fredag 4. februar 2011

Bok 6: Kva er det med Knausgård?

Eg har ikkje vore så ivrig når det gjeld å få lese bøkene til Knausgård.  Det verkar noko spesielt for ein mann på vel 40 år å setje seg ned og skrive seks bøker om livet sitt.  Men så les slekt og vener bøkene, og dei let vel.  Då kan ikkje eg vere dårlegare, og så er det dette å kunne gjere seg opp si eiga meining.

Det er vanskeleg å seie akkurat kva som er bra med bøkene.  Han har heva det kvardagslege opp på eit høgt nivå.  I første boka får vi lese glimt frå barndom og ungdom heilt til han kjem inn på faren sin død og veka fram til gravferda.  Knausgård skiv om sitt forhold til andre menneske på ein måte som få torer.  Han set ord på det andre kanskje har tenkt, eller nesten tenkt.

Ein kan forstå at familien til faren reagerer på skildringane, men eg meiner dei tener ei sak.  Det finst nok ikkje få slike lagnader.  Når det kjem fram i lyset, forsvinn kanskje skamma?

Eg skal lese dei andre bøkene i sakte tempo.  Eg reknar med at han bryt med kronologien og dekker av lag etter lag?

3 kommentarer:

  1. Artig at vi har lese den samme boka denne veka. Eg blei ferdig med den i går og synest den er kjempegod!!

    SvarSlett
  2. Ja, eg likte godt boka, men synest det er vanskeleg å setje fingeren på kvifor. Kanskje ei blanding av ærlegdom, godt språk og sans for detaljar?

    SvarSlett
  3. Knausgård er veldig ujamn både i form og innhald, men så kjem altså desse scenene som er så eminente. Ein blir etter kvar veldig glad i guten/mannen. Nummer tre er den aller beste etter mi meining. Når det gjeld stilen, tenkte eg straks på Hamsun, seinare kjem det fram at han beundar denne diktaren. Det er unektelig litt rart at ein så ung mann skriv så gammeldags språk.Elles er eg heilt enig i det du skriv.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...