eg vore tørst i heile ettermiddag.  Kan kjøtbollane ha vore for salte?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...