Viser innlegg med etiketten romanar 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten romanar 2013. Vis alle innlegg

tirsdag 31. desember 2013

Bok 58: The rise and fall of Gøran Trovåg

Frå omslaget:
Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok om det å vere ung gut i ein liten norsk by.

Når ein forfattar vel å bruke etternamnet vårt i boktittelen, ja, då må ein kanskje berre lese boka? Eg valde å lese boka høgt til elevane mine, og det angra eg ikkje på.  Ungdomsboka er skriven på ein god og levande nynorsk. Om dei ikkje vil innrømme at dei liker å lese (Vi norsklærarar driv med ein del tvangslesing.), så merka eg at noko a språket hadde snike seg inn i tentamenstekstane deira. Nøkkelen til å bli flink å skrive er å lese, og for nynorskbrukarar er det spesielt viktig at det vert give ut litteratur på nynorsk.

Eg vil anbefale born og ungdom, gutar og jenter, kanskje frå 12 år, å lese denne romanen. Språket er rein bonus anten ein har nynorsk som hovudmål eller sidemål.

mandag 30. desember 2013

Bok 57: Rasmus rebellen

Eg har nytta freden som vart i huset under Grendacupen til å lese "Rasmus rebellen". Tidlegare i haust har eg vore med forfattaren når han har lese frå boka, men først no har eg hatt det roleg nok til å kunne lese boka i samanheng. Romanen var overraskande lettlesen.

Handlinga er lagt til 1600-talet, ei epoke i historia eg har visst relativt lite om.  Etter eg har vorte godt vaksen, har eg forstått omtrent kor kummerleg folk budde, og under kor enkle kår dei laga mat.  I boka får vi ei innsikt i dei politiske forholda med skatteinnkrevjing frå folk som allereie levde på sveltegrensa. I denne tida er det altså Rasmus Bust gjer opprør.

Eg skal ikkje gi meg inn på noko vurdering av romanen. Det overlet eg til andre.  Den siste i rekka av meldingar kom i VG i går.  I dag kom den og på VG nett.

fredag 27. desember 2013

Bok 56: Fallvann

Fallvann vert kalla ein katastroferoman. Ei demning brest, og alle som bur nedanfor er i fare.

Men kva gjer folk når faren truar?  Kva gjer han som har bestemt seg for å ta sitt eige liv?  Kva vert viktigast å berge; livet eller tinga?  Nokre nyttar høvet til å gjere ting som ikkje vil bli oppdaga.

Katastrofen får fram noko i alle menneska i romanen.  Det vert humoristisk og tragisk på same tid, og ikkje minst tankevekkande. Romanen kan nok tolkast på mange vis.

Eg trur dette er ei bok alle vil like å lese!

mandag 9. desember 2013

Bok 55: Den rettferdige

Frå omslaget:
Karsten og Marianne er to vanlige mennesker som forelsker seg, gifter seg, får barn ... og så er Karsten utro. For Marianne endrer dette alt. Hvordan skal hun kunne stole på denne mannen igjen? I sinne og bitterhet over sviket begynner hun å mistenke Karsten for mer enn utroskap. Kan han også ha gjort noe mot døtrene? Marianne oppsøker den pensjonerte dommeren Edvard Frisbakke. Edvard har hele sitt liv følt seg som en rettferdig, en som kan skille skyldige fra uskyldige - og særlig når det kommer til overgrepssaker. Livet gjennom har han dømt stygge menn til strenge straffer, og vært sikker på at verden blir et bedre sted. Edvard seirer igjen. Han får Karsten dømt, og den lille familien er ødelagt for alltid. Men er det mulig å ha så rett? 

Grunnen til at eg vanlegvis ikkje vil lese omtalar av bøker før eg les dei sjølv, er at eg vil ha mi eiga lesaroppleving.  Omtalen over synest eg er overflatisk.  Eg meiner romanen handlar om det å bli uskuldig dømt.  Slik eg oppfattar det, er ikkje Marianne ute etter hemn.  Ho trur han har gjort dette mot døtrene.  I tillegg til å bli dømt, vert også Karsten fordømt.  Når det seinare vert sådd tvil om legane si vurdering, vert det heller ikkje noko enkel prosess.

Eg likte denne romanen.  Han stiller mange spørsmål. Of forfattaren forenklar ikkje.  Eit stort pluss er at romanen er opplesen ein profesjonell skodespelar, Jan Grønli.

mandag 2. desember 2013

Bok 54: Dødens disippel

Dødens disippel er den andre boka i serien med kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman. Den første romanen Mannen som ikke var morder rakk eg akkurat å lese før filmen kom på norsk TV. 

Dødens disippel kjem Sebastian inn i etterforskinga av seriedrap som vert utført på same måte som seriemordaren Edward Hinde gjorde for 15 år sidan då Sebastian Bergmann fekk han sperra inne.  Her tenkjer kanskje blogglesarane som eg: Dette har vi høyrt før! Eg kjenner og eg vert oppgitt då Hinde har fått smugla inn eit modem som gjer at han kan vere på nett i fengselet og styre andre.  Her får forfattarane lagt inn eit sleivspark til myndigheitene som skal spare pengar på vakthald.

Når dette er sagt, så greier forfattarane å bygge opp ei spennande historie.  Dei som vert myrda, har nemleg alle hatt eit forhold til Sebastian.  Vi vert kjende med fleire av desse kvinnene.  I tillegg oppdagar Hinde at Sebastian er far til Vanja, noko han veit, men ikkje ho.  Sebastian har drive og spionert på henne utan å vite at ein annan spionerer på han.

Gåta vert løyst, men romanen sluttar svært brått.  Eg måtte inn på mora mi si side.  Ho skreiv det same.  Så gjekk eg inn på nettet og fann ut at der var berre 13 CD-ar.  

Kjem eg over fleire bøker i serien, for det må berre kome, kjem eg til å lese dei!

tirsdag 19. november 2013

Bok 53: En norsk spion

Frå omslaget: 
En rå agentfortelling med en fargerik og varm beskrivelse av et krigsherjet Afghanistan. Peter Wessel er norsk etterretningsoperatør som arbeidSpennende og aktuell innsidefortelling fra norsk etterretningstjenesteer undercover i verdens farligste område. Wessel kommer over brennbar informasjon - et parti våpen som skal rettes mot norske interesser, er smuglet ut av Dubai og på vei til Afghanistan. Vil han og makkeren finne våpentransporten i tide? Det blir en eksotisk og nervepirrende nedtelling. "En norsk spion" er Aslak Nores første thriller. Her benytter han sin førstehåndskunnskap om soldater i utenlandstjeneste og fredsnasjonen Norge. I forbindelse med research til boken har Nore reist flere ganger til Afghanistan og til Dubai og Irak. 

Dette er ei grei forteljing frå Afghanistan, meiner eg. Eg er usikker på om eg verkeleg forstår noko meir om krigen eller spionverksemda i landet.  For meg vart dette reinspikka underhaldning, ikkje kjedeleg, men sikkert raskt gløymt.

tirsdag 12. november 2013

Bok 52: Skjebnehjulet

Frå bokomslaget:
Dette er historien om Miriam, Nina og Ellinor, tre naboer i et idyllisk villastrøk. Selv om de er mødre alle tre har de ingenting med hverandre å gjøre. Så flytter Janina inn i nabolaget og ingenting er lenger som det har vært. De tre kvinnene søker sammen i felles front mot den ytre trusselen.

Det er sjeldan eg bruker så lang tid på ei bok.  Ho har lagt på vent ei god stund, og eg la ho inn på I-poden i mangel av noko anna å lytte til.

Romanen fenga meg rett og slett ikkje.  Språket er klissete. Ulempa med lydbok er at det er vanskeleg å sitere i ettertid.  Innhaldet er i beste fall gamaldags. Andre ville sagt reaskjonært. Det meste er føreseieleg.  Det toppar seg for meg på slutten då den utru ektemannen skriv eit brev til kona om han kan få flytte heim att.  Svar vil han ha før han slår opp mede elskerinna.  Truverdig? Skal dette vere kvinnelesnad i 2013 - eller 2009 då ho var skriven?

Mitt råd til blogglesarane: Styr unna viss din litteratursmak er lik min!

lørdag 26. oktober 2013

Bok 51: Noe til besvær

Dette er ei litt merkeleg bok som er vanskeleg å putte i nokon sjanger.  Ein får assosiasjonar til mellom anna  Eastenders.  Sjølve handlinga går føre seg over ein kort tidsperiode.

Utgangspunktet er ein familie med to vaksne born.  Faren inbiller seg at han har fått kreft sjølv om legen seier det er eksem.  Mora har funne seg ein elskar. Faren oppdagar dei i akta utan at dei veit det. Dette utløyser ein depresjon, og har får tilgang på valium.  Dottera i familien skal gifte seg med ein mann ingen liker. Liker ho han sjølv, eller er det pengane hans som kan gi henne tryggheit, ho er ute etter? Sonen i familien har ein homofil kjærast. Kvifor er ikkje han velkomen i dette bryllaupet?

Dette er kvardagsdrama på høgt plan!  Og det store høgdepunktet er brylaupet?  Blogglesarane får lese boka sjølve om dei vil finne ut om dei vil leve lykkelege alle sine dagar!

Eg likte boka svært godt.  I byrjinga var eg skeptisk til opplesaren.  I utgangspunktet synest eg at engelske bøker ikkje bør lesast slik at ein dialekt skin igjennom. Men Bjørn Sundkvist si tilforlatlege opplesing fungerer svært godt!

tirsdag 15. oktober 2013

Bok 50: Sommeren vi kledde oss nakne

Før eg reiste til Dublin, oppdaga eg at eg var tom for lesestoff, og biblioteka var stengde.  Då stakk eg innom skulen og tenkte eg kunne lese ei ungdomsbok.  Det burde eg gjere meir av når eg er norsklærar.

Romanen er bygd opp av viktige tema som livet, døden og kjærleiken.  Han inneheld og ei reise. Les gjerne ein kritikk her

 Det fungerer greitt med to forteljarstemmer i lydbokutgåva.  Sjølve opplesarjobben burde vore overleten til skodespelarar etter mitt syn, spesielt jentestemma.

Eg trur nok eg skal klare å lokke denne på elevar som etterlyser ein kjærleiksroman.

Bok 49: Den usynlige fiende


Denne lydboka hadde eg berre lagt på I-poden min utan å vite kva det var slags bok.  Eg såg berre kven forfattaren var, og tenkte at boka sikkert var underhaldande.

Det viste seg at romanen var innlesen tidleg på 70-talet. Opplesinga var noko teatralsk etter dagens standard.  I det heile var romanen noko 70-tals.  Når hovedpersonen gøymer seg bak eit stativ med postkort og studerer andre menneske.  Då ser ein for seg ein film med dårlege fargar.

Noko meir vil eg ikkje seie om boka.  Eg ser at ho er innlesen på nytt.

søndag 6. oktober 2013

Bok 48: Hulemannen

Frå coveret:
Denne gangen kommer døden til Wistings eget nabolag. Bare tre hus bortenfor politimannens William Wistings hjem har en mann sittet død foran et flimrende TV-apparat i fire måneder. Ingenting tyder på at det ligger noe kriminelt bak dødsfallet. Viggo Hansen var et menneske som ikke ble sett, selv om han levde midt blant andre. Dødsfallet får ingen overskrifter i avisene, men noe ved saken vekker nysgjerrigheten hos Wistings journalistdatter Line. Hun vil lage et nyskapende portrett av et helt ukjent menneske. Samtidig som Line setter i gang sine undersøkelser, får politiet melding om et annet dødsfall. En mann blir funnet på et hogstfelt, og han bærer preg av å ha ligget lenge. Et oppsiktsvekkende funn på den døde blir innledningen til en av de største menneskejaktene i norsk kriminalhistorie. Det eneste som kan hindre politiet i arbeidet er om pressen får nyss om det som er under oppseiling.

Etter å ha lese denne romanen sit eg att med eit "OK".  Romanen er spennande og underhaldande.  Det er ikkje det. Men den manglar liksom ein X-faktor.  Det skal kanskje noko til å skilje seg ut blant all krim som vert skriven - gjerne etter same oppskrift.

Akkurat idéen om "hulemenn" er interessant nok.  Det at nokre lever så amonyme liv at andre kan rappe identiteten deira. At mordaren kidnappar Line, kjenner eg irriterer meg.  I krimlitteratur og -film har det vorte ein klisjé etter mitt syn.

Eg kjem sikkert til å lese eventuelt neste roman i rekka ...

tirsdag 1. oktober 2013

Bok 47: Disse øyeblikk

På 80-talet las eg trilogien om Tora.  Den gjorde eit varig inntrykk.  Wassmo braut nokre tabu då ho skreiv om incest. Seinare kom bøkene om Dina.  I "Et glass melk takk" tok ho opp eit trafficing-offer si historie.

Vi har tenkt at Wassmo har tatt noko frå sitt eige liv. I "Disse øyeblikk" innrømmer ho å ha gjort det. Ho seier ikkje rett ut at faren har misbrukt henne.  Men vi forstår det.  Barnet ho får i ung alder, er "elektrikaren" faren til.  Romanen er skriven i tredje-person.  Ingen har namn.  Det er mannen, jenta og gutten.

Det er vanskeleg å forklare kvifor eg likte så godt denne romanen. Kanskje det er språket?  Kanskje det er forteljinga som er så allminneleg kanskje, om enn noko trist i botnen?  Gjertrud Jynge les nydeleg.  Dialekten og stemma hennar passar så godt til teksten.

Eg har ergra meg over mennene i boka - og ikkje minst kvinnene som finn seg i åtferda deira.  Likevel handlar kvinnene forståeleg.  Det store oppgjeret ein forventar mellom mor og datter kjem ikkje, i alle fall ikkje så sterkt som ein kunne forvente.  I det heile er det ein roman med understatement. Men kjenslene vert så flott skildra.  Det er ein logikk i det heile, om enn ikkje etter min eigen målestokk.

Wassmo har vunne mange prisar.  Eg anbefaler alle å lese bøkene hennar.  Start med bøkene om Tora!  Så kan du lese denne.

P.S.
Eg ser ikkje vekk ifrå at denne kjem høgt når eg skal kåre årets roman.

søndag 22. september 2013

Bok 46: Hånden

Dette er ei ny bok om Kurt Wallander.  Som blogglesarar som har lese den siste  romanen veit, kunne ein ikkje forvente meir frå den kanten.  Eg har enno ikkje tilgitt Mankell for lagnaden han gav krimhelten sin. Men no har han lagt ein kort roman før den siste.

Kurt Wallander ønskjer å flytte frå leilegheita i Mariagatan og kjøpe seg hus. Når han er ute og ser på huset, snublar han i ei hand, eller beina som er att av henne. Han legg og merke til at ripsbuskane er noko merkeleg plasserte. Der ligg to lik i hagen som viser seg å vere omtrent frå krigen.

Romanen er kort, berre 3 CD-ar.  Men han er velskriven og interessant. Romanen skil seg ut frå dei andre med å vere litt enkel og konsentrert, men Kurt Wallander er den same.

fredag 20. september 2013

Bok 45: En mann med navn Ove

I sommar såg eg at denne romanen låg på topplistene.  Slekt og bloggarar har likt den godt.

Kva er det med denne boka?  Eg synest denne meldinga seier det meste.

Som blogglesarane truleg har fått med seg, har eg stor sans for godt språk i tillegg til eit skrått blikk på tilvære.  Forfattaren greier på ein meisterleg måte å kome under huda på denne stabeisen av ein mann.  Han skildrar livet og døden med humor å varme.

Eg trur dette er ein roman som dei aller fleste vaksne vil like!

tirsdag 17. september 2013

Bok 44: Menneskets natur

Frå forlaget:
Ny krimroman fra Jørgen Brekke - om de fire temperamenter.Politiførstebetjent Odd Singsaker befinner seg i et hus på Hitra. Det ligger et lik på gulvet ved siden av ham. Singsaker retter en hagle mot en person i en utbrent sofa. Det har åpenbart skjedd mye siden kona Felicia Stone reiste fra ham og forsvant.En utro og svært kald politimann, en festglad student i plutselig trøbbel, en hustru som slår tilbake mot sin ektemann og en torpedo med et eksplosivt tilslag i balltreet. Alle spiller viktige roller i fortellingen om hvordan Odd Singsaker havnet i dette uføret.Den tredje romanen om Odd Singsaker er en fortelling om hva som skjedde med Felicia Stone, om store forbrytelser, seig kjærlighet og de fire temperamenter. Og om alt det andre som preger menneskets natur.

Eg vart ikkje heilt klok på denne romanen.  Her er mange parallellhandlingar. Og alle skal henge saman til slutt. Og kva skal ein seie om slutten?

Ein ting kan seiast: Romanen høver ikkje som sovemedisin. (For oss som les på senga)  I periodar vert ein heller søvnlaus.  Jørgen Brekke greier å skape ei intens spenning.  Dette er verkeleg ein pageturner! Når Felicia kjempar ein kamp mot ein kaldblodig mordar i ein snøkledd skog, kan ein roman knapt bli meir nervepirrande.  Så kjem spørsmålet: Kvifor skyt han ikkje når han kan, men ber folk gjere sjølvmord i form av overdose?

Eg har sansen for personskildringane.  Det vert interessant når alt ikkje er som ein først trur.  Men får folk nok straff, eller rett straff?  Slår lagnaden til?

Eg synest denn krimromanen skil seg litt ut.  Eg likte han svært godt!


tirsdag 10. september 2013

Bok 43: Inferno

Denne romanen kjøpte eg i papirutgåve til mannen.  Både han og jusstudenten  er fascinerte av historiene til Dan Brown.  Og eg kan forstå kvifor. Dette oppsummerer:

På omslaget:
"Inferno" er en unik cocktail av heseblesende underholdning og forrykende spenning. I hjertet av Italia trekkes ikonografen Robert Langdon inn i en spennende verden som sentreres rundt et av historiens mest fascinerende, mørke og mystiske mesterverk - Dantes "Inferno". Langdon settes opp mot en skremmende motstander og slåss med koder og symboler som fører ham dypt inn i klassisk kunst, hemmelige korridorer og avansert vitenskap. Gjennom en heftig jakt hvor det er umulig å fastslå hvem han kan stole på, sliter Langdon med å finne svar - før det er for sent, og verden blir ugjenkallelig forandret.

Mi meining:
Dette er ein roman for dei historieinteresserte. Romanane til Dan Brown er ikkje førstevalet mitt.  Men eg vert dradd inn i historia.  Eg vert til og med litt interessert i Dante sitt meisterverk og anna historie som vert presentert.  Temaet "overbefolkning" er interessant.   Og kriminalforteljinga vert spennande. Kven er ven og kven er fiende? Ein del moralske spørsmål vert stilte. Eg synest og at slutten hadde snert.

søndag 1. september 2013

Bok 42: Flink pike

Denne thrilleren startar med at Amy forsvinn på deira femte bryllaupsdag, papirbryllaupsdagen.  Ektemannen vert ganske snart mistenkt for mord.  Korleis kan ein elles forklare det vekkvaska blodet på kjøkengolvet?  Fleire andre bevis eller indisium peikar mot han.

Nick sitt liv utviklar seg til eit mareritt.  Det gjer det ikkje betre at han har ei ung elskerinne som han no bør skjule.

Men kvar er Amy? Ho som har vakse opp med å vere hovudpersonen i ei barnebok.

Mor mi far assosiasjonar til Fay Weldon, og det forstår eg.  Amy kjenner til elskarinna, og ho har lagt ein utspekulert plan.

Det er to eg-personar i romanen, nemleg Nick og Amy. I lydbokutgåva vert dei sjølvsagt lesne av ei kvinne og ein mann.  Det fungerer godt.  Romanen vert driven framover av at vi får avdekt lag på lag kva som skjer og har skjedd.  Og vi ser det frå to kantar. Sympatien svingar.

Eg likte romanen svært godt. Her er spenning til siste slutt, og der er mykje å godte seg over undervegs.





mandag 26. august 2013

Bok 41: Leve posthornet

Frå coveret:
Jeg lengtet etter sammenbruddet. Å gi meg over til det og bli kjørt bort til et stille og kjølig sted, langt borte, et langsomt sted. Ellinor, en kommunikasjonsrågiver i tredveårene, kjenner at det ikke er nok alvor og inderlighet i tilværelsen. At livet hennes er for banalt for fortvilelsen hun føler. Da en kollega forsvinner, må hun overta jobben fra Postkom som han sto midt oppe i. Ved å lære de postansatte om media, makt og politikk skal hun bistå dem i arbeidet mot innføringen av EUs tredje postdirektiv. Vi følger livet hennes gjennom et halvår fram til Arbeiderpartiets landsmøte i april 2011.

For å finne meining med livet fer Ellinor til Finnmark for å nøste opp i ei historie ho fekk nyss om i eit heller mislykka møte med dei posttilsette. Eller var det så mislykka? Kva kom ut av møtet? Ellinor lurer og på om forholdet til kjærasten er godt nok. Kva kan brev gjere for eit forhold?

Eg har sansen for Vigdis Hjort sine romanar.  Ho ser menneske med eit skrått blikk.  Og ho stiller viktige spørsmål.  Dette er ei lita bok, knappe 5 timar i MP3-utgåve.  Det er kjekt å kose seg med noko anna enn krim!

søndag 18. august 2013

Bok 40: Politi

Eg trur nok at dette er romanen flest nordmenn har lese i sommar?

Etter førre roman fekk eg spørsmålet av han eg kallar krimkompisen min: Lever Harry Hole?  Ja, seier eg.  Jo Nesbø kan ikkje ta livet av han! (Eg er framleis irritert på Henning Mankell si siste bok om Kurt Wallander.)

I Politi held han oss lenge på pinebenken.  Men vi vert ikkje skuffa.  Elles er dette ein typisk Harry Hole-roman.  Alle politimenn er ikkje til å stole på.  I Politi er dei også offera.  Vi Harry Hole bli eitt av dei? Ingen Harry Hole-roman der han ikkje held på å bli drepen!

Det er vanskeleg å skrive mykje om romanen utan å røpe handlinga. Ein presentasjon av boka finn de her.

Romanen er ein pageturner.  Ein får det ein forventar. Eg har sansen for at alt ikkje er svart-kvitt.

tirsdag 13. august 2013

Bok 39: Seconds away

Så rakk eg å lese ut den andre boka av Harlan Coben denne sommaren.  Boka er kjøpt i Roma.  Eg greier ikkje å finne ut om romanen er omsett til norsk.

Sjølve krimgåta likte eg ikkje så godt som denn førre boka eg las.  Eg synest det vert litt mykje Hardy-guttene når ungdomar skal løyse krimgåter. Oppklaringa var heller ikkje heilt etter min smak.

Men det er god underhaldning, og det er greie romanar å lese på engelsk. Også denne romanen kan lesast sjølvstendig.

Det spørs om engelskstudenten skal få arve denne.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...