fredag 31. januar 2014

Tupperware riskokar

 På eit Tupperwarekupp kjøpte eg ein riskokar til mikrobølgeomn.  Denne var julegåve til meg sjølv.  Det er berre det at eg har gløymt å bruke vedunderet. Bruksanvisninga veit eg ikkje kva som skjedde med.
 I går tok eg meg endeleg på tak.  11 minutt i mikroen var den einaste oppskrifta eg hadde.  Så eg kokte opp vatnet i vasskokaren, hadde i ris og salt og let det stå til.
Etter 11 minutt tok eg riskokaren ut.  Risen vart heilkt perfekt, vil eg seie. Metoden var lettvint og rask!

I dag lufta eg problemet på lærarrommet.  Der er det alltid nokon som veit.  Ein treng ikkje koke opp vatnet på førehand, noko eg eigentleg hadde ein mistanke om. Elles fekk eg vite at der er ein strek for kor mykje vatn ein kan ha i kokaren. Restar kan ein fint oppbevare i bollen. Ulempa er at ein ikkje kan koke graut på restane slik ein kan gjere i ei panne.

torsdag 30. januar 2014

Bok 6: katakombens hemmelighet

Onsdag skulle vi ha lesetime i klasse 9A. Eg hadde lagt att boka eg held på å lese heime, så eg stakk inn på biblioteket og lånte ei ny som eg ikkje har klart å prakke på nokon av elevane. Systera mi har nettopp lese og anbefalt romanen.

Hendinga er lagt til mellom anna katakombene i Roma, Oslo og Lærdal/Borgund stavkyrkje. Det handlar om katakombar som fell saman, munkar, spøkelse(?) og om at verda kan gå under.  Her er mystiske symbol og profetiar.

Robert 14 år vert ikkje teken på alvor i Roma.  Han er "berre eit barn" og får ikkje hjelpe mor si som er arkeolog, med utgravingar i Roma.  Han tjuvlåner ein nøkkel og låser seg inn i katakomben. Der startar det heile.

Boka er spennande frå byrjing til slutt.  Ho høver for ungdomsskuleelevar, som seinare vil like vaksenromanane til Tom Egeland og Dan Brown.

Eg synest ikkje det er rart at Ark har gitt den barnebokpris og at anmeldarar gir den terningkast 6.  I morgon håper eg at ein av elevane mine vil ta med seg romanen heim og lese han i helga!

onsdag 29. januar 2014

Ti kniver i hjertet

Der er minst ti knivar og hjarte på Karpe Diem-genseren. Tråden er glatt og han knurver seg litt saman.  Her må nok damping til! Genseren er kjekk å strikke, for det går fort, men der er litt store "sprang", så er må tvinne eindel trådar. Det mønsteret eg liker minst å strikke, er der eg må strikke tre trådar om gongen.  Så no vurderer eg å la vere å strikke kufta til meg sjølv ...

tirsdag 28. januar 2014

Bok 5: Over det kinesiske hav

Denne boka har eg hatt liggande på datamaskina ei stund - sjølv om eg hadde fått den anbefalt. Det var kanskje rett og slett fordi den låg litt gøymd på Windows Media player, ikkje på I-tunes.

Romanen er rett og slett ei lita perle. Handlinga er enkel, men interessant.  Først i etterkant las eg at den er basert på verkelege handlingar, noko eg hadde ei kjensle av.

Foreldra til forteljarstemma i romanen bestemte seg etter krigen for å lage sin eigen heim for såkalla åndsvake.  Mellom anna tek dei til seg ein søskenflokk på fem. Dette ansvaret har dei i nesten 40 år.Familien opplever og sine eigne drama.

Språket er lågmælt og vakkert. Det rører ved deg.  Han bruker oppattaking som verkemiddel, men utan store fakter.  Amerikanske bestseljarforfattarar har mykje å lære her, meiner eg.

Når årets bok 2014 skal kårast, kjem denne romanen høgt opp.  Det er ei kort bok, så eg kan trygt anbefale den til alle, også dei som kvir seg på lange romanar.

mandag 27. januar 2014

Kvardag

Det er så mange fine bilde, gjerne med full vinter, rundt om på bloggane.  I dag fekk eg lyst til å legge ut eit skikkeleg kvardagsbilde.  Omtrent kvart på fire ser det slik ut der eg går.  Eg kan velje mellom å stå ved ein sterkt trafikert riksveg og vente på å kunne snike meg over, eller å gå ein omveg, eller gangvegen om de vil.

Det ligg kanskje an til å bli ein lettvint vinter her hos oss. Snøen kjem nok, men då har truleg og sola kome skikkeleg attende, så vegane vert berre.

søndag 26. januar 2014

26. januar

I dag har vi hatt ein fin dag på Hareid. Eg gjekk ein tur rundt vatnet saman med ei venninne. Vi møtte mange turgåarar i det milde, fine vinterveret.
Då eg rydda i serviettsamlinga, fann eg nokre av desse. Dei brukte eg for eit par år sidan i yngstemann sin gebursdag. I dag passa dei fint, for ein skulle visst telje hagefuglar. Eg ser helst at fuglane held seg unna hagen vår. Lucy er ein litt for flink fuglejeger.  Men eg observerte ein raudstripe i går.

lørdag 25. januar 2014

Laurdag 25.januar

I dag tok vi oss først ein tur på biblioteket.  Eg begynner å gå tom for lydbøker.  I tillegg plukka eg med meg ei strikkebok.  Plagga der var ikkje i min stil, så ho vert nok raskt levert attende.

Vi har så smått begynt på eit nytt prosjekt, nemleg oppussing av romet der eg no sit.  Det går under namnet "kontoret" og skal bli mitt rom.  Veggene skal bli kvite i staden for furu og blå. Så no skal rommet, og ikkje minst skåpa, tømast.

Vi tok turen til møbelbutikken i dag.  Der er utruleg mykje fint å sjå!  Eg må velje meg ein tresort og ein trefarge til bokhyller.  Det luraste er nok å velje seg eit system der ein kan sette saman modular sjølv, ikkje minst kan ein då få utnytta eit hjørne.  Blogglesarane får nok sjå bilde når eg har noko å vise fram ...

fredag 24. januar 2014

Krig og fred

Det finst dei som ikkje les bøker.  På spørsmål om dei har lese boka, er standardsvaret: Nei, men eg har sett filmen.

Om eg nokon gong kjem til å lese Leo Tolstoi sitt meisterverk "Krig og fred" frå 1860-åra, vil tida vise.  Språket og forteljarstilen freistar ikkje særleg til djupdykk. Det finst kanskje nyare omstetjingar enn den vi har?

Vi fekk ein boks med  DVD-ar til jul.  Speletida er 6,5 timar. Som så ofte i klassikarane er temaa  "livet, døden og kjærleiken".  I tillegg står tilgjeving sentralt.  Handlinga er lagt til Napoleonskrigane.  Ser ein serien i lys av at forteljinga er gammal, vil ein like serien.  Her er kjende og ukjende skodespelarar.

Vi har sett serien saman med dottera i familien, også ho likte den godt.

torsdag 23. januar 2014

23. januar

 I dag handla eg for første gang denne veka.  Skal eg få tommare matbod og fryseboksar, er det eitt av fleire tiltak. Eg liker ikkje å vere sur kunde, men eg skal innrømme at eg har etterlyst sammalen rug, fin i butikkane her.  I ein periode måtte eg over Eidet for å finne sorten.  I dag fann eg det to stader i bygda!

Mor og far i døden
Elles har det vorte litt strikking om kveldane.  Mønsteret er artig å strikke, men ikkje så lett å få jamnt med så lange sprang.  Eg håper det rettar seg ved vask. Må eg dampe, så gjer eg det, sjølv om eg helst ikkje vil det.

onsdag 22. januar 2014

Bok 4: I natt er du død

Frå permen:
Studenten Marcus Nielsen blir funnet død i leiligheten sin, og alt tyder på at han begikk selvmord. Men Marcus mor er overbevist om at han ble myrdet, og bønnfaller politiet å etterforske dødsfallet. Etterforsker Thomas Andreasson graver seg ned i saken, og blir raskt overbevist om at dødsfallet neppe var selvforskyldt. Men er Thomas egentlig klar for et krevende oppdrag? Det er bare seks måneder siden han var døden nær da han gikk gjennom isen utenfor Sandhamn. Politiets etterforskning av saken fører til Korsö militærleir utenfor Sandhamn. Thomas beste venn, jurist Nora Linde, forsøker å finne ut mer om basen hvor kystjegerne har hatt tilholdssted i flere tiår. Kort tid etterpå dør en annen mann som har forbindelser til Korsö. Det utvikler seg til en dramatisk historie om hevn, mobbing og besettelse.

Flink krim?
Denne romanen synest eg går inn i rekka av "damekrim".  Ein får vite relativt mykje om privatlivet til etterforskarane, og noko av det er heller klisjéfylt.  Når det er sagt, så oppdaga eg at dette er fjerde romanen i serien.  Eg ville truleg likt betre dette om eg "kjende" personane frå før.

Sjølve krimgåta er grei, men løysinga er noko føreseieleg. Skulle eg gitt karakter, ville romanen fått 3+.

tirsdag 21. januar 2014

Tøff eller stygg?

Eg hadde eigentleg tenkt å strikke kufte til meg sjølv, men så hadde frøkna eit sterkt ønske om ein Karpe Diem-genser. Mønsteret er på framsida av den nye hønsestrikkboka, ser eg.  Men den ligg og gratis på nett.  På pinnar 5 går det raskt å strikke.

Blant strikevenninnene er meiningane delte.  Enkelte synest den er tøff, medan andre synest den er direkte stygg.  Sjølv er eg i første kategori.  Frøkna sjølv seier den er styggpen.

mandag 20. januar 2014

Ny genser til mannen

 Farmengenseren eg strikka til han i fjor var strengt tatt litt liten.
 Så då eg såg genseren i heftet der vesten min var, fekk eg lyst til å strikke han ein ny.  I staden for å strikke den halsen og sette i ermar, tenkte eg at eg kunne bruke oppskrifta til genseren til yngstemann.  (Den strikka eg i blått, ikkje brunt som i oppskrifta.)

Genseren vart også relativt rimeleg, for eg hadde nok restar i kvitt og blått i Mitu frå Rauma, eit garn eg liker godt. Eg valde ein litt mørkare brunfarge enn i mønsteret.  Både mottakaren og eg er godt nøgde med både storleik og fargeval.
Mønstera fann eg i desse to hefta frå Sandnes - om nokon lurer.

søndag 19. januar 2014

Slektstreff

 Tradisjonen tru vert peparkakehuset, i år husa, knuste på Håkon sin gebursdag dei åra vi har hatt slikt.
I går pynta frøkna marsipankaka eg hadde fylt med aprikos.  Eg angra litt på at eg ikkje hadde bringebærsylte og vaniljekrem i slik dei yngste liker den.  Marsipankakeloket kjøpte eg ferdig utkjevla.  Det synest eg er lurt, for marsipanlaget vert mykje tynnare.

Eg reknar med det kjem fleire bilde på dei andre bloggane i løpet av kvelden.

Elles har eg tenkt mykje på ei bloggvenninne (som eg kallar det) i Lærdal. Ho har tidlegare lagt ut fleire bilde av dei verneverdige husa.  Akkurat kvar ho sjølv bur, og om ho er sterkt råka, veit eg ikkje.  Uansett er heile samfunnet prega av det som er skjedd.  Heldigvis kom alle velberga frå brannen. Om ein ikkje sender varme tankar til dei, slik ein kom i skade for å gjere, så i alle fall håpe dei vert godt tekne vare på.

lørdag 18. januar 2014

18. januar: Feiring og førebuing

 I dag fyller yngstemann 20 år.  Han fekk sjølvsagt yndlingsretten sin til middag: Pølsegryte. Til dessert var det julekaker og is til dei som ville ha.
 I morgon vert det slektstreff i høve dagen.  Eg har ikkje stressa, men heller ikkje lata meg.  No kokar eg oksekjøt til suppe, og så får vi sjå om kaka vert pynta i dag eller i morgon tidleg.  Frøkna har tenkt å gjere den jobben.
Ho vil helst ha bringebærsylte som fyll. Sjølv likar eg betre fyll med tørka aprikosar som er kokte. Time will tell.

No skal vi sette oss ned og sjå siste del av "Krig og fred".

fredag 17. januar 2014

På tide å ta helg!

I dag var det semesterslutt for oss.  Norskbunkane er retta og delte ut.  Helldigvis villle få av mine elevar, om nokon, funne på å skrive ein slik plakat.  Eg gjekk forbi den i ein butikk i byen i dag.  Her er det mykje å ta tak i!

God helg!

torsdag 16. januar 2014

Bok 3: Casanovasyndromet


Frå omslaget:
«Casanovasyndromet» er Øystein Wiiks fjerde thriller om Tom Hartmann. Boston, USA: Den norske Harvard-studenten og roeren Georg Johnsson blir drept under Head of the Charles-regattaen. Ved den siste broen før målområdet ryker wiren som holder et banner oppe og kutter hodet av unge Georg som sitter fremst i båten. Slik ser det i alle fall ut. Saken blir henlagt som en ulykke. Oslo: Brudgommen Peter Werring forsvinner sporløst fra sitt eget bryllup. Skandalen er et faktum for bruden, Cathrine Price. Tiden går og Peter dukker ikke opp igjen. Catrine ber sin eksmann, Tom Hartmann, om å lete etter ham. Oppdraget fører Tom til Venezia og inn i en mørk verden der erotikken og kunsten å forføre dominerer. Det viser seg at flere av kvinnene Peter Werring har vært i kontakt med dør kort tid etterpå. Er det noen sammenheng mellom Werrings affærer og dødsfallene? Og har den unge roeren i Boston noe som helst med saken å gjøre? 

Det er ei stund sidan eg har lytta til ei lydbok som eg har hatt vanskar med å legge frå meg.  Dette er ein slik roman. Den skil seg ut i mengda med krimromanar med at plottet er originalt.  Dessutan er her utkropne drapsmetodar, noko eg som kjent har sansen for.  Miljøet og personane er og spennande.

Sjekk denne meldinga.

Elles ser eg at eg nok har hoppa over den tredje boka i serien.  Eg får vere på utkik!

onsdag 15. januar 2014

Om ikkje akkurat smalhans ...

... så trur eg mange tenker som eg: I januar et vi det vi har på lager, eller vi et litt enklare mat.  Eg prøver å handle sjeldnare, for då handlar eg mindre. Butikkane set inn mottiltak som 10-kronerstilbod og utdeling av kupongar.  Eg skal innrømme at eg nok har handla varene på kupongane.  Eg har kanskje kjøpt ein pakke egg sjølv om eg har eggavtale? Uansett kjem eg vel til å bruke halvparten av desse kupongane ...

tirsdag 14. januar 2014

Førre tysdag ...

... starta Grey's Anatomy opp att på TV2. Omtrent samtidig gjekk serien Broadchurch på NRK.  Dei har forresten oppdaga at det er litt langt med ei heil veke mellom kvar episode når det ikkje er avslutta episodar.  Det har eg etterlyst med til dømes Broen og Forbrytelsen.  Heldigvis har eg opptaksboks.  I dag hadde eg rigga meg til med strikketøy, men då var det herrehandball på TV2.  No set eg min lit til NRK.

Elles kan eg melde om nydeleg måneskin på tysdagsturen.

Som de ser, har eg fått ermane inn på genseren.  No er det ei som ønskjer seg Karpe Diem-genseren.  Eg har ei kjensle av at den får seg eit oppsving når hønsestrikkboka kjem i handelen.  Eg får boka frå Hobbyklubben.  Oppskrifta ligg dessutan gratis på Dale garn.

mandag 13. januar 2014

20. dag jul: Resirkulering?

Dette er det som står att etter jula.  Nissen, konglane og sløyfa har eg tatt ut. Då eg valde å kjøpe ein dekorasjon med kvit korg og eføy, var det med tanke på at eg etter kvart kunne skifte ut julestjerna med ein meir vårleg plante. Til helga fyller minstemann 20!  Det er altså 20 år sidan OL på Lillehammer.  Eg bruker å seie at vi kalla han opp etter året han vart fødd: Håkon. Til dagen hans skal det vere primulaer.  Og er der noko mat att frå jul, vert den sett fram til feiringa hans.  Gebursdagskakene hans brukte å vere overlassa med godteri. Eg har kanskje kjøpt nokre nisseseigemenn til halv pris i år og?

søndag 12. januar 2014

Mild vinter?

 Til no har 2014 vore mild.  Den første snøen kom i går.  I dag har det berre kome litt til.
 Får vi ein litt lengre kuldeperiode, vil det fryse skeiseis på vatnet.
I dag gjekk eg og ei venninne ein tur midt på dag.  Det er herleg med dagslys!

Middagen vart heller lettvint: Kyllingår med ris, saus og salat.  I går laga eg sju kilo blandaballj, så eg var ikkje særleg motivert for å bruke lang til på søndagsmiddagen i dag.

Vi rydda vekk det meste av julepynten før helga.  Dukar og handdukar er vaska og tørka.  Men amaryllisane må no få pynte opp!  Og lysa er det ikkje noko vits å "spare" på.  Så i dag fann eg fram nokre raude serviettar.  Observante lesarar vil kanskje sjå at eg har dekka på til ein ekstra, studenten som er i Oslo ...


lørdag 11. januar 2014

Bok 2: Carmen Zita og døden

Frå omslaget:
Konrad Sejer er tilbake! I "Carmen Zita og døden" er han høyst nærværende, ikke bare som den sindige og skarpe etterforskeren, men også som mennesket Konrad Sejer som har sitt å slite med. Men på stueveggen henger bildet av hans elskede Elise som han hver dag deler noen tanker med, og hunden Frank Robert, en kinesisk Shar-Pei, er alltid ved hans side. Og hver kveld avsluttes som alltid med en tynn whisky og en enslig sigarett. Denne gang er det Skarre som er først på åstedet. Et lite barn har druknet i en dam. Et ubevoktet øyeblikk og så har det det aller verste skjedd. De unge foreldrene er sønderknuste, og alt ser ut til å være et uhell. Men Skarre stusser, det er noe med den unge moren, og han lufter sine anelser for Sejer. Etterforskning blir satt i gang som alltid ved brå død, og den unge moren, Carmen, viser seg å være noe for seg selv. Selvopptatt, grunn, forkjælet og pyntesyk. Denne romanen har alt man forventer av en krim fra Karin Fossum; en fryktelig ulykke, gode og spennende portretter av de innvolverte, et godt politiarbeid med en uventet utvikling. Og som vanlig er det litteratur på et høyt nivå.

Karin Fossum sine krimromanar fokuserer ofte på menneskeskildringar.  Ho bygger opp ei forståing for kvifor folk handlar som dei gjer.  Personane er samansette.

Som lydbok fungerer romanen godt.  Det er få personar å forholde seg til.  Spørsmålet vert og om dette er eit drap eller ei tragisk ulykke. Om romanen er spennande i vanleg forstand, kan diskuterast.

torsdag 9. januar 2014

Aldri meir utlada?

I dag henta eg den nye digitale vekta i posten.  Netthandel er lettvint, ikkje minst når ein veit at produktet truleg ikkje finst i butikkane. Etter 90 sekund under eit lysrør skule vekta vere klar.  Eg trur ikkje det tok så lang tid. Gram eller OZ stilte ein under, så ein slepp at måleeining vert bytt om fordi ein kjem bort i ein knapp.

Så langt er eg svært nøgd, sjølv om eg ikkje har vege noko anna enn ein hårbørste ...

onsdag 8. januar 2014

Årets bok 2013

Ved årsskifta har eg brukt å kåre "årets bok".  Eg kunne like godt ha kalla det "årets lesaroppleving". Bøkene har ikkje nødvendigvis kome ut det året dei vert kåra. Det har og vorte ein vane å kåre "vinnarar" i ulike kategoriar.  I år har det vore dårleg med lesing av klassikarar, kanskje fordi eg ikkje har hatt norsk i 10.? Når det gjeld mannen si bok, har eg erklært meg innhabil, berre så det er sagt.


Årets roman
Eit viktig kriterium når eg skal vurdere ei bok, er om ho grip meg.  Disse øyeblikk er ein sjølvbiografisk roman. Når ein har lese alle andre romanane forfattaren har skrive, kjem mange ting på plass.  Innimellom vert ein sint på henne. Andre gonger synest ein ho er tøff. På bakgrunn av oppveksten hennar forstår ein også kvifor ho handlar som ho gjer. Eg synest romanen er personleg og god.




Årets krim
Eg les mykje krim, og mange av krimbøkene er delar av ein serie.  Viss eg skulle ønske meg ei ny bok i ein serie, måtte det bli i Håkan Nesser sin serie om Gunnar Barbarotti. Eg liker språket, og ikkje minst har eg sansen for refleksjonane hans.








... og så ein amerikansk favoritt
Så lenge det finst dødsstraff er vel romanar med temaet aktuelle. Dette er ein tankevekkande roman om det amerikanske samfunnet. Det er kanskje langt til likheit for lova?

tirsdag 7. januar 2014

Krim

Desse bøkene plukka eg med meg sist eg var på bybiblioteket. Viveca Sten har eg kanskje så vidt høyrt om?  Det vert nok til at eg les den andre først.

I dag retta eg ferdig del I av siste tentamensbunken før eg gjekk på tur.  I morgon satsar eg på å kåre årets bok 2013, viss eg då ikkje kastar meg over del II...

mandag 6. januar 2014

Fin kufte?

Eg har vorte med på ei facebookside som heiter Strikkesida.  Der er det mykje inspirasjon å finne.  Den store slageren for tida er Nancykofta.  Mor mi har tenkt å strikke systera mi ein genser i det nydelege mønsteret. 

Sjølv har eg forelska meg i ei anna kufte som har dukka opp der.  Det er eit gamalt mønster som dei har strikka opp att i andre fargar. På facebooksida fekk eg vite at mønsteret skulle kome i Hjemmet.  Eg har studert modellen litt no.  Både strikkefasheita for garnet og ermlengda verkar litt merkeleg.  Men bestemmer eg meg for å gå laus på prosjektet, skal eg nok finne ut av det.  Eg har litt tid til å bestemme meg, for eg liker ikkje å strikke på to ting om gongen.

No er dette ein reklamefri blogg, men eg må berre nemne at der var mykje anna fint i strikkebilaget til Hjemmet denne veka ...

søndag 5. januar 2014

Siste dag jul?

I dag er det studenten sin siste dag heime.  I morgon set han kursen mot hovudstaden der han skal gjere siste innspurt i studia sine. Det går rykte om at nokon gler seg til å leve på havregryn.

Som ein kjend TV-doktor seier: "Mothers love their children with food."  Det "vert" mykje god mat i jula. I dag stod det svinesteik og byggrynskrem på menyen.

Vi vel å vente med å kaste ut jula til julegjesten har fare. Eg synest det er greitt å bruke ei veke på sanke inn dukar og handdukar.  Eit eller anna vert lett gløymt om alt skal skje fort. Duken på kjøkenbordet i dag kjem frå stova, så stryk eg på ein kvit der. Julestjernene eg kjøpte til advent, er det ikkje mykje att av, medan julekorga er like fin.
Julehanddukane må ein bruke nokre veker viss det skal vere vits i å ha det.  Men no skal dei vekk!

I morgon er det full fres på jobb.  Det er to veker att av semesteret.  Eg har retta to av tre tentamensbunkar.  I går sette eg med ned med ein bunke.  Før eg visste ordet av det hadde det gått nokre timar, og heile bunken var retta. I dag har eg laga og lagt planar. No skal eg begynne på den siste tentamensbunken så smått ...

lørdag 4. januar 2014

Bok 1: Nu, jävlar

 
 
Frå permen:

Hjertevarm og gripende roman fra Heidi Linde. "Nu, jävlar!" er en roman om hjemmebakst, Metallica, svangerskapskvalme og fotball-VM, men først og fremst om mennesker det er umulig ikke å bli glad i. Obamas slagord om change we can believe in ga gjenlyd langt utover USAs grenser. I en liten småby på Østlandet tenkte Terese at en forandring måtte skje. Men når hun nå, noen måneder senere, vagger høygravid rundt, er hun ikke sikker på om hun valgte riktig change. Vi møter Kevin som har hatt kjærlighetssorg i 12 år, Lydia med fantasivenninnen Dronning Sonja og Jessica som kommer hjem for å feire bryllup ... med en mann hun ikke lenger er sikker på at hun burde gifte seg med.

Eg vil ikkje seie så mykje om denne romanen.  I byrjinga vurderte eg å legge han frå meg.  Det har kanskje noko med tida eg har lese han. Eg sakna ein raud tråd. Kanskje andre liker romanen betre?

fredag 3. januar 2014

Vest i Soft alpakka

I jula strikka eg ferdig denne vesten til meg sjølv i Soft alpakka.  Det gjekk fort på pinnar nummer 6.

Oppskrifta fann eg i dette heftet frå Sandnesgarn.

Det er sjeldan eg strikkar to plagg frå same heftet, men her fann eg også ein herregenser som eg strikkar til mannen.

Det er alltid kjekt å ha nye kle til skulestart anten det er etter sommaren eller etter jul.  I går var eg heldig og fann ein blå bluse i same farge som ei bukse eg hadde frå før.  Vesten kan og brukast til svart, meiner eg.

torsdag 2. januar 2014

Ball, klubb og komle med dott

Går det an å lage ei kokebok berre om ball? Det var det første som slo meg då eg høyrde om Gunda sitt siste kokebokprosjekt. Sjølv lagar eg to sortar, og det er potetball og blandaball.  Det siste er kanskje det mest populære i heimen.

Gunda gir oss ei detaljert innføring i kunsten å lage ball.  Her kjem ho med råd om alt frå potetsortar til kokemetode.  det er ikkje berre namna på retten som er ulike rundt om i landet, men ballen vert laga på ulikt vis.  Tilbehøret varierer også.  Det har vel mange av oss erfart ... 

Ball i påse er heilt nytt for meg, sjølv om det kjem frå Møre og Romsdal. Småballsuppe også. Kleppmjølk har eg vage minne om frå heimkunnskapstimane i Ørsta der ein av gutane la det fram som eit ønske. Altetande som eg er, likte eg det og.
 Boka har eit eige kapittel med mange ulike oppskrifter på fiskeball, eller blandaball som vi kallar det når ein lagar ball av fisk og poteter. Sjølv har eg aldri ete rognball og kams - enno.

Til slutt tek Gunda eit blikk ut i verda.  Kreative husmødre i mange land har laga noko som liknar på vår ball ut i frå dei råvarene dei har hatt tilgjengelege.

Eg synest Gunda har gjort eit godt arbeid med å løfte fram denne tradisjonsmaten. Her er mykje å lære om ball! I ei kokebok er bilda svært viktige.  Alle oppskriftene har bilde ved sida av seg.  Dette meiner eg er eit stort pluss. Ein har og leita fram gamle ting og kjøkenreiskapar og tatt bilde av. Det høver godt som illustrasjonar. De kan bla i boka her.

No gler eg meg berre til å prøve oppskrifter frå boka!



Potetball i foodprosessor

I boka til Gunda er der mange oppskrifter på potetball/raspeball/klubb/komle. Eg har lært ein del elevar å lage "ballj" som vi seier, opp gjennom åra. Det som ikkje står i oppskrifta, eller handlaget om de vil, er kanskje det viktigaste.  Eg serverte potetball til restar av julemat i går.  Berre ein brøkdel av det ligg i fatet ...

Oppskrifta under er enkel og god.  Det er ein grei måte for små porsjonar.  Makindelane kan vaskast i oppvaskmaskin. I min foodprosessor kan eg doble oppskrifta under. Skal ein lage i store panner, er det berre å ta fram Kenwooden.
Kokekraft:
1 ts salt per liter vatn
(Krafta vert betre med knokar eller saltkjøt/flesk i.)

Raspeball (4 stk)
3-4 rå poteter
1 (++) kokt potet
1/2 ts salt
1 dl byggmjøl
2 ms kveitemjøl
 Skjer potetene i to-tre bitasr før du legg dei i foodprosessoren.
 Køyr maskina til potetene er kutta, ikkje lenger!


Ha i resten av ingrediensane. I oppskrifta står der 1 kokt potet.  Eg bruker å ha i ei ekstra. For lite kokte poteter gir lett for fast ball.  
Køyr maskina til ingrediensane er blanda.  Det tek ca. 20 sekund.  Massen er framleis litt tørr. Siste blandinga gjer du med ein slikkepott.
 Eg bruker ein fleskebit midt i potetballen.  Trykk den godt inn i massen.
Form ballane med våte hender. Legg dei over i krafta og lat dei trekke til dei er gjennomkokte.  I skulekjøkenoppskrifta står der 25 minutt. Heime får dei gjerne trekke ein time.

Kva ein vil servere til potetball, er det svært delte meiningar om. Dei fleste vil vel ha rabbe/kålrabi/kålrot. Eg trur farmora mi i Sogn laga den beste ballen eg har smakt.  Ho serverte ertesuppe, salt kjøt og flesk til.  Det vert skikkeleg festmat. Elles fekk ein litt sukker å dyppe ballen i.  Det grøssar sunnmøringar over. 

Her serverer ein poteter til ballen. Og det verste av alt: "Skal du ha feitt?" Det vil seie at ein ausar smelta smør eller margarin over ballen.  For meg vert det bokstavleg talt smør på flesk.

Nei, ein skal vel ikkje pirke bort i mattradisjonar! Ein vil vel at gjestene skal bli nøgde?  Derfor kokar eg nokre poteter saman med rabba, og må dei ha feitt, så får dei smør. Til drikke serverer eg både sur og søt mjølk.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...