mandag 31. august 2015

Karrigryte



Matprat har starta si eiga barneside, Matstart. Eg synest den er svært innbydande.  Der er laga steg-for-steg-instruksar.  Då eg skreiv ut oppskrifta på karrigryte, vart det fem sider.  Eg heiv meg over ein elleveåring og spurde kva ho synest.  Ho himla lett med augene: "Du må no bruke appen".  Sjølvsagt!  Der fekk eg den ..  No har eg planar om å prøve ut nokre oppskrifter heime med tanke på skulekjøken.  Denne retten fall så godt i smak at eg trur den kan kome på bordet oftare.  Eg hadde ikkje honning i hus.  Eg smakte retten med tanke på anna søtstoff, men eg syntest ikkje det var nødvendigPakken min med strimla svinekjøt var på 550 gram.  Elles vil eg vurdere å jamne sausen med ei ms maisenna ein annan gong.  Nedanfor kjem ei forenkla oppskrift.  Her er steg-for steg. born bør kanskje steike i margarin.  Sjølv føretrekkjer eg olje. Ein vaksen kokk greier å skjere grønsaker og steike kjøt omtrent samtidig ...

Eg må og legge til at dette er rimeleg mat.  Ein pakke svinekjøt kostar 30 kroner, og ris er mykje billegare enn poteter for tida.  Berre som eit lite tips til studentane i familien.


1 pakke (400g) strimla svinekjøt

2 gulrøter
1 paprika
1 løk
2 ts karri

 1- 2 ms olje til steiking

1 boks kokosmjølk
2 dl vatn (1/2 boks) vatn
1 hønsebuljongterning
2 ms flytande honning
1 ts salt

4 dl ris

  1. Set på risen.  Kok opp kokosmjølk i ei panne.
  2. Steik svinekjøtet og ha det i kokosmjølka.
  3. Del grønsakene i terningar og surr dei i olje og karri eit par minutt før du har dei i panna.
  4. Ha i resten av ingrediensane og lat retten koke i 10 minutt.

Bok 40: Skyggegutten

«Skyggegutten» er en reise inn i menneskets dypeste mørke, der fedrenes synder får konsekvenser for kommende generasjoner. Stockholm sommeren 1970. Jan Klingberg er på vei hjem fra en barnebursdag med sine to små sønner. Kristoffer, som er syv år, forsvinner på T-banestasjonen. Det siste faren ser av sin sønn, er en kvinne som tar ham i hånden og går derifra. Over førti år senere forsvinner Kristoffers bror Joel sporløst. Forsvinningen er et mysterium. Joels kone henvender seg til Danny Katz for hjelp. Hun har aldri møtt ham før, men hennes mann hadde snakket varmt om ham siden de ble venner i militæret. Katz finner forespørselen merkelig, men går motvillig med på å hjelpe. Han skjønner raskt at det finnes mange hemmeligheter i den mektige Klingberg-familien. «Skyggegutten» er Carl-Johan Vallgrens første bok i en serie med noir-krim med Danny Katz i hovedrollen.

Denne romanen har fått terningkast 5 i VG.  Les gjerne meldinga her.

Sjølv får eg ikkje heilt taket på denne romanen.  Hendingane er etter mitt syn vel utstuderte.  Eg synest heller ikkje han greier å halde spenninga opp i kritiske situasjonar der ein burde ha hjartet i halsen.  Dei to som løyser saka saman, er interessante personar som ein gjerne vil høyre meir om.  Så eg ser ikkje vekk i frå at eg kan kome til å lese fleire i serien ...









lørdag 29. august 2015

29. august

I dag hadde eg ikkje så mange planar. Det er greitt å sjå veret an før ein bestemmer seg.  Eg fekk fylt saftkokaren før det begynte å regne.  Eg plukka og nokre stikkelsbær for å prøve ei oppskrift i den raudruta kokeboka. 

I går tok eg meg ein tur til næraste bygd for å sjå etter kle.  Vanlegvis kjøper eg meg nye kle til skulestart, men av ein eller annan grunn vart det ikkje med meg i år. Kanskje var det fordi eg rydda kle rett før og ikkje fann behovet skrikande?

Far min hadde akkurat kome heim frå fisketur med makrellfangst i går då eg kom opp i Starevegen.  Makrellen vart kokt i går og servert i dag.  Eg bruker ei oppskrift på "sylta" makrell i den blåruta kokeboka.  Karane likte godt dagens dessert, men eg har planar om å utarbeide ei litt betre oppskrift før eg legg ho ut på nett. Så ærleg får ein vere!

Neste veke skal eg lære elevane å lage syltetøy.  Det er alltid like kjekt! Eg bruker og å reklamere for å ete hagebær. Dei er proppfulle av vitaminar.  Det er både sunt og godt å ete dei rett frå treet. I tiandeklasse er det eit rim i engelskboka med "gooseberry". Vi fann og namna på dei andre vanlege bæra som ei lita ekstraoppgåve.

I går fekk eg og låne ein film "Fasandreperne" som eg gler meg til å sjå!

torsdag 27. august 2015

Bok 39:Silkeormen



Da forfatteren Owen Quine forsvinner, kontakter hans kone privatdetektiv Cormoran Strike. Først tror hun bare at han stukket av for seg selv noen dager, det er ikke første gang det skjer. Hun ønsker at Strike skal finne ham og få ham hjem. Men da Strike undersøker saken, blir det klart at det ligger mer bak Quines forsvinning enn kona har trodd. Romanforfatteren har nettopp fullført et manuskript med giftige portretter av nesten alle han kjenner. Hvis boken hadde blitt utgitt kunne liv blitt ødelagt - så det finnes mange mennesker som kan ha ønsket å kneble forfatteren. Da Quine blir funnet brutalt myrdet under bisarre omstendigheter, blir det et kappløp mot tiden for å forstå motivasjonen til en hensynsløs drapsmann, en morder ulikt alt Strike har møtt tidligere ... En utrolig medrivende kriminalroman med brå vendinger rundt hvert hjørne. Silkeormen er den andre boken i den kritikerroste serien med Cormoran Strike og hans målbevisste unge assistent, Robin Ellacott.

Denne romanen har eg hatt liggande ei stund.  No var eg rett og slett ganske tom for lesestoff.  Som de forstår er ikkje dette førstevalet mitt når det gjeld krim.  Når romanen likevel er god underhaldning, er det ikkje på grunn av krimgåta, men heller privatlivet til etterforskaren og assistenten hans - og samspelet mellom dei.  Forfattaren fører og ein lett og til tider ironisk penn. Krimgåta vert rulla opp, og løysinga er heilt grei.

mandag 24. august 2015

Fall for freistinga

 I dag tok eg meg ein liten bytur. Ærendet var å få tak i nokre innesko til skulekjøkenbruk til elevane.  Eg oppdaga at eg mangla sko i små storleikar.  Dei bruker å få låne "crocks"til innebruk.

Det art til at eg tok meg ein runde på dei to kjøpesentera.  På Mestergrønn hadde dei solhattplantar.  Når regnet kjem skal eg plante den ut i god jord.Eg har forskjellig anna og som skal få kome i bed og bli vatna av regnet.
Dei tre buskane har vore tema på bloggen tidlegare år.  I vår trudde eg den eine hadde stroke med, men no står alle tre fint, og dei har blomstra på skift.  Den i midten har vakse seg skikkeleg stor.  dette har eg opplevd før.  Buskar kan stå "på staden kvil" før dei får ein enorm vekst.

søndag 23. august 2015

Blåtinden (697)












I går plukka eg hagebær, klipte buskar og luka litt.  Vermeldingane til i dag var fantastiske, så i går planla spurde eg mannen om han ikkje mangla ein Hareidstrimpost.  Det gjorde han.
På Blåtinden er det ei fantastisk utsikt til alle kantar.  I bakgrunnen her ser de Vartdalsfjella.

Vi gjekk opp frå Haddal.

Sidan eg går mykje seinare enn mannen, får han god tid til å fotografere.
Eg brukte 1 1/2 time opp.  Då gjekk eg i roleg tempo.

Eg har fått mange assosiasjonar til Nice denne veka.  Det er så varmt inne at ein må sette opp dører og vindauge.  I dag var her 25 grader då vi gjekk oppover, heldigvis med ein liten trekk. Litt varmare var det nok i Frankrike, men den turen var litt kortare, så ein rakk ikkje å gå seg så varm.
Utsikt mot Hareid? Fotografen let visst mannen skugge for motivet.

fredag 21. august 2015

Rips

I dag plukka mannen ripsbær medan eg laga middag.  I sommar har eg alltid hatt fløyte og vaniljesaus i kjøleskåpet slik at dei som vil kan plukke seg bær.
I går vart eg gjort merksam på ein ny blogg, Mat og helse.  Der fann eg ei oppskrift på ripsis.  Eg hadde noko fløyte eg ville bruke opp.  Der var nesten 5 dl, så eg gonga oppskrifta med tre. Bollen vart heilt full.  Ein annan gong vil eg berre doble oppskrifta ...
No har eg frose isen ned i to tolitersformer kledde med plastfolie.  Eg får legge ut oppskrift på min eigen blogg når eg har lagt isen på fat. Vert han vellykka, kan ein prøve med andre bærsortar også. 

onsdag 19. august 2015

Bok 38: Fjorden

 
Poetisk og brutalt om dei store spørsmåla. I "Fjorden"reiser ein vaksen far og ein åtte år gammal son ut langs Hardangerfjorden med raude og blå bussar under stupbratte fjell. Heimreisa gjør dei om bord i ein liten brun trebåt med kvit påhengsmotor. Ei heimreise som veks og blir til meir enn ein sommardag på fjorden. "Fjorden" er ein roman om den reisa som forandrar oss. Utan at vi heilt veit kva det er, veit vi at etter denne reisa, er noe forandra. Og vi veit at vi kjem til å bera med oss denne forandringa; som ei perle, eit smykke, eit sår, eit arr.
 
Denne romanen er av dei meir stillfarne.  Eg-personen har nettopp misst far sin.  Han sit att med bestemte meiningar om faren og den dårlege rollemodellen han har vore.  Han gir han skulda for sin eigen måte å takle farsrolla på. 
 
Så begynner han å tenke attende på sin eigen barndom.  Farfaren var ein god bestefar, men faren ville ikkje ha kontakt med han.  Kven var faren? På fabrikken er han ein flink arbeidsmann og godt likt kollega.  Heime kjem han til kort. Har han sett faren gjjennom mora?
 
Det gode far og son hadde saman, var ein båt.  Turen då dei henta denne båten saman står sentralt i handlinga.  Gamle sanningar står kanskje for fall?
 
Eg likte denne romanen.  Forfattaren les sjølv med Odda-dialekt.  Det gjer at ein kjem nærare inn på eg-personen. 

tirsdag 18. august 2015

Tysdagstur

Det var 21 grader halv åtte då eg for heimanfrå. Vi gjekk den såkalla feittbrennaren opp til Hammarstøylvatnet.

mandag 17. august 2015

Back to the old grind?

I dag rakk eg omtrent berre å helse på elevane og dele ut bøker til dei. No har eg site i ro og mak og lese gjennom morgondagens engelskpensum. det gjeld å snakke litt engelsk med seg sjølv så ein får snudd hjernen litt.  Temaet er "friendship". Noko av det kjekkaste med skulestart er vel å finne attende til vener ein ikkje har sett på ei stund?

Etter middag gjorde eg meg eit ærend i næraste by.  Eg fann meg nokre krimromanar på biblioteket der som eg håper eg ikkje har lese før.

Frøkna skal begynne på siste året på studiespesialiserande. Eg lova henne å kjøpe nokre skrivebøker.  På bokhandelen fann eg vanlege studentblokker, men og ein annan variant med skiljeark.  Eg meiner det er lurt å investere litt i moglegheiter til å halde orden.  Skikkelege skrivesaker og ein god lekseplass gjer skulearbeidet lettare.  Nokre vil sitte på rommet sitt i fred og ro medan andre okkuperer kjøkenbordet.  Der er folk ulike.

Det vert skrive mykje om skulestart.  Eg høyrer at foreldre er nervøse.  Media tek opp alle tenkelege problem. Sjølv var eg skikkeleg nærvøs ved skulestart.  Innskrivingsdagen sveitta eg i eit par polvottar, hugsar eg.  Men som mor har eg ikkje vore særleg bekymra. Det er ingen vits å ta sorgene på førehand ...




søndag 16. august 2015

16. august

Både i går og i dag har det vore litt gråare enn meldt på YR.  I går plukka eg inn nokre hagebær og kokte tilsaman 9 kg syltetøy. I dag bestemte eg meg for å gå meg ein tur rundt vatnet.  På vegen trefte eg ein tidlegare nabo.  Ho passa dei to eldste ein periode.  Eg snudde og gjekk ein runde saman med henne.  Så fekk vi oppdatere kvarandre litt.  Dei to yngste sønene våre trenar litt i lag i Oslo. Tida går fort i godt lag.
 
Middagen her heime skulle vere litt sein, tilpassa ein fotballkamp.
 
Midt i råsa er det eit lite barnebibliotek der småbarnsfamiliar kan ta ein liten rast.  Eit flott tiltak! 
 
I dag har frøkna si siste vakt denne sommaren.  No er ferien slutt for alle.  Det er kjekt når skulane fyllest opp av elevar!

fredag 14. august 2015

Skulestart

No har eg vore på jobb i tre dagar.  Onsdag regna det. Det syntest eg var heilt greitt! Når det har vore så dårleg ver som i år, treng det ikkje skine opp til planleggingsdagane... Både i går og i dag har det vore fint, så no satsar vi på ei nydeleg helg på tampen av ferien.

Måndag startar elevane.  Det er alltid kjekt!

Yngstemann reiste attende til hovudstaden i dag ettermiddag.  Det er alltid like vemodig. Sidan i vår har både broren og kusina flytta dit.  Kor mykje dei kjem til å treffast, veit eg ikkje, men dei har no kvarandre om det skulle vere noko.

Neste år kan vi risikere å vere "barnlause". Vi håper ungdomane flyttar nærare etter kvart.  Den eldste har allereie gjort det.

Framleis ventar eg på at Peacerosene skal sprette ut.  Det hjelper kanskje med nokre varme dagar. Astilbene på bildet hadde eg i krukke i fjor saman med sommarblomstrane før eg planta dei ut.  I år har eg gjort det same med ein peon.

torsdag 13. august 2015

Bok 37: Elizabeth er borte

Elizabeth er borte - Emma Healey Kirsti Grundvig Einar Blomgren
Maud er en snart 90 år gammel dame som leter etter Elizabeth, en venninne som Maud mener er borte fra hjemmet sitt. Problemet er bare at Maud har Alzheimers sykdom, og som fortellerstemme er hun mildt sagt upålitelig. Av og til glemmer hun hvor hun er, datteren Helen blir en fremmed som sitter ved siden av henne på bussen, hun må skrive ned sitt eget navn for å huske det, og når hun kommer på politistasjonen for å si fra at Elizabeth er savnet, får hun beskjed om å dra hjem og ikke komme tilbake. Hun har nemlig vært der tre ganger tidligere med samme forespørsel, politimannen i skranken er lei av den skrullete, påståelige gamle damen. Som leser er det frustrerende å bli geleidet av Maud, men samtidig har hun nok øyeblikk av klarhet til at vi forstår at hun er ikke helt på viddene. Vi vil at hun skal lykkes, og vi forstår hvor frustrasjonen hennes kommer fra. Noe har skjedd, men er det egentlig Elizabeth som er hovedpersonen? Maud er glassklar når hun mimrer tilbake til barndommen i etterkrigs-London, da søsteren Sukey forsvant etter en krangel med sin upålitelige ektemann Frank. Og hva er det egentlig som feiler den skumle leieboeren Douglas, som åpenbart var forelsket i Sukey? Kontrasten mellom de fargerike skildringene av oppveksten og den stadig mer surrete jakten på Elizabeth gjør Elizabeth er borte til en stor leseopplevelse. Den er et imponerende puslespill av spennende fortellerteknikk, varme karakterer, fantastisk språk og en krimgåte like mystisk som Alzheimer-sykdommen. Emma Healey gnistrer som forfatter når hun beskriver Elizabeths intense forsøk på å huske en viktig detalj: «An ancient noise, like a fox bark, makes an attempt at the edges of my brain.»

I utgangspunktet høyrest kanskje ikkje denne romanen så spennande ut.  Men dette er ei medrivande historie.  Vi er med Maud i butikken der ho hamstrar hermetiske fersken nesten kvar dag.  Vi vert med henne til legen som skal sjekke om ho har Alzheimer.  Forfattaren fortel gjennom hennar oppleving av verda frå ho bur heime, til ho skal flytte til dottera og til slutt anar vi eldreheim. 

Maud spør etter Elizabeth, bestevenninna.  Ingen andre er bekymra for henne.  Men dette vekker kjensler og minne.  Systera hennar forsvann rett etter krigen.  Denne saka vert rulla opp.

Ein kan tru at forfattaren har levd tett på nokon med Alzheimer.  Ho skriv innsiktsfullt.  Det er mykje frustrasjon, men og mykje tolmod og kjærleik. Eg har stor sans for avslutninga/klimakset.

Denne romanen anbefaler eg sterkt.  Eg ser han har fått terningkast 6, og det forstår eg godt.

tirsdag 11. august 2015

Miljøvennleg?

 
 
 
Når eg har lagt meg inn på hotell, synest eg at eg har kosta på meg litt luksus.  Eg nyt frukosten og sørvisen. Heime unner eg meg alltid ein rein handduk når eg dusjar.  Derfor nektar eg å få dårleg samvit når eg vil ha reine handdukar på hotellferie!  det er greitt at dei informerer om kvar ein skal gjere av handdukar ein vil ha vaska, og kvar ein skal gjere av dei ein ikkje vil ha vaska.
Men ein treng ikkje drive kjenslemessig utpressing!
Dei vert meir og meir kreative!
 
Sidan eg gjerne vil vere miljøvennleg, har eg tenkt at eg kan begynne heime! Til jul hadde svigerinna mi kjøpt oss eit fint rosa badsett.  Vi damene bestemte oss for å skifte badfarge.  Victoria's Secret-stæsj var sett fram mellom anna.  Etter det har eg kjøpt nokre rosa handdukar på 50 % på Prinsess.  Så kjem det store spørsmålet: Kor store treng handdukane å vere? Skiftar ein dei oftare om dei er 40 x 60 i staden for 50 x 70?  Eg trur ikkje det!  Om ein liker store badehanddukar som eg, treng dei ein bruker dagleg vere så tjukke?
 
Det er kanskje berre dropar i havet?
 
P.S
I Nice fekk vi både handdukar og badematte kvar dag - utan åtvaring.
 
 


mandag 10. august 2015

Bok 36: Piken på toget


Rachel tar det samme toget hver dag. Fra toget ser hun det samme paret spise frokost på verandaen sin. Hun kaller dem Jason og Jess, og de virker så glade. En dag ser hun en annen person i hagen. Kort tid etter er Jess på nyhetene. Hun har forsvunnet. Rachel trekkes mot etterforskningen og prøver å bidra. I stedet blir hun selv mistenkt. Kastet ut i en verden full av svik, hemmeligheter og bedrageri, må hun konfrontere fortiden sin. Tre kvinner, tre menn, knyttet sammen gjennom ekteskap eller utroskap. Hver av dem kan klandres for noe. Men bare en av dem er en morder i denne psykologiske thrilleren om sårbarhet og besettelse. Piken på toget er en illevarslende og sammenfiltret historie om jakten etter sannheten.

Denne romanen har tre forteljarstemmer, noko som er litt spesielt, men det gjer romanen interessant.  Spesielt den lett forfylla Rachel har ein noko samansett natur. Ho gjer ting som ein absolutt ikkje BØR gjere, men som sikkert kan vere freistande.

Mo slutten, ca 3/4 ut i boka, veit vi kven mordaren er. Eg veit ikkje om det er eit forsøk på å skrive ein thriller som gjer at boka held fram lenge etter at spenningskurva har flata heilt ut?

I ein bokhandel på Gardermoen såg eg at dei reklamerte på omslaget av romanen med at dei som likte "Flink pike", ville like denne.  Det er kanskje derfor tittelen ikkje er "Jenta på toget"? For ho som sit på toget er ei vaksen kvinne ... den engelske tittelen er "The girl on the Train".

søndag 9. august 2015

Bok 35: Den ene pluss en

 
 
Livet til Jess er virkelig kaotisk: Med to jobber, to barn og en stinkende hund forsøker hun å gjøre det beste ut av hverdagen. Plutselig får datteren hennes en fantastisk mulighet av sorten som bare kommer en gang i livet, men hva hjelper vel det når Jess slett ikke har råd til å gripe den? Inn i livene deres kommer den kjekke Ed Nicholls - en mann som tilsynelatende har alt: Ed er rik, suksessfull og i Jess sin øyne, ekstremt arrogant.
På overflaten lever de to vidt forskjellige liv, men Ed vet utmerket godt hva det vil si å være alene med tøffe utfordringer. Han har tid og lyst til å hjelpe Jess, men kan han det, når hans eget liv nylig ble snudd på hodet og han selv går en høyst usikker fremtid i møte?
 
Førre boka til forfattaren las eg i London.  Denne las eg i Nice.  Begge er svært lettlesne.  Medan temaet i den førre engasjerte, er dette meir ein "feelgood"-roman.  Forfattaren skildrar godt, og ein kan kjenne seg att i mange av dei tinga som skjer seg. Så får ein bere over med at mykje er føreseieleg og klisjeaktig.
 
Eg reknar med at eg gir denne til neste lesar i familien! Dette er ein roman som jenter i alle aldrar vil like.

Bok 34: Drep ikke en sangfugl

«Skyt så mange skjærer dere vil, men husk at det er en stor synd å drepe en sangfugl.» Dette er rådet sakfører Atticus Finch gir sine barn Scout og Jem mens han selv forsvarer en farget mann som er tiltalt for å ha voldtatt en hvit kvinne. Handlingen utspilles i en liten sørstatsby i 1930-årene, og voldsomme hendelser slår brutalt inn i de to barnas trygge liv - hendelser som gir dem et brått innblikk i de voksnes merkelige og fremmede verden. Gjennom barnas blikk skildrer forfatteren menneskers irrasjonelle holdninger til raser og klasseskiller med varme og nådeløs ærlighet. «Drep ikke en sangfugl» (1960) ble en bestselger over natten. I 1961 fikk forfatter Harper Lee Pulitzer-prisen, og hun har også fått en rekke andre litterære priser og utmerkelser. Romanen er blitt en tidløs klassiker, den er oversatt til 40 språk og er solgt i over 30 millioner eksemplarer verden over.

Denne roman stod i bokhylla til mor mi.  Det vart aldri til at eg las han.  No har det kome ein oppfølgjar, har eg forstått, og romanen har kome ut i eit meir moderne språk.  Eg fekk tak i lydboka.

Då juristen kom heim, hadde han og fatta interesse for romanen, som i følgje han bør lesast på originalspråket.  Dessutan måtte vi sjå filmen!  Den hadde han i filmhylla si. 

Det er ikkje rart at ein jurist fattar interesse for romanen, for ei rettsak står sentralt. Gjennom Scout sine auge får vi innblikk i eit Amerika der raseskille og klasseskille er sentrale tema.

Eg vil anbefale alle å lese boka og gjerne sjå filmen frå 1962.
 
Drep ikke en sangfugl (originaltittel: To Kill a Mockingbird) er en roman fra 1960 skrevet av Harper Lee. Romanen vant Pulitzerprisen i 1961 og den ble filmatisert i 1962 og fikk tre Oscar-priser, blant annet for beste mannlige hovedrolle med Gregory Peck. Romanen regnes som en moderne amerikansk klassiker. Handlingen og romanfigurene er løst basert på forfatterens familie og naboer, samt en hendelse som skjedde i nærheten av hennes hjemby da hun var i tiårsalderen. (Wikipedia)

lørdag 8. august 2015

70-årsfeiring

 Det har vorte ein liten bloggpause her hos meg.  Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd noko her -tvert imot. Torsdag vaska eg klede og rydda hus. Det er rart med det etter feriar. Eg fekk og triveleg besøk. 

I går hadde vi besøk av bror min med famile.  Det er alltid kjekt.  Vi ser dei berre så altfor sjeldan. 
 I dag har vi feira svigerinna mi sin 70-årsdag.  Så fekk vi treffe den delen av slekta! "Borna" der er vaksne alle saman. 

Inni festen var det lagt inn ein tur til Daugstadsetra.
 Eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av folk, så blogglesarane får nøye seg med naturbilde.
 Sjølv ein skrothaug kan ha sin sjarm.
 Vegen gjekk heilt opp til desse hyttene.

Dette siste bildet er frå Sæssetra.  Her gjekk kyrne på beite.  Det er ikkje melkekyr, men "torrkyr".

Det var kjekt og interessant å høyre svigerinna mi mimre om ei tid som var.  Ho hadde mange gode minne frå seterlivet.  No vert ikkje setrane drivne på den måten.

tirsdag 4. august 2015

Nok ein nydeleg dag i Nice


Dagens føremiddagsaktivitet var ein handlerunde der vi enda opp på blomstermarknaden. I tillegg til all slags blomster, kunne ein kjøpe frukt og såper.


I ettermiddag har vi vore på stranda slik som alle dei andre dagane. Det vert vel lenge til vi får bade i så varmt vatn på ei så flott strand!  I morgon set vi nasen heimover ...





mandag 3. august 2015

3. August

Akkurat som Ålesund, så har Nice sine trapper. På den varmaste dagen hittil på turen, med 34 grader i skuggen, bestemte vi oss for å gå gjennom antikvitetsmarknaden og opp trappene. Oppe på høgda er der ein fin park med mellom anna leikeapparat for born - og sjølvsagt suvenirbutikk.

Eg får ikkje til å kommentere kvart bilde frå I -paden. Men sidan vi har 30-årsbryllaupsdag i dag, fekk vi ein turist til å ta bilde av oss på eit av utkikspunkta.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...