søndag 20. februar 2011

Bok 9: En slags fred

 To systre har slått seg saman og skrive denne spenningsromanen saman.  Eg var litt spent på kva sjanger som var oppgitt.  Eg les alltid bøker og gjer meg opp mi eiga meining før eg "googlar" dei for å finne bilde og informasjon.  Eg hadde tippa på psykologisk drama eller thriller.

Hovudpersonen i boka eir ein svensk psykolog.  Ho er 35 år og har mist mannen sin.  No bur ho i eit lite hus langt frå næraste nabo.

Gjennom pasientsamtalar vert vi kjende med ein del sjuke folk.  Ein av pasientane vert drept for å få merksemda til Siri, psykologen.  Ho finn katten sin utstoppa på trappa.  Kven er det som forfølgjer henne?

Eg likte godt denne krimboka.  Spenninga held seg oppe.  Løysinga liker eg på ein måte, på ein annan måte ikkje.  Heile tida ser eg for meg bilde av det som skjer.  Så eg vert ikkje overraska over å lese at Svensk film har kjøpt filmrettane.

2 kommentarer:

  1. Somme bøker er meir visuelle enn andre. Og det rare er at når eg skal prøve å hugse bøker eg har lese-er det bilda eg ser. Legg gjerne denne boka inn på MP3-en min.Eg les no ei ganske interessant men litt krevjande bok om "oljepolitikk". Hogne Hongset: TRAKTATEN VARSLEREN (krim)Har ikkje kome så langt enno.

    SvarSlett
  2. Skal bli! Artig med ein psykolog som "helt"!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...