onsdag 15. februar 2012

Bok 9: Den fjerde nattevakt

Då Øystein sine vener og kollegaer begynte med desse klassikarlistene, oppdaga eg at eg hadde nokre hol i kunnskapane.  Falkberget har nok aldri stått på mine pensumlister, i alle fall ikkje anna enn som utdrag.  Sidan mange hadde "Den fjerde nattevakt" på lista si, tinga eg den på biblioteket.


Kort fortalt handlar romanen om presten som kjem til Røros i 1807. Han kjem til eit samfunn der folk er fattige og gudstrua sterk.  Så skjer det som ikkje skal skje.  Han forelskar seg i ei gift kvinne.


På coveret vert romanen kalla ei "tidlaus forteljing om kjærleik". Betre kan det vel ikkje seiast! Eg vart fascinert av romanen.  Det er ikkje utenkeleg at eg kjem til å kaste meg over bøker av same forfattar.  Romanen høver godt som lydbok.  Opplesaren les godt og ho les replikkane på dialekt.

4 kommentarer:

  1. Denne boka har eg lyst å høyre. Har kanskje lese henne ein gong, eller delar av ho. Takk for inspirasjonen. Eg høyrer Knausgård, og no var eg nett innom ein bokhandel her i Førde og keik i boka, eg er visst komen til ca. side 280... Veldig interessant!

    SvarSlett
  2. "Den fjerde nattevakt" las eg for lenge sidan og hugsar at eg likte den. Eg har også lese andre bøker av Falkberget som var tyngre å lese, mykje på grunn av dialektinnslaga.Det er sikkert ein god idé å lese dei som lydbøker.

    SvarSlett
  3. Eg he faktisk alle Falkbergets verker -men eg likte best Christianus Sextus,som eg las på slovensk for lenge sida.
    Må kanskje lese den på nytt....

    SvarSlett
  4. Artig å vite kva norsk litteratur som har vore omsett og lese i andre land.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...