mandag 7. februar 2011

Eg har vorte kuppa - igjen

Eit av februardealane har eg gått forbi, til no.  Eg trudde nemleg at ein fekk ein pose potetmos attpå ein pakke kjøtbollar til 80 kr.  Men nei, det var kjøtbollane ein fekk attpå potetstappa til 28 kroner.  Så feil kan ein ta!  Det begynner å likne på svenske prisar.  Eg har ofte lurt på kvifor kjøtbollar er så mykje billegare i nabolandet.

Denne potetstappa frå frysedisken utan tilsetjingsstoff, er det vel meininga at eg skal få smaken på.  Ein liten fugl kviskra meg at dei selde fleire pizzapakkar siste veka i januar enn i heile fjor.  Det veit eg litt om.  Matboda mi inneheld eit lite lager, og i fjor kjøpte eg ikkje ein einaste pakke pizzapulver.  Det kjem eg nok ikkje til å gjere neste år heller.

På veg ut frå butikken får eg ein rabattkupong som gjeld frå neste måndag opp i handa.  Då kjem eg på at eg har ein i lommeboka som gjev meg fem pakkar blå coopkaffi for - 40%.  Det er berre å utnytte tilbodet med ein gong, for kaffilageret er nesten tomt.

Men det finst lyspunkt.  I dag åt vi opp dei siste tacolefsene frå novemberdealen.

4 kommentarer:

  1. Falt for same freistinga sjølv i dag ;-)
    Men husbonden hadde alt kokt poteter, så vi får prøvesmake ein annan gong..

    Fin ny veke til deg!

    SvarSlett
  2. Eg er spent på om stappa er så god som heimelaga. Den i vanlege posar er visst versting når det gjeld E-stoff. Denne kan ein i alle fall gje til born utan å tenke på det.

    SvarSlett
  3. Vi får slike kupongar fleire gonger for veka, men gløymer å bruke dei. Potetstappe av pulver er ikkje min favoritt, men kjøttbullar er ikkje så verst. Har ikkje sett desse kombinasjonstilboda her, men eg ser ikkje så nøye etter heller.

    SvarSlett
  4. Dei er berre på Prix. Denne stappa skal vere noko for seg sjølv. Det vert sikkert vurdering ein annan dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...