onsdag 29. februar 2012

Heller ikkje i dag ...

... kom bøkene eg har bestilt på Mammutsal.  Sidan eg hadde eit nødvendig ærend i byen, tråla eg senterbokhandlane der.  Eg fann ikkje noko av interesse.
Derimot gjekk eg meg på blomsterløkar i potter for 20 kr stk.  Då vart sjølvsagt nokre med heim.  Dette er vel eit sikkert vårteikn på skotårsdagen?

tirsdag 28. februar 2012

Knallgode brød del 2


I dag tok eg fram att mjøl- og krydderblandinga frå i går.
I oppskrifta stod det 50 g gjær.  Eg tok litt i underkant av ein pakke gjær sjølv om eg dobla oppskrifta.  Hevetida vert lengre, men for meg passa det godt med eit par timars pause.  Gjæren smuldra eg rett i bollen før eg har i resten av ingrediensane: 2 ms sirup, 2 ts salt, 6 dl lunka vatn og ca 20 dl kveitemjøl.

I oppskrifta står det berre sammalen kveite og sirup.  For meg er mørk sirup bakesirup, men eg veit ikkje om det er rett.  Det bør også stå om den sammalne kveiten skal vere finmalen eller grovmalen.  Viss det går ut på eitt, kan der stå lys eller mørk sirup.
Då deigen hadde heva opp til kanten, knadde eg den lett og forma tre små brød i staden for to store.  Dei skal heve ca 30 minutt før ein steiker dei først 20 minutt ved 250 grader og så 20 minutt ved 200 grader.

Eg er ikkje noko flink å følgje brødoppskrifter til punkt og prikke, men denne gongen har eg nesten greidd det (feil antal brød). Vanlegvis steiker eg brød ved 200 grader 50-60 minutt.

Med 1/4 grovt mjøl i deigen, er ikkje dette akkurat kvardagsbrød.  Men eit brød ein kan unne seg innimellom,  gjerne med ost til.

mandag 27. februar 2012

Knallgode brød del 1

 I dag vart eg litt skuffa då det ikkje låg lapp i postkassa om bokpakke.  Eg har sjølvsagt bestilt meg bøker på Mammutsal.  Det hadde vore greitt å vite kva bøker ein får av dei ein har bestilt.

No manglar eg ikkje akkurat bøker!  På biblioteket på Moa oppdaga eg i haust boka "Knallgode brød" av Wenche Frølich..  Boka inneheld litt brødhistorie, ein bakeskule og ein god del teori rundt korn og brødbaking. Eigentleg skulle eg ønskje meg denne boka til jul, men så kom ho på -50% i ein nettbokhandel med fri frakt.
 Ein god del av oppskriftene er prosjekt som går over timar eller dagar.  I dag bestemte eg meg for å begynne på meit skålda brød med krydder i.  På Sunnmøre Folkebutikk fann eg fennikkelfrø.
 Til to brød knuste eg 1 ms anisfrø og 1 ms fennikelfrø. Morter nytta ikkje, så eg brukte stavmiksaren.  Denne blandinga luktar godt.
Frøa blanda eg med 6 dl sammalen kveite, 50 g smør og 6 dl kokande vatn. Dette bør stå i minst tre timar - eller over natta.

Framhald følgjer ...

P.S.
I ei anna oppskrift skal det vere durumkveite.  Kan nokon seie meg kvar ein får kjøpt det?

søndag 26. februar 2012

Stirren ...

 ... har eg kalla denne "oppladbare" vispen som eg fekk til jul av han som hadde handla på ein nettstad som reklamerer for eit enklare liv. Vispen fungerer greitt til posesausar.  Viss ein vil bruke sterk varme, bør ein røre ut pulveret med ein vanleg visp først.  I dag dette eg plata på middels temperatur og let stirren gjere rørejobben medan eg steikte kjøt og kutta grønsaker til lapskaus.

Heimelaga brun saus er vel ikkje så sunn at den ikkje kan erstattast med posesaus som berre inneheld 1% feitt.  Med godt oksekjøt i retten forsvinn kjøpesmaken.
 I dag dekte eg med kvardagstallerkane for å matche salt- og peparbøssene som dei kjøpte i Barcelona.
No er vinterferien slutt her på Sunnmøre.  Eg har fått gjort litt av kvart, synest eg. I morgon stiller eg med to bunkar ferdigretta norsktekstar og 1 1/2 klassesett mat og helse-prøver.  Det er ein god start på perioden fram mot påske! I morgon skal vi til Ulsteinvik og kursast i munnleg eksamen.  Det går mot vår!

lørdag 25. februar 2012

Grønt er skjønt!

 Då eg i går  talde på knappane om eg skulle velje grøne eller klare glas, kom eg fram til at grønt er ein farge ein alltid vil finne på eit festbord.  omtrent same kva blomster ein vel, vil dei ha grøne stilkar.  I dag er eg godt nøgd med valet. Den nydelege orkidéen fekk eg av systera mi. Elles er det tid for å ta avleggarar.
I dag skulle eg eigentleg berre levere inn bøker, men så fann eg denne lydboka som såg interessant ut.

fredag 24. februar 2012

I indre strok

 I dag bestemte frøkna og eg oss for å ta oss ein tur inn i bygdene og handle kombinert med eit besøk hos slekta.

Amfi i Ørsta er ein stor byggeplass for tida, men du merkar ingen ting når du kjem inn. Etter at frøkna hadde ulysta seg i klesbutikkane, ville eg innom gåvebutikken der og sjå etter forskjellig.  Eg har servise til konfirmasjonen, men manglar glas.  Viss eg kjøper stetteglas til alle, får eg plassproblem i skåpa, men nokre stableglas skal eg alltids få rydda plass til.  Så oppdaga eg at iittala har skifta grønfarge på glasa sine.  Etter ei tenkerunde kom eg fram til at det kanskje er like greitt med halvparten av kvar sort.  Desse eplegrøne synest eg er fine.
Ein stad vi ikkje har vore før i dag, er på den nye Coop-butikken i Furene.  Så dit for vi på heimvegen. Kva skal ein seie? Der var mykje rimeleg kjøkenutstyr i Coop-merke, men lite merkevarer.  Elles var der litt av kvart i t.d. Lego, garn og filmar. Utvalet i mat er større enn det vi er vane med her, men prisane var som på Prix det eg kunne sjå.  Eit par lokketilbod var der sjølvsagt, og så såg eg at biffkjøtet låg 10 kr under prisane her.  Eg vart eigentleg så overvelda at lite datt ned i handlevogna.  Det som freista mest, var nokre nashipærer til 25 kroner kiloen.  For meg kunne butikkane gjerne kutte ned på utvalet av eplejus t.d. og så utvide frukt- og grønttilbodet.  Pastinakk såg eg at Wenche brukte på frukost-TV ein morgon.

Som om ikkje dette var nok, runda vi av dagen med eit besøk på Blåhuset i Ulsteinvik.  Vi hadde planar om å hente ei datamaskin som skulle kome i går.  I staden vart det til at vi kjøpte inn bordremser og kaffiserviettar til konfirmasjonen i mai.  Så har vi noko på plass ...

torsdag 23. februar 2012

Ny innvandrarbutikk i Hareid

 Det er nokre år sidan innvandrarbutikken i Hareid vart lagt ned.  No har dei starta opp att i Jafs sine lokale tvers over Bunnpris.  Frøkna og eg stakk innom for å kike, og sjølvsagt kom det litt opp i handlekorga. det er kjekt å gå i ein butikk med annleis vareutval enn i resten av matbutikkane.
 Krydderpakningane kosta frå 13 til 16 kroner.
 Kiloprisen på minimangoar frå Sri Lanka var 70 kroner, 5,50 pr stk.  Dei smakar friakare enn vanleg mango.  Resten skal få modne litt til før vi et dei.
 Vanlege mangoar til 15 kr stk.

Der var både norske og utanlandske grønsaker.  "Alt er billeg," fekk vi høyre, og det stemte nok. I går, som var første dagen, hadde dei selt varme rettar, og alt hadde gått unna.

Butikken skal ha eit stort pluss for hyggeleg betjening - for å bruke eit bokmålsord.  Eg håper dei greier å trekke til seg både innfødde og innflytta nordmenn slik at vi kan få behalde butikken!
Eit lite husmortips i dag og: Kotelettbeina som eg skar kjøtet av på søndag, la eg i ein plastpose med 1-2 ts salt.  I dag kokar eg kraft på beina og nokre grønsaker.  Ei god kraft er alltid eit godt utgangspunkt for ei god suppe!

onsdag 22. februar 2012

Oskeonsdag

 Datamaskina vår syng bokstavleg talt på siste verset.  Og songen er ganske falsk og irriterande.  Så i dag bestemte vi oss for ta oss ein bytur etter ei ny.  Det var ærendet.  Når ein går på eit kjøpesenter, er det lett å falle for freistingar.  Medan eg stod og betalte desse løkane, høyrde eg nokre kjende stemmer. Der stod systra mi med tre av borna!  dei var på gardinhandel.  Vi inviterte dei over Eidet på ein svært enkel meny: Pølser med brød, og is til dessert. Det vart ei triveleg stund med mat, prat og kortspel.
Lys og serviettar kjøpte eg på Nille her om dagen på -70%.  Eg tenkte fargane ville høve godt til oskeonsdag. Blomsterpotta hadde eg frå før.

Datamaskina? Ho måtte bestillast, men kjem truleg allereie i morgon.

Gratulerer Audun 22!

I dag kan vi gratulere Audun med 22-årsdagen!  Eg synest ikkje det er lenge sidan sist eg skreiv gratulasjon. Audun feirar dagen i hovudstader der han studerer juss på tredje året.  Bildet fann eg på facebook.

tirsdag 21. februar 2012

Feitetysdag

 For meg er det naturleg med rømmegraut på feitetysdag.  Ikkje alltid skjer feiringa på sjølve dagen der heller.  Svigermor mi, som var trønder, var van med kokt kjøt og flesk, slik det også står i den nye kokeboka mi med tradisjonsmat frå Sør-Trøndelag.

Butikkane bruker å følgje opp merkedagar med tilbod.  Seterrømme trur eg ikkje eg har sett på tilbod, men ein butikk selde rimelege svineknokar.

Blogglesarane skal få eit lite middagstips med meg i dag og.  Denne retten kan stå i omnen i fleire timar, og høver derfor for dei som vil ta seg ein tur før middag.

I går såg eg for meg forseinkingar i flytrafikken slik det regna og bles, men alt var sånn nokolunde i rute.  Eg tenkte det kunne vere godt med middag i nitida.  Så eg steikte nokre kotelettar (Beina har eg lagt i ein pose med ei teskei salt.  Dei skal kokast kraft på.) og la dei lagvis med poteter og grønsaker. Gryta med lok på sette eg i omnen i 160 grader ca 2 1/2 time.  Der er ikkje vatn i gryta, berre to boksar med tomatar.  Grønsakene saftar seg slik at det vert høveleg vått.  Enklare kan det vel ikkje gjerast?
For ordens skuld: Retten sakk ikkje så mykje.  Det var nokre som forsynte seg midt i steikinga ...

Meir detaljert oppskrift her. Inspirasjon til middag i dag fann eg hos Alt godt.  Ho fortel at det er vanleg med pannekaker i dei anglosaksiske delane av verda.  Eg skal ikkje starte ein ny pannekakediskusjon på bloggen min.  Men eg meiner at den tida ein sette opp vekemenyar, så var tysdag pannekakedagen?  Kanskje eg får leite etter "bevis" i ein gammal heimkunnskapbok?

mandag 20. februar 2012

Heime åleine

Denne filmen plukka eg med meg frå Oslo City førre fredag.  Ingen har vist interesse for å sjå den saman med meg.  Med laurdag kveld var eg heime åleine, noko eg sjølvsagt ikkje legg ut på nett! Då passa det fint å sjå filmen The Help, med den norske, etter mitt syn dårlegare, tittelen Barnepiken. Boka las eg i november.  Eg ser at eg likte boka og hadde planar om å kjøpe DVD-en.

I boka var det ulike forteljarstemmer.  Filmen tek for seg historia i boka, men ein får naturleg nok ikkje med seg alle tankar og nyansar som i boka. Ein har til dømes valt å berre antyde konemishandling.

Eg likte filmen.  Den gjev eit godt bilde av samtida. Nokre personar er rett nok berre skildra som typar. Når ei spør heksa i filmen "Er du ikkje trøytt?", så får ho sagt mykje.

Dette er ein film som bør vere obligatorisk for alle amerikanarar.  Det viser ein viktig del av historia deira.  Ein kan forstå at amerikanarane er svært vare for rasisme.  Afroamerikanarane levde først som slavar, og seinare som dårleg betalte tenarar. Desse hushjelpene i filmen lever tett inn på den kvite familien dei arbeider for.  Det er ikkje uproblematisk å gå frå sine eigne born om morgonen for å oppsede andre sine. Og dei føler seg ikkje mykje verd når dei ikkje kan få nytte same toalett som familien til dømes.

Eg vil oppmode alle om å lese boka og sjå filmen!

søndag 19. februar 2012

Bolleforsking

 I dag er vel kanskje den dagen det vert baka mest bollar rundt om i landet.  Eg bestemte meg for å gjere litt seriøs forsking i heimen.  Sjølv bruker eg nemleg raud gjær til søt bakst både heime og på skulen.  Den raude gjæren gir bollane eit ekstra løft, har eg hevda.  Andre meiner det går for det same.
 Eg har dobbelt utstyr til Kenwooden min.  Eg innførte hugseregelen blå i grå, og sette i gang forsøket.  Mjølka varma eg i mikroen før eg vog lik mengde i bollane: 500 g.  Deretter hadde eg i 150 g sukker 1 1/2 ts kardemomme og egg (begge 66 g).  Maskina knadde deigane litt kvar.  Til slutt knadde eg inn 125 g mjukt smør i bitar.  Dette har eg begynt med etter å ha lært det av Morten Schakenda og sett forsking på det i fagbladet vårt. Prøvebaking viser at med å tilsette feitt til slutt i gjærdeig, vil baksten heve betre. (Presisering etter spørsmål i kommentarfeltet).
 Etter førstehevinga set ein att deigen med raud gjær har heva litt meir.
 Eg vog opp 80 g bollar og tok ein frå kvar deig i kvar hand.
 30 minutt etterheving i lunt miljø.
 Ser de skilnaden?  Frøkna slo raskt fast at dei til høgre er størst. Eg tok midjemålet på dei med målband og fann at skilnaden var på vel ein centimeter.
Konklusjon: Raud gjær gir raskare og betre heving om ein bakar på heilt same måte med raud og blå gjær..

lørdag 18. februar 2012

Vinterferie

 Laurdag morgon er min favorittmorgon.  Då kan ein rusle ned til postkassa og hente seg aviser til frukosten.  Ein kan slappe av med kaffikoppen omtrent så lenge ein lystar.  Og så kan ein begynne å gjere noko fornuftig. I dag måtte eg berre bestemme meg for å begynne i ein ende.  Vaskemaskina og tørketrommelen har gått i eitt.  Og så bestemte eg meg for å begynne i høgda.

Litt ut på dagen då eg hadde fått rydda og vaska litt, dekka eg på eit fastelavnsbord.  Gryteunderlaget har eg strikka i vamsegarn og tova.  Det vart ganske tjukt.  Serviettane kjøpte eg i byen torsdag for å ha til det oransje.
Lysa kjøpte eg hos Floriss i går.  På butikken ved sida av gjekk det i påskepynt.  Gult er ein farge ein fort vert lei av, så eg ventar litt med det.  I avisa i dag stod det litt om kva fargar som er fastetidsfargane.  Eg får finlese artikkelen seinare.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

Strikkebok

 Denne boka har eg ikkje kjøpt, men lånt på biblioteket her.
 Boka inneheld oppskrifter på det meste.  Bakarst er det vist mange ulike teknikkar med gode illustrasjonar.
Ein finn og eige kapittel med toving.

Boka er fin og inspirerande.  Eg ser ikkje vekk frå at ho hamnar i boksamlinga mi ein gong ...

fredag 17. februar 2012

Bunadssølv og underskjørt

 I dag såg eg på facebook at der skulle vere ein sølvsmed på E-design.  Frøkna manglar inngravering av namn på bunadslomma, så eg tenkte eg kanskje kunne få gjort det på minuttet.  Men det gjorde ho ikkje.  Det einaste frøkna mangla av sølv, er manskjettknappar.  Desse er ikkje stansa som dei andre i butikken.  Prisskilnaden var ikkje så stor sidan det var 10% på sølvsmeden sine varer.
 Elles så slo eg til på eit slikt underskjørt.  Dei finst i raudt og svart. Som de ser, valde eg raudt.
I kanten nede er det to glidelåslommer. Kan det vere til bankkort og førarkort til dømes?  Den vanlege lomma høver vel best til myntar ... (Pris 399,- om nokon lurer).

torsdag 16. februar 2012

Bok 10: Sjur Gabriel

Når det er snakk om den litterære perioden som vert kalla naturalismen, vert Amalie Skram trekt fram.  Det er spennande å lese om livet hennar.  Eg las biografien om henne av Liv Køltzow då den kom ut i 1994.  Eg har ei kjensle av at den dukka opp i postkassa då eg var medlem i ein bokklubb og gløymde å avbestille boka. Det er eg glad for! Livet hennar er spennande.

Sjur Gabriel frå 1887 er eg usikker på kor tid den stod på pensumlista mi.  Venninna mi skreiv særarbeid om Hellemyrsfolket på vidaregåande, hugsar eg.  Lydboka er lesen av Eilif Armand for fleire tiår sidan.  Han les godt alle dialektane.  Eg trur det kan vere lurt å lytte til desse bøkene, i alle fall om ein er redd for tungt eller gamaldags språk.

Eg har allereie begynt på To venner.

Torsdagstur til byen

Ærendet i byen i dag var som vanleg å levere bøker på biblioteket.  Der fann eg dei to siste bøkene om Hellemyrsfolket. Den andre romanen trur eg har fått blanda kritikk.  Det kan hende opplesaren løftar boka.
 På eine bokhandelen reklamerte dei med at dei gledde seg til mammutsalet og la ut nokre smakebitar på førehand.  Eg fann denne boka om tradisjonsmat i Sør-Trøndeleg. Eg har ein del slike i kokeboksamlinga mi.
Ei god kokebok bør innehalde noko meir lesestoff enn berre oppskrifter, meiner no eg.  Eg har vorte meir historieinteressert med åra.

Ei anna samling som vart utvida i dag, er serviettsamlinga mi.  Eg fann store fine middagsserviettar til konfirmasjonen i vår.  Då yngstemann skulle konfirmerast for tre år sidan, hadde enkelte laga bordkorta før eg hadde kome i gang.  Ein vert meir avslappa for kvar konfirmasjon.  Men eg gløymer ikkje kor vanskeleg det var å finne serviettar ein gong eg trudde det skulle vere ei smal sak. Eg har lært at ein bør ikkje sjå for mykje føre seg.

I år er det forresten ein bleikrosa farge som er motefargen til jentekonfirmasjon.  Det skal ikkje vere cerise.  Kor mykje eg bryr meg om akkurat det, vil nok kome for ein dag i mai.

onsdag 15. februar 2012

Bok 9: Den fjerde nattevakt

Då Øystein sine vener og kollegaer begynte med desse klassikarlistene, oppdaga eg at eg hadde nokre hol i kunnskapane.  Falkberget har nok aldri stått på mine pensumlister, i alle fall ikkje anna enn som utdrag.  Sidan mange hadde "Den fjerde nattevakt" på lista si, tinga eg den på biblioteket.


Kort fortalt handlar romanen om presten som kjem til Røros i 1807. Han kjem til eit samfunn der folk er fattige og gudstrua sterk.  Så skjer det som ikkje skal skje.  Han forelskar seg i ei gift kvinne.


På coveret vert romanen kalla ei "tidlaus forteljing om kjærleik". Betre kan det vel ikkje seiast! Eg vart fascinert av romanen.  Det er ikkje utenkeleg at eg kjem til å kaste meg over bøker av same forfattar.  Romanen høver godt som lydbok.  Opplesaren les godt og ho les replikkane på dialekt.

tirsdag 14. februar 2012

Ein kan no ikkje vere negativ ...

 ... til Valentine's Day og morsdag når ein får servert så fin kake!  Det er sjølvsagt frøkna som har laga denne!  Ho fann oppskrifta i Smalhans.  Det er vel aldri feil å glede mor anten det er ein merkedag eller ein kvardag?

mandag 13. februar 2012

Diggiloo Diggiley



Dei fleste korsmedlemene var ikkje fødde i 1984, så dei har kanskje glede av originalversjonen. Her kan de høyre korpset sin versjon.

søndag 12. februar 2012

Så vart det morsdag likevel!

 I dag har folk vore på farten i kvar si retning omtrent heile dagen.  Startskotet var å rigge til i hallen klokka ti. Det tok far i huset seg av.  Men eg greidde å samle alle til middag.
For å få unna restar - og ikkje lage nye, laga eg ei panne lapskaus.
 Kvæfjordkaka vart delt i tolv bitar etter instruksane.  Då eg skulle levere ho, stod det ei sameleis på kakebordet som var fullt.  Mi kake vart sett under bordet, og det vart ikkje behov for ho.  Så synd!  Eg håper alltid at det vert att eit par stykke til dei som er att heime og ser mor ta med seg kaker ut av huset ... No skal vi ha oss kveldsmat og kake.
Til å vere i mot den kommersielle sida av morsdagsfeiringa har eg fått svært fine gåver, her representert med ein ny iPod! Humoristen i familien, han eg ser Lillyhammer saman med, gav meg ikkje kløpinne.

Den flotte konserten kan de lese meir om på Vikebladet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...