lørdag 5. november 2011

Posemat og prøving av produkt

 Det har vorte slik her i huset at vi vaksne ofte er åleine heime kveldane i helga.  I går hadde dei steikt pannekaker til eg kom heim, så eg bestemte meg for å lage noko godt til kvelds.  Dette coop-kuppet kom på snakk før vi gjekk heim frå jobb i går.  Kor mange er det nok til?  Er det enkelt og raskt å lage?
 I posen er der krydder til å marinere kjøtet i.  Her tilset 1/2 dl olje.  Deretter kokar ein risen og steiker kjøtet.  Kokosmjølka og krydderet skal i kyllingen.  Dette er så enkelt at ein kan sette ungdomar til jobben.  Det var passeleg mat til oss to, og i tillegg nattmat til yngstemann.  Med nanbrød til kunne ein greitt ha middag til fire.  Det smakte godt på ein fredagskveld.
 Eg er som kjent ingen tilhengar av posemat, eller pulvermat som eg kallar det. I dag går diskusjonen i Sunnmørsposten.  Er posematen betre enn sitt rykte?

"Tørking ødelegger ikke næringsstoffene, og tørket mat inneholder like mye næring som mat som kan fryses" vert det hevda av forsvararen av posemat. Kva er næring? I ernæringslæra er ikkje dette noko omgrep.  Vi har seks næringsstoff, protein, feitt, karbohydrat, vitaminar, mineralstoff og vatn.  Dei fleste forsvinn ikkje i ein tørkeprosess, men eg skulle likt å sett vitamininnhaldet samanlikna tørka og frose!

Eg meiner ein kan kjøpe sauseposar med godt samvit.  Det vert ein liten del av middagen, og ein kan spare ein del feitt.  Born elskar gjerne tomatsuppe med rikeleg makaroni i.  Her er det nok kaloriar, men vitamininnhaldet i ei suppe laga frå grunnen av, vil vere heilt annleis, og for ikkje å snakke om smaken!

Ein ting til har eg å utsette på posemat, nemleg grunnsmaken.  Det har lett for at det meste smakar av det same.  Før var alle Toro-supper laga med same buljong.  Dette har nok kome seg.

Sidan folk flest et ein del posemat, er det flott at ein har bytta ut palmeolje med rapsolje.
 Det er lett å forstå at folk tyr til enkel mat i ein travel kvardag, men det finst mange rettar du lagar like enkelt og raskt frå grunnen av, mellom anna fiskerettar.  Eg skulle greit ha laga ein kyllingrett frå grunnen av medan risen kokar.

Ein representant for Fiskesprell underviser i matlaging rundt om i barnehagane. Ho poengterer gleda ved å lage sin eigen mat frå grunen av.
 I dag stod det kjøtsuppe på menyen her.  Krafta kokte medan eg gjekk tur. Då eg kom heim laga eg kjøtbollar og skar opp grønsaker.  Norske grønsaker er på topp no.  Krafta vart nydeleg! Har ein lite tid til matlaging i veka, kan ein slå til i helga!

3 kommentarer:

  1. Sidan vi berre er to i kosten til vanlig, lagar eg ofte dobbel porsjon eller meir når eg lagar mat med relativt mykje arbeid. Det kan ein gjere om ein er fleire også. Døme: Koke kraft av fisk eller kjøt-bein, lage kjøt eller fiskekaker td. Ein kan koke kjøttsuppa nesten ferdig-klar til å ha i grønsaker etc.etc.Blandaball går fint å fryse i krafta, anna ball også. Lagar ein mykje mens ein først er i gang,går det mykje for det samme når det gjeld rot og oppvask-og ein får lettvinte middagar innimellom. Vi lagar store porsjonar med grønerterstuing og frys i passande porsjonar. Og vi legg i vatn gule erter til suppe og frys. Det blir som ein slags heimelaga halvfabrikata.

    SvarSlett
  2. Det er heilfabrikata, noko som er mykje sunnare, meiner eg!

    SvarSlett
  3. Vart nesten svolten eg.
    Er alt for lite flink til å gjere slik Besta gjer..
    Smart det!

    God helg :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...